Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    21 021
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Realistisk sett så står valget mellom å kjempe for landet som blir styrt av folkevalgtenpolitikarar som lyg, og det å la landet bli tatt over av utanlandske politikarar som lyg.
  2. Liten digresjon, men kvifor kjem film-sjokoladen M i liten knitrepose? Kino-godt må vel openbart leverast i papirpose, beger, eller liknande emballasje som ikkje laget støy i kinosalen?
  3. Slike produkt forstår eg ikkje heilt vitsen med i samband med beredskap, anna enn dersom 129 kr er alt du har råd til å betale. I både heimen og bilen har du plass til sovepose av litt høgare kvalitet og som isolerer litt betre. Eg skjønner poenget med ein superliten sovepose i dagstursekken der ein dårleg sovepose er betre enn ingen om uhellet skulle være ute, men i bilen og i alle fall i heimen så skaffer du deg sovepose som varer i meir enn eit døgn.
  4. Einig i at det er litt absurd, men formålet med kravet om 50% hydrogendrift var at ein på denne måten ønska å lage eit hydrogenmarked, med håp om at hydrogen skulle bli så tilgjengeleg og så billig at både Hydra og andre gjekk over til rein hydrogendrift. Slik har det ikkje gått, og i staden så må ein no bruke mykje energi og pengar på å oppfylle avtalevilkåra ved å skaffe hydrogen frå Tyskland. Her har ein gambla (og tapt) på hydrogen skulle bli både billig, miljøvenleg og lokalt tilgjengeleg. Ser i TU artikkelen at dei har rekna ut at Hydra slepp ut mellom 1800 og 2100 tonn CO2 årleg, mot 900 tonn for tilsvarande dieselferge, og berre 50 tonn for tilsvarande elektriske ferger. Når vi då veit at Hydra går 50% på elektrisitet så ville utsleppet for ei 100% hydrogendrevet ferge gitt ca 4000 tonn CO2 i året.
  5. Litt vanskeleg å estimere då det kan variere alt etter differanse mellom inne og utetemperatur, 10 min høyres likevel rimeleg ut. Anbefaler ikkje stearinlys, det er veldig lett for at du med eit uhell får stearin/parafinvoks som renner ned og tetter spjeld og luftstyring i ovnen. Legg heller inn ein neve med tennbrikettar. Etter 1-2 min så kan du vurdere å bygge opp "bålet" ved å legge småpinner saman med brikettane. Poenget er å bygge opp eit "bål" som brenn godt heile tida. Legger du inn tre kalde vedkubbar så er det ikkje nødvendigvis nok med berre eit par tennbrikkettar for å både varme opp veden og antenne røyken frå vedkubbane. Andre ting som brenn med stor flamme og lite røyk fungerer også, men vær forsiktig med papp/papir sidan du får store flammar som sløkner fort. Ja. Litt enkelt forklart så er målet at du vil ha synlege flammar gjennom heile opptenninga. I denne fasen kan du godt eksperimentere med å justere spjeldet og opne/lukke vinduer og evaluere korleis dette påvirker flammen. Ja, når det brenn god så bør du justere ned trekken. Du vil justere trekken til at veden brenn med mindre flammar men utan at flammane endrer farge. Endrer fargen seg så er det for lite luft og du må sleppe til meir luft. Opne vindu er ei nødløysing. Det hjelp ofte men er lite produktivt sidan du vanlegvis fyrer når det er kaldt ute for å varme opp. Det å opne vindua er også eit fint tiltak dersom du ser at det samlar seg opp grå røyk, sidan det å opne vindua ofte får røyken til å klarne opp og det er betre at det blir kaldt i stova enn at det kjem røyk ut av eldstaden. Om det blir heilt håplaust for deg å fyre om vinteren så finnes det også avtrekksvifter som kan monterast i pipehatten, der du med ei elektrisk vifte dreg røyken ut av pipa (og hindrer vindnedslag). Om det er vinden som er problemet så kan også det å justere eller bytte pipehatten slik at den gir le for den vanlege vindretninga være til god hjelp.
  6. For å være 100% sikker på at skorsteinen ikkje er blokkert på toppen (svært usannsynleg) så kan du enkelt sjekke det ved å bruke ei kraftig lommelykt som du lyser oppover med etter at det blir mørkt. Då vil du enkelt sjå om det lyser oppunder pipehatten når du går nokre meter unna husveggen.
  7. Isloasjonen er berre å flytte på. Det er her du skal kunne fjerne soten etter feiing så luka er laga for at du skal få enkelt tilgang. Det er likevel veldig lite sannsynleg at skorsteinen er tett, særleg når det fungerte fint tidlegare. Det er ingen sjans for at det er fugl som har bygd reir eller liknande i skorsteinen no på seinhausten. Eg er nesten hundre prosent sikker på at problemet er trekken. Eg vil ikkje anbefale kubbelys, men det å fyre opp nokre tennbrikkettar (som brenn med lite røyk) kan være eit tips for å starte å varme opp lufta i skorsteinen. Når det blir kaldt så er den kalde lufta som står i skorsteinen ekstra tung å løfte, så då treng ein ofte litt meir varme for å få røyken til å stige gjennom skorsteinen. Eit anna tips er å la ovnsdøra stå open ei lita stund før opptenning. Då vil den oppvarma lufta i stova starte å stige ut gjennom skorsteinen, og då er det lettare å få til opptenning når det alt er ein svak luftstraum i den retninga. Meir tilluft er ofte ei løysing. Mitt beste tips er at du tek ei ekstra runde for å sjekke ventilasjonen i huset. Sjølv om ventilasjonsanlegget ditt har ein opptenningsmodus så kan det være ting som dreg lufta feil veg. Typisk bruk av kjøkkenventilator eller ei avtrekksvifte på badet som står og suger luft feil veg. Sjekk også at eventuelle lufteventilar over vindauga står opne. Har du prøvd å justere ned trekken når du har fått god fyr? I enkelte ovnar så er det mogleg å få så god trekk at flammen "blåser ut" om trekken er for god. Normalt så bruker ein full opning berre ved opptenning og så justerer ein ned trekken når ein har fått god fyr. Det eg trur har skjedd er at det no har blitt kaldare, og dermed må du ha meir varme raskare for å få røyken ut gjennom skorsteinen. Tjukk grå røyk har lite varme og gir derfor lite termisk oppdriv, særleg om det også er mekanisk ventilasjon som dreg luft ut av huset eller det er for lite ventiler som gir nok tilluft. Vindretning og vindstryke kan også påvirke trekkforholda ved at røyken må være varm nok til å også motvirke vindkreftene. Mine to konkrete tips: Prøv igjen med meir tilluft, er huset veldig tett og lufta i skorsteinen er kald så kan det fort være nødvendig med meir tilluft enn tidlegare, så prøv å opne eit vindu til eller verandadøra sjå om det hjelp. Det siste og viktigaste tipset er å sørge for at du får god varme i brennkammeret. Det er veldig typisk at du får mykje grå røyk som ikkje stiger opp gjennom skorsteinen når du har for liten flamme i forhold til veden som blir oppvarma og produserer røyk. Bruker du opptenningsved? Det er ikkje gitt at du får nok varme med berre nokre få tennbrikkettar, tennbrikketten bør brukast saman med småved/opptenningsved. Målet er å få nok varme slik at røykven som blir avgitt frå vedkubbane tek fyr så raskt som mogleg. Eit siste tips på vegen, men som kan være litt risikabelt er at dersom du får mykje røyk i peisen som ikkje forsvinn ved å opne eit vidu, det er å få antent den grå røyken ved å hive inn ei fyrstikk. Får du inn ei flamme så vil den grå røyken raskt antenne og klarne opp. Risikoen her er at røyken er brennbar, og med rett/feil kombinasjon av luft så kan du få ein røykgasseksplosjon når du kaster inn ei fyrstikk som kan skade eldstaden og i verste fall knuse glaset i døra.
  8. Eg synes ikkje at det er ubetydeleg at ein gjer etanolholdig desinifiseringsvæske ulovleg utan at ein; a) har tryggare alternativer på plass, eller b) tek konklusjonen på alvor og forbyr den farlegaste etanolen fyrst, altså etanolen som folk konsumerer og ikkje berre den etanolen som i eit kort aukgeblikk har hudkontakt. At etanol er eit giftig stoff er det nok ingen som tviler på, vi veit godt at alkohol påvirker helsa negativ ved både kortvarig og langvarig eksponering for stoffet. Det store spørsmålet er kor farleg det er. Ein kan også desinfisere hendene ved å vaske hendene med bensin, då bensinen også drep bakterier, men det er definitivt meir helseskadeleg enn etanol som tross alt også er eit næringsmiddel.
  9. At det fortsatt er analoge speedometer handler nok mest om estetikk, som nemnt så er det fortsatt finnes nye bilar i dag som har fullt analogt speedometer som måles med ein wire. Sjølv bilar med berre skjerm i dashbordet så får du vanlegvis bestemme om du vil få farta presentert visuelt i form av eit gamaldags speedometer eller berre talet. Så vidt eg veit så er det ingenting reint teknisk som hindrer bilprodusentane i å bruke fartsmåling basert på GPS. Grunnen til at det er lite brukt er fordi det er vanskeleg for produsenten å garantere for at speedomteret til ei kvar tid både fungerer, og at speedometeret ikkje viser lågare enn reell hastigheit. Det vil nok i praksis være umogleg å få ein bil godkjent i EU om speedometeret sluttar å fungere inne i tunnelar eller andre stadar utan god satelittdekning, så då må ein i praksis ha fartsmåling som baserer seg på rotasjonen i hjulet uansett. Tidlegare så var det også eit problem at GPS posisjonen kunne "hoppe", altså at posisjonen hang igjen før den plutseleg oppdaterte til korrekt posisjon og då rekna ut farta til å være 1800 km/t når posisjonen flytta seg 500 meter på eit sekund.
  10. Det verste med den løysinga var eigentleg at dersom vi hadde blitt invadert og alle i heimevernet skulle ikle seg uniform og ta med sitt "tørre" våpen til samlingsstaden, så hadde soldaten vært eit fullt lovleg krigsmål for fientlege soldatar som openbart ikkje kan vite at soldaten dei møter på gata har defekt våpen og ingen ammunisjon. Etter mitt syn så er det så enkelt som at dersom du ikkje stoler på at soldatane kan oppbevare fungerande våpen heime, så burde heile våpenet være oppbevart i leiren. For enten har du ein strategi på at soldatane skal møte opp og hente ut alt nødvendig utstyr før dei kan forsvare landet, eller så har du ein strategi på at soldatane kan starte sin motstandskamp frå eigen heim. Det hjelp lite å ta AG3'en på ryggen utan sluttstykke og springe til skogs for å forsvare landet når du ikkje kan bruke AG'en til anna enn klubbe. Er ellers einig i at ordninga for heimevernssoldatar må blir betre, enten ved at ein får kompensert sine økonomiske tap på å være på repetisjonsøvelse, eventuelt at alle har samme tapet gjennom at alle over 18 år enten er på repøvelse eller tenestegjer i sivliforsvaret. I alle tilfeller så trur eg at det å preppe så mykje at du må ha våpen for å beskytte deg mot naboane dine, vil være ein dårleg plan på lang sikt. Fungerer kanskje greit om ein ser for seg at det blir fullstendig anarki og alle mot alle, men realistisk sett så skal vi ha ganske langvarige kriser før samfunnsstrukturen går såpass i oppløysing.
  11. Tenker at dette er eit fornuftig tiltak, eigne barne og ungdomsfengsel gir moglegheita for fengselsstraff utan å bryte FN sin barnekonvesjon som seier at fengsel skal være siste utveg, at barn i fengsel ikkje skal miste kontakten med familien og at barn ikkje skal sone saman med voksne. Med den utviklinga som vi har fått i barnekriminalitet, og ikkje minst at barn i dag har ein heilt anna informasjonstilgang inkludert kva som skjer om ein bryt lova, så er synes eg også at det er rett å senke den kriminelle lavalderen. Sjølv om at lavalderen blir senka til f.eks. 13 år så betyr ikkje det at vi kjem til å hive 13 åringar i fengsel, men eg tenker at det det er fornuftig å ha dette som alternativ om nødvendig. Eg trur nok også at det vil være hensiktsmessig å ha muligheita til å dømme ungdom til fengselsstraff utan at det nødvendigvis betyr heilt vanleg soning. Det vil nok ha ein straffeeffekt også det å bli idømt ei kortare fengselsstraff der ungdommen berre skal møte opp om kvelden og tilbringe natta i fengsel. Då vil ungdommen både sone fengselsstraff, men fortsatt kunne gå på skule som normalt og være heime med familie/vennar på ettermiddagen og tidleg kveld. I "gamle dagar" så fungerte foreldra som fengselsvesen og sendte ungdommen opp på rommet sitt utan kveldsmat ved dårleg oppførsel. Sidan vi i dag ikkje kan stole på at foreldra evner å straffe ungdommen sin sjølv, så er det eit fornuftig komprmoiss at fengselsvesenet får ta denne oppdragarrollen som foreldra burde ha tatt.
  12. Her svarer du deg sjølv. For staten/kommunen er det beste at du av eiga lomme bruker betalar for å bu sentralt slik at det blir billig å tilby deg offentlege tenester enten det er postutlevering eller heimesjukepleier utan at å kaste vekk tid på unødig transport. Som veldig mykje anna i det offentlege så handlar det om å flytte utgiftene over til nokon andre. Noko som igjen er grunnen til at vi er "verdens rikaste land", for den norske staten har god råd sjølv om kommunane sliter, og det er igjen fordi staten flyttar stadig fleire oppgåver ut til kommunane utan at det følger med pengar til å gjere jobben. Tilsvarande er det også stadig fleire kostnadar som blir flytta over frå kommunen til den enkelte innbyggar ved at det offentlege sparar pengar på å berre utføre det som er absolutt lovpålagt. Eg tviler på at samfunnsøkonomien blir særleg mykje betre om alle flyttar til Oslo, kanskje snarare tvert imot sidan folks privatøkonomi også er ein del av samfunnsøkonomien, og det seier seg sjølv at om alle har så høge buutgifter at dei nesten ikkje har råd til andre ting, så blir det dårlege kår for dei som skal prøve å drive butikk der kundane ikkje har råd til å handle.
  13. No er eg ikkje mykje i smågodt hyllene, men ser at det er fleire butikkar som har tilbud på 100kr/kg eller 10kr/hk, men då rekner eg med at hyllene er renska for sjokokolade. Om butikkane selg sjokolade i lausvekt til den prisen så er det billegaste sjokoladen akkurat no. Smågodt tilboda er nok i samband med komande Halloween feiring. Av omsyn til folkehelsa så så er eg til dels einig i at det å ha tilbod på 200 grams sjokoladeplater er litt unødig, og særleg når det er av type 5 for 100, der sjølv om dagens tilbud gjeld 100 grams plater så er det fortsatt eit halvt kilo ein kjøper i slengen. Skjønner at det er billegare med kvantum, mellom anna av omsyn til embalasjekostnadar, men tenker likevel at kjedane burde fokusere meir på å presse ned prisen på mindre pakningar. Ikkje berre av omsyn til folkehelse men også av omsyn til matsvinn. Nå er det nok ikkje mange som kaster dei siste 50 gramma i ei 200 grams sjokoladeplate, men det er mykje andre kvantumstilbod som definitivt fører til meir matsvinn som når det er 3 for 2 tilbod på melk eller brød.
  14. Spenstig å påstå at etanol er ein ingrediens i øl og vin, at etanol er ein bestanddel blir noko anna. Uansett. Om etanol blir klassifisert som farleg stoff, så må vel den openbare konklusjonen være å forby etanol i matvarer. Det går ikkje ann å forby det å smøre litt vodka på hendene men samtidig gjere det lovleg å svelge dette farlege stoffet i mykje større mengde.
  15. Eg er ikkje ueinig, men samme manglande konsekvenstenking er også grunnen til at mange ungdomskriminelle stikke av frå den rehabiliteringsordninga dei har blitt dømt til å gjennomføre. Og når det endog til gir små eller ingen konsekvenser når ungdommen stikker av frå barnevernet, så må vi ha sterkare virkemiddel tilgjengeleg.
  16. Det er mange momenter i dette. Eg er ikkje einig med artikkelforfattaren om at dei som bur i utkantstrøka må gjere dette for eiga rekning. Eg er likevel open for at ein kan sjå på korleis ein administrerer økonomien, som at i staden for at alle skal ha rett til alle offentlege tenestetilbod og asfaltert veg, så kan tilskota som i dag går via kommunen for å levere disse tenestene gå direkte til innbyggarane i form av skattekutt for enklare administrering. Det er likevel slik at vi treng busetting fleire stadar, både for at det skal finnes tilgjengeleg arbeidskraft om ein ønsker å ta ut naturressursane på staden. Det er sjølvsagt openbart mykje dyrare å skulle transportere fiskarar frå byen og ut til fiskebåtane. Det andre momentet er at det trengs busetting på enkelte strategiske stadar for å kunne holde hevd på landområda våre, særleg nært grensene. Grunnen til at det har fungert for Sverige å bortimot avfolke nord-Sverige er at svenskane er lite bekymra for at nordmenn eller finnar skal ta seg til rette og berre flytte inn. Det er fordelen med stabile grenser. Det er også eit stort spørsmål om til kva pris vi ønsker å drifte landet vårt på billegaste måte. Det er sjølvsagt heilt uproblematisk å trekke ny riksgrense rett nord for Værnes lufthavn å selge nord-norge til Russland, Kina eller kanskje Google. Då sparer vi oss både utgifter og vi får pengar inn. Det sagt så synes eg at det er relevant å diskutere nærmare kvifor vi legg opp til at det skal være mogleg å bu desentralisert. Det som artikkelforfattaren poengterer om at det er lettare å få drifte miljøvenleg om vi samlar alle i byane er eit poeng, det er også eit poeng at ved å kutte i den desentraliserte bebyggelsen så kan vi få fleire områder utan skjemmande infrastruktur, noko som er bra for miljøvernet men mindre bra for å kunne hente ut verdiar og ressursar frå distrikta.
  17. Ein skal være forsiktig med å konkludere med at det vatnet som smaker best når det er ferskt, også smaker best etter å ha blitt lagra i lang tid. For smaken av lagra vatn har ikje blitt testa. Er likevel heilt einig i deg med at så lenge vatnet er trygt å drikke så får det være godt nok, og det er ikkje mange dråpane med Fun Light som skal til før det blir omtrent umogleg å skille ferskvatnet på smak. Også atomkrig kan få mange ulike utfall. Blir du atombomba direkte så er det "game over" enten umiddelbart eller etter kort tid. Men om nærmaste atomsprenging er eit stykke unna så går det fint å leve under ganske så dårlege forhold. Det er ikkje slik at all stråling er ein umiddelbar dødsdom. I eit slikt scenario så er det atomnedfall som er største trusselen, og då særleg radioaktiv stråling som har fått samle seg opp i til dømes opne vasskjelder. Ein vil også kunne unngå mykje av strålinga ved å holde seg i tilfluktsrom medan det verste nedfallet pågår, bruke vernetøy når ein er utandørs, og ellers holde seg innendørs dei dagane vindretninga er lite gunstig. Einig i at vi er dårlege forberedt i dag, men heilt bekmørkt er det ikkje. Det er mellom anna fortsatt lov med oljefyr så lenge du går over til bio-olje, som igjen gir muligheit for å fyre med anna flytande drivstoff om det skulle bli strengt nødvendig. Dei fleste elbilar kan ladast via vanleg stikkontakt, det er berre ikkje anbefalt som fast lading på grunn av brannfaren. I ein krisesituasjon så kan det at alle ladar sakte over vanleg stikkontakt være ein suksessfaktor for å hindre at nettet blir overbelasta og kollapser. Eg er likevel heilt einig med deg i at vi er for avhengig av internett, sjølv til å finne fram heilt grunnleggande informasjon som koketid på poteter eller kvar legevakta er plassert er det i dag mange som ikkje klarer å finne fram til utan fungerande mobil.
  18. Tenker at vi absolutt treng eit ordentlig ungdomsfengsel, kanskje i form av eit felles nordisk samarbeid for å få litt volum på det. Altså at vi treng eit fengsel der det er forsvarleg å fengsle ungdom utan at dei må sone med voksne. Det er ikkje slik at vi treng å kaste alle ungdommane i ordentlig fengsel, men vi bør ha eit alternativ for dei som ikkje oppnår ønska effekt med dagens systen.
  19. Det som er "feilen" med denne tankerekka er at den bekken du har planar om å bruke fort kan bli utilgjengeleg for deg, til dømes om det er orkan og for farleg å være utandørs. Andre utfordringar er at det er ikkje sikkert det er berre du som veit om denne vannkilden, så det som var ein rein bekk kan fort endre seg til å bli grums når halve bygda skal hente vatn der. I aller verste fall kan denne bekken bli ein open kloakk om du ikkje er den som bur øverst. Ein tredje praktisk utfordring er at det potensielt er mykje vatn du må hente utan at du kan rekne med å berre hoppe i bilen. Det sagt, i ein slik situasjon der du ikkje kan forlate huset i ei veke så er det ikkje gitt at du treng 4 liter per døgn per person. Vil nok tru at ein slik krisesituasjon er ei ypperleg anledning til å rasjonere og gå litt ned i hygienestandard.
  20. Det klassiske er at folk flest har alt for lite vatn i beredskap. Matmessig står det ofte betre til, men det er litt typisk at mange har matreservane sine i form av frysevarer og er derfor sårbare. Det er også vanleg at folk overser andre egenberedskapsting, som medisiner, hygieneprodukt, varmekilde, dyrefor, osv. Eg tenker også at kva som er nødvendig å ha i beredskap, er også eit spørsmål om kor behageleg/normalt du ønsker å leve dei dagane du må klare deg sjølv. Min vurdering er at ein plan for å flykte, er det mest hensiktsmessige. Altså at eg bør ha minst "halvt tank" på bilen, og ellers mat og utstyr til å i verste fall campe i bilen på veg bort.
  21. Fordi du har ikkje servert noko som helst som kan diskuterast, du har berre presentert lause påstandar. Og sjølv om du no har redigert tittel og innlegg, så er det syltynt grunnlag for ein diskusjon når det er ingen som kjenner til denne Guro sin privatøkonomi. Eg kan nok meir eller mindre garantere at din påstand er 100% korrekt. Har denne Guro så mykje som kjøpt eit sokkepar på Joker så er din påstand tilbakevist.
  22. Vær venleg å ta dette på kvinneguiden.no, slike tråder høyrer ikkje heime her. På diskusjon.no vil vi ha tråder som er egna for diskusjon, og med tittel som stemmer overeins med trådens innhold.
  23. Med mindre anna er avtalt så vil leigetida være på heile månedar. Men om det står eksplisitt i avtalen at den gjeld dato til dato, så har du rett i din forståing av avtalen Beste kortet ditt er nok at du kan sleppe unna husleige om utleigaren har akseptert og tatt tilbake husrommet frå den 16.12, då kan du sleppe husleige for siste del av desember med utgangspunkt i at du ikkje skal betale for å bruke eit husrom som du ikkje lenger har tilgang til etter at du har levert husnøklane og utleiger har akseptert at du har flytta ut.
  24. Bruker chromecast og streamer direkte frå dei aktuelle appane. Get boksa har eg tilkopla berre som backup chromecast device.
  25. Sant nok, men det er fortsatt mange profilerte personar som jobbar der, i alle fall eit par hundre fordelt på TV og radio som jobbar enten som programleiar eller medvirkande. Det er nok også eit element av at mediabransjen er sterkt konkurransedrevet, der mange har måtte kjempe hardt for å få jobben. Då er det ikkje så overraskende at enkelte også har det i seg å kjempe for å beholde jobben. Så eg kan godt sjå for meg at det tilbake til tider kan være krevande for HR avdelinga, for det er også snakk om pengar. Ikkje alltid direkte ved at faste tilsette som er programleiar for populære program får mykje meir i lønn, men heller indirekte ved at slike jobbar gjer deg til større kjendis, som igjen gir nye oppdrag og muligheiter.
×
×
  • Opprett ny...