Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    21 021
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Tja. Mitt inntrykk er at Norge må være eit av landa der kvinner har lavast forventning til at mannfolka skal ordne opp. Norske damer er melr likestilte enn sine søstre i andre land, og sidan vi har ein kultur med lite småprat og sjekking så må damene være med på å dra igang lasset. Det er nok få land der ei attraktiv dame får lov til å være i fred utan tilnærmingar som i Norge, nettopp fordi vi har ein tradisjon for å respektere sosial avstand om ein ikkje har fått invitasjon. Norske damer kan kanskje være kravstore, men dei færraste er så passive at dei forventar at mannen skal bestille for dei på restauranten. Du skal ikkje lenger enn til austeuropa før idealet er at mannen skal bestemme menyen og betale for daten, og dama sitt ansvar er å pynte seg og være underdanig ute i offentlegheita.
  2. Det er nok større sjanse for at lovbrytarar blir meir desperate i sine forsøk på å sleppe unna straff, særleg når det er ein automatikk i når du kan forvente dødsstraff. Det er liten grunn til å etterlate seg vitner, legge korta på bordet, og ellers bistå politiet om takka er dødsstraff. Litt off-topic men dette er også grunnen til at eg ikkje er heilt einig i at vi har oppheva foreldingstida for drap. Det medfører at drapsmenn aldri vil fortelle om kva som skjedde og på den måten gi dei etterlatte svara dei har venta på. Eg gjer meg også nokre tankar om at før vi hoppar rett til dødstraff som ikkje kan reverserast, så er det mange andre muligheiter for straff som vi kan innføre om vi ønsker å gå vekk frå rehabilitering og over til rein avstraffelse, som til dømes straffearbeid.
  3. Satsar på at det alt foreligg gode planar for å isolere Kaliningrad som motsvar. Det burde være både enkelt reint praktisk sett ved å stoppe alt av køyretøy, båtar og fly frå å krysse grensa. Og reint politisk så kan dette gjerast utan å teknisk sett okkupere russiske territorier.
  4. Kombinasjonen av at vi i skandinavia har stor kjøpekraft å bruke på rusmiddel, og forholdsvis låge straffer har gjort Norge og Sverige til land det er gunstig å smugle narkotika til. Innvandring er av betydning, men opne grenser og stor eksport/import har gjort det enklare å smugle. Den elleville voldsbruken er eit direkte resultat av at det er så store pengar som står i spel om konkurrerande narkotikaselgarar får etablere seg, og konkurrentane vil gjerne etablere seg fordi det er så store pengar å tene. No kjenner eg ikkje det svenske systemet godt nok, men i Norge så manglar vi kontrollmekanismane for å motvirke slik kriminalitet. Fengselsvesenet vårt er bygd opp for å rehabilitere lovbrytarar og sleppe dei tilbake i samfunnet. Den framgangsmåten er effektiv når vi rehabiliterer eigne borgarar, men det har mindre effekt på utlendingar som ikkje har til intensjon å bli lovlydige norske borgarar. Mange av dei kom hit for å tene pengar på kriminalitet og har innkalkulert risikoen for å få nokre år i fengsel. Sidan det kriminelle lågalderen er 15 år så har vi blitt ganske handlingslamma ovanfor kriminelle som bruker barn til dei mest risikofylte jobbane. Mangelen på regulert narkotikahandel medfører at det ikkje finnes lovlege måtar for rusavhengige å skaffe seg narkotika utan å støtte kriminelle miljø. Taktikken med å stoppe folk i få tak i narkotika før dei blir avhengige eller får ein preferanse for det rusmiddelet har ikkje fungert. Sidan det heller ikkje vart noko av avkriminaliseringa for mindre brukardosar så får heller ikkje politiet informasjon som kan brukast for å stoppe bakmennene, for kven går til politiet med slik informasjon når det fyrste som skjer er at du sjølv blir kasta på glattcelle og får ei stor bot? Etter mitt syn så må vi tenke heilt nytt om heile verdikjeda, om ikkje så vil situasjonen berre forverre seg for kvart år som går.
  5. Om rentekostnaden er høgare enn aukinga i bustadprisen så er det mindre lønnsomt å kjøpe seg opp. Mykje av poenget med å kjøpe seg opp til dyrare bustad er at ofte så er verdistigninga på bustaden mykje større enn det du betalar i lån. Så ved å frigjere eigenkapitalen i eksisterande bustad og bruke den for å få eit høgare lån på ein dyrare bustad så sitter du igjen med omtrent like store lånekostnadar, men med mykje større samla verdi på huset ditt når du har blitt gjeldfri. Ein må også sjå på slike oppkjøp som langsiktig investering, den største gevinsten får du ikkje før bustaden er nedbetalt og du sitter igjen i ein bustad som er verdt 10 mill og ikkje berre 3 mill. Den meir indirekte fordelen her er at dersom bustadbobla sprekker og bustadane blir omtrent verdilause både i direkte pengar og som sikkerheit for lån, så er det langt betre å sitte igjen i ein einebustad med fem soverom og dobbel garasje som du ikkje får finner kjøparar til, enn det er å sitte igjen med ett-roms leilegheit midt i sentrum som du ikkje får solgt. Du har så uendeleg mykje meir alternativ om siste bustaden din er eit stort hus framfor ei lita leilegheit på alt frå muligheitene til å stifte stor famile til potensialet for å leige ut gjesteromma. Bytter du bustad for ofte så vil du tape mykje i omkostningar, men samtidig, dersom bustadprisane aukar drastisk så vil det lønne seg å bytte bustad så fort du kan gjere dette utan å skatte av salget. Så lenge utgangspunktet for reknestykket er at auking i bustadprisen ligg under lånerenta så vil ikkje dette lønne seg, i alle fall ikkje før du kjem så langt at du kan kjøpe hus utan å ta opp lån.
  6. Ein øydelegg i liten grad bevisa ved å skyte ned droner, og i alle fall om alternativet er å la dronen sleppe unna slik at ein står igjen utan fysiske bevis så er det klart å foretrekke å pusle saman fragmenta etter nedskutte droner. Slik som det framgår av artikkelen så valgte politiet å ikkje forsøke å skyte ned dronene fordi det vart vurdert som farlegare enn å la dronene være i fred. Om dronene berre hadde til hensikt å forstyrre trafikken så er det rett vurdering. Hadde dei skutt ned dronene slik at det ligger vrakdelar på rullebana så måtte ein i tillegg brukt tid på kosting og fjerning av slike fragment som kan bli sugd opp i flymotoren og forårsake havari før flyplassen kunne opnast igjen, dette at kunne ført til dagar med stengt flyplass. Når det gjeld kven som står bak så er blir nok det vanskeleg å bevise. Sjølv om mistanken fort havner på Russland så kan det i teorien også være "guttestreker" av nokon som av heilt andre grunnar ville lage litt kaos. Om det skulle vise seg å være Russland som står bak så er det mange ulike grader av russisk involvering, frå at ein russar har betalt nokon i Danmark til å utføre droneflyginga, til at pengane kjem rett frå den russiske staten, er utført av russiske statsborgarar, eller til den mest direkte involveringa om droneflyinga er utført av russiske myndigheiter. Slik som eg ser det så er det ikkje gitt at vi i vesten skal gjere så veldig mykje mot denne trusselen. Om nokon vil bruke droner med eksplosiver til å ta ut passasjerfly på ein flyplass så er det veldig vanskeleg å hindre dette aktiv, og det er stor fare for at dei sikkerheitstiltaka som blir innført fører til vel så store skader som eit fysisk angrep. Det er berre å sjå til 11.09.2001 og dei tiltaka som vart innført då, dei sikkerheitstiltaka som vi fortsatt lever under førte til dyrare flybillettar sidan sikkerheitsinnretningane som vart innført var kostsbare, og det gjorde det langt meir tidkrevande å fly. Før 2001 så kunne du med handbagasje møte opp berre rett før avgang sidan du berre hadde ein heilt enkel sikkerheitskontroll du skulle gjennom. No tek sikkerheitskontrollen mykje lengre tid slik at flyselskapa krever oppmøte minst 1 time før.
  7. Det hadde vært fint om også overskrifta hadde nemt at prisaukinga er i USA. Skriv gjerne artikkel om korleis dei i USA har boikotta Disney+ og kva Disney+ gjer for å motvirke boikotten, men særleg når artikkelen også dreg fram at vi i Norge har hatt stabil pris sidan 2023 så angår det oss i Norge i liten grad.
  8. Typisk så et det fordi nokon har lånt din PC til å logge seg på med eigen konto, den som då logger seg på får ikkje tilgang til dine filer som ligg pp ditt private område. Unntaket er dersom du lagrer ting direkte på c:, men det som ligg i mine dokumenter, skrivebord, og nedlastingar er låst til brukarprofilen din.
  9. Om du opplever at arbeidsgjevarar ikkje forstår samanhengen mellom namnet på utdanninga di og det du har lært, så kan det være ein idé å vurdere om du skal "skjule" at du er sikkerheitsingeniør ved å berre skrive "bachelorgrad i ingeniørfag ved Høgskulen ...." i CVen. Dei fleste stillingar har uansett berre ei formulering om at kompetansekravet er bachelor eller mastergrad innenfor relevant fag, og sjølv dei som er så spesifikke at dei skriv krav om bachelorgrad i byggfag så er det nesten alle som hiver på ein "eller tilsvarende kompetanse". Det som er viktig å få fram for deg er at du er høgskuleingeniør, og ikkje nødendigvis om du fordjupa deg i bygg, logistikk eller sikkerheit. Så ved å ikkje oppgi din eksakte ingeniørtittel i CVen så kan det være med å auke sannsynlegheita for at søknaden din blir seriøst vurdert. Din ekstakte ingeniørtittel vil uansett framgå i vedlegget der du laster opp vitnemålet ditt, det er berre at dei fleste som skal ansette går ikkje inn og leser disse detaljane før eventuelt heilt i sluttfasen av tilsettingsprosessen.
  10. Det einaste rådet eg kan gi deg på generelt grunnlag er at du ikkje er for selektiv på kva jobbar søker på. Det er ganske vanleg å bli for selektiv og ikkje søke på jobbar som kan vise seg å være veldig gode. Den store styrken med ingeniørutdanning er at du stort sett kan inneha alle slags ingeniørstillingar. Sjølv om du er utdanna i eit litt anna retning så er det mange arbeidsplassar som gjerne vil ha litt bredde i ingeniørfagmiljøet.
  11. Så fort som hastigheita på datamaskiner utvikler seg så tek det ikkje så lang tid før datamaskinene er gode nok. Sjølv om instinkta vår reagerer raskt så er utfordringa at mange også reagerer feil fordi ein reagerer utan å ha full oversikt. Då får vi typiske møteulykker der ein bilisten vrenger bilen over i motsatt køyrefelt fordi det hopper ein katt ut i vegen. Rasjonelt sett hadde det vært betre å ikkje reagere og kanskje køyre på katten enn det er å forsøke å styre unna og få ein bil i fronten. Eg trur likevel at nøkkelen til sjølvkøyrande nivå 5 bilar er at ein må blande sensorteknologien. Å skulle få til heilt sjølvkøyrande bilar basert på billige webkameraer vil ta mykje lenger tid før vi får datamaskiner som berre ved hjelp av 2D bilder klarer å forstå trafikkbildet. Vi må nok ta oss råd til å bruke mellom anna LIDAR-teknologi.
  12. Eg synes det bør være eit "cut off point" for slik publisering, men er i stor grad eining. Grunnen til at eg vil ha nokre grenser for alvorlegheit og kanskje også tidsbegrensing på kor lenge opplysningane er søkbare, er at det må også være rom for rehabilitering og kome seg tilbake i samfunnet utan å bli tvungen ut i kriminalitet fordi du ikkje får verken jobb eller leilegheit på grunn av at du kjem opp på disse listene.
  13. Synes det er greit med tanke på alle ryktene som går, og ikkje minst alternative kommunikasjonsvegar. Det er klart at ein får oppmerksomheit når media publiserer navn og bilde, men samtidig så betyr det at det er mindre grunn for folk å diskutere og spekulere når identiteten er offentleg kjent. Ein annan ting er at gjerningsmannen sjølv sitt i varetekt med brev og besøksforbod og vil ikkje finne ut av mediadekninga før lenge etterpå. I denne konkrete saka så var spekulasjonane der umiddelbart på kva hudfarge mordaren hadde, sånn sett er det greit at ein møter dei spekulasjonane med ein gong før ryktebørsen får teikne eit heilt anna bilde. Sånn sett synes eg kanskje at mediene burde oftare identifisere folk tidleg, også navnet på den drepte. Det er i dag stadig vanskelegare for politiet å rekke å gi dødsbudskapet til familien på korrekt måte utan at familien alt har fanga opp ryktene. Og eg er ikkje overbevist om at det er meir belastande å lese i VG at politiet har bekrefta identiteten, enn det er å høyre rykter om at det kanskje er din søster/datter/mor som er drept frå framande. Også i forhold til sjølvmord så synes eg at vi burde ha større openheit slik at folk verkeleg forstår omfanget. Så vidt eg har fått med meg så støtter forskninga at det er omtale av metode som kan være triggande, og ikkje omtale av at eit sjølvmord har skjedd. Og utan at eg er fagperson så trur eg det til ei viss grad vil kunne være førebyggande at vi snakkar om all den elendigheita som eit sjølvmord medfører for både dei etterlatte og samfunnet forøvrig.
  14. Har samme erfaring med at eg starta med inverted, men etter at eg tok ei lengre pause frå FPS og oppdaga at fleire spel ikkje støtta inverted så bruker eg i dag berre vanleg oppsett. For meg har det vært meir intuitivt å lene kroppen bakover for å sjå opp, eg kan ikkje forklare kvifor eg ikkje følger same logikk for høgre og venstre, men det kan kanskje ha noko med at det var få spel som tillot invertering av begge aksane? Men kanskje det er fordi dette reflekterer nakkebevegelsane om eg skal sjå meg rundt med stivt blikk sifan eg då bøyer meg fram for å sjå ned og til venstre for å sjå til venstre. Når det gjeld forskninga så veit eg ikkje om eg kjøper konklusjonen om at invertert går saktare men med meir nøyaktigheit utan at dette skal ha nokon som helst samanheng med flysimulatorar det nettopp rolege og nøyaktige bevegelsar på stikka er avgjerande. Det virker då veldig beleileg at løysinga som vart valgt til flystikka på grunn av mekaniske forhold også viser seg å være best eigna som flykontroll når ein flytter styinga til det digitale medium. Og med tanke på at dette er ein artikkel på gamer.no, er konklusjonen at vanleg oppsett er best for spray'n'pray, og inverted er best for snipers som må treffe på fyrste skuddet?
  15. Reint produksjonsmessig så er det nok tryggare å bruke deltakarar som frå før har bevist at dei klarer å vise fram personlegheita si gjennom TV-kameraet. Det er nok også til dels enklare å berre jobbe med folk som har TV-deltakelse som yrke, på alt frå at dei forstår kva som gir godt TV-innhold, til at kjendisane veit godt kva dei går til og trenger sikkert mindre psykolog oppfølging. For ikkje å snakke om at kjendisar som har dette som jobb slepp å la seg hindre av praktiske forhold som at ein ikkje får permisjon frå jobben, osv. Lager du reality med ukjente så er det ein risiko for at dei spennande personane som vart valgt ut på audition ender opp med å framstå som flate og kjedelige i TV ruta. Min påstand er at ved å bruke ein kjendis som du kjenner godt til frå f.eks. nyheitene så fyller denne kjendisen rollen til Ola som gjekk i parallellklassa di på ungdomsskulen. Med 5,5 mill innbyggarar så vil det ikkje være mogleg å finne 12 randoms det heile Norge har eit personleg forhold til, men velger du 12 kjendisar frå ulike samfunnslag så vil absolutt alle kjenne til minst ein av kjendisane. Det er ikkje like bra med ein kjendis som du høyrer på radioen, som det er om Lisa frå økonomiavdelinga på jobben deltek, men det er eit betre substitutt med kjendisen enn ein random som 99,9% aldri har høyrt om før.
  16. Svaret er ganske enkelt. Det er ofte meir interessant å sjå folk du kjenner på TV enn vilt framande. Kjendisane oppfyller denne nisjen ved at "alle" kjenner dei utan å kjenne dei personleg. Det er litt som å lese lokalavisa. Det er lett å interessere for kvar det skal byggast nytt bustadfelt, om lokalpolitikarane vedtok å bevare eller legge ned barneskulen, osv, men det er sjeldan særleg interessant å lese lokalavisene for andre delar av landet sidan du ikkje kjenner til dei plassane og personane som lokalavisa skriv om.
  17. Det vil koste ein liten formue når kvar nye president skal gjere sine tilpassingar i interiøret også. Sjå berre til USA og korleis det hvite hus endrer seg etterkvart som det flytter inn ny president og ikkje minst presidentfrue. Det er ein viss innsparing i langsiktigheita vi har ved å ha ein monarksom er meir styrt av tradisjonar enn mote. Prinsessetittelen er det nok vanskeleg å gjere noko med, ho vi alltid være datteren til kongen og vil derfor være prinsesse uansett. Då blir det fort symbolhandling. Det Kongen burde ha gjort er å ta Märtha ut av arverekka. Per dags dato så stor ho som nummer fire i rekka etter kronprinsen og hans to barn Ingrid Alexandra og Sverre Magnus. Sjølv om det skal ein del til for at heile kronprinsfamilien går bort så synes eg det uansett er riktig å ta Märtha heilt ut av arverekka. Kong Harald har såleis avverga ei lita bombe ved då han satte Haakon som fyrstearving til tross for Märtha er den fyrstefødte. Eg kjenner meg ganske trygg på at vi vil få ein gaske så definitiv spiker i kista for monarkiet om det er Dronning Märtha og Kongegemal Durek som skal ta over som regent, så av den grunn er det heilt unødvendig at ho i det heile tatt er i arverekka. Kong Harald bør berre bestemme at det er Kronprins Haakon og hans barn som utgjer arverekka, og at dersom alle disse arvingane faller bort så må Norge velge ny konge (og dermed kongefamilie) om Norge forstsatt vil være monarki.
  18. Det er fint av deg å ville bruke litt pengar på veledigheit, men eg trur nok eg vil råde deg til å bruke litt av pengane på deg sjølv og ting du synes er litt luksus. Ikkje fordi du ikkje skal gi til veledigheit, men fordi eg trur ikkje at det å donere til veledigheit vil bidra til at du får eit meir "normalt" pengebruk. Slik som eg forstår det så ønsker du å komme deg litt vekk frå å leve enkelt og billig fordi du ikkje ønsker å framstå som gjerrig. Eg trur då at ved å donere til veledigheit og få ei god kjensle av å ha gjort ei god gjerning så vil det berre forsterke behovet ditt for å leve enkelt og billig, for jo billegare du lever jo meir har du til å gi vekk. Angåande matbudsjett så vil valget av å kjøpe dyre eller billige råvarer ofte være nært knytta til kor mykje tid og energi du legg i matlaginga. Det er mykje raskare å lage middag beståande av indrefillet og nypoteter sidan du då omtrent berre treng å varme råvarene, billegare råvarer krever ofte at du investerer meir tid på kjøkkenet slidan grytekjøkket må kokast heilt til det blir mørt, osv. Så lenge du ikkje er så sparsommeleg i matvegen at det går utover eit sunt og variert kosthold så er det ingenting galt i å kjøpe billige råvarer, og ivertfall ikkje om du er glad i å lage mat og klarer å få gode og velsmakande måltid ut av enkle råvarer. Det er verre om du aldri kjøper f.eks. torskefillet fordi det er så dyrt, og i staden så kjøper du fiskepinner med 5% fisk og kallar det ein fiskemiddag. At du oftare kjøper grønnsaker som er på tilbod på grunn ustandarisert størrelse eller skjønheitsfeil tenker eg er svært ansvarleg av deg både økonomisk og miljømessig, du treng ikkje å kjøpe paprikaen med plastfilm berre fordi du har råd til den når lavpris alternativet er like godt.
  19. The Avatar

    Ny elbil i brann

    Dette er nok flisespikking fra min side, men eg vil påstå at ein av grunnane til at vi har denne myten er fordi ein bruker begrepet "brannfarlige". Dette ordet kan forståast på ulike måtar. I denne artikkelen så er det brukt i betydninga av kor lett/ofte det oppstår brann, men ordet brannfarleg er også ein beskrivelse av kor raskt eller voldsom brannen er. Når ein seier at ein elbil er brannfarleg, så kan det bety: - Elbilar har lett for å starte å brenne. eller - Elbilar som brenner (i batteripakken) gir ein kraftig brann. Det er derfor fint mogleg å argumentere for at "elbilar er meir brannfarlege" om ein berre legg rette premissa til grunn. Til dømes så kan ein elbil starte å brenne mange timar enn at den er parkert sidan det går straum i dei elektriske ledningane enten frå ladekabelen eller frå batteriet. Ein dieselbil vil berre ha kortslutning i 12 V systemet som potensiell brannkilde om bilen er parkert og alle motordelar er avkjølt og kalde. Ein kan også argumentere at ein elbil er meir brannfarleg fordi at sjølv om at det er sjeldan at brenn i sjølve batteriet så er det meir problematisk med ein brann som ein ikkje klarer å sløkke med vatn. Startar det å ryke frå dieselbilen så kan det være at du klarer å sløkken den sjølv med hageslangen om du er rask nok, startar det å ryke frå sjølve batteriet så er det beste resultatet du kan håpe på med hageslangen å hindre brannen frå å spreie seg til andre brennbare ting. Etter mitt syn vil det derfor være hensiktsmessig å være meir konkret på om ein snakkar om antall brannar eller skadepotensialet når ein seier at ein biltype er meir brannfarleg.
  20. Lurer litt på kven som er målgruppa her? Siste spelet som vart sluppet var Blacklist i 2013, og til tross for gode anmeldingar så var det ikkje kjempepopulært, blant anna fordi Hitman var ein stor konkurrent i same sjanger. Kjernegruppa av dei som spelte fyrste spelet er langt oppe i 40 åra og kjem kanskje ikkje til å prioritere akkurat denne serien når ein får litt TV-tid etter at ungane har lagt seg. Og sjølv om det er ein smakssak med kva slags kunstneriske uttrykk ein sitter igjen med, så hadde eg foretrukket at denne serien var live action. Særleg i action filmar som prøver å holde seg innafor forholdsvis realistiske rammer så hadde det vært langt kulare med ekte skodespelarar. Animasjon kan ha sin sjarm, men eg synes animasjon passar betre til superheltar og andre historier som uansett bryt med vanlige fysiske lover.
  21. Synes også at det er bra å få tatt oppigjen saka så lenge hovedpersonen sjølv er i live og forhåpentlegvis kan få oppleve ei eventuell frifinning. Eg skjønar at dei etterlatte ikkje liker tanken på gjenopptaking som kan føre til frifinning, for det vil då nødvendigvis bety at drapet forblir uoppklart. Det er heilt vanleg at etterlatte slår seg til ro med at den skuldige har blitt tatt og straffa, og på mange måtar er det opprivande at den personen ein har bært nag til som mordar i alle dei år plutseleg skulle vise seg å ikkje være drapsmanen likevel. Mitt einaste ankepunkt mot gjenopptaking 42 år etter at dommen falt er at det er tvilsomt at retten vil finne nye læringsmoment som er relevante for dagens drapsetterforskningar. I så måte er det liten samfunnsnytte i gjenoppta saka. Politiet har for lengst endra sine rutinar både i forhold til avhørsmetoder, det å hindre vitner i samsnakkast før avhøyr, at tilståingar kan være feilaktige, osv. På 80-talet så aksepterte politiet i mykje større grad ei tilståing utan ytterlegare bevisførsel, i dag har ein for lengst etablert rutiner om at det skal leggast fram bevis for at tilståinga er korrekt, mellom anna fordi det ikkje skal være mogleg at nokon tek på seg all skuld for å beskytte ein medsamansvoren, elller endog for å bevise at tilståinga ikkje er kjøpt og betalt av den ekte drapsmannen. Til slutt vil eg legge til at at dette med at det skjedde dødsfall når Arnfinn Nesset ikkje var tilstades er ikkje nødvendigvis eit bevis for uskuld. Gift fungerer ulikt alt etter type gift og ikkje minst dose. Det vil nok fint være mogleg å forgifte nokon over tid slik at døden inntrer på eit seinare tidspunkt, særleg når det er snakk om eldre mennesker som frå før er svake så kan sjølv små helseendringar føre til ein framskunda død.
  22. Ja, det vil være innbrot og skadeverk på sameiges hengelås. Men. I dette konkrete tilfellet så kan det likevel være at handlinga er lovleg etter bestemmelsane om sjølvtekt som seier at ein ellers straffbar handling er lovleg når den er utført for å gjenopprette ein ulovleg endra tilstand, og at det er urimeleg å vente på bistand frå politiet. Vilkåra er altså at både må styreleiarens beslag og innlåsing av elsparkesyklane utgjere ei ulovleg handling, og ein må kunne vise til at det er urimeleg å vente til at politi eller rettsvesen griper inn for å få utlevert elsparkesyklane.
  23. Eg tviler på at ein vil vinne fram med eit teoretisk inntektskrav tilsvarande utleige 100% av tida med 0% slitasje på køyretøya. Utgangspunktet for erstatningssaker er at den skadelidande skal settast i omtrent same situasjon som om skaden ikkje hadde skjedd, det det skal ikkje være slik at Ryde får meir i erstatning for dei innelåste elsparkesyklane enn det dei hadde kunne forventa å få i overskot om elsparkesyklane var tilgjengelege for utleige.
  24. Styret i burettslag og sameiger er også glade amatørar som har blitt valgt inn for å få ting gjort utan at dei har særleg med opplæring på feltet. Styret vil vanlegvis bli bytta ut om styret tek ein meir passiv holdning og ikkje gjer noko som helst for å handheve dei ordensreglane som er fastsatt. Det er ofte også relativt korte lister over kandidatar som er villige til å ta på seg eit slikt verv, det kan godt være at dei bebuarane som er meir fornuftige og med mindre markeringsbehov hadde gjort ein betre jobb, men vanlegvis så er dei ikkje villige til å sjølv ta på seg denne jobben.
  25. Vart nysgjerrig og søkte opp. Sameiget har parkeringsbestemmelsar sjølv om artikkelen ikkje omtalte dei. I parkeringsreglane framgår det at det er etablert eit eige parkeringareal for lette køyretøy, her definert som mindre enn 3500 kg, og at all parkering av tunge køyretøy over 3500 kg er forbudt. I tillegg står det litt om at tilhengar berre kan parkerast i maks 72 timar. Sykkel og liknande er ikkje omtalt. Teknisk sett så vil ein elsparkesykkel per definisjon være eit køyretøy som veg under 3,5 tonn og som etter parkeringsreglane skal parkerast innafor oppmerka felt på 2,5 x 5 meter. Slik eg les parkeringsreglane så er dei utforma berre med tanke på personbil/motorsykkel. Teknisk sett er også vanlege trøsyklar definert som køyretøy men det virker ganske håplaust om det er slik at også tråsyklar og dermed elsparkesyklar berre kan parkerast på oppmerka parkeringsplassar, og i alle fall når dei berre har 61 + 4HC parkeringsplassar på deling for 208 leilegheiter med fyrst-til-mølla prinsippet. Retningslinjene for garasjene omtaler syklar (ikkje elsparkesyklar), med at også syklar skal stå innafor oppmerka felt, antek at det då er snakk om det oppmerka parkeringsfeltet sidan det lenger nede står at det kan parkerast to MC på same parkeringsfelt. Eg såg ikkje at husordensreglane er publisert, så det er mogleg det står litt meir om sykkel og elsykkelparkering der. For meg virker det innlysande at sameiget ikkje har utarbeida gode nok reglar for parkering av elsparkesyklar. Slik parkeringsreglane er formulert så kan eg godt forstå at ikkje alle bebuarane har fått med seg at også elsparkesyklar per definisjon skal stå parkert på vanlege oppmerka parkeringsplassar, og det vil overraske meg mykje om det ikkje finnes eit einaste sykkelstativ eller liknande på det øvrige fellesområdet. Min meining er at det hadde garantert blitt meir bråk om dei bebuarane som leiger elsparkesykkel frå Ryde hadde blokkert ein av veldig få biloppstillingsplassar til kun ein elsparkesykkel, enn dagens situasjon der folk tydelegvis setter fra seg elsparkesykkelen langs gangvegane eller inntil husveggen.
×
×
  • Opprett ny...