Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 800
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Ville nok konferert med elektrikker for å sjå kor omfattande det er å oppgradere fullt ut, må du trekke nye kablar utan at det er lagt inn trekkrør så baller det for på seg ved at du også må pusse opp dersom du ønsker skjult elektrisk anlegg. Sidan du bur i leilegheit så er det ikkje sikkert det er så aktuelt, men om du fyrst skal gjere mykje arbeid på det elektriske anlegget så ville eg underholdt tanken om å få satt opp eigen kurs på verandaen som kan brukast til såkalte balkongpanel (solceller som henges på veranda/vegg og plugges i stikkontakt. Nye NEKen har opna litt meir opp for at det kan etablerast dedikert kurs for dette. https://www.dsb.no/elsikkerhet/aktuelt-elsikkerhet2/pluggbare-solcellepaneler-innebarer-risiko/ Det er nokre hinder, mellom anna at det må brukast eigen plugg. Det er kanskje litt tidleg for å satse på dette sidan det så langt ikkje er laga ein internasjonal standard for pluggen enda, men skal du fyrst ha utekontakt så ville eg underholdt tanken med å også få lagt opp kabel slik at du seinare kan montere standarisert plugg. Med tanke på komande straumprisar og billegare solcellepanel så er det nok fleire som kjem til å gjere dette. På ein innglassa veranda slik som du har så vil du kunne sette opp eit slikt solcellepanel utan å henge panelet på utsida med dertil naboklager og søknad til styret. Ein ekstra bonus er at slik dedikert kurs for straum inn vil også være ypperleg til å kolpe til eit vanleg straumaggregat om du skal tenke litt eigenberedskap for langvarige straumbrot.
  2. Einig i det. At han tidlegare har jobba for Uber kan forklare bakgrunnen for hans politiske ståstad om drosjenæringa, men det er ikkje korrupsjon å ha hatt ei fortid. Eg er ikkje ein gong sikker på om det er ugreit å ikkje opplyse om slike tidlegare tilknyttingar heller, Snortheim har ikkje lenger eigeninteresser i saka sidan han ikkje lenger jobber for Uber. Hadde han både vært politiker og hatt denne jobben så kan det kanskje være ein interessekonflikt, men så lenge Snortheim argumenterer utifrå eige partiprogram så kunne han nok også hatt denne jobben i Uber utan at det blir interessekonflikt. Etter mitt syn er det som alle dei politikarane som diskuterer landbrukspolitikk samtidig som at dei sjølv har budd på ein gard, vanlegvis vil ein sjå på dette som nyttig erfaring for å kunne meine noko fornuftig om landsbrukspolitikken. Skulle vi kasta ut alle som enten sjølv driv eit småbruk eller har familiemedlem som er bonde så er det mange politikarar som ikkje hadde fått uttale seg.
  3. Veteranbilar køyres ofte også i maks 40 km/t på søndagar med finvær. Det er ikkje så mange veteranbilar som rullar på vegane så det er relativt få ulykker med veteranbilar, men når det fyrst skjer så bruker det å gå veldig galt. Er fleire eksempel på at kræsj med veteranbil fører til dødsulykke, som no tidlegare i sommar: https://www.eikernytt.no/2025/06/12/frigivelse-av-navn-etter-trafikkulykke-i-hokksund/ Det er sjølvsagt ikkje alltid at det er dekka som er årsaken til ulykka, men dei som køyrer veteranbil på gamle dekk er veldig klar over risikoen og tilpassar køyringa si deretter.
  4. Synes det er heilt greit at alle deltakarane skal testast sjølv om det tilsynelatande er unødig. Ved å behandle alle deltakarne likt så slepp friidrettsforbundet å måtte ta stilling til kven dei mistenker har SRY-genet, det er pårekneleg at det hadde blitt meir styr med den eine utøvaren som friidrettsforbundet tvinger til å avlegge gentest og opplever dette som stigmatiserande enn at det blir at Iuel også avlegger gentest til tross for at ho har født barn. Som det står i artikkelen så tek Iuel dette med stor ro og seier det ikkje koster henne noko å avlegge ein slik test. Det er også eit poeng at ved å gjere gentesten obligatorisk så er det heller ingen fare for korrupsjon der utøvarar som har SRY-genet bruker pengar og innflytelse til å få friidrettsforbundet til å teste nokon andre i staden for. Eg synes det er bra at ein forsøker å rydde litt opp for å gjere konkurransane meir rettferdige, samtidig så er eg litt usikker på eksakt kor grensane bør gå for å få konkurrere i kvinneklassen. Ved å innføre denne testen som målestokk så setter ein ei hard grense på at kvinnelege utøvarar må ha XX kromosom, og at Y kromosom utelukker deltaking. Når ein frå før har grenser for testosteron nivå og liknande, så meiner eg at det mest rettferdige (og kanskje også mest interessant for publikum) hadde vært å avvikle herre- og kvinneklasser og heller bruker andre biologisk inndeling alt etter idrettsgrein. Altså litt på same måte som at i boksing så deler ein inn kjønna i vektklasser slik at også korte menn kan hevde seg i eiga vektklasse og ikkje alltid bli slått ut av dei beste i super tungvekt klassa. I sprint så kan det nok være vel så interessent å ha ei oppdeling basert på beinlengde/høgde og ikkje berre på kjønn.
  5. Ved kjøp av bustad så bør ein ha lang tidshorisont, i pressområder kan ein ha litt kortare tidshorisont før ein casher ut verdistigninga, men det skal nok litt til for at ein som er ufør klarer å kjøpe seg bustad i eit pressområde. Sidan trådstarter nevner studentbustad så antek eg at trådstarter er forholdsvis ung. Då vil det være fordelsaktig å prøve å få kjøpt eit eller anna og betale ned huslån i staden for å betale husleige. Klarer ein som ufør å få nedbetalt ein bustad så vil det utgjere ganske mykje om nettopp 30-40 år. Den store ulempen med å skulle kjøpe bustad er at det blir ekstra tungt økonomisk når du har huslån. Summen av renter og avdrag er fort vesentleg høgare enn tilsvarande leigepris. Ein uføretrygda person som er godt voksen vil ofte ha det vel så godt økonomisk ved å fortsette å leige. Det er litt som ungdom som skal velge mellom å starte i fast jobb etter vidaregåande eller fortsette med utdanning. Sett over tid så er det klart mest lønnsomt å ta utdanning sidan du då tener meir i løpet av yrkeskarrieren. Det blir likevel nokre tunge år der ein skal leve på studielån og deretter få ein relativt dårleg betalt jobb som fyrste jobben der ein samtidig skal betale studielån. Den som går rett ut i arbeidslivet tener mindre i løpet av yrkeskarrieren fordi ein fortare når lønnstoppen, men til gjengjeld har ein mykje meir pengar mellom hendene når ein "tjuvstarter" på arbeidslivet og får lønn frå dag 1 og ikkje fyrst om 5 år om ein fyrst skal ta utdanning. Om drømmen er å kjøpe ny bil så vil du ved å starte å jobbe kunne spare opp til å kjøpe heilt ny bil som 25 åring, går du vegen via universitetet så er du fort oppe i 40-50 års alderen før du har spart opp nok til å kjøpe splitter ny bil.
  6. Det er eigentleg ikkje så rart, disse butikklokala er ofte dei einaste som er ledige og innflyttingsklare for nyoppstarta butikkar, og sidan dei ofte har stått tomme ei stund så er lokala også relativt billige. Som nyoppstarta butikk så er det ikkje alle som har verken økonomi eller risikovilje nok til å slå på stortromma og etablere seg i dyre og attraktive lokaler, dei fleste satser på at dei får kundar likevel. Skal ein leige lokaler på eit kjøpesenter eller liknande så må ein ofte vente til noko blir ledig og ein må ofte binde seg til lange leigeavtalar, då blir også fallhøgda ved konkurs desto større dersom ein ikkje får butikken til å gå rundt. Mange gründere har også ein kanskje litt naiv optimisme på at akkurat denne butikken ikkje treng å investere i gode butikklokaler sidan produkta er så gode. Logisk sett så trur eg dei fleste forstår at dersom du etablerer deg i ukurante lokaler som både ligg langt unna der folk ferdes og kanskje også er litt bortgjemt, så må ein satse enda meir på reklame og synlegheit, men dette er ofte ein stor kostnad utan garanti for suksess.
  7. Det er nok ofte at iveren etter selge overgår evnen til å levere, enten ved at alarmtenester tilbys kundar som bur for langt unna, eller ved at der ikkje er nok vektarar tilgjengeleg. Vektertenesta er eit nisjeprodukt for dei som ikkje har vennar/familie som kan bistå når ein sjølv er vekkreist. Den kanskje mest verdifulle tenesta vektaren kan tilby er dette med å få spikra igjen knuste ruter og reparere oppbrotne dører slik at huset kan låsast av på forsvarleg måte, den delen av tenesta er det vanskeleg å finne informasjon om. Om du som huseigar uansett må ringe etter handtverkar, glassmester, osv så kan du liksågodt også være din eigen vaktsentral og få varselet på mobilen.
  8. Kva du velger å prioritere er sjølvsagt din sak, men når du bruker 10 000 kr i måneden på mat så velger du aktivt bort mykje anna. Då blir det fort lite igjen til sparing.
  9. Norge er fortsatt lavt på korrupsjonsskalaen, og samanlikna med mange andre land er vår korrupsjon forholdsvis "uskyldig" og går mest på lobbyvirksomheit og rolleblanding. Vi har lite til ingen korrupsjon på dei store områda som økonomi og rettsvesen. Dette med rolleblanding har nok til dels også med at vi er eit lite land med dertil små fagmiljø, det aukar faren for at det er samme personane som roterer mellom stillingar og verv innan det faget.
  10. Ikkje uventa. Varetektsfengsling i fire veker framstår som ein overreaksjon. Eg trur likevel at politiet kan ha rett i at det er stor fare for at spanjolen reiser heim til Spania sjølv om han har meldeplikt. Men å holde han i varetek i ein måned berre fordi han er utlending framstår som nemt som ein overreaksjon når det ikkje er fare for at bevisforspillelse.
  11. På den andre sida så er det stor fare for at den som har jobba "på golvet" har blitt veldig farga av sin erfaring og sitter igjen med inntrykk av at det ikkje er nokon vits i å prøve noko nytt, for det vil aldri fungere. Det er heller ikkje gitt at det å ha jobba på golvet medfører at ein klarer å sjå det store bildet. Eg vil nesten påstå at det kan bli like ille om alle stortingspolitikarar skal ha arbeidserfaring frå golvet, om det medfører at ein ikkje klarer å sjå dei overordna behova. Har du jobba 10 år som reinhaldar så veit du utmerket godt kva som krevs for eit godt reinhald av byggningar, men det er ikkje gitt at din erfaring med å dra moppen over golvet har gitt deg eit godt utgangspunkt for å vurdere balansegangen mellom kva som er for lite, godt nok eller for godt reinhald sett opp mot kostnadane ved å drive reinhald. Etter mitt syn så er viktigaste eigenskapen som ein politikar må ha er viljen og evna til å sette seg inn i ulike saker, noko som både medfører at sakspapira blir lest og at ein lyttar til fagfolk på ulike nivå. Igjen om du berre lyttar til reinhaldarane og aldri lytter til reinhaldsleiaren så kan vi fort få ein politikk der golvet blir vaska kvar time sjølv om det berre er behov for å vaske ein gong i veka. I ein slik situasjon så er det ein stor fordel at politikaren ikkje har hatt "skoa på" og heller fastsetter politikk utifrå kva som er det beste for samfunnet som heilheit og ikkje berre ser på detaljane.
  12. Som stemmegiver så har du ikkje lenger denne muligheita. Før når du kunne stryke kandidatar så kunne du stemme ved å velge partiet ditt og så flytte opp dei politikerane i partiet som du ville ha inn på stortinget. I dag må du avgi stemme etter den kandidatlista som partiet sjølv har satt opp, typisk då med partileiaren øvst, deretter nestleder, osv. Skal du stemme på politikarar med yrkeserfaring eller utdanning så må du finne eit parti som har valgt å sette sine politikarar med erfaring/utdanning øverst, men då må du mest truleg stemme på eit parti som fører ein overordna politikk som du ikkje er einig med. Kva bakgrunn politikarane skal ha er ein litt vanskeleg balansegang. Av og til så er det nyttig at den politiske leiinga har praktisk erfaring frå det fagområdet dei skal bestemme over, men det kan også være ein stor ulempe om lekfolk ikkje får lov til å bestemme korleis samfunnet skal utvikle seg.
  13. Det er alltid avvegningar å ta, og apropos røyking eller snusing så er det fortsatt slik at mellom anna kreftforeininga slå fast at snusing er marginalt betre enn røyking. Det er fortsatt stor kreftfare ved snus, men innhalering av tobakksrøyk er litt meir helseskadeleg. Kunstig søtningsstoff er på ingen måte sunt, men når det primært er kampen mot kaloriane som er i fokus så er det eit fullgodt alternativ. Det beste er å slutte heilt med sukkertøy, for det er det sunnaste. Men blir søtsuget for stort så er det betre å velge sukkerfrie alternativ framfor ekte vare. Tilsvarande er det også veldig mange som slit med rusavhengigheit som klarer å bli rusfrie ved å bruke tobakk i staden for andre rusmiddel. Det er sjølvsagt ikkje sunt å ta opp røyking i voksen alder, men det er gode sjansar for at forventa levealder blir mykje høgare om ein går over til tobakk framfor å drikke seg til skrumplever eller sette heroin rett i blodomløpet.
  14. @sedsberg Eg er litt spent på korleis siste ledd i den nye forbrukerkjøpslova blir praktisert. Eg er einig i at det er ein viss fare fare for at produsentane pusher ut slike ondsinna oppdateringar etter 3-4 år som forbrukaren må installere for å ikkje miste reklamasjonsretten dei siste åra av reklamasjonstida. Kan lett sjå for meg at mange opplever å få avvist sine reklamasjonskrav fordi dei nekta å installere "sikkerheitsoppdateringa" som også reduserer batteritida. @Pop Angåande forventa levetid så er det nesten som at eg vil ta til orde for at produsent/butikk skal måtte merke sine produkt med best før dato. På den måten vil det være lettare for kunden å vurdere kva produkt som er verdt å kjøpe, i staden for at ein må bruke tid på å krangle med butikktilsatte som openbart har fått feilaktig opplæring (som ei viss elektrokjede som ei stund hardnakka påstod at elektronikk som fikk plass i ein pose ikkje hadde meir enn 2 års reklamasjon).
  15. På generell basis så vil eg anbefale deg å bytte dekka, det er stor sannsynlegheit for at dekka har blitt harde og mista mykje av friksjonen sjølv om mønsterdybden er grei. Det kan likevel variere ein del utifrå korleis dekka har blitt brukt dei 7 åra dei vart brukt, kva kvalitet det er på dekka, og ikkje minst korleis dekka har blitt oppbevart dei siste 8 åra. Eit anna moment er også korleis bilen skal brukast. Det er stor forskjell om dette er ein bil som du omtrent berre bruker i tettbygde strøk der det er 50 sone eller om du skal køyre mykje på landevegar i høg hastigheit. Om du velger å bruke dekka så er det viktig at du heile tida er bevist på at du har dårlege dekk og at du avpasser køyringa deretter både når det gjeld fart og avstand til bilen foran. Sikkert unødvendig å presisere men det er særleg viktig med fartsavpassing i svingar og stadar der det er pårekneleg at du fort må bremse opp til dømes på grunn av fotgjengarar eller dyr i vegbana.
  16. Det er § 15 som er endra. Det forrige lova som vart vedtatt i 2002 hadde denne bestemmelsen: I den nye lova gjeldande frå 2024 så er paragrafen kraftig utvida der retten til oppdatering er nemt fleire gongar, (med mine uthevingar): Den gamle lova omtalte berre generelt at tingen som skulle ha dei eigenskapane som følger av kjøpsavtalen, den nye lova understreker no at oppdatering av produktet er ein del av tingens eigenskapar. Merk siste ledd som også innfører ei plikt for forbrukaren om å installere tilgjengelege oppdateringar om forbrukaren har blitt oppfordra til å oppdatere.
  17. Det er verdt eit forsøk å tvinge telefonen til å prioritere 4G nett og ikkje drive å søke etter 5G. Dette gjer du inder instillingar-tilkoblingar-mobilnett. Det kan være at akkurat denne telefonen har dårlegare antenne for å få inn 5G signal eller liknande, så å tvinge telefonen til å være på 4G og sjekke batteritida er i det minste verdt eit forsøk. Tilsvarande kan det også være aktuelt å teste telefonen i flymodus med avslått wifi og BT for å finne ut om det er telefonen i seg sjølv som suger batteri eller om det er om det er radiokommunikasjonen.
  18. Grovheitsskalaen er også litt misvisande. Brød som har 2/4 grovheit kan ved fyrste augekast sjå ut som at det er 50% grovheit, men sanheita er at brødet kan være så lite grovt som 25% og fortsatt få denne merkinga. Dei grovaste brøda treng berre 75% eller meir for å få maks score på skalaen, men det er stor forskjell på eit brød som har grovheit på 77% kontra eit brød med 92% grovheit sjølv om merkinga er lik.
  19. Poenget er at trådstarter ønsker å kjøpe grovbrød. I kva grad grovbrød er sunt er eit heilt anna spørsmål som kjem heilt ann på kva du samanlikner det med. Det er ganske typisk at daglegvarebutikkane ikkje tek inn så mange av dei grovaste brøda sidan mesteparten av kundane vil ha 3/4 grovheit.Grovbrød som er 4/4 er ofte ikkje spesielt gode. Om det ikkje er eit alternativ å bake sjølv, og lokalbutikken ikkje har grovbrød, så er det eigentleg ingen andre alternativ enn å enten køyre til ein butikk eller bakeri som har grove brød, eller bestille heimlevering sjølv om begge alternativ medfører kostnadar. Mitt råd vil nok være å køyre til nærmaste by med stor daglegvarebutikk og der kjøpe opp masse brød som du fryser ned slik at du ikkje treng å reise så langt kvar gong du treng eit nytt brød.
  20. Eg får håpe at Verisure har rydda opp, men sikkerheita er aldri sterkare enn det svakaste leddet https://www.dagbladet.no/nyheter/delte-nakenbilder-av-kundene-1/75742651 Min personlege meining er at faren for brot på personvernet er større enn fordelen ein har gjennom å la vekterselskapet kameraovervåke leilegheita. Eg har ikkje nokon prinsipiell motstand mot overvåkingskamera, men eg vil ikkje ha overvåkinga via eit vaktselskap. Eg er klar over at alt som er tilgjengeleg via app over internett er utsatt for datainnbrot, men å la til dømes Verisure ha adminstratortilgang ligg utanfor min komfortsone. Med private overvåkingskamera så er det ikkje verre enn at dersom innbrotsalarmen går så kan eg sjølv logge inn for å sjekke kameraet og då melde frå vidare til vektaren som er på veg. Eg kan ikkje sjå for meg mange tilfeller der eg både ikkje er heime og heller ikkje har tilgang til å logge meg på systemet via mobiltelefonen. Kan sjølvsagt være akkurat i det eg sitt på flyet med mobilen i flymodus, men det skal ein del til at eg får innbrot akkurat då. Og skulle tjuvane slå til akkurat i det eg går ombord i flyet så er jo vektaren på veg uansett. Min påstand er at vektarselskapet selg inn overvåkingskamera fordi dei tener ekstra mykje på å også levere kameraer til kundane sine, samtidig som at det gir vekterselskapet muligheit til å ha fleire kundar utan å auke talet på vektarar som kan rykke ut sidan dei med kamera kan avklare unødige alarmar og dermed spare seg ei utrykking. Utan kamera så må vektarselskapet sende vekter uansett, med kamera så kan vektarselskapet stoppe alarmen og la være å rykke ut fordi det ser ut som at er OK på skjermen.
  21. Det finnes sjølvsagt forskning som peiker i alle retningar, deriblant forskning som viser at dagleg inntak av heilmjølk bidreg til vektnedgang. Mjølk inneheld både fett og laktose (karbohydrat) og er i seg sjølv ikkje slankande. Forskninga som viser gode resultat med inntak av heilmjølk peiker på dagleg mjølkeinntak reduserer kjensla av svolt og då gjer det lettare å stå over porsjon nummer to. I tillegg viser forsøk at mange av forsøkspersonane skiller ut meir fett i avføringa når mjølk inngår i kostholdet. Kaloriinntaket er likevel viktig, så drikk du 1 liter med heilmjølk så tell dei kaloriane sjølvsagt med i heilheita. Det kan likevel være vel verdt eit forsøk. Om ein med å drikke eit glas med heilmjølk og ei brødskive til frokost så gir det deg mindre kaloriar enn om frokosten består av to brødskiver og eit glas med juice.
  22. Noko som er bra for personvernet, men mindre bra for sikkerheita når vakta ikkje logger seg inn på kamerafeeden før vekteren har komt fram. Eg skal ikkje påstå at det er eit utbreidd problem, men det har skjedd før at verdifull tid har gått tapt ved at ein ikkje bruker kameraet til å raskare få klarheit i at det er noko reelt på gang. Når det gjeld utleiers tilgang så må du rekne med at utleigar har full tilgang. Verisure på sine sider viser berre til at kunden må sette seg inn i gjeldande lover og regler og lenker til eit dokument som mellom anna seier at ein skal ivareta personvernet ved utleige og at ein i slike tilfeller er underlagt GDPR regelverket. Tilsvarande står det at ein bør unngå å overvåke toaletter og liknande rom der folk har spesiell forventning til probatliv. Eg finn ingenting som tilseier at Verisure tek ansvar for kvar kameraene blir montert, så om huseiger vil ha muligheit til å overvåke leigetakaren eller eigne gjestars dobesøk så ser det ut som at Verisure kjem til å montere kamera på dei romma som huseigar peiker på. Eg kan heller ikkje sjå at Verisure har ei løysing frå å unnta enkelte kamera, tvert imot så skryt Verisure av at huseigar får full kontroll i appen.
  23. Du har i all enkelheit to alternativ. Enten må du overtale investorar til å investere i bedrifta, då vil du typisk trenge gode analyser og prognoser for å overbevise potensielle investorer om at potensiell avkastning står i stil med risikoen ved å investere. Eller så må du søke lån på vanleg måte. For å få lån så må du kunne stille akseptabel sikkerheit. Det kan fort bli nødvendig å sette hus, hytte og bil som sikkerheit for eit slikt lån. Framtidig inntekt vil nok ikkje være akseptabel sikkerheit sidan du naturleg nok ikkje har forutsigbar inntekt når du skal starte bedrift. Du kan ikkje rekne med å få med deg banken som investor, så sikkerheit må du ha. Det er sjølvsagt lurt å søke tilskudd der du kan, det er "gratis" penger, men om du treng opp mot 1,5 mill utover eigenkapitalen din så vil du nok ikkje kunne hente inn dette gjennom offentlige tilskotsordningar.
  24. Kan ikkje forstå anna enn at VG ønsker at dei som kjenner til dette spanske laget skal kunne identifisere gjerningsmannen, litt på samme måte som når VG publiserer profilbilde av gjerningsmannen med ein sladd. Tanken er at dei som kjenner vedkommande umiddelbart kjenner igjen personen på ansiktsform, frisyre, osv. Det kan sjølvsagt også være at VG berre poengterer at gjerningsmannen ankom rettssalen i same kleda som han hadde på då han vart arrestert. Sjølv om videoen som VG har publisert av arrestasjonen er sladda så ser ein tydeleg at han er iført svart shorts og svart t-skjorte, og ein lysegrå sixpence eller caps.
  25. Det er sjølvsagt eit definisjonsspørsmål på kva som er sundt, men eit generelt råd for å redusere karbohydrat er å servere proteinet medvtradisjonelle grønsaker i staden for pasta/ris. Om du tilbereder kylling ellet feit laks utgjer liten forskjell, det er tilbehøret og sausen som auker kaloriinntaket. Min personlege favoritt (som ikkje er veldig sunn) er vegetar burito. Bruk soyabase og bønner, med litt ost og kanskje rømme i ei lefse blir veldig god fredagsmiddag.
×
×
  • Opprett ny...