Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 800
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er nesten på grensa av useriøst å skulle gi lønnstilbod basert på statistikken og ikkje basert på ei konkret vurdering. Ein ting er at dei mister arbeidstakarar som mot ei høg lønn også gir høg inntening, men nesten verre er det at firmaet med denne policyen risikerer å overbetale dårlege tilsette ved at dei får medianlønn som dei ikkje er verdt. Det sagt så er det heilt greit å bruke statistikk som eit hjelpeverktøy, det som er på grensa til useriøst er å bruke statistikken som grunnlag for kvifor ein ikkje kan tilby rett lønn. Ja det kjem mykje ann på om det er ein jobb som du har interesse av eller ikkje. Er det berre lønna som er viktig så er det sjølvsagt ingen grunn til å kaste vekk tid om ein ikkje får ei lønn som er stor nok. Om jobben også er interessant så kan det være verdt å bruke tida på å gjennomføre intervju for å sjå kva du kan få tilbod om. Ein kan også alltid forhandle om meir lønn etter at ein har fått eit lønnstilbod, det verste som kan skje er at du får eit nei og at du då må vurdere om du skal akseptere jobbtilbodet med den lønna som er tilbudt eller avslå. Det er også verdt å nemne igjen at sjølv om lønna er veldig viktig, så bør ein vurdere totalpakken på det ein får tilbod om. Ting som heimekontor, muligheit for mykje overtid evt. lovnad om ingen overtid, betalt eller ubetalt matpause, utdanningstilbod, osv osv har også ein verdi i tillegg til den faste lønna.
  2. Tapet for ny eigar er der uansett, og er knytt til søknadsgebyret og ikkje om søknaden blir godkjent eller ikkje. For sjølv om søknaden blir avslått så betyr berre det at ny eigar slepp å bruke 30 000 på å søke sjølv (og få same svaret). For ny eigar så kan det være av stor betydning at muligheita for å bruksendre kjellaren er kartlagt. Og blir søknaden avslått så vil det være av stor interesse å vite detaljane rundt avslaget. Manglande teikningar er ein smal sak å ordne, særleg om det er dette som manglar for ei bruksendring. Er avslaget begrunna i f.eks. låg takhøgde så er det verre, men fortsatt realistisk moglegheit for å senke golvet om ein vil ha ei bruksendring. Men om slik bruksendring strid mot reguleringsplanen for området så kan det fort bli være at det uansett ikkje er mogleg å få bruksendra kjellaren.
  3. Jobber i offentleg forvaltning, men sysler eigentleg med mykje forskjellig. Av betydning for denne spesifikke tråden om heimekontor så kan eg uttale meg i å regi av av den litt sære kombinasjonen av å både være sakshandsamar, personalleiar og tillitsvald.
  4. Litt usikker på om den gamle regelen tek utgangspunkt i før eller etter skatt, men den tek i alle fall ikkje omsyn til utgifter. Noko av grunnen til at ein baserte forlovelsesringen på månadslønn var at det var ein måte å demonstrere både ovanfor kjæresten og alle andre kva ein hadde i lønn utan å seie lønna høgt. Dette førte til at det gjekk litt inflasjon i systemet sidan dei som ikkje tente så veldig godt brukte meir enn to månadslønningar slik at det virka som at dei hadde meir i lønn enn kva dei i realiteten hadde.
  5. Med fare for å være veldig uromantisk, så er nok den viktigaste faktoren kva ho verdsetter. Trur du ha vil ha ein veldig dyr ring som ho kan skryte av eller trur du ho heller vil at du skal prioritere noko anna? I tillegg så skal jo forlovelsesringen per definisjon være midlertidig fram til giftemålet og gifteringen tek over. Sjølv om mange brukar forlovelsesringen på den andre handa så er det også mange som berre legg forlovelsesringen i smykkeskrinet, eller tek den med tilnein gullsmed for å lage eit anna smykke av den.
  6. Min meining er at det kjem heilt ann på korleis produsenten designer utstyret sitt. Dersom batteriet kan skiftast av kunden så kan batteria være definert som ein forbruksvare, men om batteriet er innebygd så må produsenten forhalda seg til at ein då har gitt 2 års reklamasjon også på batteria fordi batteria er ein intergret del av heile produktet. Eit batteri som er definert som forbruksvare vil ein då berre kunne reklamere på om batteriet ikkje oppfyller dei spesifikasjonane som produsenten har satt, som kan være X timars bruk eller Y ladesyklusar. Kva ei forbruksvare skal være er også litt dårleg definert, men vanlegvis så er ei forbruksvare ei vare som ein forventar skal bli gradvis oppbrukt, til motsetning av ein ting som ein kjøper for å ha ei stund.
  7. Kjenner meg i alle fall delvis igjen. Når ein er på kontoret så kjennes det som at ein får full uttelling for å ha møtt opp, medan når ein er på heimekontoret så kjenner ein i større grad på at du må ha produksjon å vise til for å kunne forsvare at du er på heimekontor. Til ein viss grad så er det ein form for logikk i ein slik tanke gang. For ein av fordelane ved å være fysisk på plass på kontoret der også sjefen din er, er at dersom du har lite å gjere så er det lettare for sjefen å oppdage/forstå det og gi deg arbeidsoppgåver. Eller gi deg aksept for at det er tilstrekkeleg at du er tilgjengeleg sjølv om du ikkje har så mykje å gjere. Sitter du bortgjemt på heimekontoret så har sjefen mindre moglegheiter for oppfølging (for ein skal heller ikkje overvåke sine tilsette), så når du sitt på heimekontor så er det nok mange som kjenner på at dei må ha arbeidsoppgåver til minst heile dagen.
×
×
  • Opprett ny...