Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 551
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Ein vil uansett få straff for å ikkje ha forsikra elsparkesykkelen, og i tillegg så må ein sjølvsagt erstatte dei skadene ein har forårsaka frå eiga lomme ettersom ein ikkje har ei forsikring å ta det på.
  2. Det spørs jo også kva som gjer at ein har fått større lån enn ein har økonomi til. Det vanlegaste er at det er lånesøkaren som har gitt feilaktige eller manglande opplysningar slik at banken har godkjent lånet på eit uriktig grunnlag. Enten ved at ein ikkje har opplyst korrekt om sine inntekter eller utgifter, eller at kunden etter å ha fått innvilga lånet bruker opp pengane sine på heilt andre ting enn å betjene gjeld. Det skal litt meir til for at det er banken som den profesjonelle part som har lurt kunden, men i teorien så kan ein sjølsagt tenke seg at banken har utnytta kundens uerfarenheit i økonomiske spørsmål til å gå med på ein låneavtale som kunden aldri kan klare å nedbetale.
  3. Det er ikkje lov utan løyve frå grunneigaren. Reint praktisk så er nok likevel risikoen for ein reaksjon liten. Politiet har heimel til å fjerne køyretøy som står parkert på privat eigedom om parkeringa skjer utan løyve eller om parkeringa er til hinder. Erfaringsmessig så skal det ganske mykje til for at politiet brukar heimelen for å fjerne bilen, særleg om grunneigaren ikkje kan syne til særskilt ulempe. I tillegg er det mogelg for grunneigar sjølv å få fjerna køyretøy, men då må området være tydeleg skilta med opplsyningar om kva vilkår som gjeld for å parkere der, herunder at bilen kan tauast vekk eller at det kan utskrivast kontrollgebyr. Sidan dei fleste bilverksted treng biloppstillingsplassen for å kunne utføre sitt arbeid så vil det overraske meg om biloppstillingsplassen ikkje er skilta.
  4. Ja for så vidt er det dette det handlar om, spørsmålet er om dette har endra seg i nyare tid og det kan vi ikkje konkludere med sjølv om det har vært mange drap akkurat i år. Partnerdrap er ikkje eit nytt fenomen sjølv om vi i stor grad har vært forskåna frå det siste åra. Største forskjellen er vel at vi har innført partnerdrap som eit eige begrep som då er noko anna enn vanleg drap. Dei aller fleste drap skjer mellom nære relasjonar, så statistisk sett er du i størst fare for å bli drept av ein "venn" eller eit familiemedlem. Om eg skal våge meg ut med ein påstand så vil det være at respekten for liv aldri har våre høgare enn den er i dag. Det var nok mykje meir vold før i tida. I dag er mykje av denne volden sterkt redusert ved at ein har innført kontroll med rusmiddel, at ein etterforskningsmessig har komt så langt at det er vanskeleg å sleppe unna straff dersom du begår drap/vold, og kanskje minst like viktig så er vi i stor grad forskåna for å sjå vold i dag, mellom anna ved at media skildrar drap og ulykker med veldig lite kliniske detaljar. Går du tilbake til aviser frå etterkrigstida så kan du i Aftenposten lese ganske så grafiske skildringar av korleis liket til Navn Navnesen såg ut etter eit øksedrap eller liknande.
  5. Utan noko andre bevis eller openbare årsakssamanhengar så vil eg også anta at det er snakk om svingningar i statistikken. Litt smitteeffekt kan det kanskje være for dei få som er psykisk sjuke og som leser om liknande saker i media, men det er nok eit forsvinnande lite tal. Det som hadde vært interessant å sjå nærmare på er statistikken over grov vold og drapsforsøk. Om det er ein generell drapsbølge som skyller over oss så bør vi også forventa ei tilsvarande aukning av drapsforsøk og vold som lett kunne ført til dødsfall. I mange tilfeller er det relativt små marginar som skiller ei drapssak frå ei voldssak. Når du les i avisa om ei knivstikking så er det ikkje mykje som skulle vært endra før overskrifta hadde inneholdt ordet drap. Av partnerdrap og familiedrap så er det nok også ein god porsjon av tilfeldigheiter på om gjerningsmannen lykkes eller om offeret klarer å stikke av. Hadde vi hatt ei kraftig aukning i drap generelt sett så burde vi også forvente å sjå igjen på statistikken at aukninga er klart størst i enkelte kategoriar, som til dømes drap utført av psykisk sjuke eller sjalusidrap. Ei aukning på alle typar drap tyder på at det må være ei anna forklaring. Eit anna moment som kan ha betydning for talet på drap utan at det i seg sjølv betyr at befolkninga har blitt meir voldeleg er måten drapa er utført på. Meir bruk av skytevåpen og mindre bruk av slag og stikkvåpen kan også medføre ein forskjell på kva som blir utfallet av hendinga.
  6. Spørs kva du legg i raskt. Uansett så trur eg nok du er for seint ute med tanke på haustsemesteret. For å avlegge eksamen no om våren så var vel oppmeldingsfristen i februrar. Eksamenane i sommar er berre tilgjengelege som konteeksamen. Når det gjeld korleis det er lettast å ta 20 studiepoeng med kortast mogleg lesetid så kjem det heilt ann på kva du har av forkunnskapar og interesse. Sjølv ville eg kanskje sett på studiepoeng innan f.eks. historie ettersom ein der kan flyte relativt greit på ting som ein kan om historie frå før.
  7. Siviløkonom er i dag ein mastergrad, tittelen er i dag ein sidetittel og betyr eigentleg ikkje så mykje, kanskje spesielt innafor finansmarkedet der dei kjenner eksakt innhold i dei ulike utdanningane så vil ein etterspørre den formelle utdanninga du har tatt og ikkje tittelen. I dag har det blitt ei veldig stor dreining mot mastergrad, så for dei mest attraktive jobbane så er ikkje nødvendigvis ein bachelorgrad godt nok. Det sagt så vil eg på litt generelt grunnlag anbefale at du tek treårig bachelorgrad pluss to år påbygg til mastergrad, dette fordi du då har moglegheita til å hoppe av etter tredjeåret og ha ein godkjent høgskulegrad. Det er mykje som kan skje i løpet av fem år som gjer det vanskeleg å stå løpet ut på normaltid, alt frå problem med motiviasjonen, til at du må bruke meir tid enn forutsett på å jobbe deltidsjobb for å dekke levekostnadar, til at du undervegs i studiane blir far/mor og må ha ei pause i studiane. Det er nok ikkje mange ledige stillingar som finansmeklar så det er nok mange om beinet på dei stillingane. Ein av dei verkeleg store fordelane med ei økonomiutdanning er at du har svært stort arbeidsmarked totalt sett, særleg om ein tek med dei litt lågare stillingane på ei økonomiavdeling i ei tilfeldig bedrift. Så om du ikkje får toppjobben du ser for deg så får du heilt sikkert ein økonomirelatert jobb slik at du kan bygge deg opp relevant arbeidserfaring.
  8. Mitt klare inntrykk er at slike sertifiseringar er lite kjent og derfor også lite brukt, noko som også forklarer kvifor ein etterspør erfaring med bruk og ikkje formell opplæring i M-365. Eg tenker at MS-900 som er eit dagskurs er veldig relevant for slike stillingar, då eg antek at det er på omtrent det nivået ein ynskjer at du skal ha erfaring med. Hadde dei søkt etter nokon med veldig stor kompetansen i M-365 så hadde det nok vært formulert som eit krav om lang erfaring eller likande. Pass likevel på at i søknaden formulerer deg omtrent slik "eg har erfaring med Microsoft 365, og har MS-900 sertifisering for bruk av M-365". Dette fordi du bør ta høgde for at arbeidsgivar ikkje kjenner til kva MS-900 er, men også fordi når stillingsutlysninga etterspør brukarerfaring så er dei ute etter nokon som har jobba i M-365, ikkje ein som tok eit dagskurs for eit par år sidan og som ikkje har røyrt ei datamaskin etter det.
  9. Når du ikkje har jobb så bør du sjølvsagt søke på dei jobbane som du tenker du kan få. Merk likevel at tittelen innholdsdesigner kan være veldig mykje forskjellig, du som har formell bakgrunn frå design og frontend kan fort bli skuffa dersom arbeidsgivar ser for seg å tilsette ein som er journalistutdanna til å skrive innholdet, og ikkje designe den overordna strategien for type innhald og korleis innhaldet blir presentert. I verste fall ser arbeidsgivar for seg å tilsette ein ungdom med masse brukarerfaring frå sosialemedia i ei slik stilling, og er berre villig til å lønne deretter. Så mitt råd er å søke på slike jobbar (sidan du treng jobb) men vær særleg oppmerksom på kva som er lista opp som arbeidsoppgåver for å vurdere om dette er ein jobb der du får brukt kompetansen din eller ikkje.
  10. Utfordringa ligg nok i at gjennomgang av videoovervåkinga også krever mykje arbeid slik at mange slepp unna. Reint bevismessig så burde det medføre stor risiko å underslå varer i sjølvbetjeningskassa sidan det lett kan knyttast til kortet som resten av varene blir betalt med.
  11. Er det noko å hente på ny verdivurdering på huset du har kjøpt? Det er litt kort tid med berre seks månadar men om det er verdistigning på nyehuset så kan det brukast som kompansasjon for at gamlehuset er mindre verdt. Utfordringa for banken er at banken ikkje lenger har (god nok) sikkerheit for lånet i form av verdi på huset. Realistisk sett er verdien på eit hus som er vanskeleg å selge veldig lav, og særleg om banken må via tvangssalg.
  12. Ja. Blir heilt likt som med vanlige fartsgrenser som er skilta, eller regelen om å passere gåande i gangfart. Som syklande er du køyrande så sykler du i 40 km/t i 30 sona så kan du få bot, om nødvendig får ein montere speefometer. Å utestenge syklar frå vegen er ikkje verre enn å lage eit forbod, det er ingen fysiske hinder mot å bruke vegbana som gangfelt heller, men det er forbod mot å hindre trafikken.
  13. Eg meiner at det no hastar for kjøper å framsette eit konkret krav. Kjøper har vist sine kort og har no beviseleg kjennskap til mangelen. Då må kjøper innan rimeleg tid kome med eit krav om retting for å ikkje miste muligheita til å kreve retting/utbetring/erstatning.
  14. Her er det mange moment. For å ta det praktiske fyrst. Er det nokon grunn til at levekostnadane ikkje er tatt med i gjeldsordninga? Gjeldsordninga skal ta omsyn levekostnadar så han skal ha igjen nok pengar til å dekke sin del av til dømes matkostnadane, og ikkje berre husleige og straum. Kva er det han brukar pengar på utanom husleige og straum? Er det slik at han spytter alt han har i tillegg inn i gjeldsordninga, eller har han pengar til forbruk fordi du dekker alle andre levekostnadar? Kva tenker du om framtida? Dersom det er sannsynleg at dette er eit varig forhold og dykk på sikt skal ha felles økonomi, så vil det være til det beste for "familieøkonomien" om dykk gjer det som trengs for å bli kvitt gjelda slik at dykk kan spare opp eigenkapital saman. Om han ikkje klarer å følgje opp gjeldsordningsavtalen så vil sannsynlegvis denne gjelda bli hengande over deg/dykk i all framtid. Det er lov for deg å stille krav. At han ikkje trives i jobben er sjølvsagt synd, og dårleg for mental helse, men spørsmålet er kva som er alternativet. Seier han opp jobben, får han 18 vekers karantenetid på dagpengar frå NAV. Så med mindre han skaffer seg ein ny jobb å gå til så vil den økonomiske situasjonen bli så mykje verre at det nesten er håplaust for dykk å fortsette å være saman. Som nemnt tidlegare så vil den mentale helse heilt sikkert ikkje bli betre av å være arbeidslaus og pengelaus, det vil berre gi ein ny spiral av negativitet.
  15. Avhendingslova: Om slik konstruksjonsfeil er noko som kjøparen burde vorte kjent med gjennom visning, tilstandsrapport og eigenmelding kjem ann på kva eksakt som er feilen. Dei vanlegaste sakene som omhandlar konstruksjonsfeil er tilfeller der konstruksjonsfeilen har vært skjult og ikkje har blitt oppdaga før etter lang tid. Openbare konstruksjonsfeil er nok slik ein må rekne med at kjøper har fått med seg ved visning. Dette må sjåast i samanheng med: I tillegg så skal kjøper melde frå innan rimeleg tid: I dette konkrete tilfellet så vil tidsfristen for kva som er rimeleg tid starte å løpe i det mangelen vart varsla. Selger vil derfor miste sitt krav om retting dersom det tek urimeleg lang tid før mangelen blir spesifisert detaljert nok til at du som selgar kan ta stilling til kravet. Sidan du alt har blitt informert om ein konstruksjonsfeil så er det utvilsomt at kjøper kjenner til mangelen. Reint praktisk bør du sitte stille i båten. Du har ingenting å tene på å purre og etterspørre meir informasjon, brevutveksling mellom deg og kjøpar vil berre tene til å forlenge fristen for kva som er å rekne som innan rimeleg tid.
  16. Joda, sant nok. Sikkerheitsavstanden for gjerningsperson med kniv er vel typisk oppgitt til å være 10 meter, nettopp fordi ein rekk å kome ganske langt på kort tid dersom ein person med kniv vil gå til angrep. Men det er i tilfeller der personen står med kniv, må gjerningspersonen fyrst dra opp ein kniv så har politiet meir tid til å reagere. Og ikkje minst vil då ein knallhard voldeleg motreaksjon være heilt innafor, endog med skytevåpen om gjerningspersonen trekker kniv. Situasjonen er ikkje heilt lik når personen berre potensielt kan trekke kniv.
  17. Så når politiet møter ungdommar på Grønland så er det greit å skyte fyrst og stille spørsmål etterpå, men når ein møter etnisk norske så er det på med silkehanskane? Politiet skal behandle folk likt så lenge situasjonen ellers er lik. Når Olga på sjukeheimen er dement og springer rundt med kjøkkenkniven og truer personalet så er det heilt innafor at gamle Olga bli behandla like hardt som 17 år gamle Mohammed som går rundt på skulekjøkkenet og truar elevar og lærarar. Lik situasjon, lik handling. Men unge Mohammed skal ikkje måtte legge seg ned på gata under ein trafikkontroll om det ikkje hadde vært grunnlag for at 45 år gamle Einar også ville måtte bli behandla på same måte i tilsvarande situasjon. Alt anna er profilering basert på alder, hudfarge, kjønn, osv. og det er ikkje eit slikt politi vi skal ha i Norge.
  18. Gjennom å fyrst snakke til vedkommande for å få han til å holde passeleg avstand, og få bistand av sin politikollega for å om nødvendig gjennomføre pålegget med makt. Absolutt ALLE er potensielt rusa, har potensielt våpen, og har potensielt drapstrua nokon, det må ikkje gi blankofullmakt for grisebank utan forvarsel. Eg vil også legge til at dersom den tiltalte politimannen oppriktig oppfatta situasjonen som livstruande og farleg, ja då vil eg også rette kritikk for at voldensbruken ikkje var hard og rask nok til å ta avverge situasjonen. Å åleine gå i brytekamp og slå med tørre never er ikkje spesielt effektiv måte å stoppe ein aktiv trussel på. Hadde Simensen vært ute etter å skade politiet så hadde han hatt muligheit til å gjere alvorleg skade under slagsmålet, enten det var ved å hente fram kniven han hadde i lomma eller gripe etter pistolen til politimannen. Eg seier ikkje at politimannen burde trekte pistol og skutt Simensen, men det var eit verktøy som politimannen hadde tilgjengeleg og kunne ha brukt dersom trusselen var vurdert som stor nok. At han heller valgte å bryting og slag tyder meir på at han ville gi Simensen bank og smerte, for dersom det var nødvendig å nøytralisere Simensen som ein trussel så kunne trusselen vært løyst momentant.
  19. Å basere seg på antakingar og ha mentale planar for fleire mulige utfall re heilt greit, ein treng ikkje å bruke lang tid på å analysere. Feilen er når politiet regelrett gjetter og deretter handler på bakgrunn av kva ein trur og ikkje kva ein veit. Om politiet skal ta utgangspunkt i at alle kan være rusa og voldelege så betyr det at alle som politiet møter på må settast i handjern til ein finner ut om vedkommande er kriminell eller berre vil snakke med politiet. Eg meiner at vi må gjere alt i vår makt for å hindre at vi får eit politi som ser innbyggarane som potensielle truslar og derfor handlar deretter, for det vil undergrave politiets tillit og gjere folk redde for å ta kontakt med politiet.
  20. Matvarer vil halde seg lengre jo mindre tilførsel av bakteriar ein får. Sjølv om ein opner ein gamaldags melkekartong med heilt reine fingrar så er det likevel større fare for kontaminering frå ureinheiter på fingrane enn ved å opne ei skrutopp. Skurtopp på melkekartongar gir betre holdbarheit ved at det er mindre støv og bakteriar i lufta som kjem til melka, og dermed tek det også lengre tid før den blir dårleg. Kor mykje tette korker betyr for matsvinnet kjem veldig ann på forbruksvarene. Går det ein kartong til kvart måltid så er god lukkemekanisme heilt unødvendig, men om ein bruker ei veke på å tømme ein kartong så er det stor betydning om melka held seg like god i 7 dagar eller berre 5 dagar. Melk er ofte stempla med holdbarheit på litt over to veker etter tapping, holdbarheit etter opning blir vanlegvis oppgitt til ca ei veke. Det største problemet med upopulære tiltak for å redusere plastavfall som innføring av skrukorker som henger fast er at sjølv om ein i teorien sparer inn litt plast på tiltaket så kan det i sum være negativt dersom folk flest får mindre respekt for miljøtiltaka. Det er som med kildesortering av hushaldningsavfall, det er ikkje i hushaldningane ein har den største effekten sett opp mot ressursbruken, men god kjeldesortering i hushaldningane er veldig viktig som holdsningsskapande arbeid. Ei befolkning som er godt vande med å kjeldesortere heime vil også i større grad etterspørre kjeldesortering på arbeidsplassen der det ofte er mykje større gevinst ved sorteringa på grunn av større volum.
  21. Det kan faktisk hende at det er dette du gjer "feil" under intervjua. Det er ikkje gitt at intervjuaren har oppfatta at du er trøtt og lite opplagt, og då er det dumt å sette fokus på det. Eit typisk råd på jobbintervjukurs er at ein aldri skal seie at ein er nervøs. For enten er det opplagt (og forståeleg i ein slik situasjon), eller så har ikkje intervjuaren oppfatta det før du seier at du er nervøs og så blir intervjuaren opphengt i alle nervøse trekk som du gjer. Det er i alle fall ein ting å tenke over. For sjølv om du informerer om at du kjem rett frå nattevakt som ei forklaring på at du ikkje 100% skjerpa, så startar du eigentleg intervjua med å snakke deg sjølv ned slik at intervjuaren får eit dårlegare fyrsteinntrykk av deg. I eit jobbintervju skal du helst selge inn deg sjølv ved å framsnakke dine positive eigenskapar. Negative moment treng du ikkje å snakke om.
  22. Det er nok ein dårleg bevart hemmelegheit at Norge ikkje mangler sjukepleiarar, det vi mangler er sjukepleiarutdanna som gidder å praktisere yrket sitt, og der må lønn og vaktordningar ta mykje av skulda for at mange hopper av og bruker kompetansen sin på heilt andre ting. Det går ikkje fram av statistikken om dei har telt kor mange som er yrkesaktive som sjukepleiarar (og kva stillingsprosent dei jobbar i), eller om det er statistikk over kor mange som har gyldig autorisasjon som sjukepleiar. Det siste er nok enklare å telle men innbefattar alle som har fullført sjukepleiarutdanninga og som ikkje har blitt fråteken autorisasjonen. At vi har mange sjukepleiarar per capita er ikkje overraskande med tanke på at populasjonstettheita er lav. Når vi skal ha sjukehus, legekontor og sjukeheim i kvar ei bygd så trengs det sjølvsagt mykje fleire helsepersonell enn om vi hadde sentralisert. Her finn du nok også mykje av forklaringa for kvifor ein del sjukepleiarar også må utføre andre arbeidsdsoppgåver enn berre sjukepleiarfaglege ting, for mange stadar så er det ikkje grunnlag for å ha sjukepleiar i stor nok stillingsprosent, men sidan få kan leve på ein deltidsjobb med lav stillingsprosent så supplerer ein stillinga med å også legge til andre arbeidsoppgåver, som til dømes reinhald. For er det ikkje jobb nok til ein sjukepleiar i full stilling så er det heilt sikkert ikkje reinhaldsoppgåver til ein reinhaldar i full stilling heller, men til saman er det kanskje nok til å fylle ei stilling.
  23. Det blir vanskeleg å svare konkret utifrå din situasjon, men mitt inntrykk er at du har nok mest igjen ved å snakke med ein karriererettleiar og kanskje få litt opplæring i intervjuteknikk. Du slepp til på jobbintervju, så CV og søknadstekstane du leverer er tydelegvis gode nok. Meir sertifisering og formell kompetanse ser derfor ikkje ut til å være nødvendig. Din utfordring er at du møter på intervju, men du kjem ikkje vidare til å få eit jobbtilbod. Det at ein forklarer dette med at du ikkje har nok erfaring kan ikkje være einaste erfaringa, din (manglande) erfaring framgår jo av CVen din, og tross den så blir du invitert til intervju. Min hypotese er at det er eit eller anna du gjer eller ikkje gjer under jobbintervjuet som gjer at du ikkje får jobbtilbod. Det kan sjølvsagt være at du har uflaks kvar gong, men etter ein del interjvu så er det nok ein grunn. Så hadde eg vært deg så ville eg investert i å bli betre til å gjennomføre jobbintervju.
  24. Kanskje litt off-topic, men eg er ganske sikker på at politiet "tek seg til rette" når det er snakk om seksuallovbrot som er filma, då dette vanlegvis er videoar som er særdeles belastnade for eit offer å publisert. Men måten ein gjer det på i dei situasjonene er at å beslaglegge mobiltelefon med videoen på samt å ta i varetekt personen som kanskje kan ha videoen synkronisert mot skylagring, og så er det den måten ein jobbar førebyggande for å hindre at lovbrotet får eksalere. Så hadde politimannen som sletta videoen vært oppriktig bekymra for at videoen kunne bli ulovleg publisert så er det beslaglegging av telefonen som var den rette måten å gjere det på. Då har ein fortsatt videoen som bevis, men utan risikoen for at den kan havne på avveie.
  25. Ikkje veldig overraskande at av de mest spelte spela så er det stort sett multiplayer spel og sandkassespel. Dei meir historiedrevne spela i dag har av typen 10 timar med speletid, og etter at ein er ferdig med historien så er det oftast lite anna å gjere i spelet. Eg vil kanskje også tru at ein anna del av forklaringa er at det disse litt eldre spela også fint kan spelast på litt eldre PCar. No når det er dyrtid så er det nok færre som investerer tungt i hardware, i tillegg er det vel også blitt langt fleire "casuals" som spelar spel utan å gjere det så veldig ofte, det dreg fort opp registrert speletid. Det mest overraskande er eigentleg at mobilspel ikkje er ein del av undersøkinga, tid brukt på mobilspel er eg ganske sikker på må være heilt enorm.
×
×
  • Opprett ny...