The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
21 773 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Spelet er nok bra, men eg venter på ei avklaring på to spørsmål. 1. Er det openbare spørsmålet om spelet faktisk er ferdig til launch eller om det er fullt av bugs. 2. Er om Rockstar også denne gangen velger å låse den opne sandkassa som disse spela representerer, bak mange timar med lineært game-play.
-
Vold mot ansatte i barnevernsinstitusjoner
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Problemet med private institusjonar i denne samanhengen er ikkje at dei er private, problemet er at dei er små virksomheiter med for dårlige rutinar for å avdekke og forebygge voldssituasjonar. Det sagt, så er det ein balansegang mellom å tilby utagerande ungdommar trygge rammer og ein god oppvekst samtidig som at institusjonen ikkje kan være eit fengsel for at personalet skal være trygge. Blir institusjonen for stor så får den lett fengselspreg, og er institusjonen for liten så vil det ofte bli for lite kontroll og rammer. Slik som eg ser det så er det behov for eit skikkelig ungdomsfengsel som er i stand til å fengsle ungdommar og samtidig tilby den oppfølginga som barn og unge har rett på. Sidan det er forholdsvis få ungdommskriminelle så hadde nok det mest fornuftige vært å opprette eit felles nordisk institusjon. -
Eg forstår ikkje kva du vil fram til? Tenker du at alle bør gå allmennfaglig vidaregåande og ha det som høgaste utdanning? Allmennfag er fint det, men du lærer lite som er overførbart til arbeidslivet uansett nivå. Etter vidaregåande så et du på ingen måte kvalifisert til å jobbe som elektrikar, ambulansearbeidar, eller liknande yrker. I tillegg så manglar du spesifiseringa du får på høgskule/universitet, så du vil heller ikkje være kvalifisert til å jobbe som lege, ingeniør eller lærar. Om eg forstår deg rett så ønsker du at vi i praksis skal ha berre ufaglært arbeidskraft, men ufaglærte som har gått allmenn VGS og derfor kan forklare parlamentarisme, analysere dikt, og sette opp balanserte likningar. Det et mange problem med vår utdanningsmodell og fordelinga av studieplassar, men dette er ikkje måten å løyse det på. Eg er einig i at det et eit problem at ungdommar som ikkje har klart å velge seg eit yrke ender opp med å ta allmennfag og blir nærmast tvungen gjennom universitetssystemet fordi dei etter VGS er akkurat like kvalifiserte for arbeidslivet som dei var etter ungdomsskulen. Eller at fagbrev blir sett ned på og vi mister mange ungdommar som ville blitt gode fagarbeidarar som ender opp med å gå ut som dårlege masterkandidatar. Eg vil påstå at problemstillinga er motsatt. Allmennfaglig utdanning har i dag blitt ei heilt unødvendig utdanning. Strengt tatt så burde vi i dag berre ha yrkesfaglig vidaregåandelinjer. Dei som vil gå vidare til universitetet kan uansett gjere det med eit fagbrev som opptakskrav. Skal du bli til dømrs byggingeniør så er det openbart betre at du har gått 2 år på yrkesfag pluss 2 år med yrkeserfaring som tømrar før du startar på ingeniørutdanning, enn at du har brukt 3 år på å lære litteraturhistorie, biologi og spansk.
- 14 svar
-
- 4
-
-
-
I dag er det stort sett berre krav til maks mengde farlig stoff som maks 55 liter propan eller maks 10 000 patroner. Krava er etter mitt syn litt merkeleg utforma. Til dømes er det rart å måle propan i liter når den einaste normale måten å bruke propan på er i gassflasker der måleeininga er kilo. Tilsvarande er kravet til oppbevaring av ammunisjon basert på faren for tjuveri der kravet er at ammunisjonen skal være innelåst, men ikkje nødvendigvis i våpenskap/safe. Eg trur nok også at det er behov for meir presise reglar, men ei praktisk utfordring er handheving. For gassgrillar er det mange reglar og anbefalingar, men det syndes over ei låg sko som til dømrs at propanflaska står under grillen eller at gasslangen ikkje blir verken lekkasjetesta eller bytta. Eg vil også legge til at mange hus inneheld også andre farer for redningsmannskap, til dømes hundar som instinktivt prøver å beskytte hus og eigar utan å forstå at ambulansepersonellet er der for å hjelpe eigaren som ligg på golvet, eller for brannvesenet sin del at mange har gassflasker som ikkje nødvendigvis er brennbare men som utgjer ein fare ved brann likevel sånn som medisinsk oksygen, litiumbatteri, osv. Det er derfor vel så relevant å tenke motsatt, altså at i staden for å lage reglar som gjer det trygt for brannvesenet å gå inn, så skal det være reglar som gjer det trygt å sløkke frå utsida utan å gå inn. På godt og vondt har det blitt slik at folk har frie tøylar til å gjere som dei vil i eige hus, så det å gjere det trygt for andre vil kanskje være vannskeleg. Har du til dømes ein slange som kjæledyr så må du nok tole at folk kan være så redde for å gå inn i huset ditt at det tek lenger tid før du får hjelp. For eg synes ikkje at det nødvendigvis skal være ulovleg å ha reptiler i huset berre fordi enkelte er redde for slangar. Skulle vi lagt det til grunn så måtte hundehold også vært ulovleg av omsyn til dei som er redd for hundar. Slik trur eg nok at det må bli med brannfarlege ting også, det må være lov å oppbevare ammunisjon på ein forsvarleg måte, men konsekvensen kan fort bli at brannvesenet ikkje går inn for å sløkke.
-
Råtten planke på gesimkassen, bruke boligkjøpforsikring?
The Avatar svarte på Tarzan93 sitt emne i Juss
Etter avheningslova må du sjølv dekke utbetringar opp til 10 000 kr, boligkjøperforsikringa vil ikkje redusere det beløpet. Om det er kun dette du har å påpeike så er det ingenting å hente, er det fleire småting så teller dette som ein av mange kostnader du kan summere saman. Selgaren skal gi deg dei opplysningane som kan tenkast å påvirke kjøpsavtalen. Det som kompliserer i denne saka er at det kan bli vanskeleg å bevise at selger hadf3 kompetansen til å forstå at det å ikkje opplyse om dette ville påvirke avtalen. Det er ikkje gitt at selger forstod at dette var å dekke over ein skade og ikkje vedlikehald som stoppa skaden. -
Eg ser absolutt dei praktiske utfordringane, det eg seier er at dersom ein vil kåre beste laget akkurat no så burde alle nasjonar hatt moglegheita til å spele seg inn. Hadde økonomien vært irrelevant så burde vi ikkje ein gong hatt gruppespel der ein i teorien kan ende opp med dei fire beste landa i samme gruppe og ha tredje og fjerde beste nasjonane ryke ut heilt i starten. At Infantino også ønsker å gå bort frå rein loddtrekking og fordele dei antatt beste nasjonane utover ulike grupper er ikkje ei spesielt god løysing sjølv om det openbart reduserer faren for at den reelle bronsekandidaten blir slått ut i eit gruppespel mot beste- og nest beste laget. Ideelt sett burde alle spele mot alle i eit VM, men eg forstår godt at det kan føre til at ein teng nesten alle dei fire åra til neste VM for å klare å gjennomføre ei turnering der alle har møtt alle.
-
Det er ulempen med demokrati. Samtidig så er det som mange har påpeikt at dersom Europa og Sør-Amerika ikkje stiller opp i VM så vil VM-tittelen være tom. Afrika og Asia har mange medkemmar, men det er ikkje dei som står for verdiskapinga. Dersom UEFA inviterer Brasil og Argentina, så blir FIFA spelt ut på sidelinja. Strengt tatt blir det nok billegare å arrangere eit vetdensmesterkap som ikkje treng å legge til rette for deltaking frå Afrika, Asia og Nord-Amerika. Det einste positive som eg synes FIFA og Infantino har innført er at VM vart utvida frå 48 til 64 nasjonar. Sjølv om det medfører at arrangementet blir både større og dyrare, så synes eg at det er betre at flest mogleg får delta. At det skal kårast ein verdensmester basert på resultatlista for kvalifisering synes eg er ein uting sjølv om eg forstår behovet. Skal ein uansett summere saman resultatlista så er det nedten som at ein kan droppe heile arrangementet og kåre ein vinnar basert på talet på seiarar og målforskjell. Eg synes også at det er meir spennande at ein "underdog" som normalt sett ikkje hadde kvalifisert seg til VM har ein teoretisk sjans for å vinne heile greia. Det et kanskje ikkje ein fortent seier å vinne VM basert på flaks, men det samme kan vi seie når vi påstår å kåre verdens beste fotballag basert på ein straffekonk som eigentleg berre måler individuelle ferdigheiter. (Det er nesten som at det hadde vært meir rettferdig å bytte ut straffekonken med tautrekking der det er laget som vinner eller tapar som eit lag).
- 43 svar
-
- 1
-
-
Er nok på tide at Europa i den samanhengen sluttar å annerkjenne at denne vest-britiske kolonien er uavhengig. Verdensbildet er tross alt total endra sidan USA erklærte uavhengigheit i 1776. Den sikkerhetsmessige situasjonen i Europa medfører at vi må ha kontroll på Nord-Amerika, det må jo alle forstå.
-
Norge tar seg ikke råd til brannslukningsfly..
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
Det er absolutt relevant å tenke i den retninga. Akkurat no så er ikkje teknologien eller regelverket heilt på plass, men som det høgkostlandet Norge er så er det fort lønnsomt med autonome helikopter for å spare lønnskostnadene for piloten. Utfordringa slik som eg ser det er balansegangen med at dronene må være smarte nok til å gjere jobben på ein trygg måte, og samtidig må være i stand til å tilpasse seg strategiske ordrar om kvar sløkkeinnsatsen skal utførast. Det et tross alt eit menneske som sitt med ansvaret for å koordinere at brannmannskap på bakken og helikopter i lufta jobber for å utfylle kvarandre, så roboten kan ikkje være for autonom. Reint praktisk så er nok grunnen til at vi i Norge bruker skogbrannhelikopter at det er forholdsvis billig all den tid helikoptera er private helikopter som 99% av tida utfører oppdrag på vegne av private oppdragsgivarar. Det er dermed billig for det offentlege å "låne" ledig helikopterkapasitet framfor å sjølv kjøpe helikopter øyremerka til dette formålet.- 27 svar
-
- 2
-
-
Heilt einig. Feilen her er at det et innført ein fornuftig regel som slår feil ut fordi den råkar berre ein bestemt ting. Med både fisk, bær, (og strengt tatt også jakt sjølv om det der er andre reglar) så forsyner ein seg frå det kollektive matfatet for å tene pengar og ikkje til personleg bruk. Privat sal av fisk burde være heilt greit så lenge det foregår i liten skala. På samme måte som dersom du har plukka bær til bøtta vart full så burde det være greit at naboen betalar ein liten slant for det som du uansett ikkje treng sjølv og som sparer naboen for å sjølv dra på bærtur. Dei fleste kan også fiske sjølv. Hadde alle som vil ha krabbe satt sine eigne krabbeteiner utan å vite om teina ender opp med å bli full eller tom, så hadde vi fort tynna ut krabbebestanden også. No er det mange som ikkje fisker etter krabbe fordi muligheita til å av og til kjøpe litt krabbe frå naboguten dekker behovet. Det er langt meir skamfullt med alle dei som har frysaren full av sjømat som til slutt blir kasta. Eg ser poenget med at du ved privatsalg ikkje har garanti for kor fersk fisken eigentleg er, eller korleis fisken har blitt behandla fram til du kjøper den, men er det eit problem? Som kjøpar så er du utmerka klar over at fisken verken er stempla med siste forbruksdag eller har strekkode og deklarasjon over næringsinnhald. I den grad ein meiner dette er eit reelt problem så kunne det enkelt vært løyst med eit forbod mot å tilbede og servere privatkjøpt fisk til personar utanfor husstanden utan å opplyse om risikoen for at fisken kan ha vært nokre timar utanfor kjøleskap, uavhengig av om du serverer restaurantgjestar eller svigermor som kom på besøk.
- 23 svar
-
- 1
-
-
Norge tar seg ikke råd til brannslukningsfly..
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
Du tenker på ubemanna skogbrannhelikopter? Droner til brannsløkking er absolutt mogleg det er mest eit spørsmål rundt dei tre målområda: effektivitet, ressursutnytting, og kostnad. I Norge så er det relativt sjeldan at terrengbrannar truer liv og verdiar, det er stort sett snakk om å avgrense brannen av omsyn til miljøet. Den økonomiske verdien av skogen er i praksis profitten etter uttak av tømmer, men sjølv om ein skog kan representere millionar i verdiskapning så må verdien målast opp mot kostnaden ved å slukke/begrense brannen. Måten vi i Norge sløkker slike brannar er i korte trekk på prøve å stoppe brannutviklinga ved naturlege brann-hinder som fjelltoppar, elv, veg, tynnare skog osv. Det å aktivt "jage" brannen med brannmannskap eller helikopter er ressurskrevjande og lite effektivt.- 27 svar
-
- 1
-
-
Eg veit ikkje kor mykje trøst du finner i statistikk. Men i snitt skjer det ei ulykke per 1,3 mill flygninga, og av disse ulykkene er det nesten 98% av ulykkene som er heilt utan personskade, og langt langt færre med dødsfall. Så sjølv i dei sjeldne tilfella der det går gale så er konsekvensen for deg som passasjer vanlegvis at du må bytte fly. Flyskrekk er i stor grad ein urasjonell frykt, så det er ikkje sikkert at fakta er det som er mest til hjelp for deg. Av meir generelle råd så vil eg anbefale støydempande headset slik at du ikkje høyrer lydane og heller kan fokusere på slappe av. Det kan være greit å være litt trøtt slik at du lettare får sove på flyet. Av samme grunn bør du ikkje drikke kaffe/koffein før og under flyginga. Søvn er også fornuftig med tanke på jetlag alt etter kva veg du skal fly og når på døgnet du har take-off/landing. Om mogleg så bør du sitte midt på vingen eller langt framme, då merker du mindre av eventuell turbulens. I tillegg så bør du melde frå til flyverten, då vil du få litt ekstra bistand til å forklare ting, og litt ekstra oppmerksomheit og hjelp.
-
Eg er til dels einig, særleg for å kunne auke dyrevelferden. Men når det gjeld helsesida så er eg litt redd for at konsekvensen av høgare pris på kjøtt gir meir livsstilssykdommar. Det er ikkje gitt at folk flest bytter ut biffen med fiskefilet, eg er nok redd for at det då heller blir kjøttfarse og usunne kjøttprodukt som blir alternativet til proteinkjelde, ikkje bønner og soya. Dersom høgare prisar skal påvirke folkehelsa så må det gjerast litt konsekvent. Det hjelp lite at magre kjøttprodukt blir dyrare om anna usunn mat blir billigare.
-
Det er i alle fall tydeleg at arbeidsgiver ikkje er ærleg med deg. Som arbeidsgiver utan tariffavtale så er det ingenting som heiter å vente på dei nye satsane som uansett ikkje er gjeldande. I beste fall vil dei nye satsane være rettningsgivande for kva nivå din arbeidsgivar vil legge seg på. Når dei ikkje følger tariffavtalen så er lønn heilt opp til forhandling, og i den samanhengen er det å vente på resultatet for fagforeiningar på linje med å vente for å sjå kva nabobedrifta gir i lønn. Det framstår som openbart at du har ein arbeidsgivar som ikkje er villig til å betale meir enn minstesatsen etter tarifflønna i tillegg til at dei ikkje er villige til å betale for å være ein del av det organiserte srbeidslivet. Heilt ærleg så veit eg ikkje om det er hensiktsmessig for deg å ta opp spørsmålet om lønn med ein butikksjef som ikkje tørr å gjere anna enn å følge anbefalinga frå HR utan at du har eot jobbtilbod å vise til slik at du er i posisjon til å sette ultimatum om at du kjem til å slutte i jobben om du ikkje får lønnsaukning.
-
Anmeldelse: Spider-Man: Brand New Day
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg har samme fatigue, men eg vil likevel kome med motargument. Er det ein film som får meg opp på Marvel-hesten igjen så er det nok Spiderman. Ein fordel med multiverset er at eg fint kan sjå denne filmen utan å å ha sett alt av det som har komt ut siste 5 åra. På mange måtar er det ein ny start. Tanken om multiverset som mogleggjer "umulige" kombinasjonar er i utgangspunktet tiltalande, men det krever sjølvsagt at historien er rett fortalt. På samme måte som historier om tidsreiser, det er ein rett måte å gjere det på, og definitiv ein feil måte også. Det store problemet med Marvel-filmane er at produksjonen tek så lang tid at skodespelarane blir eldre enn karakterane. I ein slik situasjon så hat produsentane to valg, enten fylle på med nye karakterar spelt av yngre skodespelarar, eller gå for de-aging spesialeffektar for å kunne tviholde på dei originale skodespelarane.- 13 svar
-
- 2
-
-
Kva som er normal prøvetid varierer ganske mykje, men 6 månedar er den maksimalt lovlege prøvetida etter arbeidsmiljølova. Mange bruker makstida som standard, og andre ser at det er hensiktsmessig å ikkje ha for lang prøvetid. Personleg så meier eg at lang prøvetid er mest til arbeidstakers fordel. Ein nytilsett arbeidstakar kan bruke dei neste 6 månedane på å søke etter betre jobb, arbeidsgivar kan ikkje fortsette å søke etter betre kandidatar på samme måte. Tilsvarande så har arbeidsgivar ofte behov for å kutte sitt tap tidleg ved seie opp ein nytilsett som ikkje fungerer, har du som arbeidsgivar fyrst investert 5-6 månedar i opplæring så er det nesten som at det er like fornuftig å fortsette opplæringa for å få ein god arbeidar framfor å kaste inn handkledet etter eit halvt år med lønnsutgifter.
-
Dei færraste hadde nok klart å sjå for seg ei slik spredning, så eg finn det veldig lite sannsynleg at nokon har starta ein brann i eller ved ein bustad for å brenne ned heile nabolaget. Hadde nokon hatt ein plan om å forårsake slike konsekvensar så hadde eg forventa at det hadde blitt starta fleire brannar i samme gate, både fordi det hadde vært større potensiale for ein storbrann, og fordi det er mindre sannsynleg at brannvesenet eller naboar hadde klart å sløkke fleire samtidige brannar før brannen vart for stor. Dersom brannen har blitt starta med vilje så må det ha vært med tanke om å brenne ned ein bustad, eg kan ikkje forstå at nokon har berekna at heile nabolaget skulle ryke. Eg kan heller ikkje sjå noko opplagt motiv for å brenne ned eit heilt nabolag.
- 271 svar
-
- 2
-
-
Her i Norge har vi ikkje skogar på samme måte som i Europa eller Nord-Amerika. Skogbrannfly er klart best eigna til å lage branngater i tjukke skogar ved å dumpe mykje vatn på flatt terreng. Til meir spredt skog er helikopter betre eigna på grunn av presisjonen i sløkkinga. Generelt sett så er vatn frå oven lite eigna på bustadbrannar sidan ein fyrst kjem til med vatn etter at taket (som er vanntett) har brent bort. Helikoptera i Krogstadelva vart kalla inn for å bruke i skogen, skulle ein brukt fly så måtte alt brannmannskap evakuere området. Fordelen med helikopter er at fordi droppet er så nøyaktig så kan ein fortsatt ha personar i nærheita så lenge dei ikkje er rett under, med fly så må sikkerheitsmarginen være mykje større.
- 271 svar
-
- 1
-
-
Det står på NAV sine sider https://www.nav.no/dagpenger#ferie Du får ikkje dagpengar når du er i utlandet, det er derfor nok å sette det på meldekortet i ettertid at du ikkje skal ha dagpengar for dei dagane. Det er eit unntak dersom du reiser til eit EØS-land for å gå på jobbintervju, då får du fortsatt dagpengar men du må melde frå til NAV på førehand. For rein ferie så setter du på meldekortet at du skal ha mindre utbetalt ved neste utbetaling.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Bør boligforsikring være pålagt ved lov?
The Avatar svarte på Simen1 sitt emne i Politikk og samfunn
Ja i enkelte tilfeller kan det å sløyfe innboforsikring være eit fornuftig økonomisk valg om ein har veldig lite eigendelar. Har du inventar for berre 80 000 kr som vart nemnt så kan det være like greit å ta tapet med bufferkontoen og spare dei tusenlappane i året som forsikringa kostar. Likevel så lever du ganske så spartansk om det du har av klær, møblar, elektronikk og inventar kostar mindre enn 100 000 kr å erstatte.- 88 svar
-
- 1
-
-
Dette koker ned til ei vurdering av kost vs nytte. For dei fleste kommuner så er det nok langt meir fornuftig å investere i fleire brannbilar enn å investere i ein robot som statistisk sett vil stå å støve ned då det nesten aldri er behov for ein robot. Dette kunne ein løyst ved å ha slike robotar ståande klar på Gardermoen for å flyge ut, men som i denne brannen så skjedde mesteparten av brannspredninga i løpet av fyrste timen så hjelpa ville nok komt forseint om Drammen brannvesen ikkje hadde hatt sin eigen robot. Etter det som framkom i artikkelen så var største hinderet at brannvesenet måtte prioritere evakuering, skulle dei samtidig kunne gå i gang med slukking så måtte dei hatt fleire brannmenn, minst det doble. Hadde dei hatt 3x så mange bilar og mannskap som kunne være på plass etter 8 minutt som det er rapportert at det tok før fyrste brannbilen var på plass, så kunne brannvesenet ha splitta seg opp der nokon sprang rundt for å evakuere og resten starta med brannsløkking. Når ein slik storbrann fyrst skjer så er Drammensområdet godt hjelpte av mange store brannvesen som kunne kome å hjelpe til, men det tok tid til tross for relativt korte avstandar. Ved ei slik hending så er det likevel for få brannmannskap for langt unna til å kunne avverge ein slik storbrann. Einaste realistiske måten å hindre slike brannar på er ved å forebygge, og då hovudsakleg ved å ha betre brannskiller enten det er murveggar, avstand, eller meir kreative løysingar som å etablere vannveggar i gatene som kunne dynka heile området.
-
Ser at det er opplyst moms på 25% for renovasjon og feiing. Momsen på renovasjon vart satt ned til 15% 1 juli 2025, og momsen for feiing vart fjerna heilt den 1 januar 2024.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Bør boligforsikring være pålagt ved lov?
The Avatar svarte på Simen1 sitt emne i Politikk og samfunn
Tek du med alle ubetalte timar du må bruke på alt frå å samle dokumentasjon på kva som har gått tapt og alle timane du treng på å kjøpe innigjen alt, så er det dårlig butikk å begå forsikringssvindel. Dersom vi snakker om ein fråflytta og forsømt bolig nummer to, så er det langt fleire som fell for fristinga om å spekulere i å tenne på rønna og få eit splitter nytt TEK17 bygg tilbake. -
Bør boligforsikring være pålagt ved lov?
The Avatar svarte på Simen1 sitt emne i Politikk og samfunn
Slik må det nødvendigvis være når ein har rett på å få bygd opp eit tilsvarande hus, men eit hus med tilsvarande standard er det ikkje lov å bygge med dagens byggereglar. Tilsvarande hus kan berre byggast om huset brenner ned før neste revisjon av byggereglane. Det å berre betale ut verdien av huset blir ei dårleg løysing, både fordi folk har urealistiske forventningar om kva dei kunne fått i ei bodrunde, og fordi folk treng ein stad å bu så det å få ei utbetaling som ikkje er stor nok til å skaffe ny bustad er ikkje nok til å sette forsikringstakaren tilbake til samme situasjon som om brannen ikkje hadde skjedd.- 88 svar
-
- 2
-
-
Bør boligforsikring være pålagt ved lov?
The Avatar svarte på Simen1 sitt emne i Politikk og samfunn
Det som et spesielt med denne situasjonen er at det ramma mange i samme område. Statistisk sett kunne dette også skjedd med enkeltståande bustadar, men då med langt mindre mediaoppmerksomheit. Fordi det er relativt sjeldan at sjølve huset får store skadar, så gjer nok det at fleire gamblar på at det går fint å sløyfe husforsikringa. Ei reiseforsikring vil nok i den samanhengen virke meir aktuell sidan det er meir truleg at du vil sende inn forsikringskrav p.g.a. knust mobilskjerm eller stjelt jakke. Det vil fortsatt være mange kundar som heller vil inngå eigne forsikringsavtalar, til dømes alle som bur i burettslag/sameige og som ikkje vil ha eit pakketilbod som også inkluderer ei husforsikring som dei alt har via sitt sameige/burettslag. Alle som har obligatorisk innboforsikring som del av sin fagforeningskontingent. Eller alle dei som ikkje har arvingar og derfor ikkje treng livsforsikringsdelen, osv. Sjølv med ein slik storavtale som inkluderer "alt" du treng av forsikringar, så vil det ikkje bli ein prisgunstig avtale for dei som alt er dekt av ei forsikring. Men det vil være gunstig for dei som treng tryggheit med å være forsikra utan at dei klarer å sette seg inn i kva dei treng av forsikringar.- 88 svar
-
- 1
-
