
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 800 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
FrPs strømpris-forslag kan være bedre enn Norgespris.
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
Eg synes at for forbrukarar så burde straumprisen følge ein eksponentiell graf der dei f.eks. fyrste 1000 kilowattimane i året er nesten gratis, dei neste 1000 kwh kostar litt meir, osv. På den måten blir det veldig gunstig å spare på strømmen, og tilsvarande mykje dyrare for dei som brukar mykje straum. Eg er heilt einig med deg at Norgespris-modellen som legg opp til at du får subsidiert straum heilt opp til 5000 kWh i måneden eller 60 000 kWh i året er lite bærekraftig. Det er ikkje mykje vits i å investere i varmepumpe for å få ned straumforbruket når du utan ekstra kostnad kan bruke 4x så mykje straum som gjennomsnittsforbruket. Hadde staten gitt tilskot slik at det er nesten gratis å bruke veldig lite straum så hadde det vært ekstra lønnsomt å innføre straumsparingstiltak som varmepumpe, etterisolering, eller solceller. Norgesprisen vil ta bort mykje av gevinsten ved straumsparing og vi ender opp med å få enda større forbrukstoppar som straumselskapa må prøve å korrigere ved å gjere det dyrare å bruke straum på tidspunkt der straumnettet er overbelasta. Eg har også nokre meir prinsipielle spørsmål rundt kvifor akkurat straumen skal ha støtteordningar som vi alle betalar for over skatteseddelen utan at vi har tilsvarande utlikningsordningar for andre ting. Til dømes bensin og dieselprisen som varierer mykje alt etter kvar i landet du bur, kvifor innfører ikkje regjeringa makspris på 20 kr literen på drivstoff?- 84 svar
-
- 1
-
-
Eg ønsker å ha ein relativt stor sum som tilgjengeleg kapital, helst 30-50K på vanleg sparekonto, og det dobble på høgrentekonto med litt færre gratis uttak/overføringar. Strengt tatt er det heilt unødvendig for meg å ha så store summar som tilgjengeleg kapital, for så lenge eg er kredittverdig så er det heilt uproblematisk å svinge innom Elkjøp for å kjøpe ny vaskemaskin på delbetaling eller kredittkortet. Eg treng ikkje 10k i cash for å skaffe meg ny vaskemaskin på dagen. Og er det mykje større plutselege utgifter som fullstendig bilhavari eller liknande slik at eg må kjøpe ny bil så får eg ordna med finansieringa medan eg venter på at bilen eg har kjøpt er leveringsklar. For meg handlar det meir om at eg vil ha friheita til å kunne gjere impulsive innkjøp utan å bruke kredittkort eller ved å bruke fleksibelt bustadlån. Reint økonomisk sett så er det mest fornuftige å sette all tilgjengeleg kapital inn i langsiktig sparing utanom dei få tusenlappane eg treng å ha på brukskontoen fram til neste lønningsdag. Sjølv når du har pengane dine i aksjer- og fondssparing så er ikkje pengane heilt låst, du kan ofte selge deg ut slik at du har pengane på konto i løpet av få timar eller maks dagar. Det er ikkje alltid det er spesielt økonomisk gunstig å selge seg ut på feil tidspunkt, men realistisk sett så er ikkje tapet med å selge seg ut av aksjesparinga på eit dårleg tidspunkt spesielt mykje dyrare enn å ta opp eit forbrukslån. Og tek du med kostnaden ved at du har pengane liggande i madrassen utan avkasting så er det definitivt det dyraste alternativet å ha pengar tilgjengeleg i cash eller på brukskonto med 0% rente.
-
Eg trur nok at Sp vil måtte svelge for mange kameler for å danne regjering med H, FrP og KrF til at det er særleg realistisk. Alternativt så er det H, FrP og KrF som må svelge kameler for å få med seg Sp. Ei slik borgerleg regjering med senterpartiet på slep vil ikkje klare å utøve borgerleg politikk på ein hensiktsmessig måte. Til det er det alt for mange motstridande interesser, til dømes så vil senterpartiet blokkere eit kvart forsøk på sentralisering, samanslåing og offentleg effektivisering. På det området så er det for H/FrP lettare å bli einige med Ap enn det er å få einigheit med Sp som er så prinsippielt imot alt som kan føre til at arbeidsplassar blir flytta til meir sentrale strøk.
- 50 svar
-
- 3
-
-
HBO Max-sjef: – Vi er altfor billige
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Eg tviler ikkje på at HBO kan ta meir betalt når ein vurderer innhold opp mot pris. Men for min del så er det denne -50% livet ut avtalen som er einaste grunnen til at HBO ikkje er eit straumeabonement som eg har aktiv berre delar av året. HBO har ein del gode kvalitetsseriar, men mange av dei begynner å blir forholdsvis gamle så mange har nok alt sett dei seriane, seriar som the Sopranos, Band of Brothers, six feet under, og Game of Thrones er verd å ha fått med seg men det er ikkje seriar som ein nødvendigvis treng å sjå mange gangar. Av nye HBO seriar av kvalitet så er det litt magrare. Tidlegare nemnte Game of Thrones klarte dei å rote til slutten, tilsvarande med The Last of Us der sesong 2 gjekk fleire hakk ned i historieformidlinga. At det no tek 2 år mellom kvar sesong av disse kvalitetsseriane er heller ikkje spesielt attraktivt, særleg når sesongane også er veldig korte. Mange av disser seriane er slik at det eigentleg er best å spare opp for så å binge heile serien om anmeldingane fortsatt er positive etter siste sesongen. Å holde abonnementet gåande medan du venter i to år på ein ny sesong er idioti. Einaste serien frå HBO som har imponert meg i år er "The Pitt".- 11 svar
-
- 1
-
-
Her meiner eg det er Wessel-Aas som trakker utanfor. Det er sjølvsagt alltid rom for tolking i slike uttalar, men eg finn ikkje haldpunkt for at Støre uttalte seg som dømmande makt i sine uttalingar. Som Stortingspolitikar er han ein del av den lovgivande makta, og då må det være lov å evaluere om lovene du er med å vedtek fungerer, både med korleis Regjeringa får iverksatt lovene og ikkje minst korleis rettsvesenet tolkar og bruker lovene. Eg veit sjølvsagt ikkje, men eg trur det skal mykje til for at det ikkje er foretatt ei risikoanalyse i det heile tatt. Det er mest sannsynleg at den risikovurderinga som var gjort var for dårleg og undervurderte risikoen. Det er ikkje så ofte det oppstår slike alvorlege voldshendingar, så det er nok lett, særleg for små institusjonar å tenke at slik ting ikkje skjer hos oss. Håper berre at denne hendinga fører til strengare krav og meir tilsyn med at barnevernsinstitusjonar innfører fornuftige sikringstiltak. Det bør være minst to personar på jobb på slike stadar, men det er ikkje gitt at to det er rette tiltaket. Under NAV drapet i Bergen så var det to ansatte i rommet saman med gjerningsmannen utan at det utgjorde nokon forskjell på utfallet. Det er ikkje så mykje to ubevæpna ansatte har å stille opp med mot ein gjerningsperson med kniv. Det er nok likevel utvilsomt mange andre gode sikringstiltak som enkelt kunne vært innført, voldsalarm med tilknytning til politiet, låsbare dører, sjølvforsvarskurs, osv. Alt slikt koster penger, men er einig med trådstarter i at det burde være strengare krav til å ivareta liv og helse. Som til dømes bøter og sanksjonar ved uønske hendingar som svir såpass mykje at det ikkje er lønnsomt å gamble på at det går bra utan å innføre tiltak. For ein del andre uønska hendingar som til dømes brann så finnes det ordningar, som at du ikkje får forsikra bygget om du ikkje har innført eit minimum av brannsikring.
-
Sydenferie til Middelhavet snart utdatert
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Disse skogbrannane påvirker turistane i relativ liten grad. Det har vært nokre episoder med evakuering frå små greske øyer og slikt, men totalt sett så skal det mykje til for at du får ferien din "øydelagt" fordi det er ein skogbrann i nærheita. Sjølv med klimaendringar så er det massevis av nordmenn som ønsker meir varme enn det dei får her i Norge. At stadig fleire turistar kjem til norge for coolification med dårlig vær endrar ikkje nordmenns behov for å sol og varme. Det som fort kan endre seg er kvar nordmenn reiser på sydenferie. Det er ikkje gitt at det er Spania eller Hellas som også i framtida blir dei openbare reisemåla. Her får nok prisen større betydning enn temperaturen. Mellom anna så er det stadig fleire som tek sydenferien i Tyrkia eller Bulgaria, og det handlar mykje om kostnadsnivået. Samtidig så ser vi også ei aukning av nordmenn som ferierer i Italia, og det er nok fordi at til tross for at Italia er eit forholdsvis dyrt land å feriere i så priseforskjellen mellom å feriere i Italia flata ut i forhold til andre EU land langs Middelhavet. Det viser at vi også har ei stor gruppe nordmenn som har god råd. Denne gruppa kan fort finne på å droppe Middelhavet til fordel for meir fjerne reisemål som Thailand, Brasil, eller USA. -
Trafikk-kamera overvåker avstanden til bilen foran
The Avatar svarte på Hanhijnn sitt emne i Trafikk
Her skiller eg litt på måten den automatiske kontrollen blir utført. Det vil være fint mogleg å innføre slik kontroll som ei anonym avstandsmåling sin ikkje fotograferer før sensoren gir utslag, litt slik som dagens fotobokser. Om planen er at motorvegen skal filmast 24/7 for å bruke algoritmer som fortløpande analyserer opptaket så blir det noko heilt anna sidan det då finnes eit opptak som også vil kunne misbrukast til overvåking. Eg er også litt spent på om eit slikt system vil være smart nok til å bøtlegge rett bilførar. Kva skjer om den fremste bilen bråbremser i kontrollsona slik at bilen bak bruker opp sin sikkerheitsmargin og ender opp 1 sekund bak bilen foran før avstanden blir normalisert? -
Det koker ned til kva du har økonomi til, kor stor økonomisk risiko du er villig til å ta, og ikkje minst kva du vil prioritere å bruke pengane dine på. 33 000 kr er mykje pengar å påkoste ein 20 år gamal bil. Samanlikna med å kjøpe ny bil så er det billig, men spørsmålet er kor lang tid det tar før du får neste femsifra verksted-rekning? Min preferanse vil være å bruke litt pengar på kjøpe ein nyare bil som er litt meir driftsikker. For ein ting er kostnadane for reparasjonar på ein gamal bil, men for meg er det eigentleg verre å ha ein bil som eg ikkje kan stole på at den fungerer når eg treng bilen. Sida feilen du no har fått på bilen fyrst og fremst er dyr og utbetre på grunn av at det er mykje arbeid, så tenker eg at det burde være mogleg å selge bilen som reparasjonsobjekt til ein fornuftig pris til nokon som kan ta denne jobben med å tre ledningar gjennom karosseriet som hobbyarbeid.
- 10 svar
-
- 2
-
-
-
Dette å finne ein bustad der du trives handler om å tryggheit og trivsel. For dei aller fleste så er dette nokon ein oppnår ved å skaffe seg vennar på same plassen, andre tek med seg familien sin til ny plass for å slå seg ned. Det er også dei som slår rot på ein ny plass på bakgrunn av heilt andre verdiar, som til dømes at det er eit fint turområde, at det er ein spennande jobb på denne staden, eller enkelt og greit at det som appelerer er at du kan bu heilt åleine og isolert. Folk er forskjellige. Eg ser på innlegget ditt at du har hatt dårlege relasjonar, så då er det påfallande å spørre om du ønsker å flytte for å unngå folk og kunne bu heilt isolert? Eller om du "berre" ønsker å flytte for å starte med blanke ark og skaffe nye relasjonar som forhåpentlegvis fungerer betre for deg? Sidan du helst vil bu i by, og i alle fall ikkje på øy der du er avhengig av ferge, så tenker eg at dersom du flytter ut på bygda så bør du ikkje busette deg alt for isolert. Du treng ikkje nødvendigvis å bu ved ein flyplass, men det kan være greit å ha ein flyplass innafor eit par timars reiseavstand slik at du kan kome deg tilbake til "sivilisasjonen" innafor ei akseptabel tidsramme. Det treng sånn sett ikkje å være flyplass heller, busetter du deg innafor grei avstand til ein større togstasjon eller liknande så gir det også gode muligheiter for å reise utan å være 100% avhengig av privatbilen. Eg gjer meg også nokre tankar om at dersom du fyrst skal flytte, så burde det være unødvendig til å flytte lengre vekk frå alle tilbod og bekvemmelegheiter som du kanskje har blitt vandt til, enten det er nærheit til helsetenester eller ein daglegvarebutikk som har opningstid etter kl 16.
- 40 svar
-
- 1
-
-
Trafikk-kamera overvåker avstanden til bilen foran
The Avatar svarte på Hanhijnn sitt emne i Trafikk
Synes dette er eit godt tiltak, men det er litt avhengig av implementering. Mellom anna så er det viktig at avstandsmålinga tek høgde for farta slik at bilistane ikkje må stå med 70 meters avstand også når det er kø og redusert hastigheit.- 13 svar
-
- 3
-
-
Sametinget, hva med ett Nordmanns-ting?
The Avatar svarte på Nasjonalisten sitt emne i Politikk og samfunn
Det er ingen som får mindretalsvern utan å være eit undertykt mindretal. Om du vil forebygge dette så må du finne andre løysingar.- 20 svar
-
- 1
-
-
Høgre og Arbeidarpartiet har ganske grunnleggande ulikt syn på korleis landet skal styrast. Det dei har til felles er at begge partiar fører ein trygg og langsiktig politikk som er eigna for å styre landet. Dei andre partia tek opposisjonsrolla der dei ropar høgt om det som ikkje fungerer og seier ingenting om det som faktisk fungerer for AS Norge. Ei felles Ap og H regjering er sånn sett urealistisk, sjølv om det kan tenkast at disse to partia klarer å samarbeide dersom det blir heilt nødvendig, som til dømes om Norge havner i krig slik at det vi treng er solide styringsparti. Det som blir litt spennande å sjå dei neste fire åra er korleis FrP velger å styre politikken sin. Med den oppslutninga dei hadde i dette valget der dei har blitt sørste partiet på borgerleg side så er dei i posisjon til å ved neste valg få regjeringsmakt. Skal FrP klare å holde på ei slik regjeringsmakt så må også dei legge til side sin opposisjon for å ha ein politisk plattform som er 100% gjennomførbar i praksis. Ei slik omlegging av politikken vil gjere FrP mindre populære sidan dei då blir langt meir like Høgre i sin politikk.
-
Både og. Ambulanser har ikkje denne utfordringa i dag fordi betalingsevne ikkje er eit vilkår for akuttbehandling. Om det er ein og anna turist utan forsikring som får behandling så er det ei rekning vi som storsamfunn tek, totalt sett er det uansett ein veldig liten andel av pasientane. Med trådstarters forslag så må vi innføre eit meir rigid system, for det nytter ikkje å la innbyggarane få melde seg ut og reservere seg frå å betale skatt om det ikkje medfører reelle konsekvensar for tenestetilbodet. Det blir heilt feil at storsamfunnet skal ta kostnaden ved at enkelte har frivillig valgt å ikkje være med på å betale rekninga.
-
Synes det er smått uttuleg at FOR som har hatt så mykje mediaoppmerksomheit for å være russiskvennlige ser ut til å ende opp med ei oppslutning på 0,3% eller ca 9000 stemmeberettiga om årets valgoppslutning blir omtrent som i fjor. Meir skremmande er det når ein tek med i berekninga at partiet kan ha ein del fleire støttespelarar som av taktiske grunnar heller har stemt på eit anna parti for å ikkje "kaste vekk" stemma si på eit parti som hadde minimal sannsynlegheit for å kome over sperregrensa. Om eg skal ta ei lita hobby-analyse av valgresultatet så kan det sjå ut som ND sin nedgang på 0,4% har gått til å bygge opp FOR sine 0,3% som nytt parti.
-
I teorien kan dette innførast, men det blir veldig dyrt då dei som vil betale for alle offentlege tenester av eiga lomme også vil måtte ta kostnaden av byråkratiet som følger med når ambulansen må starte med å sjekke borgarskap og deretter betalingsgarantier. I tillegg blir det ekstra dyrt å kjøpe slike tenester privat ettersom etterspørselen er låg og ein då ikkje får godene av kvatumslevering.
-
Trur dette er beste løysinga. Der ein enten har ladaren kun til jobbformål for å sleppe å skatte. Med denne løysinga så kan også arbeidsgivar betale for nedmontering for å få tilbake ladaren. Eller at ladaren er eit spleiselag der den ansatte skattar av godet mot at arbeidsgivar dekker deler av kostnaden. Med tanke på flytting så ville eg gjort det så enkelt som at ein avtalar ei varigheit på ladaren, og at at flytting før den tida medfører at den ansatte enten må bekoste montering av ladar i den nye bustaden eller flytte til ein bustad der ladar følger med. Kva som et beste løysinga kjem mykje ann på kva situasjon den ansatte er i. Min fyrste tanke er at eit fornuftig spleiselag er at arbeidsgivar betalar for ladar og montering (og er eigar av ladaren der den ansatte kan kjøpe den ut etter fornuftige nedskriving). Den ansatte kan då betale skattefordelen og ladekostnadane. Dette fordrer at den ansatte har litt nytte av ladaren på privaten.
-
Det har med betalingsviljen i Norge å gjere. I teorien kan du fint ha billig europeisk abonnement i Norge om du berre er villig til å ha utanlandsk nummer.
- 29 svar
-
- 1
-
-
Det koster ikkje telefonselskapet meir å tillate deg å bruke mobiltelefonen på same måte som heime, det er derfor ikkje noko prisavslag å hente på å eit abonnement utan dette godet. Vi kjem nok ikkje til å gå tilbake, då det å ikkje tilby slik fri bruk i EU/EØS berre medfører eit dårlegare tilbod til kundane utan at det gir grunnlag for lågare pris. Bruk av mobiltelefon kjem på sikt til å bli ein fastpris for å kunne bruke så mykje data du vil alle stadar der du har dekning, men inntil vidare så held teleselskapa igjen fordi det er lønnsomt med ein "konkurranse" om kven av teleselskapa som kan tilby det raskaste mobilnettet (men fortsatt med avgrensa datamengde). Sjå berre kor lenge dei tviholdte på å ta betalt for SMS sjølv om det i praksis var gratis å la kundane sende så mykje SMS som dei berre ville.
- 29 svar
-
- 1
-
-
Det er sjeldan lønnsomt å investere i eigedom som du skal selge. Dette er pengar som du vanlegvis ikkje får igjen. Dei fleste potensielle kjøparar undervurderer kva det koster å utbetre slike småfeil, så derfor er det meir gunstig å selge huset med slike feil som kjøparen trur dei kan fikse billig enn det er å sjølv skulle utbetre feila og prøve å få kjøparen til å betale ein tilsvarande mykje høgare pris. Det er også verdt å nemne at også samfunnsøkonomisk sett så kan slik oppgradering være heilt vekkasta sidan det kan godt være at den nye eigaren uansett hadde tenkt å erstatte heile det elektriske anlegget. Bytte av stikkontakter kan ha noko for seg for å få bustaden til å framstå som meir moderne enn den eigentleg er. Det held lenge å berre bytte deksla, eg hadde ikkje tatt utgifta med å bytte u-jorda til jorda stikkontakter. Varmtvannsberederen hadde eg latt stå i fred. Du får ikkje 25 000 kr meir for bustaden ved å bruke 25 000 kr på ny varmtvannsbereder. Som @ilpostino skriv så hadde eg muligens vurdert å bytte til automatsikringar om du har skrusikringar. Dette er heller ikkje ei investering som du kan rekne med å få igjen, men ved å selge bustad med automatsikringar så kan du gjere bustaden meir lettsolgt. Det er mange kjøparar som lar seg skremme vekk om huset har skrusikringar.
-
Dette er litt slik som det er i Star Trek, alle får sine behov dekt utan kostnad og drivkrafta for å jobbe er gleden av å gjere noko samfunnsnyttig. Når vi kjem dit er veldig avhengig av ein rekke andre faktorar, men ein kan på mange måtar argumentere for at vi i Norge delvis er det ved at alle får dekt sine mest grunnleggande behov med forholdsvis god margin. Det er ingen luksustilværelse å få alle sine behov dekt gjennom NAV men det er ingen som må sove i telt eller klare seg utan farge-TV i hus, så sett opp mot levevilkåra som store delar av verdensbefolkninga har så har vi gode ordningar i Norge. I matvegen er det relativt liten forskjell på fattig og rik, ja dei rike har råd til litt dyrare matvaner, men både kvardagsmiddagen og matpakka ser ganske så lik ut i heile befolkninga uavhengig av om du er arbeidsledig eller direktør. Det som i alle tilfeller er heilt sikkert er at dersom alle materielle behov er dekt så vil vi finne andre mål å strekke seg mot. I dei tidlegare sovjetstatane der kommunismen i teorien førte til at alle fekk dei same materielle godene så var det ettertrakta med stillingar som hadde høg sosisal status sjølv om det ikkje nødvendigvis gav høgare lønn. Vi vil nok aldri få eit samfunn som er så likestilt at alle har dei same materielle godene og den same sosiale statusen.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Det store spørsmålet er om det finnes nok barnefamilier som har råd til å kjøpe disse bustadane. Med mindre det blir innført reguleringar som gjer det enklare for barnefamiliar å flytte til Bjørvika så hjelp det ikkje så mykje at der er nok bustadar som potensielt kan huse barnefamiliar. Eg kan ikkje sjå eit scenario der Bjørvika huser nok ungdommar til å fylle denne ungdomsskulen med eigne innbyggarar. Dette kjem til å bli ein pendlarskule der elevane i hovudsak pendler inn til sentrum for å gå på, og då kunne ungdomsskulen vært etablert nesten kor som helst.
-
Som i mange andre sportar så har den teknologiske utviklinga kommet så langt at det er behov for eit komplisert regelverk for å kunne bruke teknologien utan at det gir nokon for store fordelar. Her tenker eg så enkelt som at mykje kunne vært løyst med å forby bruken av hoppdress. Om alle hopper i olabukse og strikkagenser så vil for store klær berre gi auka luftmotstand og lågare fart samtidig som det omtrent ikkje er lufttett materiale som hopparen kan flyte i lufta på. Dagens regelverk premierer dei nasjonane som har dyktige skreddarar og som er villige til å strekke grensene.
-
Kva legg du i ei heil boks med alkohol? Tenker du på ei 0,3 liter ølboks på 4,5% (1 alkolholeining)? Litt avhengig av kor fort du drikk øla og kor stor kropp du har så vil du du merke relativt lite av ei øl. Det meste du merker er psykologisk.
-
Ein alkolholeining er eit standardmål der mengda væske er tilpassa alkoholstyrken slik at kvart glas inneheld like mykje alkohol. Om du tek tre små shots med sprit, tre vinglas, eller tre heile flasker med øl så er det omtrent like mykje alkohol. Det viktigaste når du ikkje har drukket før er at tilpasser mengda, du kan liksom ikkje starte med ein halvliter rein sprit. Ved å velge meir alkoholsvake drikkar så er det lettare å tilpasse kor raskt du drikk. Husk at det tek litt tid frå du har inntatt alkoholen til du merker det, det er her faren med shots ligger. Tek du mange shots så kan du lett oppleve at i det du kjenner du har fått nok, så har du fortsatt eit par shots i magen som du ikkje har merka endå og som vil få deg til å bikke over.
- 89 svar
-
- 1
-
-
Det er litt relativt, men øl og cider på ca 5% blir ofte rekna som relativt alkoholsvakt sidan det er ganske sjeldan at folk drikk lettøl på 2,5%. Ein utblanda drink eller eit glas vin er typisk på 10-15%. Shots og likørar er ofte på rundt 30%, og brennevin er på 40 til 60%. Å drikke rein sprit vil eg på generelt grunnlag påstå er for meir rutinerte alkoldrikkere som liker sterk og intensiv smak. Kvar du som voksen bør begynne kjem heilt ann på dine smakspreferanser og formål med drikkinga. For å ta det siste fyrst, er tanken at du skal drikke deg dritings på enklast måte, eller er det meir for å kunne drikke "normalt" i sosiale situasjonar der det er naturleg å drikke ein øl eller eit glas mes vin? For smaksdelen så er spørsmålet om du berre liker søt drikke, eller om du også har blitt voksen nok til å sette pris på bitre smakar som kaffe, rosenkål, vellagra ostar og soyasaus?