Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    21 021
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er rett det du seier med at Ukraina er forsiktig med å angripe Russland, det er ikkje berre fordi det er ein risiko for at Russland kan svare med atomvåpen, for atomrisikoen er eigentleg ikkje så stor. Om Russland atombomber Ukraina så vil ein både øydelegge jordbruksområda som utgjer store delar av verdien i Ukraina, samt at resten av verden vil være nødt til å reagere, også tidlegare vennar av Russland som Kina og India. Ein annan grunn til at Ukraina ikkje angrip Russland direkte er at russisk antiluftskyts er litt for effektivt til at at det er verdt å miste jagerfly berre for å nå mål litt inne på russiske territorier, til slike måle er droner vel så effektive som dyre jagerfly. Likevel så er jagerfly viktig for Ukraina for å sikre eige luftrom. Droner er lite effektive mot russiske bombefly. Eit godt luftforsvar gjer at Russland i liten grad kan bruke bombefly og helikopter, og må i staden bruke droner, raketter, og eventuelt bombefly som kan fly så høgt at det er vanskeleg å skyte dei ned. Utan jagerfly til å beskytte ukrainsk luftrom så ville Russland kunne brukt meir vanlege luftfartøy som bombefly, jagerfly og heilkopter.
  2. Eg meiner at dette er vel så mykje eit problem med at ulike bilar viser ulik hastigheit på speedometeret. Veldig mange veit (eller trur) at speedometeret viser 10 km/t feil og køyrer der etter, disse deler då vegen med dei som ikkje kjenner den reelle farta til sin bil som er påpasselege med at nåla aldri bikker over tillat hastigheit. Det er ganske få som ønsker å konstant bryte fartsgrensa, grunnen til at ein då legg seg 10 over, er at ein meiner på at det gir rett fart, og at om det skulle være fartskontroll så vil fråtrekket på laseren sikre at ein ikkje får bot. Den lågaste fartsbota ein kan få 1-5 km/t over tillatt fartsgrense gir 1200 kr i forenkla forelegg, og sjølv om det er ei lita bot i norsk samanheng så er det få som vil gamble på at politimannen med laseren ikkje har ein dårleg dag og insisterer på å gi deg 1200 kr i bot for å ha blitt målt til 71 km/t i 70-sona, som ein etter forskrifta har anledning til å gjere. Eg trur at mykje av denne daglegdagse irritasjonen hadde ordna seg om alle bilar hadde vist meir nøyaktig fart, som til dømes ved å bruke GPS i tillegg til hjulrotasjon for å kalibrere speedometeret til å vise korrekt hastigheit uavhengig av om ein har på sommar eller vinterdekka. Alternativt kunne ein plassert ut fleire slike fartsmålarar langs vegen som minner billisten på kva som er bilens reelle hastigheit. Kan starte med at eg er heilt einig i at geo-fencing er ein dårleg idé, skal ein bruke slik teknologi så må det være avgrensa til heilt spesielle omstendigheiter, som i gågater som er opne for varelevering, på parkeringsplassen i barnehagen, eller liknande. Slik teknologi må ikkje brukast på landevegen. Likevel så er det særdeles sjeldan at meir fart er nødvendig. Sjølv i tilfeller der nokon får illebefinnande så har vi fleire dommer der bilføraren fekk bot og kanskje også inndratt førarkort fordi retten konkluderte med at det ikkje var ein nødvergesituasjon. Argumentasjonen er at risikoen for at bilisten som køyrer for fort og forårsaker ei ulykke som potensielt kan skade både pasient, bilførar og alle som er i eventuelt motgåande køyretøy eller som går langs vegen, er så stor at det samfunnsmessig ikkje er verdt det. Faren for at det skjer ei ulykke der bilen går i grøfta og pasienten med illebefinnande i tillegg no blør eller har fått bruddskader er relativt stor, særleg når den som køyrer bilen er superstressa og risikovillig i forsøket på å redde den med illebefinnande som typisk er eit familiemedlem eller venn. Dette er igjen grunnen til at vi har eige sertifikat og eigne bilar for utrykkingskøyring, der ein likevel aksepterer at nokre køyretøy kan bryte fartsgrensa under forutsetning om at bilførarern har dokumentert kompetanse til å både køyre bilen og ikkje minst vurdere risikoen. Ein ambulansefører som har dette som yrke vil ikkje utsette andre trafikkantar (eller seg sjølv) for fare berre for å spare nokre få sekund for pasienten. Når du ser utrykkingskøyretøy i lyskryss så vil du sjå at dei ofte held svært låg hastigheit gjennom krysset, til og med når dei har grønt lys. Dette fordi det alltid er ein risiko for at ein bilist med raudt lys som ikkje har sett blålysa blir forvirra av at dei med grønt lys ikkje køyrer, og feiltolker dette som at det er trygt å køyre til tross for raudt lys.
  3. Synes det er veldig greit at man kan få fagbrev i ein jobb ein kan, det har også nokre praktiske sider, som at fagbrevet er dokumentasjon på at du kan jobben din, noko som er særleg viktig som elektriker eller ambulansearbeider der tenestemottakaren ikkje nødvendigvis kan stole på at du har fått god nok opplæring på arbeidsplassen. Fagbrevet er også dokumentasjon på at du kunne fått deg ein tilsvarande jobb med tilsvarande lønn om du skulle bli ufør og har behov for å dokumentere kva som er sannsynleg inntekt om du ikkje hadde blitt ufør. For butikkfaget handlar det mest om at som jobbsøker så kan du legge fram fagbrevet i søknaden slik at butikksjefen som kan tilsette deg veit at Fylkeskommunen har gått god for at du har eit minimum om kompetanse. Du kunne sjølvsagt søkt utan fagbrev og vist til attest frå Hansen skobutikk om at du har jobba der, men du kjem ganske langt ned på søkarlista. Alt det sagt, så er er den største "feilen" med fagbreva at veldig mange fagbrev på lista du lenker til burde berre være tilgjengelege gjennom praksiskandidat ordninga. Det å gå to år på vidaregående for å lære teorien om f.eks. butikkfag og deretter ta fagbrevet etter berre to år med praktisering gir etter mitt syn avgrensa nytte. Praksiskandidatordninga fungerer slik at dersom du har jobba 5 år i butikk (25% lengre enn normaltid) så treng du berre å ta ein teorieksamen for å bekrefte at du har lært teorien, og deretter ei praktisk fagprøve for å få fagbrevet. I tillegg så har vi som denne tråden handlar om, utdanna folk for mykje. Har du tatt ein bachelor eller mastergrad i eit fag som plutseleg forsvinner heilt, så er valget ofte mellom å finne seg ufaglært arbeid som "alle" kan utføre, eller å gå tilbake på skulebenken for å ta ein ny utdanning i eit anna fagfelt. Når vi i tillegg straffer dei som tek seg ny utdanning med at dei mister dagpengane fordi dei teknisk sett er studentar, så blir det alt for dyrt for ein del å ta ny utdanning når det medfører å selge hus og bil for å kunne leve på studentbudsjett i 3-5 år.
  4. Det er nok eit område der AI ikkje klarer å gi gode svar. Når arbeidsgiver initierer oppseiinga så bør du sjølvsagt be om ein sluttpakke, men om det er begrunna i personlege, arbeidsmessige eller økonomiske grunnar slik som AI'en listar opp så er det vanslegvis også sakleg grunnlag for oppseiing utan at arbeidsgivar treng å tilby sluttpakke. Samme ved omorganisering eller nedbemaning, arbeidsgiver vil ofte kunne seie deg opp med det som begrunnelse, og det er ikkje særleg vanleg at arbeidsgivar ønsker å betale den tilsette etterlønn i fleire månedar berre for å spare seg ubehaglegeita med å skrive brev om at arbeidstakaren er oppsagt og har tre månedar med oppseiingstid. Tredje punktet om konfliktfylt situasjon er eit unntak, dette er eit godt svar. Sluttpakke er ofte løysinga der den tilsette kranglar og er ueinig med sjefen. Å være ueinig med sjefen er ikkje oppsigelsesgrunn så lenge den tilsette likevel gjer det sjefen har bestemt, men ettersom det for sjefen er ubehageleg å skulle jobbe samaman med nokon som heile tida protesterer så er det ofte eit godt alternativ for å kjøpe seg ut av eit problem med å tilby den kranglete tilsette betaling for å seie opp jobben. Fjerde punkt er berre tull. Ein tilsett som har så gode kvalitetar får ikkje sluttpakke, for arbeidsgivaren vil jo ikkje at den beste tilsette skal slutte i jobben. I slike situasjonar er det langt meir vanleg (og fornuftig) å tilby lønnsaukning for at den dyktige tilsette ikkje skal seie opp jobben sin. Også neste siste punkt om når ein ikkje skal be om sluttpakke er etter mitt syn heilt feil. Har du uansett tenkt å slutte så er det jo større grunn til å be om sluttpakke for å prøve å få med deg mest mulig. At sannsynlegheita for å få sluttpakke er nok liten, men det er ei anna sak. (Kan også nevne at før du leverer oppseiinga for å starte i ein ny jobb så kan det være lurt å forsøke seg på å søke om ulønna permisjon, det skal nok litt til for at du får permisjonssøknaden innvilga, men om du får det så er du sikra ein jobb du kan falle tilbake til om den nye jobben ikkje var så bra som du trudde). Siste punkt er berre delvis rett. Ein sluttavtale kan inneholde ein klausul om at du ikkje skal gå til sak, men det er ikkje så vanleg. Men sjølv om ein eventuell sluttpakke vil inneholde ein slik klausul så er det absolutt ingen grunn til å ikkje be om sluttpakke likevel, sidan ein erstatningssak inkludert advokatutgifter fort kan koste veldig mykje og i tillegg gi bedrifta dårleg omdøme, så er det ein gyllen muligheit for å sjekke om du kan få ein sluttpakke som er meir attraktiv enn det du potensielt kunne sitte igjen med etter ei erstatningssak mot arbeidsgivar. For ikkje å nevne at sjølv om du har ei god sak, så er det ikkje gitt at du vinner fram, så sikre pengar som du kan få gjennom ein sluttpakke er meir verdt enn hypotetiske pengar du kan vinne etter nokre år i rettsvesenet.
  5. Det som eg eigentleg synes er det verste er at vi har fått nokre polariserande uttrykk som nazist, venstresiden, woke, kommunist, osv som blir mykje brukt i politiske debattar men utan påfølgande definisjon eller spesisfisering. Eg synes dette øydelegg det som kunne vært konstruktive politiske debattar ved at ein i staden for å fremme eigne meiningar så går ein i skyttergrava med påstandar om kva den andre parten meiner, meiningar som aldri er særleg nøyaktige. Når Putin hevdar at Ukraina er styrt av nazistar så gir det ingen meining utover å godsnakke med Putin sine tilhengarar som får høyre akkurat det dei vil høyre. Det Putin burde gjort er å argumentere for kva som er feil med det ukrainske styresettet, men det gjer han sjølvsagt ikkje fordi det er mykje vanskelegare enn å henge ein merkelapp på dei. Det er også tilsvarande andre vegen når ukrainere og resten av vesten kallar russiske soldatar for "Orcs" så er det ein merkelapp som gjer det enklare å hate alle, men vi veit at den russiske hæren består av eit langt større mangfald enn berre dei som er hjernevaska og som driv med krigsforbrytingar i Putin sitt navn, det er også dei som er tvungne til å kjempe for Russland og som ønsker å overgi seg for å desertere ved fyrste anledning dei kan gjere det utan å bli skutt i ryggen av sine eigne.
  6. Dersom du kan vise til at du hadde rimelig grunn til å seie opp sjølv så får du dagpenger frå fyrste dag. Nav sine eksempel på rimeleg grunn er at ein har helseutfordringar, eller har blitt utsatt for mobbing på arbeidsplassen. At ein uansett ville blitt sagt opp vil også kunne utgjere slik rimeleg grunn, men det må kunne dokumenterast.
  7. Her må ei enkelt og greit vurdere sluttpakken opp mot sannsynlegheita for å få behalde jobben opp mot sannsynlegheita for å finne seg ny jobb før sluttpakkeperioden. For å kunne hjelpe til med å gi råd så må vennen din vurdere alle sider. Sluttpakke er gull når ein eigentleg er på veg ut likevel og ein får raskt ny jobb. Om ein er mindre attraktiv på arbeidsmarkedet så er sluttpakke mindre aktuelt sidan ein då bør krige om å få behalde jobben. Om det uansett er klart at ein blir sagt opp så er det å takke ja til sluttpakke betre enn å bli sagt opp med vanleg 3 mnd oppseiingstid. Eg vil også kommentere at det er lurt å vurdere om det føreligg eit sakleg grunnlag for nedbemanning, nå er det ikkje veldig strenge krav for at nedbemanninga er sakleg, men ein av grunnane til at sluttpakke ofte blir tilbudt er fordi det kan være enklare for bedrifta om folk seier opp frivillig mot sluttpakke mot at bedrifta går til oppseiing som i verste fall kan ende opp i arbeidsretten om den som blir oppsagt går til søksmål.
  8. USA kan ikkje deaktiver jagerflya, ein slik funksjon ville blitt oppdaga. Det er likevel andre ting som USA i teorien kan gjere ved å ikkje tilby oppdateringar og reservedelar om igjen gjer flyet mindre effektivt. Min meining er at det ved innkjøp av F35 vart lagt for mykje vekt på å ikkje miste det gode flyfaglege samarbeidet med USA som vi har opparbeidd gjennom mange år med F16 og pilotutdanning i USA. F35 vart valgt fordi vi med disse flya kan supplere eit samla NATO, eg hadde likevel heller sett at vi hadde veklagt meir kva jagerfly som er eigna til å forsvare Norge utan å være avhengige av hjelp. Gripen har heilt klart nokre fordelar ved å kunne brukast nærmast som ein gerilja styrke som ikkje er avhengig av ein stor flybase.
  9. På ferger følgjer ein same prinsippet som på tog, forskjellen går på om du setter deg ned i salongen eller ikkje. Eg er ellers heilt einig i at slik ulik moms er ei dårleg løysing på mange måtar, ein ting er at det er forvirrande , men verre er det at det i liten grad er mulig for ein kiosk å kontrollere. I prinsippet må kiosken sørge for å kaste ut kundar som har betalt take-away moms men som setter seg ned likevel, men det skjer sjølvsagt ikkje. Om ein absolutt skal ha dette skillet så meiner eg at det hadde vært betre å sette skillet på korleis maten blir servert, og ikkje kvar maten blir fortært. Ein enkel målte å skille det på er å fastsette momsen utifrå om maten blir servert på fat eller i take-away emballasje med eingongsbestikk. Sjølv om McDonaldds kallar seg restaurant så får du ikkje mykje restaurantfølelse av å sette deg ned ved eit bord med burgeren innpakka i boks for take-away og brusen i pappbeger med pappsugerør, det hjelp heller ikkje å vite at dette har du betalt full moms for. Er du på ein skikkeleg restaurant der du får servert maten ved bordet og nokon tek oppvasken for deg, ja då kjøper eg argumentet om at det du kjøper er like mykje ei teneste som det er mat, men det blir for dumt å skille mellom om du har tenkt å ta ein bit av pølsa før du har gått heilt ut av bensinstasjonen eller ikkje. Hadde skillet gått ved ordentlige fat og metallbestikk så hadde det også vært lettare å sjå kvar grensa går, og ikkje minst er det større sannsynlegheit for at t.d. McDonalds sine tilsette hadde reagert om du bestilte full meny med full moms for å sitte i "restauranten" og så hadde du tatt med deg tallerken, bestikk og stettglass på veg ut døra.
  10. Litt off-topic, men kevlar vest og liknande materialer fungerer best mot kuler som treffer med stor kraft slik at kula blir flat og dekker eit større område. Ein kniv eller også piler som er spisse og har mindre energi kan kutte ein og ein tråd og på den måten ta seg gjennom det beskyttende laget. Er det snakk om "ekte" skuddsikre vester som har keramiske plater eller liknende i tillegg så vil den plata lett stoppe også kniv og piler. Sjølv om eg er einig i at det det er like greit at det fortsatt er ulovleg å jakte med pil og bue, særleg med tanke på snikjakt og kriminelle handlingar. Så er er det slik at teknologien har gått framover også på meir primitive våpen. Moderne jaktbuer og jaktpiler påfører ikkje nødvendigvis dyra meir liding, i enklelte tilfeller blir det argumentert for at avlivingen er meir skånsom enn ved tradisjonell jaktammunisjon som fungerer ved at dyret får blunte skadar etter sjokkbølga frå treffet. Ei jaktpil med sylskarpe blad har større sannsynlegheit til å forårsake så store og raske blødningar at dyret mister bevistheita nesten momentant. Eit dyr som har blitt skadeskutt med jaktvåpen har mykje større muligheit for å stikke av og dermed få lengre liding sidan skuddsåret blør relativt lite, kontra eit dyr som har blitt skadeskutt med jaktpil og har ei djup flenge som blør mykje nesten uansett kvar på kroppen pila traff. Han buemannen i Kongsberg brukte vanleg bue som er berekna til å skyte med blink der pilene har ein metallspiss, men det er berre ein metallspiss som har samme dimensjon som resten av pila. Hadde det blitt brukt jaktpiler så hadde skadeomfanget for han som vart truffet av pila vært noko heilt anna enn berre ei penetreringsskade der pilskaftet stod i såret og hindra blødning.
  11. Må nesten kommentere at dersom ein leiger møblert leilegheit så kan ein sjølvsagt ikkje selge inventaret som utleigaren er eigar av. Kjøper du møblert (urydda) leilegheit så kjøper du også møblane og kan kaste eller selge dei.
  12. Kan starte med at tarifflønna etter tariffavtalen er den avtalte garantilønna som bedrifta/butikken har forplikta seg til å ikkje betale under. Det er lov å lønne dei tilsette meir enn garantilønna, så sjølv om din kone oppfyller vilkåra til å få minst 210 kr i timen så er ikkje det til hinder for at det er lov å avtale at ho skal få meir i lønn. Litt avhengig av detaljane i kva som har blitt sagt når, og kva som kan dokumenterast eller sannsynleggjerast så er det godt mogleg at det her er grunnlag for å hevde at det er særskilt avtalt per SMS at ho skulle få ei timelønn på 257 kr. Sjølv om det er tatt eit atterhald i tekstmeldinga så er det ikkje gitt at det er tydeleg nok. Det som taler mot at ho har ein individuell avtale om 257 kr/t er at det virker som at det gjennom heile prosessen berre har vært snakka om garantilønn og at ein har hatt som intensjon å berre betale den lågaste lønna som det er lovleg å betale for ei bedrift med tariffavtale. Basert på summane så virker det som at dette er ei bedrift som følger landsoverenskomsten mellom Virke og HK, der er trinn 6 høgaste trinnet, men igjen så er det ikkje slik at alle tilsette uavhengig av alder og ansiennitet aldri kan få høgare lønn enn det dei i overenskomsten har kalla minstelønnssatsen. Eit greit tips å ta med seg er at ein veldig vanleg grunn til at ein ikkje blir plassert i det lønnstrinnet ein hadde sett for seg er at HR ikkje har fått dokumentasjon på all praksis som skulle ligge til grunn for berekninga, eller at dokumentasjonen har vært for mangelfull til at ein har fått full uttelling på dokumentert erfaring. Så ein god plass å starte er å kontrollere at HR har fått det dei treng av dokumentasjon for å berekne rett ansiennitetsnivå.
  13. Synes det er heilt rimeleg. Fagorganisering er ei forsikringsordning, og på samme måte som at du ikkje kan kjøpe husforsikring dagen etter at huset ditt brant ned og forvente å få full forsikringsutbetaling, så kan ein ikkje forvente at nokon brukar arbeidstid på å hjelpe ein person som ikkje eingong er medlem.
  14. Dei som argumenterer for jakt med bue dreg ofte fram at det er ein effektiv avliving fordi ein bruker breie pilspisser med barberskarpe blad som gjer så stor skade at dyret dør raskt av blodtap, også om det er snakk om skadeskyting. Det blir også argumentert med at fordi rekkevidden med bue er relativt kort så er det ingen hensikt å prøve seg på andre skot enn dei ein veit kjem til å treffe. Til småvilt så brukes det ofte bunte spisser som treff med så stor kraft at dyret blir slått ut om det ikkje døyr momentant. Som ved all anna jakt så er det ferdigheitene til jegeren og bruk av tilpassa jaktutstyr som avgjer om dyret blir avliva på ein effektiv måte eller ikkje. Skyt ein på dyr med piler berekna for blinkskyting så blir det vanskeleg å ikkje skadesktyte, men tilsvarande skadeskyting blir det også om ein jaktar med feil kaliber. Det å øve, det må ein gjere uansett kva våpen ein bruker til jakta.
  15. @Hugo_Hardnuts Min eigen erfaring frå studierettleiarar er at dei nesten* berre kunne å fortelle kva ingeniørskular eg kunne søke på for å bli ingeniør, eller kva universitet eg måtte søke på for å bli tannlege, men om eg hadde passa til eit av disse yrka kunne dei ikkje svar på. *) I rettferdigheitas namn så må eg legge til at studierettleiarane var gode til å gi råd om fagsamansetting slik at eg kunne gå ut av vidaregåande med eit vitnemål med nok realfag til at det kvalifiserte til f.eks. ingeniørutdanning. Problemet var berre at det var lite hjelp å få til kva utdanning som var fornuftig å satse på utifrå mine interesser, evner, og ikkje minst jobbmuligheiter. Eg gjer meg også nokre tankar om at dei akademiske utdanningane i dag inneheld mykje grunnleggande kompetanse som strengt tatt ikkje er superrelevant for jobben ein ender opp med. Særleg med dagens tilgang til å søke opp informasjon, og i ein arbeidskvardag der straumbrotet skal vare over tid før ingeniørkontoret som tek fram lommekalkulatorane eller legekontoret børster støvet av legehandboka for å kunne fortsette å jobbe utan hjelp frå datamaskiner. Mykje av den høgare utdanninga i dag burde ha meir fokus på informasjonsinnhenting, kildekritikk, og kanskje også skriveferdigheiter, og langt mindre memorisering av ting. Det er kanskje litt på siden av temaet, men når vi no fyrst har fått "mastersjuka" i arbeidslivet så hadde vi nok vært betre tent om masterstudenten hadde mastergrad i Googling enn slik som det er i dag at studenten har lært å manuelt utføre oppgåver som i dag er 100% automatisert og utført av datamaskiner.
  16. Om ein ikkje skal berre sjå på kostnadar med produksjon og distribusjon så blir det vanskeleg å spå prisen. Korleis totalprisen for naturgass kontra hydrogen vil holde seg med politisk styrt prissetting er vanskeleg å spå. Om det er stor nok politisk vilje til å satse på hydrogen så kan ein politisk vedta ordninga som subsidierer hydrogen, eventuelt legger så store avgifter på naturgass og andre energikjelder at det blir for dyrt å bruke andre ting enn hydrogen. Det er derfor det har vært gitt så store tilskot til hydrogen-prosjekt, det er politisk vilje til å prøve å opprette både produksjon og forbruk av hydrogen med målsetting om at dette skal drive hydrogenprisen nedover.
  17. Som artikkelen tek for seg så er utfordringa veldig samansatt. Eit viktig moment er at arbeidsledigheita blant dei under 25 år er ikkje nødvendigvis så relevant. Mange i denne gruppa er fortsatt under utdanning. Statistikken viser at berre 58% fullfører 3 årig bachelorutdanning på 3 år, og 55% fullfører 5 årig masterutdanning på 5 år. 1 av 5 studentar har eit studieopphold på meir enn 2 år sidan mange tar seg friår, er i militæret, får barn, osv. Det må også nevnes at når SSB måler arbeidsledigheit så reknar dei berre med personar som ikkje er i betalt arbeid og som aktivt forsøker å skaffe seg arbeid, og i tillegg var tilgjengelege for å jobbe. Som det går fram av artikkelen så er det også eit stort misforhold mellom unge med rett utdanning og kvar jobbane er. Når NAV viser til at det er 2200 ledige stillingar innan ingeniør- og IKT-fag, og samtidig har registrert 4400 arbeidsledige som har denne kompetansen, så er det også betimeleg å spørre om det er jobbane som er plassert på for utilgjengelege plassar, eller om det er dei arbeidssøkande som ikkje er villige til å flytte dit det er arbeid. Det er sjølvsagt ei samansatt problemstilling, men det er sjølvsagt openbart at om alle tek ingeniørutdanning i heimbyen sin og ikkje vil flytte på seg etter utdanninga så får vi for mange ingeniørar i akkurat den byen, og for få i nabobyen som har spesialisert seg på å utdanne lærarar. Eg trur ikkje at løysinga er å desentralisere høgare utdanning slik at kvar kommune/fylke berre får utdanne akkurat den mengden fagpersonar som det lokale arbeidsmarkedet treng, men det er nok heller ingen god løysing å tvinge bedriftene til å etablere seg berre der der finnes universitet som tilbyr den aktuelle utdanninga. Utfordringa er som nemt kompleks, men om eg hadde fått bestemme så ville eg innført følgande endringar Høgskular og universitet må få inntekter frå staten basert på talet på ferdigutdanna studentar med relevant utdanning og ikkje berre fullført utdanning. Det er oppretta alt for mange grader som er konstruert for å få mange studentar gjennom graden slik at universitetet tener pengar, og det er alt for lite tanke på kva alle disse personane skal jobbe med etter dei er ferdige. Det er alt for mange som har mastergrad i humanistiske fag og alt for få arbeidsgivarar som etterspørr slik kompetanse. Grunnen til at det er slik er at systemet premierer universitet som frister studenter til å ta utdanningar som kanskje både er enklare og meir spennande enn å studere kjemi eller konstruksjonsfag. Arbeidslivet må bli flinkare til å rekruttere basert på andre ting enn berre utdanning. Det har gått inflasjon i mastergrader, noko som gjer at vi nå har massevis med potensielle arbeidstakarar med sterk teoretisk kompetanse og null erfaring. I "gamle dagar" så var mastergrad noko som ein tok etter mange år i arbeidslivet. Det er derfor dagens mastergrader også har forskning som pensum, for frå gamalt av så brukte studenten sin data som ein hadde samla inn gjennom å jobbe med yrket, som ei så brukte som grunnlag i forskning som igjen resulterte i ei masteroppgåve som andre kunne lese for å skaffe seg meir kunnskap. I dag så er det få av masteroppgåvene som er eigna som faglitteratur, for heile masteroppgåva er skrevet basert på opplysningar som studenten har samla inn på 14 dagar for å rekke å bli ferdig med oppgåva innen fristen, og ikkje på opplysningar som ein har samla inn gjennom 14 år med yrkeserfaring. Mastergrad og doktorgrad er eit arbeid ein tek på seg på slutten av yrkeslivet for at kompetansen skal kunne delast med neste generasjon, i dag har det i staden blitt inngangsportalen til yrkeslivet. Kanskje viktigast er det likevel at vi må ha gode studierettleiarar på både vidaregåande og ungdomsskulane som har god kjennskap til både utdanningar, arbeidsmarked og ikkje minst typiske arbeidsoppgåver for bestemte yrker. Det er alt for mange unge som etter ungdomsskulen ikkje har klart å bestemme seg for kva dei vil jobbe med, dette fører til at dei går allmennfag for å kjøpe litt tid, allmennfag gir ingen relevant kompetanse, så då må ein også ta høgare utdanning, har ein tatt "feil" bachelor der ein ikkje får seg jobb så er det rett over til mastergrad, og problemet blir berre større. Mange av disse studentane hadde nok trivdes minst like bra med yrkesfagutdanning, og ein ville vært betre stilt med mindre studiegjeld og tidlege lønnsinntekter. For kvar student som studerer musikkvitenskap så burde det vært ein voksen som forsikra seg om at studenten var klar over kor snevert arbeidsmarkedet faktisk er for musikkvitenskap.
  18. Fysiske grunnar for å være ufør er meir enn berre det som er synleg, mange uføre er uføre av ting som også er til hinder for å køyre bil. I alle tilfelle så er det svindyrt med, så kostnaden av billig husleige + personbil blir fort veldig samanliknbar med høg husleige + busskort.
  19. Bustadprisane er berre ein liten del av kostnaden. Om alle uføre hadde flytta ut frå byane så hadde dei kunne budd billegare, evt. betre, men til gjengjeld så hadde dei fått auka utgifter til transport, høgare matvareprisar i butikkane i grisgrendte strøk, osv. Om alle uføre ikkje hadde hatt andre behov enn å sitte heime, eventuelt spasere rundt i nabolaget, så hadde det vært fordelaktig for både uføre og bustadprisane i byane om uføre flytta til bygdene. Den praktiske utfordringa er at det er ikkje så enkelt, dei fleste uføre har andre behov også utover å berre sitte heime.
  20. Kvifor det? Er matvareprisane i ei særstilling? Kva med anna prisauking på slik som bustadprisar/leigeprisar, straum, transport, osv? Eg skjønner sjølvsagt at ein er bra ufordrageleg om ein tek til orde for at matvareprisane er alt for låge, og helst burde være mykje høgare. Men samtidig så er det også slik at vi i gjennomsnitt bruker mindre og mindre andel av lønna vår på mat. I dag bruker vi i snitt i underkant av 15% av inntekta på matvarer, mot ca 20% i 1980. Største utgiftsposten med god margin er bustad, straum og oppvarming. Om ein verkeleg skal gjere tiltak som gjer at folk flest får betre råd, og også auka livskvalitet, så er det å innføre tiltak som reduserer buutgiftene, som til dømes straumprisane. Heile ordninga med Norgespris er nesten ein vits, sjølv om det hjelp godt på å få låst prisen gjennom vinteren så er prisen å betale at ein må betale overpris på straumen gjennom heile sommaren.
  21. Det som ofte skjer i praksis er at om det er ukjent førar av bilen så henvender politiet seg til registrert eigar. Når bileigaren då hevdar å ikkje værer førar av bilen, så må politiet finne bevis for kven som var førar. Dette gjeres ofte ved å kalle inn til avhøyr der bileigaren plikter å møte opp, men bileigaren treng ikkje å forklare seg men det kan være at den som ikkje forklarer seg blir innkalla til rettsleg avhøyr der ein har forklaringsplik.t Fyrste steg for politiet er gjerne å få stadfesta om bileigaren snakkar sant ved å samanlikne bildet som er tatt med bilde av bileigaren. Om fotoboksbildet er for dårleg eller det er klart at det er nokon andre enn bilførar som køyrde bilen så blir saka fort henlagt sidan det er for tidkrevande å skulle etterforske etter ein mistenkt, og deretter føre bevis for at det er den mistenkte som var førar av bilen. Realistisk sett er det ofte i slike saker at ingen får bot om bileigar ikkje aksepterer det forenkla forelegget eller utleverer den som var førar. Er det gode bilder frå fotoboksa så kan politiet sjølv spore opp bilføraren om ein prioriterer å bruke tid på det, det vil ein ofte ikkje gjere i slike småsaker.
  22. Eg merker at matvareprisane auker, men det er ikkje til eit slikt nivå at eg ikkje kan handle som normalt. Då må matvareprisane stige mykje over ei lengre periode. Sjølv om matvareprisane i år har auka meir enn lønnsveksten min, så er det ein viss form for balanse. Eg betalar meir for varer og tenester, men samtidig så har eg også fått meir inn på konto. For meg så er det ei større utfordring med alle dei andre prisane som har auka enn akkurat matvareprisen. Eg trur at ein av grunnane til at folk reagerer på matvareprisen er at dette er prisar som mange har eit nært forhold til, og ein husker nærmast nostalgisk tilbake til gamle dagar då ein fekk fire store sjokoladeplater for 100 kr, at kjøttdeigen kosta 50 kr, eller at krone-isen kosta 1 kr, osv utan at ein har rekna på korleis prisen står seg i forhold til lønninga. Sjølv om 200 grams sjokoladeplater på tilbod har blitt dyrare siste åra, så er det ikkje så himla stor forskjell på antall store sjokoladeplater eg kunne fått for heile månedslønna mi i 2022 kontro no i 2025. Litt forskjell er det, men ikkje veldig dramatisk. Sånn sett så kjenner eg meir på at eg synes det har blitt unødvendig dyrt for underholdning, som til dømes strømmetenester som ikkje berre har blitt dyrare men som no også har innholdet delt utover fleire leverandørar slik at du "må" ha fleire abonnement. Så for meg så koker det litt ned til at det er ei større utfordring at eg i dag har mykje meir å fordele pengane mine på av varer og tenester, enn det handlar om at akkurat maten har blitt så dyr. Når det gjeld matvaremomsen så er det rein symbolpolitikk å redusere den. Som tidlegare nemt så vil matvareprisane i liten grad bli påvirka av momsen. Om matmomsen går frå 15% til 0% så betyr ikkje det at maten nødvendigvis blir 15% lågare, i beste fall så blir prisen satt ned med 10% i ei kort periode og dei resterande 5% forsvinn ved at både butikk, grossist, transportør og produsent kan ta seg litt betre betalt utan at det vises så godt på matvareprisen. Det neste problemet er at når staten ikkje lenger får momsinntekter frå matvaresalg så må disse pengane hentast frå andre stadar, enten ved at det blir høgare moms eller avgifter på andre varer, eller enkelt og greit ved at alle må betale litt meir i skatt. Grunnen til at staten bruker moms for å skaffe seg inntekter i staden for å berre hente alt frå skatten er at ved å innføre moms på varer og tenester så får ein ei meir "rettferdig" fordeling ved at dei som har høgt forbruk også bidreg mest til statskassa.
  23. Det et ikkje så rart, i Norge har det aldri vært spisse albuer og lange køer på black friday. Butikkane har gjerne ville ha dette for å skape blest om tilbud på samme måte som vi har sett klipp frå USA der kundane står og sliter varene mellom seg i eit forsøk på å få eit godt tilbod. Slik har det aldri vært i Norge, sjølv når butikkane har spekulert i lokketilbod berre til dei fem fyrste kundane så har det alltid gått roleg for seg, for det er tross alt ikkje så gode tilbud. Mangelen på gode tilbud på black friday er også eit problem, vi som kundar får slike salg året rundt så det er ingenting som er unikt for november. Og det er klart at når "salget" skal pågå ein heil måned så blir det naturlegvis vanskeleg å tilby like gode tilbod kvar dag, som igjen fører til at som kunde så merker eg lite forskjell på black friday prisane i november kontra januarsalget, eller ein anna vilkårleg måned. Det eg merker mest av er strengt tatt at prisane går kunstig mykje opp i oktober for at butikkane skal kunnr selge varene til normalpris i november med merkelapp om nedsatt pris. Det er i dag så langt mellom ekte tilbod under black week at eg var slutta å følge med, det som blir solgt med store rabattar er typisk ukurrante varer uansett, som jakker i størrelse xs, sko i størrelse 52 eller utgått elektronikk.
  24. Som deltidstilsett så får du ikkje nødvendigvis ubekvemstillegg heller. Etter arbeidsmiljølova så har ein ikkje krav på 40% overtidsbetaling før ein har jobba meir enn 9 timar på ein dag eller 40 timar på ei veke. Tilsvarande er det i dei fleste tariffavalar berre at overtidsstillegget er på 50% og ein "berre" må jobbe meir enn 37,5 time i veka for å utløyse krav om overtidsbetaling. Har ein deltidsstilling så kallar ein det meirarbeid for arbeidet opp til full arbeidsdag/arbeidsveke, og at det er fyrst når ein jobbar meir enn 100% at ein får overtidstillegg. No ser det ut som at vi snart får ei endring sidan EU-domstolen har slått fast at deltidstilsette skal ha overtidsbetalt når det blir jobba utover avtalt arbeidstid, og ikkje berre utover alminnelig arbeidstid. Dei to største ulempane med ei slik ordning slik som eg ser det er at for deltidstilsette så kan det bli vanskelegare å få seg ekstravakter opp til fulltidsstilling når ein har rett på overtidstillegg for alle ekstravakter, dette fordi kostnaden opp mot å bruke bemanningsbyrå blir mindre, og som arbeidsgivar så "risikerer" ein ikkje å gi den deltidstilsette rett til utvida stilling ved å la den med deltid jobbe meir enn avtalt. Den andre ulempen er at retten til overtidsbetaling utover avtalt arbeidstid, er at det kan bli så attraktivt med deltidsstilling at mange foretrekker å akseptere låg garantert arbeidstid i bytte mot høgare utbetaling når ein fyrst jobber. Blir det for gunstig å ha deltidsstillingar så blir det svært vanskeleg fortsette å jobbe mot at dei aller fleste skal få tilbod om fulltidsstilling sidan med utbredt bruk av deltidsstillingar så blir det fort berre deltidsstillingar som er ledige. Den store fordelen om ein får rett til ubekvemstillegg uansett stillingsprosent er at arbeidsmarkedet blir meir forutsigbart, det er nok mange som takkar jo til ei deltidsstilling utan å i tilstrekkeleg grad forstår korleis dette berører retten til ubekvemstillegg. Det blir heller ikkje mykje enklare av at ein i daglegtalen omtalar alt arbeid utover normal og avtalt arbeidstid omtales som overtid sjølv om det ofte er snakk om meirarbeid. Etter min erfaring så er det også stor forskjell på praktiseringa frå arbeidsplass til arbeidsplass. Nokre gir ubekvemstillegg til alle som jobbar kveldsskift eller utover avtalt arbeidstid sjølv om det ikkje føreligg eigen avtale om det. Det er også relativt vanleg å føre all arbeidstid etter ordinær arbeidstid som overtid, sjølv om det ikkje nødvendigvis er overtid per definisjon. Som til dømes fordi den tilsette brukte sin fleksitid og kom 1 time seinare på jobb den dagen, då skal ein i utgangspunktet jobbe ein klokketime utover ordinær arbeidstid opp til full arbeidsdag, og fyrst skrive overtid etter ein har jobba sine 7,5 timar den dagen. Tilsvarande om ein på eige initiativ har valgt å jobbe litt lengre for å bli ferdig med oppdraget, det er strengt tatt ikkje overtid før sjefen har vurdert lovlegheita av overtidsbruk og pålagt overtidsarbeid. Erfaringsmessig så er det ikkje alle arbeidsplassar som er like firkanta på disse reglane sidan det ofte er ein liten pris å betale for å unngå misnøye på jobben å betale ut litt overtidstillegg sjølv om dei formelle vilkåra ikkje er til stades.
  25. @Bjerknez Eg er heilt einig. Hadde vekterselskapet forplikta seg til å ta jobben med å få sikra huset enten ved å spikre igjen det knuste vinduet eller etablere kontinuerleg vakthold fram til huset er sikra så hadde det kunne ha noko for seg. Det er mogleg at enkelte vektersleskap tilbyr slik praktisk bistand etter eit innbrudd, men det blir i alle fall ikkje annonsert som ein teneste. Litt spydig sagt så betalar ein eigentleg 500 kr i måneden for å ha lov til å ha eit klistmerke på døra med logoen til eit kjent vaktselskap, noko som i seg sjølv ikkje nødvendigvis er positivt då profesjonelle tjuvar kan bruke denne informasjonen mot deg. Informasjon om kva vaktselskap du bruker gir også informasjon om kvar nærmaste vaktsentral ligg, og er ein skikkelig uspekulert så utløyser tjuvane innbruddsalarmen i to nabohus 30 min unna det eigentlege målet for å være sikker på at alt av vektere og eventuelt politi bli sendt dit og dermed tek det enda lengre tid før det kjem vekter til staden. Eg kan sjå verdien av ein innbruddsalarm om du har hus på andre sida av landet der du ikkje har nokon som kan hjelpe deg ved innbrudd/brann, men berre om du får meir hjelp av vaktselskapet enn at dei køyrer fram og registerer at "ja her har det vært innbrudd" før dei setter seg i bilen og køyrer derifrå. Eg kan også sjå ein viss verdi om du har ei einsleg hytte langt oppe på fjellet som du berre besøker to gongar i året, for då kan det også være greit at ein vekter har sjekka for deg om det faktisk var innbrot eller berre teknisk feil før du tilbringer ein heil dag for å reise til hytta. Men begge dette er ganske spesielle tilfeller. Det mest effektive "gratis" alternativet er å kjøpe dine eigne dør og vindusensorar, og kople dei mot ei utvendig sirene. Då vil både skurkane bli skremt vekk før dei går inn i huset på grunn av all lyden, og du er i praksis sikra at minst ein av naboane ringer politiet, om ikkje anna for å anmelde deg for å plage nabolaget med høg alarmlyd.
×
×
  • Opprett ny...