Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Ja, ofte IR-kameraer, det brukes også vanlege kameraer som sorterer utifrå farge, fasong, og liknande. Panteflasker kan til dømes være like enkelt å sortere ut basert på flaskeprofilen i staden for å anaylsere kva plast som er i flaska.
  2. Med så høg CPU bruk så er det fort ein app som er skyldebukken. Det er fleire potensielle appar som du bør sjekke opp litt nærmare. Har du installert appar som apk fil frå andre kjelder enn Google play og som kan inneholde spyware? Mange appar for sosiale media, spel og liknande blir ofte liggande å jobbe i bakgrunnen. Det kan også være så enkelt som at ein av appane du nyleg har oppdatert inneheld ein bug som gjer at mobilen blir liggande å jobbe i bakgrunnenm, det vil også forklare kvifor straumforbruket peiker tilbake på prosessoren og ikkje på appen som er rotårsaken sidan det då ikkje er appen som jobbar. Det er fristande å anbefale ein fabrikkgjenoppretting som ofte blir anbefalt, men personleg sysnes eg det er litt drastisk å skulle slette heile telefonen utan nokon garanti for at det hjelp. Ein god start kan likevel være å sette mest mogleg av appane dine i djup dvalemodus og deretter restarte mobilen for å sjå om det hjelper.
  3. Det kan også være slik som det var på sorteringsanlegget på Forus der dei blanda fleire typar avfall og sorterte det maskinelt. Maskinell sortering innebærer bruk av sensorar og teknologi til å sortere, magnetisk metall blir tatt ut av store magnetar, papir blir skilt frå plast etter å ha målt IR-stråling som er ulik alt etter type materiale. Glass og umagnetisk materiale kan skillast ut ved å riste avfallet over ei rist slik at dei tunge delane faller ned, osv. Ved maskinell sortering så er det eigentleg berre ein fordel med blanda avfall, der den viktigaste grovjobben er å sørge for at store knivblad opner alle plastbokser og pappesker slik at innholdet blir eksponert og kan analyserast av kameraene. Det finnes fortsatt manuell sortering der det står folk langs samlebandet og roter i søppelet, men det er mykje mindre effektivt, særleg om avfallet er blanda. Det er også anlegg som gjer slik du seier å dumper avfallet omtrent rett i forbrenningsovnen utan sortering, men det er dette ein ønsker å få slutt på sidan ein då også brenner avfall som det hadde vært meir nyttig å materialgjenvinne enn det er å berre ta ut varmeenergien.
  4. Ja det vil det nok. Det er likevel ikkje sikkert det har så stor betydning i praksis likevel. Når ein sorterer på rullebandet så prioriterer ein dei store "godbitane", små plastbitar og plast som er skitten går nok gjennom heile prosessen urørt og blir brent saman med resten av restavfallet. Store sjampoflasker og ballar av klebeplast plir prioritert framfor twist-emballasje og korka frå majonestuben. Rein og tørr plast av samme type er ein ressurs som renovasjonsselskapet får godt betalt for, men det skal ikkje være store ureinheitene før verdien synker vesentleg. Om kvaliteten på den plasten som blir samla inn i utgangspunktet er dårleg så er det for meir lønnsomt å berre prioritere den lille andelen med heilt rein plast framfor å bruke energi på å reingjere den skitne plasten. Har sjølv hatt sommarjobbar på reinhaldsverk der vi stod manuelt og sorterte plasten. Eg vil anslå at minst 80% forblei usortert og endte opp til forbrenning for varmegjenvinning. Det var berre dei største plastdelane som var lette å identifisere som ein brukte arbeidstid på å sortere ut. Var det uklart om det var plast av type PET, PVC, PP, eller anna så vart det ikkje sortert ut. Var ingen grunnen til å forringe kvaliteten på det som var sortert med å feilsortere. Sjølv små mengder anna plast i det som skulle være rein PP plast reduserte verdien ganske mykje.
  5. Det er fleire måtar å løyse dette på. Som at ein har ein større sentralkjel og fleire lokale beredere som sikrar at varmevatnet kan strate å strømme nesten umiddelbart utan å fyrst måtte fraktast heile vegen frå kjellaren. Det finnes også løysingar med varmekablar i røra som gir ein kontinuerleg oppvarming også av vatnet som står i røra. Dette gir ikkje berre høgare komfort men kan være heilt nødvendig på store bygg for å hindre at varmevatnet som blir ståande i røra blir avkjølt nok til at det blir vekstforhold for mellom anna Legionella. Mange hotell har også varmegjenvinnere som gjer at den ferske vatnet som skal varmast opp blir fortare og billegare oppvarma. I ei stundentblokk så er det nok meir vanleg å berre ha ein vanleg varmtvassbereder per etasje som forsyner alle hybelleilegheitene, om nokn då har tømt berederen så er det berre kaldt vatn igjen til resten. I studentblokk og for så vidt også andre bustadar så reknar ein med at bebuarane lettare kan tilpasse seg denne ulempen ved å legge dusjinga til andre tidspunkt. På eit hotell så kan litt kaldt vatn i dusjen få store økonomiske konsekvensar ved at gjestane ikkje kjem tilbake, så det er nok fort lønnsomt for eit hotell å overdimensjonere forsyningsnettet for varmevatn.
  6. Det er stor variasjon frå kommune til kommune. Eg trur dei fleste kommunene benytter sekk til plastavfall på ein eller anna måte. Enten ved at sekken med plast blir lagt fram for seg sjølv på hentedagen, eller ved at sekken med plastavfall skal knytast igjen og leggast i dunken for papp/papir. Fleire kommunar har i det siste innført ei mellomløysing der plastsekken skal hengast på ein krok på papp/papir-dunken for at ikkje papp/papir-dunken skal bli heilt full av plastemballasjen. Til og med måten du får tak i sekk til plastavfall varierer frå kommune til kommune. Nokre stadar skal du gi teikn ved å knytte ein tom pose på dunken og så får du levert ein ny rull med renovasjonsselskapet i samband med hentinga, eller at alle husstandar får ein rull i året og må klare seg med den. I andre kommuner så er ordninga at du henter rull med plastsekkar på daglegvarebutikken. Det er eigentleg eit sabla rot med ulike løysingar i ulike kommunar, sjølv om fleire har kopiert løysinga som andre har hatt gode erfaringar med så er det nok knappast eit renovasjonsselskap som har nøyaktig same ordninga som eit anna renovasjonsselskap.
  7. Sorteringsanlegget på Forus utanfor Stavanger (det som brant ned for nokre år sidan) var ikkje så langt frå å være billegare for innbyggarane enn den gamle måten å samle inn avfallet på. Det er riktig at ting er dyrt i Norge, men det gjer også at det er forholdsmessig mykje billegare å investere i robotar og automatisering. Det anlegget dei hadde i Stavanger gjorde at mykje kunne kastast i same dunk, for så å bli automatisk sortert på samlebanda ved hjelp av IR kamera og stråler med trykkluft som flytta avfall av ulik type dit det skulle. Det som vart igjen etter sorteringa vart sendt til lokal forbrenning, og det som var igjen etter sortering og forbrenning vart deponert. Det som virkelig er dyrt i Norge er å tilsette folk som skal stå ved samlebandet og sortere manuelt. Ved å køyre avfallet ut av landet så kan vi få avfallet behandla i land der arbeidskrafta er billegare, men det er forholdsvis dyrt å få køyrt avfallet ut av huset om vi skal bruke Norske sjåførar til jobben. Grovt sett så er det nesten taxi-prisar å betale ein lastebil for å køyre til svenskegrensa, og sjølv om at kvar lastebil kan transportere mange tonn avfall per tur så er det mange "taxi-turar" til utlandet som innbyggarane må betale for gjennom renovasjonsavgifta.
  8. Det einaste som heilt teoretisk kunne endra seg ved at ingen andre utviste liknande ideologi som Breivik førte, verken før eller etter 22 juli terroren er at Breivik hadde blitt erklært utilrekneleg og hadde blitt holdt innelåst på det grunnlaget. Det at Breivik gjekk så grundig til verks ved å gjennom fleire år skrive manifest og planlegge ulike formar for terror anslag, gjer at det er utvilsomt at Breivik har hatt god tid til revurdere. At han plutseleg skulle kome på betre tankar etter å ha fått smake konsekvensane er nærmast utenkeleg.
  9. Har ikkje erfaring med dette sjølv, men det er relativt uproblematisk. Det er alltids nokon som dropper ut etter fyrste året så då vil det nok bli ledige studieplassar på år to der det nesten ikkje er nokon som er kvalifiserte til å gå rett inn på andre året. Det du bør sjekke opp er at studieløpet er forholdsvis likt og at læremåla som du skal gjennom ikkje er fordelt på ein anna fagsamansetting. Det hender seg at du til dømes ikkje får godkjent meir enn 10 stp frå eit 15 stp fag frå eit anna universitet sidan dei siste 5 stp er dekt av eit anna fag. Dette kan potensielt føre til at du må ta nokre ekstra studiepoeng for å få både nok studiepoeng totalt og nok studiepoeng innafor dei obligatoriske faga. Eg vil nok råde deg til å samanlikne studieløpet på UiT og UiB, og eventuelt kontakte UiB for å spørre om du får godskrevet alle studiepoenga frå fyrste året på UiT. Det sosiale kjem heilt ann på kva du gjer det til sjølv. For enkelte er det ein stor ulempe å ikkje være med på fadderopplegget sidan dei knytter sine kontakter via faddervekene. Det sagt så er det mange andre arenaer å kome i kontakt med folk frå studiegrupper og gruppearbeid til å engasjere seg i studentaktivitetar og studentorganisasjonar.
  10. Korleis dette skal løysast er i høgste grad eit politisk spørsmål der kostnaden ved tenesta må vurderast opp mot miljøhensyn. Regjeringa kan endre forureiningslova slik at kommunane kan gå tilbake til å dumpe avfallet i sjøen for å gjere renovasjonen mykje billegare for innbyggarane, eller så kan regjeringa oppheve plikta til at kommunen må ha ei renovasjonsordning slik at innbyggarane står fritt til å dumpe eller brenne sitt eige avfall. I dag er det slik at kommunene er pålagde å ha ei renovasjonsordning som handterer husholdningsavfall på ein miljøvenleg, hygienisk og effektiv måte. Det er særleg den delen om at det skal være miljøvenleg som er kostnadsdrivande ved at avfallet må sorterast og handterast på ulike måtar. Både dagens regjering og dei tidlegare regjeringane har lagt til grunn at miljøvenleg avfallshandtering er noko vi har råd til. Om eg skal kome med eit forslag til korleis ein kan få til rimelegare renovasjonskostnadar så er det gjennom å gjere drift av renovasjonssselkap til ei statleg oppgåve i staden for dagens ordning der det er eit kommunalt ansvar. Kommunane er uansett underlagt dei same overordna krava, einaste forskjellen er at dei står delvis fritt til å velje korleis dette skal løysast. Det medfører at vi ikkje har standariserte løysingar for renovasjon. Både reglane for kva som blir rekna som matavfall, kva farge det er på dunken for papp/papir, og hyppigheita på tømminga er no heilt opp til kommunen å fastsette. Dei sista åra så har mange renovasjonsselskap prøvd å standarisere seg, til dømes bruker dei fleste kommunar i dag fargen blå for å markere papiravfall, medan matavfall ofte veksler mellom å være markert med grøn eller brun farge. Det er også store forskjellar på kva som skal kastast i kva dunk mellom kommunane. Nokre stadar skal bleier sorterast som matavfall og andre stadar skal bleiene kastast i restavfallet. Ei standarisering her ville gjort systemet mykje enklare, ikkje minst gjennom at informasjonsmateriellet om renovasjonsordninga kan publiserast nasjonalt. Det er ei typisk problemstilling at dei som har hytte i ei anna kommune ikkje kjenner godt nok til korleis ordninga i hyttekommunen er, og dermed kaster ting feil.
  11. Her er ein artikkel som inneheld litt meir detaljar om saken. https://www.nettavisen.no/nyheter/viggo-kristiansen-vant-saken-om-millionkrangel-der-han-ble-saksokt-av-tidligere-stottespiller-eivind-pedersen/s/5-95-2535873 Eg er heilt einig i at Eivind har gjort ein kjempejobb, og at han burde fått ein påskjønnelse for dette arbeidet. Det som dommen fremhever er at Eivind ikkje kan legge fram nokon avtale på at han skulle få betalt for sitt arbeid, verken fortløpande eller ved frifinninga. Retten dreg også fram at Eivind fyrst la fram krav om betaling etter at VK var frifunnet og det var kjent at han kom til å få erstatning. Eg er litt usikker på om det er eit sterkt bevis i denne saka, men retten har tatt dette som bevis for at det ikkje forelå nokon avtale om betaling på førehand. Viktigaste grunnen til at han tapte er nok likevel at han i denne perioden jobba som journalist i 50% og i tillegg hadde 50% uføretrygd. Retten har då lagt til grunn at han ikkje har hatt inntektstap som følge av sitt arbeid med saka. Sjølv om det ikkje står noko om det i artikkelen så er det jo betimeleg å stille spørsmålet om Eivind Pedersen har dobbeltført timar ved at han gjennom å dekke saken for Dagbladet alt har fått betalt for tidsbruken frå Dagbladet. Og enda meir betimeleg er det å stille spørsmålet om han kan ha brukt den 50% av tida han mottok trygdeytingar for å være ufør til å jobbe som journalist. Hadde han vunnet fram med å få betalt for sine 3647 timar som han har jobba med saka til VG så er vel vegen kort for at den betalinga må motreknast mot trygdeytinga han mottok fordi han var ufør og ikkje kunne jobbe? Det minner litt om programvareutviklarar som har fått betalt av arbeidsgivar for å skrive kode, og som etter å ha utvikla ettertrakta programvare prøver å selge programmet i privatregi under påskot av at dette er eit åndsverk som programvareutviklaren har personleg eigarskap til. Det du har produsert i betalt arbeidstid tilfaller sjølvsagt arbeidsgivaren som har betalt lønna. I denne saka kan det kanskje være Dagbladet som burde fått refundert sine lønnsutgifter ved å betale Eivind Pederson for å dekke den same saka?
  12. Det er ikkje så mange grossistar av drivstoff i Norge, dei store tankanlegga leverer ofte til mange ulike merker, og når tankbilen frå f.eks. Shell køyrer ut bensinen så leverer den til både betjente og ubetjente stasjonar. Produktet er det same på tvers av merkenavn.
  13. Om du skal legge flis i gangen så bør du absolutt ha varmekablar også. Om ikkje anna fordi det er ei forholdsvis billig investering som framtidige huskjøparar vil sette pris på. Det er fleire fordelar med varmekablar under flisene. -Som nemnt så blir fliser veldig kalde uansett årstid og romtemperatur. -Golvvarme i gangen gjer at sko og yttertøy tørker fortare og du kan derfor plassere våte sko rett på flisgolvet -Flisene vil magasinere opp varme, dette er ein fordel på vinteren når den oppvarma lufta slepper ut kvar gong du opner døra. Ved å ha varme fliser så vil du raskare få opp innetemperaturen i gangen sidan den varmen som ligg i flisene tek lengre tid å lufte ut. Eit alternativ til varmekablar er å legge slik varmefolie, då er sjølve folien litt dyrare men arbeidet med å legge den er mindre. På ein liten gang så kan fort varmefolie være billegaste alternativ sidan det går raskare enn å legge varmekabel.
  14. Min favoritt i serien er Civilization Call to Power II, men eg ser ut til å være litt åleine i å ha dette spelet som favoritten. Særleg fordi at du hadde meir alternativ i diplomatiet, som at du kunne fremme krav om kva teknologi motstandarane skulle utvikle, og ikkje minst at du kunne sparke ut fiendtlige tropper frå dine landegrenser utan å erklære krig. Dei nyaste spela har etter mitt syn tona ned simulatordelen til fordel for å fokusere meir på bybygging og kriging.
  15. Etter mitt syn så burde ein prøve å få til ei prioriteringsliste der ein fyrst tilbyr behandling som lindrer smerter, plager og pleiebehov (i tillegg til livsnødvendig behandling sjølvsagt), deretter prioriterern ein alle dei som er venta å bli arbeidsføre etter behandlinga, og deretter resten. På den måten så ivaretek vi det etiske ved at det ikkje er slik at du må ha fast jobb for å sleppe å stå i behandlingskøa, samtidig som at dei som berre treng å få fiksa eit kne eller ei skulder for å kunne jobbe får behandling for dette utan å måtte gå i lang tid enten utanfor arbeidslivet eller som langtidssjukemeldt. Eg er einig i at praksiskandidatar frå NAV får litt for sjeldan tilbod om fast jobb, samtidig så synes eg ikkje at denne ordninga er så ille sidan det også er nyttig for NAV å få testa ut personen i arbeidslivet. Resultatet frå ei praksisperiode vil være nyttig for å vurdere om det er hensiktsmessig med meir arbeidstrening eller om det ryker rett på uføretrygd. Dette er fordelen og ulempen med at vi har eit forutsigbart arbeidsliv med stor jobbsikkerheit. Sidan det er krevande å seie opp faste tilsette så blir det stilt høgare krav ved tilsettingar, risikoen er stor om ein som arbeidsgivar tek ein sjanse på ein person, for om det ikkje fungerer så er det vanskeleg å få sagt opp vedkommande. Samtidig så gir dette ei god sikkerheit som arbeidstakar ved at når du fyrst får fast stilling så kan du rekne med at dette er ein jobb du får behalde. Eg er heilt einig i at unge kunne fått mykje meir hjelp og oppfølging for å kunne kome seg ut i arbeidslivet, den praktiske utfordringa er at det i for liten grad er lønnsomt. Den litt stygge sannheita er at det for NAV sin del så er det ressursbesparande å berre innvilge ung ufør enn det er å gjere all jobben som kreves med personleg oppfølging.
  16. Det er ein vanskeleg balansegang mellom unødvendig plastemballasje og plastemballasje som gir netto miljøgevinst. Snusbokser av drikke-kartong vil potensielt kunne være meir utsatt for punktering og dermed svinn ved at snusen ikkje kan selgast. Ein del av denne unødvendige plastemballasjen er det nok også vi forbrukarar som er ansvarlege for, dersom vi foretrekker å kjøpe bollar og bakevarer som er forsegla i plast fordi det ser meir hygienisk ut så blir det press til at også dei andre leverandørane må pakke inn sine produkt i plast for å kunne konkurrere på like vilkår. Til dømes slike mini-baugetter med stekt ost er i dag ofte pakka i plast. Dette var noko dei starta med under Covid og har fortsatt med den dag i dag. Det skal ikkje forundre meg om at erfaringa er at det er positivt for salget at baguetten blir solgt i plast og ikkje som plukkvare. Det verste eg ser er likevel disse grønnvaskingsprodukta som typisk er plastemballasje med gråpapir rundt slik at produktet ser meir miljøvenleg ut. Som til dømes dette produktet her, ser ut som papp men er eigentleg plast. Utan at eg har gode holdepunkt for det så vil eg tru at ein god del av disse traua enten havner feilaktig i papp/papir dunken, eller ender opp i restavfallet fordi folk blir usikre. I sum er eg ganske sikker på at "miljø-gevinsten" med å blande papir i plasten i sum blir lågare på grunn av dårlegare resirkulering, kan heller ikkje sjå for meg at det er spesielt mykje enklare å resirkulere eit slikt blandingsprodukt framfor eit produkt som består av enten 100% papp eller 100% plast.
  17. For at erstatning skal være relevant så må leigetakaren ha lidd eit tap, altså at maten har blitt øydelagt. Det er ikkje nok at maten kan bli øydelagt om den ikkje har blitt fortært innen den tid, for det er fyrst då at leigetakar har lidd eit tap. Det vil derfor også være relevant når kjøleskapet vart øydelagt, og om leigetakaren merka dette i det kjøleskapet slutta å kjøle eller det var fyrst etter at kjøleskapet hadde blitt varmt at mangelen vart oppdaga.
  18. Du kan eigentleg spele Civilization spela på tre måter, som byggesimulator, som krigsspel, eller omtrent på autopilot der du berre ser korleis dei ulike sivilisasjonane spreier seg og til slutt faller. Eit par timar i veka er litt lite for å sette deg fullt inn i alle funksjonar, men særleg i dei nyaste spela så kan du spele veldig casual og berre flytte brikker på kartet utan å tenke så mykje på politikk og økonomistyring.
  19. Støtter ditt syn på saken, særleg når hentefristen er satt til berre 7 dagar så skulle ein tru at dette var for at selger ganske raskt skal få tilbake tingen for å kunne prøve å selge den på nytt. Men vilkåra for bruken av tenesta ser ut til å medføre at du som selger får både pengane og varen uansett. Det er heilt klart kjøpers risiko, men med så mange mislegholdte kjøpsavtalar som er på finn.no der kjøparen ombestemmer seg eller selgaren heller selger til nokon andre etter å ha akseptert eit bud, så hadde eg tenkt at det var ein viss logikk i at ein får tilbake tingen og kostnadane ved forsendinga for å kunne prøve å selge på nytt. Det å få tingen i retur som kjøparen har betalt for lager nesten større problem for selger enn om pakken hadde blitt liggande på postkontoret og deretter donert/auksjonert/kasta. Posten har ein policy på at pakker som ikkje kan returnerast blir sendt til ei eiga avdeling der pakken blir liggande i 1 år før posten kvitter seg med pakken. Når selgaren får pakken i retur så må selgaren passe på tingen på forsvarleg måte sidan det er kjøparen som no eig tingen. I teorien kan kjøper plutseleg ta kontakt for å hente tingen. I praksis så skjer det ikkje så ofte sidan selger kan kreve betalt for både kostnadar ved oppbevaring og sjølvsagt forsendinga, men om selgaren får pakken i retur og då enten kaster den eller selger den til nokon andre så kan ein potensielt sette seg i ein posisjon der ein må betale erstatning til kjøparen. Då hadde det vært mykje enklare om selgaren fekk tingen i retur og berre fekk betalt for sine kostsnadar men fortsatt hadde formelt eigarskap til tingen og dermed står fritt til å enten selge på nytt eller kaste den.
  20. Dette er offentleg forvaltning på sitt beste der det ikkje skal investerast for mykje pengar når det skal byggast. Ein får berre budsjettert akkurat nok til å bygge for dagens behov. Å bygge for framtidas behov får ein ikkje for då kan ein risikere å ha bygd unødvendig mykje om behovet i framtida ikkje blir slik som forutsatt. For å toppe det heile så velger ein også konsekvent billegaste byggemateriala, framtidige vedlikeholdskostnadar kjem tross alt på eit heilt anna budsjett, så sjølv om det totalt sett hadde vært billegare å betale litt meir no for å få vedlikeholdsfrie materialer så blir det sjeldan prioritert i investeringsbudsjettet sidan ein då må bygge mindre om ein skal flotte seg med dyre byggematerialer. Eit slikt sjukehus som Drammen sjukehus må også tilsidesette 1% av byggekostnaden til innkjøp av kunst og utsmykking. Så når ein no planlegg å bygge sjukehus til 14 milliarder så medfører det at det skal kjøpast inn kunst og liknande til 140 millionar. Det er ikkje nok at det ser fint ut på det nye sjukehuset, det må være dyrt nok også. Kan ikkje henge opp billig fototapet, ein må betale millionbeløp til ein kunstnar for å gjere same jobben slik at budsjettet blir brukt opp.
  21. Viktigaste kriteriet for erstatning er å vise til eit økonomisk tap. Ved å måtte bruke lengre tid på utdanninga så kan ein pårope seg eit økonomisk tap i form av meir studielån og forsinka oppstart i arbeidslivet, det er likvel ikkje heilt enkelt å bevise at studenten hadde gått rett ut i lønna arbeid etter fullført studie. Det er langt vanskelegare å dokumentere eit potensielt økoniomisk tap enn det å kreve erstatning for dokumenterte utgifter som ein ikkje ville hatt om utdanninga vart utført på normaltid.
  22. Det står ingenting om plattform. Mobilspel?
  23. Har også kutta heilt ut å sjekke Dagbladet i eit par år no. Det er ein ting å ha click bait og pluss artiklar, det eg reagerer mest på er at dei ofte bruker misvisande overskrifter for å lage click bait så når du klikker deg inn så viser det seg at det har ingenting med overskrifta å gjere. Eg kunne sikkert lest om svingersklubbar, puppesjokk og slanking, men det frister mildt sagt lite å betale for det om betalingsartiklane er like dårlige som gratisartiklane. For kvifor skal eg betale for å lese artiklar om det som truleg er artiklar om swing-klubbar, sports-BH, og at grønsaker er sundt.
  24. Forskjellen er at i dag så må politiet ha berettiga mistanke for å kunne gå inn i loggen og kartlegge nettaktiviteten. Dette forslaget åpner for at politiet kan gå på fisketur basert utelukkande på at nokon har lovleg ytra ei meining eller har diskutert ting som kan misbrukast som bombeoppskrifter, fjerning av lik, og tilsvarande temaer som er problematisk om nokon setter det ut i livet, men er heilt normalt å diskutere blant alt frå krimforfattarar til silkerheitspersonell. Dette er eit forslag for å kontrollere befolkninga. Sjølv om du ikkje er verken rasist, terrorist eller satanist, så er terskelen for å kunne saumfare din internettaktivitet for låg med dette forslaget. Leiter ein lenge nok så klarer ein heilt sikkert å finne noko å ta deg på slik at du i det minste får ei bot for brot på opphavsretten. Det er kanskje ikkje den største bota, men det er eit tydeleg signal frå myndigheitene om at du er under oppsyn, og at sjølv den minste ting blir oppdaga. Då vil du fort lære deg å holde ytringsfriheita for deg sjølv, og i alle fall ikkje snakke negativt om sittande regjering.
  25. Tenker det er problematisk når det er politiet sjølv som avgjer om ei ytring er ekstrem nok til at ein person skal overvåkast digitalt i tilfelle vedkommande ønsker å utføre andre kriminelle handlingar i framtida. Dette er på høgde med at politiet burde få montere overvåkingskamera i stova til personar som er observert med trafikkfarleg oppførsel. Den nederste terskelen for å bli ilagt elektronisk overvåking står ikkje i stil med kor inngripande dette forslaget er. Ekstra problematisk er det at med KI og billig datalagring så vil det bli omtrent ubegrensa kor mange som kan overvåkast. Med klassiske Overvåkingskamera så er ein tross alt hindra av at det er begrensa kor mamge timar med video ein politmann kan sjå i løpet av ein arbeidsdag.
×
×
  • Opprett ny...