Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    22 043
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Varerekt er ikkje meint som straff eller for å gjere opp for dei han har begrepet seg på, det startar fyrst når han får ein endeleg dom og startar å sone. Varerekt skaø berre brukast der det er fare for bevisforspillelse, eller som i dette tilfellet fare for å begå ny kriminalitet ved å bryte besøksforbodet mot Frognerkvinnen. Objektivt sett så framstår det strengt å kreve varetekt for å hindre slik kontakt mot ei kvinne som tilsynelatande ønsker kontakt med Marius, men som politiet har vurdert som så farleg at politiet har nedlagt besøksforbod. At han får være varetektsfengsla i eigen bustad på Skaugum i staden for ei celle, endrar ikkje på det faktum at han per definisjon er underlagt friheitsfrårøving utan dom, noko som det skal og bør være høg terskel for å gjere i ein rettsstat.
  2. Det er i alle fall litt håplaust å ikkje skulle ha meir enn 24 000 rifler. Mobiliserer vi dagens ca 40 000 heimevernssoldatar så har vi med andre ord ikkje nok HK416 til alle. Sjølv om det norske forsvaret også har andre våpen som MP5 og FN MINIMI (lett maskingevær) tiltenkt ulike bruksområder, så er vi dårlig stilt med handvåpen om treng å mobilisere alle mann alle. Då hadde nokre utslitte AG3 vært nyttig sjølv om dei ikkje lenger skyt heilt beint (den ferske soldaten som skal bruke våpenet er nok ikkje skarpskyttar heller, og kan nok då i liten grad nyttegjere seg av presisjonen i våpenet). Slik som det ligg ann akkurat no så ser det ut som at ved ein storkrig der vi har moderne "gutta på skauen" i tillegg til reglementære hærstyrkar, så kan vi nok forvente at mange av kjem til å nytte jaktvåpen av ulike typar i mangel på militære våpen. At soldatane skal trene med meir moderne og nøyaktige våpen er ein sjølvfølge, for å bli god til å skyte så er det også ein fordel å lære det på våpen som er såpass nøyaktige at det er skytareigenskapane og ikkje eit dårleg innstilt sikte som avgjer treffprosenten. For mange soldatar så er likevel det viktigaste at ein har fått grunnleggande våpentrening, og ein har eit våpen å rette mot fienden. Det er sjølvsagt ein fordel å treffe, men ein oppnår også mykje berre ved å skyte i rett retning og på den måten hindre fientleg framrykking.
  3. Konsekvensen med å dirigere tog er større, men sannsynlegheita for ulykker er mindre ved å dirigere tog framfor biltrafikk ved at ein ved tog-dirigering har kontroll på kvar toga er, og at det ikkje er mogleg at det kjem eit ukjent tog som plutselig er i sporet. Den samla risikoen kan fort bli ganske lik når den eine situasjonen har låg sannsynlegheit og høg konsekvens, og den andre situasjonen har høg sannsynlegheit og låg konsekvens. Sånn sett er situasjonen relativt samanliknbar med bildirigering til dømes på E6 der eine tunnelløpet er stengt slik at trafikken blir dirigert til å bruke parallelløpet som normalt sett har to køyreretningar i same retning til å midleritidig ha ei køyreretning kvar veg. Om alle bilistane held høgresida si så er det null problem å la trafikken gå i 80 km/t, men det er sjølvsagt tryggare å midlertidig skilte ned til 50-sone så lenge det er unormalt køyremønster. Den store feilen i denne ulykka er ikkje at togleiaren dirigerte trafikken, feilen var at det bakerste toget fekk instruks om å oppta normal hastigheit før togleiaren hadde fått stadfesta statusen til det fremste toget. Togleiaren skulle openbart starta med det fyrste toget, venta på bekreftelse på at toget hadde satt fart, og gjerne også stadfesting på oppnådd hastigheit. Deretter skulle det bakerste toget fått beskjed om å gjere det same, med maksfart satt til farta på det fremste toget eller lågare. Når togleiaren ikkje klarte å innhente denne informasjonen så var det openbart feil å dirigere trafikken. På samme måte som at det er heilt feil å få ein nabo til å dirigere deg når du skal rygge tilhengaren inn i garasjen om naboen står det og ser ei anna retning medan han vifter deg til å rygge nærmare, men det betyr ikkje at det er uansvarleg å få hjelp til å rygge når sikta er dårleg frå førarsetet. Eit anna moment er også kva som er trygt nok. Ein kunne sjølvsagt hatt ei prosedyre på at ved feil så skal alle tog stoppe og stå stille til feilen er retta, då kan det ikkje skje slike ulykker. Men det kan medføre andre utfordringar som at alle togsetta som står stille må evakuerast fordi dei er tomme for drikkevatn og toaletta er overfylde. Slike ting skjer jamnleg også i Norge, det er klart at det ryker ikkje med fleire titals menneskeliv, men når ein skal evakuere fleire tusen passasjerar frå ulike tog som står heilt stille fordi ein ikkje tørr å la dei rulle, så har det ein kostnad i både tid og pengar. Det at instruksen seier at ved signalfeil så kan toga forflytte seg i 40 km/t virker å være eit greit kompromiss mellom å stoppe trafikken slik at det ikkje skjer alvorlege ulykker, men samtidig klare å få toget inn til nærmaste stasjon der passasjerane kan gå av på normal måte og eventuelt bussast vidare.
  4. Uavhengig av kva ein synes om Halloween som amerikansk tradisjon, så er det ikkje ein bra samfunnsutvikling at vi skal stoppe ein tradisjon som går ut på å besøke kvarandre. Om noko så har vi gått så langt i å forvente at besøkende skal ringe og avtale tidspunkt på førehand, at det å normalisere eit tabu om å bruke dørklokka er ikkje ein bra ting. Vil også påpeike at i den grad det er ein Halloween tradisjon med hærverk og plagsom oppførsel, så har vi i liten grad importert den delen av tradisjonen. Det skal godt gjerast å finne ein einaste i Norge som meiner det er greit med hærverk om ein ikkje får godteri.
  5. Utan å gå heilt off-topic, så er trusselen at Russland kan ta delar av Norge bit for bit. Kirkenes har ca 10% med russisk opphav, det er mange nok til å posisjonere russere i viktige samfunnsroller og kreve folkeavstemming om lausriving. Altså mykje samme taktikk som i Ukraina som starta med å "fredeleg" ta over Krimhalvøya, og deretter fullskala invasjon. Mange av russerane i Kirkenes er i tillegg kvinner, så med litt barneproduksjon og deretter vente 18 år så kan det være ein betydeleg andel stemmeberettiga i Kirkenes med russisk opphav. Trusselen Norge står ovanfor er ikkje berre militær, det er ein vel så stor trussel med politisk påvirkning, sabotasje, og destabilisering av samfunnet.
  6. Det er nesten flaut at vi ikkje klarer å ha store lager med grunnleggande utstyr, verken uniformer eller skytevåpen står i fare for å bli alvorleg utdatert dei neste 100 åra, og toler derfor fint å ligge på lager. 100 år gamle våpen er på ingen måte hi-tech, men eg vil påstå at om vi kunne utstyrt 100 000 mann mann med halvautomatiske rifler frå fyrste verdenskrig så hadde det fortsatt vært ein hær som kan bite frå seg også i dag. Slik er det også med dagens HK416, om hundre år kan det sjølvsagt være at fienden har laser-våpen slik at vanleg ammunisjon er utdatert, men blykuler som suser gjennom lufta i ca 850 m/s vil nok fortsette å være farleg dei neste 1000 åra også, og i alle fall samanlikna med å ikkje ha våpen på lager som vi kan utruste soldatane med. Grunnleggande klesplagg slik som ullundertøy, "campingutstyr" som sekk, telt og sovepose, samt frysetørka mat vil i tillegg ugjere eit godt beredskapslager også til sivile behov som ekstremvær eller ulykker, så etter mitt syn er det liten til ingen grunn til å ikkje berre kjøpe inn slike ting fyrst som sist. At vi ikkje kan ha store mengdar teknisk utstyr og ferskvarer på lager er noko anna. Det er derfor ikkje hensiktsmessig å kjøpe inn mange hundre tusen droner for å legge dei på lager i tilfelle krig, men sprengstoffet som trengs for å utstyre droner og liknande med sprengladningar bør vi i alle fall ha på lager i store mengder.
  7. Eigentleg er det vel mest samanliknbart med trafikkdirigering forbi eit vegarbeidsområde. Sidan du sjølv ikkje har oversikt gjennom heile området så må du stole på at trafikkdirigenten har fått beskjed med dirigenten på andre sida at alle motgåande bilar er stoppa, og det er klart for å neste pulje å passere. Den praktiske forskjellen er at ved manuell dirigering ved vegarbeid så skjer passeringa i nedsatt hastigheit, sånn at dersom det likevel skulle være ein bil som bryt seg gjennom sperringa og køyrer vidare til tross for stopp-signal så er det mogleg å oppdage og stoppe før det blir kollisjon.
  8. Er einig i den, det å bruke ordet normalt opnar for ulik situasjonsforståing. Når togleiaren fekk spørsmål om å bekrefte "normal hastigheit", så burde han bekrefta ved å bruke anna ordlyd som "ja bekrefter makshastigheit 40 km/t". Mitt inntrykk er at togleiaren meinte topphastighet på 300 km/t, noko som også stemmer mest overeins med å bruke ordet "normal" i ein unormal situasjon. Alt tyder på ein elendig sikkerheitskultur, der fokuset på å få igang trafikken har overskygga sikkerheitsinstruksen.
  9. Basert på det som har komt fram i media no så har begge toga fått beskjed om å gjenoppta normal hastigheit på denne strekninga. Normalt sett så burde det gått bra når begge toga held same avstand og hastigheit, men når den fremste toget stod bom stille så vart det kollisjon. Dersom eg skal spekulere så vil eg tru at togleiaren er veldig pressa på at trafikken skal kome igang igjen så raskt som råd, og at dette fokuset på å halde rutetidene har ført til at sikkerheitsrutinene har blitt brutt. Det er sjølvsagt veldig trygt og greit at ved signalproblem så får toga berre krabbe fram i 40 km/t, men fristinga for å køyre fortare når det framstår som trygt er forståing. Mange har sikkert kjent på det samme når du ruller gjennom eit vegarbeidsområde der fartsgrensa midlertidig er satt til 50 km/t men utan at du ser noko som helst til verken arbeidarar eller skadar på vegbana. Tanken frå togleiaren sin side var nok at ettersom det berre gjekk tog i same retning på dette sporet så burde det ikkje vært ein kollisjonsfare sjølv om toga fekk gjenoppta normal hastigheit med stor sikkerheitsavstand. Hadde det vært det bakerste toget som stod bom fast og det fremste toget fekk køyrt i normal hastigheit så hadde det ikkje skjedd ei slik ulykke. Det kan til og med være at slik trafikkstyring har blitt ein etablert uvane, ved at ein ofte tek ein slik snarveg og let høghastigheitstoga gå som normalt til tross for signalfeil. Konklusjonen min etter to slike alvorlege ulykker på kort tid er at Spania ikkje har det som trengs for å operere høghastigheitstog, slik at enten så må ein kutte hastigheita til ei maksfart som ikkje overstig det togleiaren har oversikt over til å kunne detaljstyre, eller at det må gå færre høghastigheitstog ved at neste tog ikkje får bruke samme sporet før det forrige toget er heilt ute av sporet. Sistnemnte løysing vil sjølvsagt dramatisk redusere togfrekvensen og dermed kapasiteten til å frakte passasjerar, med dertil økonomisk tap. Samfunnsmessig så er det likevel eit spørsmål også om kva som er akseptabel risiko for alvorlege togulykker sett opp mot gevinsten av å kunne transportere folk inn og ut av hovudstaden i 300 km/t i timen. Eit system kan aldri bli 100% sikkert, men ein kunne enkelt gjort det 99% sikkert om hastigheita vart drastisk redusert. Eit kjapt søk viser at togturen mellom Madrid og Sevilla normalt tek ca 2t40m med høghastigheitstoget som køyrer i opptil 300 km/t. Hadde dei innført makshastigheit på 80 km/t så hadde togturen kanskje tatt nærmare 10 timar. Det er heilt klart ein enorm samfunnsnytte for Spania at det er mogleg å reise frå Sør-Spania og inn til hovudstaden for eit lunsjmøte, og fortsatt være heime igjen før arbeidsdagen er over. Men når det døde 46 personar i januar og 68 personar i oktober, så er det ein høg pris i menneskeliv å betale for slik effektiv togtransport.
  10. Det et dyrate ja. Klimamessig er det nok også betre med utkøyrte matkasser om alternativet et at alle køyrer til butikken for å hente dei same matvarene. Det som er interessant i vurderinga av matkasser er at ulempane kan også være ein fordel. Ved å få tilkøyrt det du treng til middagen så treng du ikkje dra på butikken med dei impulskjøpa det kan medføre. Små porsjonar kan også være ein fordel om ein har lett for å overspise på store middagar.
  11. Synes det er vanskeleg å angripe dette som uansvarleg TV-produksjon når det er folk som frivillig tek tilsvarande risikoar i den norske fjellheimen utan TV-kamera og sikkerheitscrew. Her brukar deltakaren i det minste hjelm. Så kan det kanskje diskuterast om fordi dette er ein profesjonell TV-produksjon som mange turgåarar hentar inspirasjon frå, at dei også burde ha brukt meir sikkerheitsutstyr som ryggskinne for å også beskytte rygg og nakke ved uhell, men isolert sett så framstår ikkje dette som eit stunt som er konstruert berre for å produsere TV-innhald.
  12. Det handlar også mykje om folks preferanse for dagslys. Jamnt over så vil dei fleste helst ha sommartid heile året, då det gir mest mogleg dagslys om kvelden. Det er likevel vintertida som er normaltida, så ein av debattane rundt avvikling av sommartida er at folk flest vil ikkje avvikle sommartida, dei vil avvikle vintertida. Formålet med å ha sommartid var opprinneleg å flate ut kurva over dagslys og på den måten sikre at det var dagslys ved arbeidsdagens start heile året (så langt det lot seg praktisk gjere utifrå breddegradene våre). Som ein bonus ved å flytte dagslyset om morgonane på sommarhalvåret frå ca kl. 05 som er for tidleg til at ein får utnytta lyset, var at sommarkveldane vart tilsvarande mykje lysare. Eg vil nok påstå at heile samfunnet har utvikla seg i retning av B-mennesker, sjølv om mange arbeidsplassar held på tradisjonell tidleg oppstart. At samfunnet er meir lagt opp for B-mennesker gir sitt utslag i at mykje av kulturlivet enten det er fotballkampar, konsertar eller kino/teater, skjer såpass seint på kvelden at det er ikkje heilt foreineleg med at publikumet skal starte sin arbeidsdag kl. 07.00 dagen etter. For min eigen del så meiner eg at mykje av debatten rund sommertid og stilling av klokka, kunne vært løyst gjennom lokale tilpassingar. Sjølv om du jobbar på ein butikk som opner kvar morgon kl. 08.00, så hadde det ikkje vært nevneverdig mykje meir styrete å berre gjere det slik at om vinteren så opnar butikken kl. 07.00, om ein vil tilpasse seg vintertida lokalt. Det er etter min meining ikkje nødvendig oppnå det samme resultatet ved å flytte klokka slik at klokka viser 08.00 medan det klokka i realiteten berre er 07.00. På denne måten så kunne ein på kvar enkelt arbeidsplass avtale om arbeidsdagen skal følge dagslyset eller om arbeidsdagen skal følge klokkeslettet. Ein fordel med slik lokal tilpassing er at butikkar og arbeidsliv i Nord-Norge kan gjere lokale tilpassingar utover denne vesle timen. Då kunne ein f.eks. definert at ein startar arbeidsdagen ved soloppgang, og at ein jobbar i 8 timar frå soloppgang, framfor å definere arbeidstida utifrå eit rundt klokkeslett. Eg trur ikkje folk flest hadde funnet det veldig problematisk om vekkerklokka viser eit anna klokkeslett når alarmen går om sommaren så lenge ein fortsetter å følge sin vanlege døgnrytme året rundt. Mange bønder praktiserer det slik, for kyrne bryr seg ikkje om at vi har stilt klokka, dei vil ha sitt morgenstell til sin vandte tid uansett. Så mange bønder må i dag fyrst stille klokka fordi vi har gått over til vintertid, og deretter må dei stille vekkerklokka tilsvarande for å gjere opp for den ekstra timen som plutseleg dukka opp.
  13. Eg er einig med deg om at F35 ikkje var det beste valget for vårt forsvar, F35 er litt forenkla sagt eit jagerfly som også er litt bombefly i den forstand at flyet er designa til å være godt eigna til å skyte på bakkemål. F35 er også dårlegare eigna til luftkamp enn forgjengaren F16, men til gjengjeld så skal F35 være i stand til å oppdage og skyte ned fientlege fly før dei kjem så nært at luftakrobatikk er nødvendig. Likevel så er nok F35 det beste jagerflyet for at vi skal kunne kome andre NATO land til unnsetning, mellom anna på grunn av ei lengre rekkevidde. Kostnaden ved både kjøp og drift er sjølvsagt viktig, der innkjøp av fleire "billege" jagerfly var vurdert. Det ein likevel landa på var at for dei krigsscenarioa vi ser for oss så er eit fåtall dyre jagerfly som kan kontrollere luftrommet på lang avstand, betre enn mange jagerfly som må så nært fienden at faren for å bli skutt ned er større. Så lenge vi må ha ekte mennesker som pilotar så er det også ein stor menneskleg kostnad for oss i Norge å ha stor kapasitet på tilgjengelege pilotar med både utdanning og trening. Mykje av samme parallellen kan vi dra til fregattane, kanskje er ikkje store og kostbare fregattar det som er optimalt i eit land som er fullt av trange fjordar og sund, men det er langt enklare for oss å sende fregattane våre ut på langtur enten det er til Svalbard, Tyrkia eller USA, enn det hadde vært å hjelpe til med ein hær beståande av droner. Vi kan nesten ikkje pakke 9000 droner i ein container og sende på vanlig frakteskip til fronten heller, for då snakker vi om "sitting duck" når vi plasserer millardverdiar på eit sivilt containterskip utan forsvarskapasiteter, og utan å ha fregattar til å eskortere containerskipet trygt fram. Så skal vi sjølvsagt være opne for at militære oppdrag kan løysast på andre måter, forsvaret av norsk territorie kan i stor grad beskyttast gjennom å benytte luftvern og forsvarsverk langs grensa, men om det å bygge moderne festningar er spesielt mykje billegare enn å bygge skip er ikkje skikkert. Vi har ei forferdeleg lang grense å beskytte, då vi også må ha kystfestningar langs heile kysten om vi skal være heilt uavhengige av skip. I tillegg er permantente festningsverk ikkje ein farbar taktikk på Svalbard på grunn av Svalbardtraktaten, så for å kunne forsvare Svalbard så er vi avhengig av meir mobile kapasitetar som kan fraktast til Svalbard ved behov. Vi kan sjølvsagt også løyse våre NATO forpliktingar med å yte militær bistand til å forsvare eit medlemsland under angrep på andre måtar, som til dømes å sende norske infanteristar til fronten. Men for eit land som Norge der vi har ei lita befolkning og mykje pengar, så er det nok meir fordelaktig for oss å risikere materielle verdiar enn å risikere menneskeliv. Andre NATO land med svakare økonomi må kanskje gi sin bistand i form av menneskeliv, medan vi i Norge er i den heldige situasjonen at det å tape 136 milliardar og maks 1000 menneskeliv (om eg legg til grunn maks personkapasitet på dei fem nye fregattane). Minstebemanninga er på omtrent halvparten med 118 mannskap, legg vi til grunn bemanninga som britane har så vil det være 157 mannskap om bord på kvar av fregattane.
  14. Strengt tatt er ikkje vikeplikta rettningsbestemt. Vikepliktskiltet er i skiltforskrifta definert som: Sjølv om det kanskje er mest teoretisk, så har du strengt tatt vikeplikt også for ein eventuell billist som køyrer mot køyreretninga i rundkøyringa, for det at andre bryt trafikkreglane er ikkje ei unskuldning. Dette gir også andre interessante utfall ved køyring i rundkøyring. Som i spørsmålet om når har du passert vikepliktlinja og er å rekne som inne i rundkøyringa, særleg når vi kombinerer dette med høg fart der billisten ikkje klarer å stoppe før vikepliktlinja om ein annan bil lengre framme har rukket å krysse sin vikepliktlinje.
  15. Reglane er enkle, det er praktiseringa og bevisførselen som er vanskeleg. Faktisk er reglane så enkle at det ikkje finnes eigne reglar for rundkøyringar, i staden er det opp til kvar enkelt å skulle vurdere korleis dei generelle trafikkreglane kan brukast i ei rundkøyring. Omtrent alle har si eiga oppfatting av kva som er rett måte å bruke rundkøyringar på. Sjølv på forholdsvis elementære ting som når ein foretek eit feltskifte som utløyser vikeplikt er det ulike meiningar om, særleg når køyrefelta ikkje er markert i asfalten.
  16. Eigentleg er det rart at ikkje arbeidsplassane ordner dette ved å ha anna opningstid på vinteren. Det burde være relativt uproblematisk å frå måndag av ha kontortid frå kl 07, i staden for kl 08. Kva som står på klokka betyr ingenting så lenge ein bestemmer seg for å stå opp til vanleg tid. Dei fleste arbeidsplassar har uansett fleksitid som gjer at ein i praksis kan velge om ein vil praktisere vintertid, og det skal lite til for å gjere det same med opningstidene.
  17. Og dette er kjerna i problemet, det finnes ingen omforeint ordbokdefinisjon på kva regnbogeflagget repredenterer, og i motsetning til det norske flagget der Stortinget har definisjonsmakta på når flagget og riksvåpenet kan nyttast, så manglar regnbogeflagget ein tilsvarande definisjon. Og her kan vi godt skulde på begge sider, både dei som påstår at flagget representerer sin rett til å ha sex i offentlegheita, og dei som bruker flagget som representasjon for sitt syn på at barn bør kirurgisk kjønnkorrigerast i tidleg alder. Når det er ingen som "eig" regnbogeflagget og kan slå ned på uautorisert bruk, så blir det vanskeleg å hevde at flagget er eit nøytralt symbol. Symbol slik som flagg er både vanskelege og forholde seg til, og vil til stadigheit få my betydning. Til og med i denne tråden så har det palestinske flagget blitt kategorisert som terroristflagg, noko som viser kvifor ein skal være forsiktig med slike støtteerklæringar. Fordelen med det norske flagget er at det er nesten ingen som tillegger flagget negativ betydning, alle trykker flagget til sitt bryst enten ein er nynazist eller kristen konservativ.
  18. Problemet med Helge Ingstad var at dei ikkje dundra inn i oljetankaren, dei valgte i staden å dundre inn i land. At heile den episoden var pinleg for sjøforsvaret er udiskutabelt, det var mykje som gjekk gale frå måten situasjonen vart handtert frå brua, til den totale fiaskoen med å berge skipet etter grunnstøtinga. Det betyr imidlertid ikkje at slike skip er unødvendige.
  19. Sjølv om Raudt fortsatt står for å melde Norge ut av NATO, så har dei nyansert dette med at Norge skal inngå i ein Nordisk forsvarsallianse. Dette er eit politisk standpunkt som ikkje er milevis unna det som også EU meiner, at Europa er betre tente med å ha ein sterk Europeisk forsvarsallianse enn vi er med å stå saman med USA som både er langt meir utsatte for angrep, og i tillegg slår tvil om dei vil oppfylle sine forpliktingar om det er andre NATO land som blir angrepet. Også ytre venstre har i dag ein langt meir realistisk forsvarspolitikk. Det er ikkje så mange år sidan at haldninga var at vi skulle melde oss ut av NATO og legge ned forsvaret utifrå ein tanke om at ingen ville true oss om vi var ufarlige hippiar. No er dei fleste einige i at vi treng eit sterkt forsvar, ueinigheita ligg berre i om vi skal være i stand til å forsvare oss via ei allianse, eller om vi skal være sjølvforsynte nok til å forsvare oss utan hjelp frå andre enn våre nærmaste naboland. No veit eg ikkje kor gjennomtenkt Raudt sin forsvarspolitikk er, men om det norske forsvaret saman med 3 andre naboland skal ha eit forsvar som er sterke nok til å hamle opp med Russland, kanskje også USA om dei okkuperer nordområda, så skal det logisk sett medføre ein betydeleg styrking av det Norske forsvaret, altså ei militær opprusting.
  20. Mennesker vil fortsatt ha ein rolle på slagmarken, enkelt og greit fordi ein soldat et billig og enkelt sjølv om det er fælt å skulle ofre menneskeliv på ting som vi kan bruke maskiner på. Vi skal være svært overlegne i teknologi og pengar før alt blit overlatt til maskiner. Ein soldat kan med minimal trening utstyrast med rifle og beskjed om å forsere ulent terreng, opne døra i huset, og gå opp i andre etasje for å etablere skytestilling. Skal vi bygge ein robot til å gjere same jobben så krever det både tid og pengar, og har vi fyrst laga ein slik robot så må vi starte heilt på nytt om planen endrar seg og vi vil at soldaten i staden skal ta med seg stige for å klatre opp på taket fordi roboten vi designa ikkje er i stand til å klatre. Om vi ser til krigen i Ukraina, så er ein av suksessfaktorane til Russland at dei har massevis av menneskeliv å avsjå. Sjølv om kommersielle droner med handgranat er billege, så går ukrainarane tomme for pengar (utan meir hjelp) før Russland går tomme for soldatar som mister livet til disse dronene. For mange nasjonar så er menneskeliv dessverre billig forbruksvare. Under andre verdskrig så var det fleire eksempel på at Sovjet gikk til angrep med fleire soldatar enn rifler, der ubevæpna soldatar hadde i oppgåve å plukke opp våpenet til falne kollegaer.
  21. Du bør absolutt teste dekka før du bestemmer deg. Å klemme på dekka gir deg ikkje det fulle bildet, det er ein fin hurtigtest dersom gummien har blitt hard sidan det er lett å kjenne, men det er ikkje like lett å kjenne om gummien fortsatt er mjuk nok til å få god friksjon på vinterføre. 6+ år gamle vinterdekk vil typisk tape seg ein del, litt avhengig av kor mykje dekka er brukt og korleis dei har blitt oppbevart. Det at vinterdekka ikkje lenger er like godt som nye dekk treng ikkje nødvendigvis å bety så veldig mykje, for det kjem også ann på ditt køyremønster. Køyrer du mest på våt svart asfalt heile vinteren, og du tek det rolig når du køyrer på snødekte vegar så treng du ikkje markedets beste vinterdekk for å køyre trygt.
  22. Ja, alt til sin bruk. Tida der vi har store tanks på slagsmarka er kanskje forbi, men det vil fortsatt være stort behov for beltegåande køyretøy som kan ta seg fram i ulent terreng, og som kan beskytte lasta enten det er soldatar eller våpensystem. Når vi ser disse dronevideoane frå Ukraina der dronene angriper Russiske tanks så ser vi at dronene alltid sikter seg inn på opne luker og liknande fordi tanksmannskapet køyrer med open luke for ventilasjon og komfort når dei ikkje er i kamp. Når tanksen er kampklar med stengte luker så vil ikkje ein drone med handgranat å ha noko som helst å stille opp med. Eit heilt openbart moderne bruksområde for stridsvogner er å køyre droner og dronepilot nært nok fronten til at dronene kan brukast effektivt utan å bli skutt ned før dei når fram.
  23. Prisen på dei nye fregattane er estimert til mellom 7 og 12 milliardar kroner. Eit F-35 jagerfly kostar ca 1,74 milliardar. Droner med slik ekstrem rekkevidde som du snakker om her er i praksis fjernstyrte jagerfly. Kvar nye fregatt til 12 millardar tilsvarar i underkant av 7 jagerfly, og er i den forstand ikkje ei spesielt stor militær investering sett opp mot bruksområdet. Droner på langtur har også den openbare svakheita at dei er sårbare. Akkurat no så har dei relativt små dronene med ei rekkevidde på nokre hundre kilometer den fordelen at dei er relativt små og vanskelege å oppdage på radar, og at dei på grunn av liten størrelse er relativt vanskelege å treffe. Dei manglar likevel effektive forsvarsmekanismer og er eit lett bytte om dronene fyrst blir oppdaga, særleg når dei er langt unna fronten og ikkje kan få hjelp. Ein fregatt som sender ut helikopter har langt kortare rekkevidde med sine helikopter, men til gjengjeld har fregatten gode forutsetningar for å skyte ned fiendtlege trusslar og kan då opprette ei trygg "bobble" som helikoptera kan operere utifrå. Det er absolutt på sin plass å diskutere pengebruk, og kvar ein skal legge investeringane. Herunder behovet for å skifte ut dagens fregattar framfor å oppgradere og vedlikehalde dei eksisterande. Men det er svært vanskeleg å sjå for seg eit forsvar av Norge utan skip. Droner kan gjere mykje i dag, men dei kan ikkje gjere alt. Om vi skulle satse heile vårt forsvar berre på eit kort, så hadde nok det mest kostnadseffektive vært å minelegge grensa både til lands og til vanns. Miner er billege, og kan stoppe det meste av militære styrker som forsøker å ta seg inn på vårt område. Men om fienden stiller opp med ein minerydder så er vi heilt avhengig av å kunne fjerne mineryddaren med andre våpen enn miner. Erfaringane med dronebruk frå UIkraina er at på dei korte avstandane for angrep langs frontlinja så er dei avhengige av å bruke droner med fiberkabel for at drona ikkje skal bli jamma og uskadeleggjort. Det er ikkje veldig vanskeleg å tenke seg til at det kan bli utvikla våpen eller teknikkar som er eigna til å kutte fiberkabelane. Om ein får til meir effektive EMP våpen som slår ut elektronikken så speler det ingen rolle lenger korleis drona blir styrt, enten det er fjernstyring over radiosignal, fjernstyring via kabel, eller autonome droner. Bruker fienden ein elektromagnetisk puls som slår ut elektronikken så er drona ubrukeleg. Til angrep over lengre avstandar så er strategien å sende ein heil sverm med droner fordi ein stor del av dronene vil bli skutt ned før dei når målet sitt. Det er sjølvsagt mogleg å lage dronene større, og med avansert beskyttelse mot både EMP og luftvern, men då er vi over i ei prisklasse som er langt overgår prisen på dei små dronene som er mest brukt i dag til krigføring.
  24. Ein treng ei solid plattform for å bringe dronene fram til fronten også, og då vil ein fregatt være nyttig. Det er også slik at ein einsleg fregatt et eit forholdsvis lett bytte for luft og sjødroner, men ein liten flåte av fregattar utgjer ei flytande festning.
  25. For ordens skuld så kan det være greit å ta med at den kompetansen ein får i å skrive tekster og innhente informasjon er overførbar til dei fleste kontorjobbar. Det er likevel ganske vekkasta å studere i 3+ år for å få kvalifikasjonar som gjer deg i stand til å sitte på eit kontor og skrive epostar. I den grad ein treng utdanning for ein slik kontorjobb så er eit årsstudium i kontorfaget ei langt meir eigna utdanning. Det har dessverre gått inflasjon i høgare utdanning, der ein eigentleg ikkje er kvalifisert til noko som helst etter vidaregåande allmennfag. Då må ein gå vidare og ta ei bachelorgrad, mange må også over på mastgergrad sidan fleire og fleire arbeidsplassar krever det. Frå gamalt av så var mastergraden ei vidareutdanning, der ein skreiv masteroppgåva si basert på forskning og data som ein hadde samla inn gjennom å ha praktisert yrket i mange år. Den masteroppgåva ein då produserte på slutten av karrieren vart då lagt inn på universitetbiblioteket slik at den kunne inngå i pensumet og faglitteraturen slik at neste generasjon kunne nyte godt av kunnskapen. I dag har det blitt omvendt, der ein forskar på eit fagfelt som ein fortsatt er i opplæring i, og der ein går av med pensjon på slutten av yrkeslivet utan å gjere noko for å sikre at kunnskapen kan overførast til neste generasjon. Det er ikkje spesielt overraskande at dei aller fleste masteroppgåver inneheld lite som er nytt og spennande. For doktorgrader så har vi inntil vidare klart å holde på det gamle systemet, der snittalderen for gjennomført disputas er i underkant av 40 år, og er resultatet av forskning som ein har utført parallelt med praktisering av yrket. Men det er nok ikkje lenge til dørstudentane går rett frå master til doktorgrad , og startar i syn fyrste ordentlege jobb med vitnemål på doktorgrad og null års arbeidserfaring.
×
×
  • Opprett ny...