Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    21 021
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Enig i dette, til tross for det han tidlegare hadde gjort, så betyr ikkje det at systemet skal fungere slik at nordmenn blir stranda i utlandet. Eg tenker at dokumentaren burde hatt eit heilt anna narrativ. Det som førte til negative reaksjonar var at narrativet var ein stakkars mann som heilt uskuldig hadde havna i denne situasjonen, og så kom reaksjonane frå dei som kjente til han frå før. Hadde narrativet vært at dette var ein utstøtt overgripar som var svikta av velferdsstaten, så hadde nok dokumentaren blitt betre mottatt. Eg synes det var ei viktig sak å rette fokus mot, kanskje særleg på grunn av at dette også gjekk utover eit barn med norsk statsborgarskap som også var stranda i utlandet utan skulegang.
  2. På ein måte så har det blitt kjendis-TV som viser ekte mennesker på TV. Dei vanlege realityseriane med "vanlege" folk har blitt så type-casta at det er vanskeleg å kjenne seg igjen blant alle dei ekstreme personlegheitene. Dagens produsentar stolar ikkje på at vanlege folk kan være interessante, så då blir det å finne fram ein nynazist, ein rabiner og ein pappa-gutt i håp om at det blir litt konflikter på skjermen.
  3. 20 milliardar i teoretisk verdi antek eg? Det er vel sterkt begrensa kor mange reelle kjøparar som finnes som er villige til å betale $ 1000+ for ein kniv i CS? Alle eigarar av skinns kan umogleg forvente å kunne få solgt heile samlinga si til disse summane. Tenker også at det er heilt naturleg at slike verdiar fort kan forsvinne ettersom Valve ikkje fullt ut støttar skins-økonomien, og samtidig har all makt til å manipulere markedet slik som dei vil utan at det finnes kontrollmekanismer.
  4. Synes dette er heilt rett beslutning. Det einaste som kanskje kan diskuterast er i kor stor grad Belarus skal settast i same bås som Russland. Og sjølv om at eg at eg er einig i at vi skal utestenge Russland, så meiner eg også at angrepskrigen mot Ukraina er berre eit av mange argument for dette. Det som for meg er viktigaste argumentet for å utestenge Russland frå OL, er at Russland systematisk og gjennom ei årrekke har gått på tvers av dei olympiske verdiane, og då særleg konseptet om den olympiske fred som skal gjelde rundt OL og Paralympics slik at alle nasjonar skulle kunne sende sine utøvarar til og frå OL. Russland har tvert imot fleire gongar brukt OL som ei anledning til å gå til krig som i Sør-Ossetia i 2008 der Russland gjekk inn i Georgia same dag som opningssermonien, i 2014 der Russland okkuperte Krim-halvøya umiddelbart etter 2014 OL i Sotsji, og sjølvsagt krigen mot Ukraina umiddelbart etter avslutningssermonien etter 2022 OL. Dette kombinert med russisk dopingjuks under OL gjer det heilt tydeleg at Russland har ingen andre interesser i OL utanom statspropaganda og distrasjon for å gå til krig. At Russland då blir utestengt frå OL tenker eg er heilt naturleg. Der diskusjonen blir litt meir utfordrande er når ein bruker krigen i Ukraina som grunngjeving. For sjølv om det heilt klart er ein ulovleg angrepskrig, så er det ikkje heilt unikt at det finnes land som deltek i OL og samtidig er innvolvert i ein angrepskrig. Utifrå eit idealistisk ståsted så meiner eg at vennskaplege konkurranser kan være fredsbevarande og ein arena for å forsoning, men sjølv med eit slikt naivt utgangspunkt så er det sjølvsagt heilt umogleg å skulle drive med sport og leik for å bevare freden når det finnes land som går til angrepskrig så fort verdens befolkning er opptatt av OL, og som uansett berre sender dopa utøvarar. Mitt ønske hadde derfor vært at ein fokuserte mykje meir på at Russland er utestengt på grunn av ideologiske grunnar, og at Russland må rydde opp i sine usportslege holdningar før dei får kome tilbake til OL. At Russland gir opp krigen i Ukraina og trekker seg tilbake er for meg ikkje godt nok om dei også til neste OL går til ny angrepskrig og sender juksere til å konkurrere med russisk flagg på brystet. Ved å fokusere på at Russland ikkje deler dei olympiske verdiane, så tek vi også vekk Russlands muligheit til å argumentere med at alle andre land i krig får delta, og derfor anklager resten av verden for hykleri når vi ikkje utestengte Israel p.g.a. krigen i Gaza, eller at USA fekk arrangere OL i Salt Lake City til tross for at dei nettopp hadde gått til krig mot blant anna Afganistan og Irak.
  5. NRK er begge delar. Både ein tung organisasjon som det er vanskelig å styre kursen til, men samtidig så er det også ein veldig liberal organisasjon som tek politikaranes føringar om likt tilbod til alle på høgst seriøs måte. Dette med mangfald hos programleiarar har nesten bikka over til at om du har austlandsmål og ikkje ei utprega dialekt så må du ha innvandrarforeldre for å kunne bli programleiar. NRK sin rolle her går ikkje berre på representasjon av folk uavhengig av dialekt, hudfarge og funksjonsnedsetting, denne trangen til å glede alle kjem også fram gjennom eit særdeles spreidd programprofil. Det er ikkje mange andre kanalar der du kan sjå fotball ein kveld og opera den neste kvelden. Staten er ofte dei aller beste til følge lovverket, inkludert kor langt dei kan strekke bruken av midlertidig tilsette utan at dei får rett på fast stilling. Særleg blant dei som er foran kameraet så er det veldig mange som er innleigde på tidsbestemte avtalar, der dei står heilt utan jobb når avtalen går ut. Dette har ført til mange personalkonflikter i NRK, særleg knytt mot at det oppfattast som litt tilfeldig kven som er av dei heldige som får fast stilling i NRK og kven som må finne seg ein anna jobb fordi kontrakta ikkje blir forlenga.
  6. Tenker at fyrste steg er å samle minst 10% av andelane og kreve ekstraordinært årsmøte med det formål å kaste sittande styre, eventuelt instruere styret til å droppe saken. Det blir kostbart for burettslaget å skulle bruke tid og pengar på å føre ei slik sak som truleg ikkje vinner fram, og som berre fører til advokatkostnadar for både burettslaget og ikkje minst dykk i det tidlegare styret som kjem til å kreve at burettslaget som tapande part må dekke også dykkar sakskostnadar. Og sjølv om det ikkje er direkte relevant for denne saka så tenker eg at det blir spesielt vanskeleg å i framtida finne styremedlemmar som både frivillig tek på seg dette vervet, og som indirekte aksepterer at det etableres ein praksis for å saksøke avgått styremedlemmar. Det å bestemme korleis fellesskapets pengar kan best brukast på vegne av burettslaget ligg klart innafor styrets fullmakt. Så kan eg skjønne at nokon andre bebuarar kanskje også gjerne ville hatt samme muligheita for å gjere denne jobben, men det burde ein tatt opp på årsmøtet.
  7. Det er nok eit mål på om du er lettpåvirkelig nok. Av ein eller anna grunn så var norske kristne satt trua på Jesus som øverste vilkåret for å være kristen, at du trur på Gud og at det er Gud som gav Jesus sine krefter når han var av kjøtt og blod virker å være uvesentlig. Implikasjonen er at norske kristne trur at eit kvart menneske kan være guddommeleg, for har Gud befrukta eit menneske før for å lage Guds sønn så kan han openbart gjere det igjen. Dette igjen opner for at vi kan få framtidige kristne diktatorar som hevder seg som Guds sønn eller datter, og som kristne då berre må akseptere.
  8. Etter at du har vært sjukmeldt i 12 månedar så kan arbeidsgivar bruke dette som sakleg grunn for ei oppseiing. Om du ikkje blir oppsagt men likevel ikkje kan jobbe så vil du fortsatt ha eit tilsettingsforhold men sidan du ikkje har rett på sjukepengar så må du søke om arbeidsavklaringspengar. Det kan ta tid å få gjennom søknaden om AAP så det anbefales å søke i god tid før du mister sjukepengane etter 12 månedar. Om du er frisk og arbeidsfør, berre ikkje i den jobben du har så må du skaffe deg ny sjukemelding. I verste fall må du møte opp på jobb og deretter bli sjukemeldt på nytt. Sistnemnte kan være aktuelt for å stadfeste at arbeidsforholdet fortsatt er slik at du blir sjuk. Kva som er vanleg å gjere vil variere frå arbeidsplass til arbeidsplass, nokon går rett til oppseiing, og andre innvilger ulønna permisjon. Kva ordning som blir valgt kjem litt ann på arbeidsplass til arbeidsplass, og då særleg om arbeidsplassen har råd til å holde stillinga di ledig i tilfelle du skulle bli frisk nok til å kome tilbake. Det å gi permisjon frå stillinga er mest aktuelt der det er grunn til å tru at arbeidstakaren vil kome tilbake i arbeid innan rimeleg tid. Om det er heilt klart at arbeidstakaren ikkje kan kome tilbake så bør arbeidsgivar seie opp arbeidstakaren. Dette vil vanlegvis skje i tilknytting til eit dialogmøte der også NAV og legen din er tilstades. Så lenge du får sjukemelding frå legen din som seier at du ikkje kan kome tilbake på jobb så blir det uansett ikkje aktuelt å jobbe oppseiingstida. Er du frisk nok til å jobbe i oppseiingstida så er du også frisk nok til at sjukdommen ikkje utgjer sakleg oppseiingsgrunnlag.
  9. I slike saker er det vanlegaste at kommunen opptrer som mellom-mann og setter utleiger og leigetakar i kontakt med kvarandre, der sjølve leigeavtalen er inngått mellom huseigar og deg. Fyrste steg er nok derfor å sjekke leigeavatalen din for å sjå kven som har signert som huseigar, om det er kommunen som er huseigar så vil leigeavtalen vanlegvis være signert av eigedomssjefen i kommunen eller tilsvarande. Om den som har signert leigeavtalen ikkje jobber i kommunen så kan du være rimeleg sikker på at bustaden er privateigd. I alle tilfelle så er det slik at uavhengig av om det er kommunen eller andre som eig bustaden så er adgangen til eit utleigeobjekt sterkt begrensa ettersom leigetakaren har eksklusiv bruksrett. Dette er regulert i huseleieloven: Etter rettspraksis så er "nødvendig utstrekning" definert som at utleigar kan gjennomføre tilsyn maks 1-2 gongar i året. Tilsynet kan heller ikkje være meir inngripande enn at det er ein visuell inspeksjon. Det å flytte på møblar og opne skapdører vil vanlegvis ligge utanfor det som er nødvendig for at utleigaren skal kunne ivareta sine interesser av å sjekke at utleigeobjektet er brukt til det som er avtalt. Du skal også har rimeleg frist før utleigaren kjem på besøk, kva som er rimeleg tid kan variere litt men eit vanleg utgangspunkt er at tilsynet bør varslast minst ei veke fram i tid.
  10. Det heiter valgkamp, men mykje av premisset er jo at politikarane skal kjempe om å få flest stemmer på eit sannverdig grunnlag. Om demokratiet vårt utvikler seg i ei retning der det er om å gjere å presentere flest mogleg truverdige løgner for å få makta til å gjere heilt andre ting, så må vi endre styresettet vårt. Eg har likevel forståing for at det ikkje vil nytte å innføre lovverk som binder partia til å utføre nøyaktig den politikken som dei har ført valgkamp på, for ting kan endre seg undervegs, og det vil alltid være vanskeleg å avgjerde kva politikk som vart bevist løyet om og kva politikk som berre viste seg å ikkje være gjennomførbar. I denne konkrete saka så har nok Ap funnet ut at det dei sparer på å fjerne gratisferjer og studielånreduksjon kan dei bruke på anna arbeidarpartipolitikk, det eg savnar er likevel at Ap burde være tøffe nok til å vise kva delar av politikken dei har styrka ved å stryke dette. Slik det ser ut no så ser det ut som at dei innsparte pengane har gått til generell tenesteproduksjon i det offentlege utan at pengane er øyremerka til noko. Eg gjer meg også nokre tankar om at Arbeidarpartiet har blitt så store at dei også er litt schizofrene sidan det er så mange undergrupper i Arbeidarpartiet som har heilt andre politiske tankar. Dette er ikkje unikt for Ap, det gjeld sjølvsagt også andre store parti som ikkje har berre ei kjernesak. Som stemmegiver så setter det meg i ein litt vanskeleg skvis der eg på den eine sida må svelge nokre kamelar fordi om eg stemmer på eit stort parti så vil ein del av politikken i enkeltsaker gå imot det eg meiner er rett, samtidig så er det ikkje eit fullgodt alternativ å stemme på eit lite parti som aldri vil få særleg med politisk innflytelse. Og er det vesle partiet også eit ei-saks-parti så er det jo fullstendig bingo kva Bompengepartiet eller Pasientfokus meiner om utenrikspolitikken.
  11. Det er umogleg å seie, og det er ikkje gitt at dei som stemte Ap og som no angrer hadde stemt ei bestemt retning. Likevel, om vi antek at alle disse 43 000 stemte utifrå eiga lommebok, og heller hadde stemt Frp om det ikkje var for lovnaden om sletta studielån. Så hadde der ikkje råka Ap sitt fleirtal. Ap fekk 902 000 stemmer, med neste konkurrent som er Frp med sine 768 000 stemmer. Det er likevel godt mogleg at det var mange i fråflyttingstrua kommuner som gav Ap sin stemme sjølv om dei sjølv ikkje ville nyte godt av ordninga, enkelt og greitt fordi det vil være ein indirekte fordel med mange unge innflyttarar som kjem på grunn av sletting av studielånet. (Reint politisk så synes eg likevel at sletting av studielån er eit lite målretta tiltak for å sikre busetting i fråflyttingskommuner, sidan det på ingen måte finnes garantiar for at unge voksne blir værande etter at studielånet er nedbetalt. Då tenker eg at andre tiltak hadde vært meir treffande som tilsvarande tilskot til kjøp av bustad i slike kommuner).
  12. For meg så er største ulempen ved å kutte i ferjetilbodet at denne usikkerheita rundt både ferjepris og til dels også rutetilbud, er at dette vil føre til ei ny oppblomstring av kostbare forprosjekt til fastlandssamband som aldri kjem til å bli realisert. Eg vil tru at det totalt sett er billegare å tilby gratis ferjer som ein del av vegnettet enn det er å underholde muligheitene for å bygge bru eller tunnel til 10+ milliardar til glede for 50 fastbuande og eit par turistar. Men når det aldri blir forutsigbarheit rundt ferjetilbodet, så vil nok fleire kjempe for permanent fastlandsforbinding.
  13. Om eg legg all godvilje til grunn så kan eg kjøpe argumentet at det var ein feil å legge fram statsbudsjettet utan gratis ferjer og Ap hadde til hensikt å behalde denne ordninga. Men ingenting tyder på at dette er ein "feil" som Ap har til hensikt å rette opp i, noko som ville vært naturleg dersom det faktisk var ein forglemmelse å utelate denne ordninga i budsjettforslaget. På meg så virker det som at det Støre meiner var ein feil, er at det var feil av Arbeidarpartiet å love gratis ferjer utan å ha til hensikt å gjere det, altså einsbetydande med at det var "feil" å bevist lyge til velgarane.
  14. Dette forslaget er nok uproblematisk for dei fleste produsentar. Kravet om at også ladeklossen skal ha ha USB kontakt i staden for fastmontert kabel er vel i praksis innført hos dei aller fleste produsentar? Eg kan ikkje huske sist eg såg ein ladekloss med fastmontert kabel. Det einaste eg synes er litt problematisk med at fleire og fleire har gått over til USB-C i begge endar er at eg ender opp med mange ladeklossar med USB-A utgang, og som då medfører at eg i ei periode treng å ha USB kablar med både A og C variant i eine enden alt etter kva utgang som er tilgjengeleg. Per dags dato så veit eg mellom anna at ladekontakta på tog, fly og buss er USB-A uttak, så skal eg lade der så må eg også ha med ein USB-A til USB-C kabel og ikkje berre den USB-C til USB-C som følgte med mobilen min. Men om dette blir ny standard så vil nok også framtidens kollektivtransport gå over til å berre ha USB-C uttak. Det aller mest fornuftige med dette forslaget er likevel kravet til å merke både laderen og kabelen med effekt. Eg håper berre at det blir krav om ei tydeleg merking som er lesbar. Det burde være mykje enklare å lese på mobilladaren om den er kraftig nok til å også lade nettbrettet, eller laptoppen. Samt at om ladaren er kraftig nok, at du også har kabel som støtter slik lading. Mange ladekablar er dårleg merka, så i praksis blir det prøving og feiling når eg grev i kabelskuffa på om eg finn ein kabel som gir hurtiglading. Håper berre at vi også får tilsvarande merking av overføringshastigheit slik at det blir enkelt å finne ut kva USB-C kabel eg skal bruke når eg skal overføra mobilbilda til PC og ikkje berre lade.
  15. "Hen" er jo veldig praktisk dersom man ikke vet kjønnet til en person, å holde identitet anonymt og lignende. Kortere og enklere enn å skrive for eksempel "han/hun". Synes også at det er praktisk med eit kjønnsnøytralt pronomen, der det viktigaste bruksområdet er der kjønnet til den ein omtalar er ukjent eller skal holdast hemmeleg av omsyn til anonymisering. Det å heile tida skrive "vedkommande", "personen", eller "omtalte" er unødvendig tungvindt. Eg synes også bruken av "hen" er meir ryddig enn den ordninga som tidlegare var mykje brukt i regelverk og eksempel der ein bytta på å bruke han eller ho, som f.eks: "han som juksar får ikkje bestått, når ho som juksa blir tatt i juks skal eksmenen avsluttast. Han som er utvist frå eksemanslokalet får ikkje prøve igjen før ho har venta minst eit halvt år". Det einaste eg ikkje liker med "hen" som alternativ for "han" og "hun" er at på bokmål gir det fult meining å bytte ut "H*N" med ein nøytral bokstav som representerer at ordet er en mellomting eller begge delar. På nynorsk der ein bruker "han" eller "ho" så er ikkje "hen" like nøytralt sidan det språklegsett liknar mykje meir på "han". Eg trur nok også at dette kjem ganske fort, men antagelegvis meir i form av at framtidas garderober blir personlege avlukker, litt som det er på offentlege toalett. På den måten slepp ein å seinare måtte dele opp den tredje garderoba i ytterlegare underkategoriar. Når vi også les at symjehallane har store utfordringar med at ungdommane dusjer iført bokser fordi dei ikkje er vande med å være nakne saman med andre personar, så tenker eg at det også utifrå hygieneomsyn er like fornuftig med personlege dusjar som fellesanlegg. Konsekvensen av dette er at med personlege garderober så blir det plass til færre garderober, så folk må nok i større grad venne seg til å stå i "do-kø" i påvente av at det blir ledig garderobe, og det blir sjølvsagt både dyrare å bygge og ikkje minst vedlikeholde når det er 20 enkeltdusjar som skal vaskast i staden for eit stort rom med 20 dusjarmatur.
  16. Det å være leiar av eit helseforetak er nok ikkje ein jobb eg sjølv ville tatt på meg, så sann sett så er kanskje ikkje leiarlønningane for høge likevel. Eg synes likevel at det er umusikalsk med så store lønnsforskjellar, kanskje særleg i offentleg sektor. I Norge så har vi eit lønnssystem der ein prøver å minske gapet mellom høgt- og lågtlønna fordi det gir betre sosial stabilitet og mindre klasseskiller. Samtidig kan sjølvsagt ikkje få samme lønn, for då mister vi incentiva for å ta ekstra ansvar gjennom å investere i utdanning og liknande, så litt lønnsforskjellar må vi ha. På den andre sida så må ikkje lønningane for kvalifisert arbeidskraft bli så høge at vi i Norge ikkje er konkurransedyktige i utlandet, for då mister vi viktige inntekter. Skulle alle i oljenæringa hatt "sin del av verdiskapninga" med 10+ mill i årslønn som startlønn så hadde det blitt lite oljepengar til AS Norge. Ein av grunnane til at vi har så gode oljeinntekter som vi har er tross alt at vi har eit lønnssystem der lønningane i oljenæringa er langt lågare enn det som det strengt tatt er økonomi til. For min del så tenker eg likevel at den openbare løysinga er å redusere arbeidsmengden i leiarstillingane. Om helseforetaka må betale 3 mill i årslønn for å få tak i ein direktør, så kanskje denne direktøren heller burde hatt 1,5 mill og med to visedirektørar som får 750k i året? Lønnsutgiftene er dei samme, men det framstår som langt meir rimeleg enn at lønnsnivået løper løpsk. Det er eigentleg samme logikk som brukes i helsevesenet på stillingar ute på sjukehusa. I staden for å doble lønna til sjukepleiaren i håp om at sjukepleiaren spring dobbelt så fort så vil ein heller holde lønna nede og prøve å heller tilsette ein person til for samme pengane. At denne strategien ikkje fungerer i praksis fordi ein både held lønningane nede og lar ledige stillingar være vakante er sjølvsagt ei anna sak.
  17. Eg har ikkje gode kjelder på kor ofte slike problemstillingar dukkar opp anna enn at det innimellom dukker opp historier. I USA har det mellom anna vært nokre episoder der transkvinner har blitt sendt til kvinnefengsel og seinare blitt dømt for voldtekt av innsatte. Eg ønsker å være litt forsiktig med å fokusere for mykje på det seksuelle med transpersonar, for dei aller fleste blottlegger ikkje sin seksualitet i full offentlegheit. Går det bra at homofile menn bruker herredusjen så går det nok også fint at andre bruker herredusjen. Eg trur likevel at det er ein viss forskjell på kjønna i denne situasjonen der kvinner i større grad vil kjenne på ei usikkerheit og kanskje også redsel om dei må dele dusj med biologiske menn, medan menn vil nok reagere mindre negativt om det kjem ei biologisk kvinne inn i herredusjen. Dette er nok også grunnen til at det er langt mindre fokus på transmenn i menns rom enn omvendt. Om ein transmann ønsker å spele på herrelaget der ein både gjer samme "jobben" på fotballbana og deler garderobe etter kampen så er nok det mindre problematisert enn omvendt der ein biologisk mann ønsker å spele på damelaget då det også er problematisk reint sportsleg.
  18. Eg er einig i poenget om at vi ikkje skal hetse folk, og at vi kjem veldig langt med normal folkeskikk. Og i dei aller fleste tilfeller så speler det ingen rolle om kollegaen din eller postbudet går med kjole, har rosa hår eller piercing i leppa. Utfordringa er at det er ikkje i alle situasjonar at det er rett å behandle transkvinner som "fullverdige" kvinner. For eksempel så kan vi ikkje på bakgrunn av normal folkeskikk akseptere at det å identifisere seg som lesbisk transkvinne være frikort til å stå i damedusjen med ståtiss. Det sagt så er det i mindre grad problematisk om det blir valgfritt å velge mellom herre- og kvinnetoalettet der den einaste potensielle interaksjonen med andre er framfor handvasken på offentelge toaletter der det er fleire båser. Det å være transperson treng ikkje å bety at det i praksis skal være valgfritt kva rettigheiter og plikter ein vil følge, som til dømes når ein bytter kjønn på papiret for å kome inn på studier: https://www.dagbladet.no/nyheter/skiftet-kjonn-for-a-komme-inn-pa-studie/79954771 Dette konkrete tilfellet er nok ein rein protestaksjon, men det er likevel problematisk når det er like enkelt å bytte kjønn som å bytte mobilabonnement, og at at ein etter å ha fått studieplass like enkelt kan bytte tilbake. Kort sagt. Ja det koster lite å behandle andre mennesker med vanleg folkeskikk. Herunder å bruke ønska pronomen i situasjonar der det er naturleg. Men berre fordi nokon ønsker å tittelere seg som "Hennes kongelige høyhet Kåre Ås" så betyr ikkje det at det er uhøflig og ufølsomt at det berre står Kåre Ås på førerkortet. Tilsvarande er det heilt ulogisk å skulle omtale Kåre som "ho dama der borte" når du skal peike ut Kåre for ein ukjent person, når Kåre tilsynelatande er ein to meter høg mann med raudt heilskjegg. Om kåre er glattbarbert, kanskje med sminke og iført dameklær så er det sjølvsagt meir naturleg å bruke "ho" som pronomen når du skal peike henne ut i folkemengden.
  19. Det overordna spørsmålet er om kjønn og kjønnsidentitet i det heilr tatt er ord som skal ha ei betydning. Det er sånn sett ikkje nødvendig at kjønn er oppgitt i passet, at dodører har ulike skilt, eller for kven som kan gifte seg. Grunnen til at vi har hatt dette systemet er av praktiske grunnar, som at kjønn har vært ein enkel måte å dele befolkninga på, at todelte garderober minker seksuell trakassering, og at giftemål har tradisjonelt handla om det å få barn. Eg ser heilt klart at det å definere kjønn så biologisk at kvinner som ikkje kan få barn ikkje lenger er kvinner vil være sårt for mange. Samtidig så er det litt poenglaust om kjønn berre skal ha handle om det indre, for det gir ein del praktiske utfordringar som at dersom politiet finner eit oppskyllt lik med XY kromosom så kan ein ikkje lenger utelukke halvparten av tannlegejournalane i jakta på ein identitet. Om vi berre bestemmer oss for å slutte å bruke kjønnsinndeling så blir alt mykje enklare, men då må vi også tole at garderobene blir fellesgarderober, at kjønnspoeng på høgare utdanning forsvinn, at det fortsatt blir lovleg med positiv kjønnsdiskriminering, osv. Alternativet slik som eg ser det er ein nærmast uendeleg inndeling, med garderober for menn, garderobe for dei som har blitt menn, garderobe for transmenn, osv. Tilsvarande sjølvsagt også i andre alle samanhengar der vi i dag deler på kjønn som ekstra studiepoeng for høgskuleopptak, osv.
  20. Det vil typisk være fleire tilgjengelege appar på Apple produkt sidan det der er færre variasjonar i mobil/nettbrett slik at det er mindre fare for bugs. Det er likevel ein viss tendens til at mange utviklarar tenker at Apple brukarar er meir pengesterke og betalingsvillige slik at til Android er det ofte meir reklamefinansierte appar.
  21. All erfaring tilseier at dette blir gløymt. Begge eksempla meg Gro og Jagland demonstrerer jo heilt klart at det gjekk fint med Ap også i åra etterpå. Og sjølv om Høgre gjekk kraftig tilbake i årets stortingsvalg, så hadde det nok lite med Ernas handtering av aksjeskandalen som knappast vart nemt under valgkampen. Dette løftebruddet vil nok ikkje få betydning for Arbeidarpartiet, og i aller verste fall så vil Ap om 3,5 år legge skulda på Jonas som då trekker seg som statsministerkandidat og sikrer partiet folkets stemmer.
  22. Fotballen er såpass tradisjonsrikt at det er nok uansett uaktuelt med endringar. Heilt logisk sett så burde ein gjere store endringar i fotballen om det er dei komersielle kreftene som skal få råde, kanskje særleg med tanke på at fotballen på elitenivå er i dag meir ein TV-sport enn det er ein publikumssport. Om ein ønsker fleire scoringer, meir taklingar, og meir action så er det jo berre å gjere bana mindre og målet større. Om ein ønsker å ha færre scoringar og meir spenning på om det endelig blir scoring så kan ein innføre større bane og mindre mål. For meg så er den innlysande løysinga å lage ein ny fotball-liknande sport for kvinner, kvinner treng ikkje nødvendigvis å følge vanlege fotballreglar, og innfører ein kvinnetilpassingar i fotballen så har ein i praksis innført ein ny sport likevel. Eg trur vi unngår mykje støy ved å lage ein ny sport i staden for å "øydelegge" den vanlege fotballen. Dagens kvinnefotball og ein ny ballsport for kvinner kunne fint eksistert saman.
  23. Omfanget på offentlege tenester har auka, ved at mange grisgrendte strøk har f.eks.større andel eldre som skal ha heimehjelp samtidig som at dei som kan gjere jobben har flytta vekk. Dette gir vesentleg høgare utgifter ved at heimesjukepleiaren må bruke lengre tid på å reise frå sentrale strøk og ut i distrikta, som igjen gir få timar med effektiv arbeidstid. Eldrebølga treff hardare når det er store avstandar mellom dei som skal ha tenestene. I tillegg har krava til kvalitet i tenestene, og kontrollen med at krava blir oppfylt blitt skjerpa. For nokre år sidan vart det mellom anna innført rapporteringplikt for barnevernet og krav til at alle barn skal ha individuelle oppfølgingsplanar, og krava blir ytterlegare skjerpa i 2031 når kravet om mastergrad slår inn. Tilsvarande forskriftskrav har skuleverket fått, med kompetansekrav der lærarane no skal ha det faglege ansvaret for opplæringa utan rom for å delegere dette til f.eks. rektor. Andre endringar er at kommunane har ansvaret for å følge opp ungdom som ikkje er under utdanning eller i jobb opp til dei er 24 år mot tidligere 21 år, retten til morsmålopplæring har også blitt styrka. Alt dette medfører at kostnaden for det offentlege aukar for kvart nye kvalitetskrav som blir innført.
  24. Dette er resultatet av at vi i Norge har opprettholdt ei desentralisert befolkning. Danmark er eit lite land der det er lett å sentralisere tenestetilbodet, Sverige har omtrent avfolka bygdene ved å berre tilby offentlege tenester i sentrumsnære strøk. Om det er verdt kostnaden at alle kommuner uavhengig av størrelse skal ha eigen gamleheim, barneskule og rådhus blir då eit politisk spørsmål. Konsekvensen av å ikkje ta denne kostnaden er avfolkning av bygdene og større press på bustadmarkedet i byane og mindre grunnlag for verdiskapning i grisgrendte strøk.
  25. Om du har ein lokalt oppmøtestad, eller berre har oppdrag i nærområdet så hadde eg ført timar også for reisetida så lenge ikkje anna er avtalt. Så får det heller bli ein krangel i etterkant om arbeidsgivaren nekter å betale for reisetida. Eg tenker at det å bli sendt avgårde på kort varsel er såpass ekstraordinært at det er rimeleg å kreve betalt for all tida du stiller til disposisjon for arbeidsgivar. Eg tenker det også er eit argument at når fyrste arbeidsdag er i dag utan at det er inngått nærmare avtale så er alternativet å enten føre timar frå du reiser heimafrå, eller ikkje måte opp om du ikkje får betalt.
×
×
  • Opprett ny...