
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 805 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Dette er heilt klart ein x-faktor, det er ingen som veit korleis brannstatistikken vil sjå ut for veteran-elbilar. Samtidig så er det eit viktig poeng at dei viktigaste brannårsakene på gamle fossile bilar manglar på elbilar. Typisk brannårsak på fossile bilar er lekkasje av brennbar væske som drivstoff og smøreolje som kjem i kontakt med varme motordelar.
- 110 svar
-
- 2
-
-
Spørsmålet er samansatt, og veldig definisjonsavhengig. Brann i elbil kan være spesielt problematisk om det brenn i batteriet på grunn av at brannen er vanskeleg å slukke, noko som er problematisk om elbilen står inne i garasje eller liknande. Dei fleste elbilbrannar er likevel "vanlege" brannar med elektrisk årsak, altså at det er varmgang i ledningane under lading, der det er plasten som brenner og ikkje batteriet. Det er fortsatt klart mange fleire brannar i bensin og dieselbilar enn i elbilar. Likevel så er det enkelte som problematiserer at det også har mange fleire gamle bilar her i landet. Om ein berre ser på bilbrannar i nye bilar så kjem elbilane dårlegare ut, men igjen så er det også eit faktum av at blant nye bilar så er dei fleste av dissse bilane elektriske.
- 110 svar
-
- 1
-
-
Digital ID, når skal dette implementeres 100%?
The Avatar svarte på Salvesen. sitt emne i Politikk og samfunn
Kravet til legitimasjon er der fortsatt, men kravet er ikkje like strengt som det kunne vært. Særleg i mindre kommuner så kan ein fint stemme utan å ha med seg legimasjonen sin sidan det er stor sjanse for at funksjonæren kjenner din identitet. Du må likevel ha med deg godkjent legimiasjon for å være sikker på at du får stemme ettersom du vil bli avvist om den som sitter i skranken ikkje kjenner deg og du ikkje har med deg identifikasjon. Skulle dette vært behandla strengt så skulle det også vært registrert kva slags legitimasjon som blir brukt, som til dømes at passet blir scanna for å at det skal kunne dokumentereast at identifikasjonen vart sjekka. Det som eg synes er interessant med den offisielle lista over godkjent legitimasjon er at BankID sin ID-kort løysing manglar på lista. Litt merkeleg at digitale førarkort skal aksepterast men ikkje digitale ID kort gjennom BankID.- 54 svar
-
- 2
-
-
Digital ID, når skal dette implementeres 100%?
The Avatar svarte på Salvesen. sitt emne i Politikk og samfunn
For valget så er det ingen harde legitimasjonskrav. Det er opp til funksjonæren å vurdere kva som kan aksepterast som ID. Det som er offisielt oppgitt som akseptert ID for å stemme er: pass nasjonalt ID-kort førerkort (også digitalt) bankkort med bilde I tillegg kan valgfunksjonæren bruke skjønn til å vurdere anna legitimasjon, som til dømes legitimasjon som er utgått på dato. Dersom valgfunksjonæren kjenner din identitet så treng du ikkje å vise legitimasjon i det heile tatt. Eit viktig moment når du avgir stemme utan legimasjon er at det er valgfunksjonæren som må kjenne deg, du kan ikkje ha med deg ein annan legitimert person som går god for deg. I alle fall som hovudregel. På institusjonar og i fengsel der pasient/innsatt ikkje har ID-kort så er det likevel akseptert at ansatte bekrefter identiteten til den som stemmer.- 54 svar
-
- 4
-
-
Digital ID, når skal dette implementeres 100%?
The Avatar svarte på Salvesen. sitt emne i Politikk og samfunn
Det var vel eigentleg meininga at nasjonalt ID-kort skulle dekke dette behovet for ID kort, særleg når bankane slutta med å utstille bankkort som kunne brukast til ID. Men det nasjonale ID-kortet har blitt nesten ubrukeleg. Einaste grunnen til å ha nasjonalt-ID kort er dersom du berre reiser innafor EU/EØS området og du fortsatt har lommebok/kortmappe for å oppbevare ID-kortet. Utanom det så er nasjonalt ID-kort berre eit mindreverdig pass med kortare gyldigheit enn eit vanleg pass, men som fortsatt koster det same som eit pass (strengt tatt er det dobbelt så dyrt sidan nasjonalt ID-kort må byttast dobbelt så ofte). Og du må fortsatt bestille time og stå i samme passkøa for å få nasjonalt ID-kort så heller ikkje den fordelen får du ved å bruke nasjonalt ID-kort. Så i staden for å krympe passet ned i kredittkortstørrelse så har vi med nasjonalt ID-kort berre innført eit alternativt Pass som er mykje dårlegare med unntak av at du kan putte ID-kortet i kortmappe i staden for å ha Passet i lomma. -
Digital ID, når skal dette implementeres 100%?
The Avatar svarte på Salvesen. sitt emne i Politikk og samfunn
Slik som eg har forstått det så handler dette om spennet mellom sikker ID og sannsynleggjort ID, og i kva grad aktøren som ber om ID er villig til å ta ein liten risiko for å kunne gjere det enklare for kunden. Når politiet utstiller pass så må ID'en være 100% sikker ettersom eit ekte pass i falskt navn opner dørene for så mykje anna svindel. Når du handler på Vinmonopolet så er det det litt meir handlingsrom ved at du må sannsynleggjere at du er gamal nok slik at ikkje vinmonopolet mister alkoholløyvet ved å ikkje ha tatt tilstrekkelege førehandsreglar for å hindre salg til mindreårige. Ved henting av pakke på posten så er spørsmålet om ID ofte berre knytta til at postens internkontroll krever at ein forsøker å ikkje utlevere feil pakke til feil person, ofte er det nok at du oppgir kva namn som står på pakken for å sannsynlegjere ovanfor posten at du ikkje har dikta opp ei hentekode. Og har du kjøpt studentbillett og blir stoppa i kontroll så er det nok å framvise ein lapp eller app frå universitetet ditt, det er ingen harde reglar for korleis studentbeviset skal sjå ut. Det store spørsmålet er likevel om kravet til sikker ID er strengare enn nødvendig, noko som gir litt merkelege utfall ved at digitalt førarkort er godt nok for politiet ved trafikkontroll men ikkje for Vinmonopolet. Det virker som det er ei utbredt oppfatting om at eit digitalt førarkort på app er lett å forfalske, medan alle stoler blindt på at eit rosa plastkort med navn og bilde må være eit ekte ID-dokument.- 54 svar
-
- 3
-
-
Det er nok samansett av fleire ting. Mellom anna så har det vært større interesse for korpsmusikk dei siste åra noko som har gitt ein dreining mot tre- og messinginstrument. Det var også ein solid oppgang i gitarsalg under koronaen, noko som både betyr at mange av dei som ville ha gitar alt har kjøpt, og at alle dei som mista interessen etter korona nok har lagt ut gitaren for salg og dermed metta bruktmarkedet. I tillegg så er det alltid slik at gjenstandar for spesielt interesserte er vanskelegare å selge. Dine potensielle kjøparar er ivrige gitaristar med sans for kvalitet og økonomi til å kjøpe kvalitet, det er nok mykje lettare å selge gitarar som passar for nybegynnere som ikkje er klare for å investere så store summar endå.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Familie ønsker å flytte fra Stavanger til...
The Avatar svarte på Nathan Algren sitt emne i Jobb og karriere
Kvar det er best å bu blir det vanskeleg å rådgje deg om då dette er veldig individuelt. Men ettersom kona jobber på sjukehus innafor psykiatri så er det nok ho som har vanskelgast for å finne seg relevant jobb. Rekneskapsførarar finner du overalt i landet. Eit konkret tips er derfor å sjå på lista over kvar i landet vi har sjukehus: https://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_norske_sykehus Om du ser på sjukehusa som er nederst på lista med lavt pasientgrunnlag så finner du sjukehus som ligg på forholdsvis små plassar, velger du i tillegg ei nabokommune til ei lite distriktssjukehus så vil dere kunne bu veldig landleg samtidig som det er akseptabel pendletid. Mitt råd er derfor at dykk startar med å søke jobb i nærområdet til disse mindre sjukehusa, og så vurdere om det er aktuelt å flytte når du ser om det finnes jobb i området. -
Skatteinntektene utgjer ingenting i utgift for Norge. Det er meir eit spørsmål kor mykje velferd vi har ofta for å drifte mellom anna Olympiatoppen med alle sine tilsette og stipendordningar til utøvarane. For ikkje å snakke om kor mange offentlege kroner som blir brukt på å arrangere store idrettskonkurranser. Dette er sjølvsagt ikkje unikt for idretten, det er heller ikkje ubetydeleg med pengar som staten deler ut for at folk skal kunne drive med kunst og kultur. Om dette er ein fornuftig pengebruk blir eit verdispørsmål, og eit spørsmål om dette er aktivitetar som folk berre kan drive med på hobbybasis eller om det skal være råd å kunne leve av å tilby underholdning til folket. Det er ikkje all toppidrett som er veldig fysisk heller, som skyting som ikkje krev særleg til fysikk og idrettar som i beste fall har moderate krav til fysikk som segling og sprangridning. Grunnen til at det er forskjellsbehandling er i stor grad knytt opp mot tradisjon, verdisyn og kostnadar. Eit typisk eksempel er at særaldersgrenser i yrkeslivet er mest utbredt i yrker som typisk var herreyrker medan den er nesten ingen tradisjonelle kvinneyrker som har særaldersgrense. Dette har med samfunnskostnadar å gjere, som samfunn tek vi oss ikkje råd til å la helsepleiarar pensjonere seg før dei er heilt utslitt, men politiet som patruljerer i bil har vi latt ta tidlig pensjon slik at dei kan starte i full jobb som til dømes bussjåfør etter at dei blir pensjonistar. Idrettsutøvarar har ein opphøgd posisjon i samfunnet og har lettare for å få diverse fordelar i samfunnet.
- 31 svar
-
- 1
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
DSB har uttalt at for å være heilt sikker på å ikkje motta testvarsel kl 12 så må telefonen settast i flymodus 10 min før og telefonen må stå i flymodus til kvart over. Det indikerer at systemet prøver å sende ut varsel i minst 10-15 minutt. -
Dette er rein pissekonkurranse på internasjonalt nivå. Fascistane bruker idrett for å bygge legitimitet, og vesten bruker idrett fordi det riv ned denne legitimiteten når ein også i den frie vesten klarer å fostre fram idrettsutøvarar i verdenstoppen. Eg seier ikkje at eg liker at det er slik, men det er denne verdien statane ser i idretten (og også kultur).
-
Toppidrett er også et utanrikspolitisk virkemiddel, det å ha gode idrettsutøvarar gir landet positiv omtale i utlandet og har til ei viss grad også sikkerheitspolitisk betydning ved at vi kan vise fram at våre innbyggarar er topptrente med den undertonen at ein god idrettsutøvar også vil kunne være ein dyktig soldat om det skulle bli krig. Det er ein grunn til at mange fascistiske statar har satsa tungt på idrett, endog gått så langt at staten har hjelpt til med doping og falske fødselsattestar for å kome i gunstige aldersgrupper.
- 31 svar
-
- 3
-
-
Problemet for McDonalds er nok mest at mesteparten av maten vart satt igjen hos McDonalds enten inne på borda eller ute langs fasaden slik at det er McDonalds som måtte ta jobben med å rydde opp. Det er sikkert forseint no, men det McDonalds og Pokémon burde gjort er å trykke opp nytt opplag og solgt korta utan Happy Meal, på den måten så vil korta tape sin samleverdi sidan selgarane ikkje kan bevise at kortet stammer frå det opprinnelege partiet og ikkje det masseproduserte partiet med billige kort.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Jo dette er absolutt relevant. Merk likevel at det UD seier er at reisande bør være forsiktige og må oppdatere seg på sikkerheitssituasjonen rett før innreise. Merk også at til trygge land som Sverige så skriv UD likevel at Sverige har trusselvurdert seg sjølv til 4/5 på trusselskalaen og at reisande oppforderes til å holde seg fortløpande orientert om sikkerheitssituasjonen i Sverige.
- 34 svar
-
- 1
-
-
Og sjølv om vi forutsetter ein "perfekt" KI, kven er det som definerer ordlyden i promt'en som KI'en skal svare på? Med oppfølgingsspørsmålet; kven kan endre på promt'en om KI svaret ikkje gir meining? Stiller du spørsmål om skatt til ein KI så kan enten få svar om ein skatteprosent på inntekt, men du kan også få svar på kor stor skatt Kaptein Sortebill har gravd ned. Ofte vil KI'en svare på begge delar, er det då slik at begge svara skal vedtakast som lov under eit KI styresett? Eller skal nokon få makt til å seie at svaret om gullskattar er irrelevant? Om nokon får slik fullmakt, korleis forsikrer vi oss om at vi ikkje nettopp innførte skattefritak for formuer som er oppbevart i form av gull?
-
Stortingsvalget fra et russisk perspektiv
The Avatar svarte på Simen1 sitt emne i Politikk og samfunn
Store veg- og tunnelprosjekt kostar mykje pengar, som Stad skipstunnel til 5,1 milliardar kroner. Det er likevel velferdstilbodet som utgjer dei store summane. Statens årlege utgifter til folketrygda og helseforetaka utgjer 866 milliardar. Ved å redusere disse utgiftene med 1% så sparer ein kostnaden ved å bygge nesten to Stad tunnelar kvart einaste år. Sparing i samferdsel er som småpengar å rekne i denne samanhengen sjølv om det isolert sett er store summar. Når regjeringa skal finne pengar til å gjennomføre tiltak som regjeringa ønsker så er det alltid lettare å kutte i velferden. Stoppes ei motorvegutbygging så merkes det veldig godt i reisetid og transportkostnadar, fir ein pleietrengande ein dusj mindre i året så sparer ein tilsvarande summar og det er ganske få som merker noko til det sparetiltaket. Det å kutte i forsvarsbudsjettet blir av mange politikarar sett på som gratis pengar. Forhåpentlegvis så er det heilt unødvendig å betale for vedlikehold av jagerfly som vi mest sannsynleg aldri får bruk for. Så er det lett å gløyme av at det å redusere i forsvarsbudsjettet er som å droppe husforsikringa. Er vi heldige så er all forsikring vekkasta pengar, men du verden så greit det er å ha alle forsikringane i orden den dagen uhellet likevel er ute. -
At LO og Arbeiderpartiet har ei tett kobling er lite problematisk sidan det er godt kjent og full openheit om. Det mest problematiske med det sammarbeidet er eigentleg at at mange trur samarbeidet går lengre enn det som er reelt, til dømes ved at mange trur at alle fagforeininger er i lomma til Ap. Det politiske samarbeidet med First House er litt meir gråsone, det er ei dårleg skjult hemmelegheit at borgerlege parti har tette knytningar til First House, og ideelt sett så burde det nok være større openheit om bindingane. LO og Ap har ein formell avtale om samarbeid, kanskje burde Frp og First House ha ein tilsvarande formell samarbeidsavtale? Samtidig så er det ikkje så rart at eit selskap som jobbar med politisk påvirkning tiltrekker seg nettopp politikere som har politisk kompetanse. First House ville ikkje kunne gitt gode råd om politikk om dei ikkje tilsetter folk med politisk erfaring. Det vil også være rimeleg udemokratisk å skulle nekte folk som har jobba for First House å stille til valg som politiker. Eg er også av den oppfattinga at det vil være ganske så håplaust om politikere ikkje får rådføre seg med fagfolk, sjølv om politikerane er folkevalgte så er det viktig at politiske beslutningar blir tatt på fagleg grunnlag, og for å gjere det så må ein lytte til fagfolk.
- 5 svar
-
- 2
-
-
Skal på ingen måte forsvare juksing, men eg trur nok det har meir med at jukseren tenker at juksinga eliminerer forhold som jukseren synes er utrettferdig, enten det er utrettferdig at motstanderen har meir tid til å bli god i spelet, at motstandaren har raskare PC, at motstandaren sikkert også jukse, osv. Om juksinga var berre var motivert i å vinne så hadde vi sett fleire openbare juksetilfeller med syting gjennom veggar, udødelegheit og liknande. Dei fleste jukseprogramma er designa for å gi juksaren ein fordel i større eller mindre grad, og ikkje at juksaren blir totalt overlegen. Og igjen utan å forsvare juksere så er det ganske få skytespel som klarer å gjere det gøy også når du taper. Den vanlegaste måten å straffe den som blir drept i skytespel er at ein må vente i limbo ei stund før ein får respawne, og når ein har respawna så går mesteparten av tida med på å løpe tilbake dit ein var tidlegare. Ofte er alt du kan gjere medan du er i limbo å spectate dei andre på laget ditt. Særleg for spelarar som har lite tid å investere i spelet, og dermed heller ikkje får øve seg til dei blir gode så vil det være veldig fustrerande dersom mesteparten av speletida består av å sjå andre spele spelet. Når spelet i tillegg premierer spelarar som investerer mykje tid med betre våpen og utstyr som ferske spelarar ikkje har tilgang til så oppleves fustrasjonen enda større. Det mest underholdande ein kan gjere i spectator mode er ofte at dersom ein bruker teamchat så kan ein rapportere til lagkameratane kvar fienden er, men dette er også ein form for juks. Fleire multiplayer spel burde designe spelet slik at alle spelararane, også dei på det tapande laget får bruke all tilgjengeleg tid til noko som er gøy, og ikkje bruke opp mesteparten av speletida på å vente i limbo. Også i skytespel er det fint mogleg å oppnå god balanse i spelet utan at motstandarane skal straffast med å enten måtte vente i limbo eller får respawne langt unna fronten. Det er likevel enklast å designe eit skytespel slik at den som døyr må vente til neste runde før ein får prøve på nytt, eller i skytespel utan runder så blir ein straffa med å måtte vente i 60 sekund før ein får prøve på nytt.
- 7 svar
-
- 1
-
-
For tilsette i NAV så gir det nok betre sikkerheit samla sett at sikkerheitstiltaka er usynlege. Etter drapet på ei NAV tilsett i Bergen så var ein del av kritikken retta mot møbleringa i samtalerommet, og då særleg at bordet ikkje var plassert slik at gjerningsmannen måtte springe rundt bordet for å nå dei tilsette. Slik møbleringa var på det aktuelle samtalerommet så var det omtrent like lang avstand til rømmingsdøra for alle partar. Det er også viktig at slike rom blir møblert med tunge møbler som ikkje lett kan brukast til improviserte våpen. Ein vanleg pinnestol i treverk eller metall kan lett brukast som slagvåpen. Slike sikkerheitstiltak vil ikkje merkast i det heile tatt som sikkerheitstiltak, tvert imot så vil eit samtalerom som er møblert med tunge og mjuke stolar framstå meir som ei koseleg stove og mindre som eit møterom. Det er også viktig at sikkerheitstiltaka inne på kontoret ikkje blir så omfattande at dei klientane som har voldelege hensikter heller venter til etter arbeidstid for å ta den tilsette på veg ut av kontoret når den tilsette er åleine og utan sikkerheitsnettet som ein har på kontoret. Metalldetektor vil i denne samanhengen ha liten til ingen hensikt utover at alle som er innom NAV kontoret føler seg mistenkeleggjort. Det finnes masse farlege gjenstandar som ikkje inneheld metall. Ein metalldetektor krev også eigen vekter til å betene metalldetektoren sidan alarmen kjem til å gå av ofte, og det er nødvendig at nokon er der for å avklare om alarmen gjekk fordi nokon hadde kniv i lomma eller om det var beltespenna som gjorde utslag. Det som kan utgjere ein forskjell er om alle NAV kontor hadde hatt låsbare skap i gangen der besøkande kan låse inn sekker, jakker og andre verdisaker for trygg oppbevaring. Dette vil for dei fleste oppleves som eit godt tilbod for å sleppe å bære på tunge jakker og vesker, samtidig som at det er betryggande at eigendelane er innelåst og påpassa. Ved å i tillegg innføre ein regel om at vesker og jakker skal låsast inn så reduserer ein sterkt muligheita for å smugle inn våpen utan at det oppleves som eit sikkerheitstilta. Ved NAV drapet i Bergen så hadde gjerningsmannen kniven i ein sekk som ein kunne bedt han om å låse inn i oppbevaringsskapet.
- 96 svar
-
- 1
-
-
@ProphetSe7en Det er ei stund sida eg har handla barbersaker, då dette er ting som varer. Kva som er rett for deg kjem litt ann på kva dine behov og ønsker er. Fyrste barberkosten eg kjøpte var med svinebust, det er eigentleg eit kjøp eg angrer på. Gå for grevling med ein gong og ikkje stiv svinebust, prisforskjellen er ikkje så stor. Stativ treng du ikkje, med mindre litt av det som appelerer til deg er å ha eit pent barbersett ståande på badet. Om det estetiske er viktig så må du eigentleg berre leite litt til du finner eit sett du synes ser fint ut. Når det gjelder DE høvel så høvelane i all hovudsak funksjonelt like, prisforskjellen er stort sett knytt til merkenavn, design og materialvalg. Om du skal ha ein superbillig introduksjon så får du kjøpt eingongs DE høvel i plast på Normal, trur dei selges i fem pakningar. Der får du også kjøpt billig barberkost. Om du skal kjøpe noko av kvalitet så har eg ikkje så mykje anna anbefaling enn barbershop.no. Mitt råd er å kjøpe brukbar kvalitet når du fyrst kjøper og ikkje går for det aller billegaste som du heilt sikkert kjem til å bytte ut om kort tid uansett. Men ikkje la deg lure til å kjøpe fancy utstyr i ekte gull og titan som fyrstegongskjøper. Det er også ein del frisørsalongar som selg slikt barberutstyr og barbersåper, også enkelte parfymebutikkar. Prisane er ofte høge men om du vil sjå litt nærmare på skikkelege barberhøvlar i fysisk forstand før du eventuelt bestiller på internett så kan dette være ein bra plass å starte. Også for å lukte på barbersåper for å finne ein type du liker. Ein personleg anekdote er at for meg så er halsen det som er vanskelegast å barbere utan å få småkutt. Disse kutta merker du ikkje ein gong under barbering sidan bladet er så skarpt, men det kan være eit irritasjonsmoment om du skal ha på kvit skjorte og får ein liten blodflekk på skjortekragen. Det eg gjer er at eg bruker slik Gilette super duper overlydsfart høvel med mange blad til dagleg barbering, då det med slik høvel er nesten umogleg å skjere seg sjølv på trøtte morgonar når ting skal gå litt fort. Ett-blads DE høvelen bruker eg til helg når eg har god tid. Folk er forskjellige, og andre rapporterer om kjempe gode barberingsresultat på halsen med tradisjonelt utstyr og meiner at høvel med mange blad fører til at huda på halsen blir irritert og heilt raudsprengt. For meg er det mest appelerande med tradisjonell barbering å bruke barbersåpe med god lukt og ein fin og mjuk barberkost i staden for å bruke barberskum frå ei sprayboks som lukter pyton.
-
Om sikkerheitstiltaka er omfattande så er det også enkelte som tek det som ei utfordring. Balansegangen er aldri lett å finne, men generelt sett så er det betre å innrede NAV kontoret på ein slik måte at det senker kongliktnivået framfor å tillate høgt konfliktnivå med god fysisk sikkerheit. NAV kunne nok drevet all sin rettleiing over telefon og ikkje tillat oppmøte på kontoret, men ein slik avstand er ikkje alltid så konstruktiv.
-
Flere hus tatt i jordskred i Gjerdrum
The Avatar svarte på NTB - digi sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ja det kan være skummelt. Grunnen til at det er lov å bygge på områder som kan ha kvikkleire er at det er slik at store delar av landet er definert som aktsomheitsområde. Skal vi sikre oss heilt mot kvikkleire så kan vi omtrent berre bygge hus oppe på snaufjellet. Svært mykje av tettbygde strøk er etablert der terrenget er flatt, ofte er terrenget flatt fordi det er gamal sjøbotn. https://temakart.nve.no/tema/kvikkleire Dei store rutene viser til at det i området er påvist kvikkleire. For å finne detaljane og risikovurderinga så må du zoome inn på kartet. Sjølv i områder som er merka av som områder utan fare for kvikkleire så har NVE tatt atterhald om at det likevel kan finnes kvikkleire innafor området som er markert som trygt. Ikkje at det er eit godt alternativ å bygge i bratte fjellområder heller, for der er det vanleg skredfare for jord, snø og sørpeskred. Det vil alltid være behov for å balansere risiko opp mot nytte. Dei fleste bebygde områder med kvikkleire er nok trygge i mange hundre år til, særleg om ein ikkje utfører grunnarbeid som kan gjere området ustabilt, som til dømes tunnelarbeid eller fundamentering av store bygg. Sjølv om vi at alle veit utmerket godt at treverk brenner, så bygger vi fortsatt trehus. Fordelane med billig og solide byggematerialer overskygger den vesle ulempen i det usannsynlige tilfellet at huset startar å brenne. Tilsvarande kan alle hus bore seg ned til grunnfjellet for å fundamentere bygget mot grunnfjell, men det kostar meir enn det smaker og ville gjort det håplaust dyrt å bygge hus.- 509 svar
-
- 1
-
-
Hvorfor skilles det på manuell/automatgir på førerkortet?
The Avatar svarte på John-B sitt emne i Trafikk
Ein kan også bli interessert i motorsykkel seinare i livet utan at det medfører at alle som er 18/24 år burde ta motorsykkellappen sånn i tilfelle. Skulle ein bli interessert i veteranbilar og har sertifikatet berre for automatgir så er det enkelt å oppgradere til vanlig klasse B. Alt du treng å gjere er å bestille ein time til oppkøyring og ta ny oppkjøring i bil med manuellgir, denne oppkøyringa er ein del kortare enn den vanlege oppkøyringa for klasse B. Eg meiner fortsatt at ungdom i dag bør ta vanleg klasse B sertifikat med mindre ein er heilt sikker på at det er uaktuelt å køyre bilar som ein ikkje eig sjølv, som til dømes ein yrkesbil eller leigebil. Dette fordi det fortsatt er mange slike bilar som har manuellgir, og då kan ein risikere å miste jobbmuligheiter eller å måtte betale ekstra for å få leigebil med automatgir. Eg tenker likevel at om 10 års tid så vil nok det aller meste av billige varebilar også ha automatgir, så då er det kun enkelte nisjer ein finn manuellgir, som til dømes på veteranbilar. Eg hadde nok også helst sett at det skulle vært billegare å oppgradere sertifikatet til klasse B med manuellgir, for eg er overbevist om trafikksikkerheitsmessig så er det betre at ferske sjåførar køyrer automatgir og kan holde mest mogleg av fokuset på trafikkbildet. Det å i tillegg også få kontroll på girstanga er ein unødvendig distraksjon når det finnes gode bilar med automatgir. Eg vil likevel ikkje anbefale å ta lappen berre for automatgir på grunn av nemnte praktiske forhold ved at det fortsatt finnes mange bilar med manuellgir. -
Forvaring er på mange måter den norske versjonen av slik Japan handterer dødsdømte ved at dei ikkje får ein henrettingsdato før dei blir vekt opp om natta med beskjed om at dei blir hengt om ein time, før nokon andre rekk å stå opp. Dette blir gjort for at den dømte skal bli psykisk utmatta av å alltid lure på om dette var livets siste dag før dei legg seg om kvelden, og for at det ikkje skal være nokon trøst å finne i å få sagt farvell til familie og vennar før henrettinga. Forvaring har blitt kritisert for å være samme form for psykisk tortur ved at framtidsutsiktene heile tida er usikre, og dato for når ein får sleppe ut for å prøve å starte eit nytt liv er i all hovudsak heilt utanfor den dømtes kontroll. Som forvaringsdømt skal du ikkje berre være rehabilitert og klar for å starte eit lovlydig liv, du skal også klare å overbevise pyskiateren om det samme.
- 55 svar
-
- 1
-
-
Forsvararens versjon stemmer godt overeins med det det politiet har uttalt om saka, at det vart avfyrt skudd utan å rette våpenet mot folk. Det er vanskeleg å sjå for seg ein situasjon der det blir gjort utan at det er å "si fra", enten det er for å synleggjere eigen fustrasjon eller som ein meir overordna protesthandling mot systemet. At gjerningspersonen er "lei seg" skulle berre mangle, hadde han tenkt seg betre om så hadde han nok funnet ein meir konstruktiv måte å "si fra" på. Han kunne sjølvsagt også vært psykopat og ikkje angra i det heile tatt, men då er det også veldig rart at han ikkje gjekk lengre. Om gjerningspersonen er tilregneleg er ikkje avgjort enda, det står i artikkelen at det å få avklart dette er eit av politiets etterforskningsskritt. Konklusjonen rundt tilregnelegheit vil få stor betydning for både kva han blir sikta for og ikkje minst for straffeutmålinga. Spekulasjon i spoiler
- 96 svar
-
- 2
-