barfoo
Medlemmer-
Innlegg
2 979 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av barfoo
-
Kva om svaret er at folk faktisk ikkje vil bruke brorparten av livet sitt på unger om dei kan unngå det? Er det tilfeldig at fødselstalla stuper over alt når det kjem sosiale sikkerhetsnett utover storfamilien?
- 79 svar
-
- 2
-
-
Vel, Raudt er jo for å auke skatter. Og sløseriombudsmannen og millioner... Litt avhengig av kva ein tek med, så er rundt rekna halve statsbudsjettet velferdstiltak. Forsvarsbudsjett og samferdslebudsjett er kvar for seg rundt regna 10%, så sjølv om du eliminerer andre felt frå statsbudsjettet utgjer det ikkje allverda på totalen. I tillegg er veldig store deler av budsjetta lønn. Dvs. at du må ha folk til å gjere jobben og, og der er jo innvandring veldig reell brikke. Befolkingspyramiden i Noreg er topptung.
- 79 svar
-
- 2
-
-
-
Vel, har du prøvd?
-
Inntrykket mitt er av svært mange fotgjengarar greier å oppføre seg så lenge dei er klar over at dei går. Problemet oppstår når dei skal kombinere aktiviteter, og gløymer at dei ferdast i trafikken. Det er gjerne musikk, instagram og whatnot. I tillegg har du alle som kjem på løparhjul. Dei har større fart enn dei er klar over, og kan gjerne ikkje trafikkreglane, slik som høgreregel og vikeplikt. Konsekvensen av det er at dei gjer uventa ting.
- 85 svar
-
- 1
-
-
Er du sikker på at du ikkje har gpon? Gitt APC kontakt?
- 10 svar
-
- 1
-
-
Ikkje arbeida tid er ikkje problem. Arbeidstid er tida du står til disposisjon for arbeidsgjevar. Om du får betalt for å ikkje vere tilgjengeleg er ikkje det arbeidstid ift. AML.
-
Det er truleg såkalla døgnkvile, som i utgangpsunktet er 11 timer, men kan avtalast ned til 8 timer. Det er per 24 timers periode i Arbeidsmiljølova, og ikkje mellom vakter. Dvs. at om du i ein 24-timers periode har minst 8 timer friperiode så er det innanfor tariffavtalen.
-
Kvifor les du ikkje friluftslova, §3a?
- 47 svar
-
- 4
-
-
-
Kor kjem kravet om regulering inn?
-
Ut frå kartutsnittet ser det ut til at vegen ligg utanom tunet. På ein veg? At mange går på den? Altså... Terskelen for å kunne sperre er høg. Utgangspunktet er at allemannsretten, også må den som vil innskrenke det dokumentere adgang til å innskrenke det.
- 47 svar
-
- 2
-
-
Når du bytter link vil eksisterande connections droppe. Om det kun er snakk om 10-20 sekunder vil ikkje backup hjelpe deg. I så fall må du over på sd-wan ala zscaler...
- 9 svar
-
- 3
-
-
Sinus til tredve grader er 0.5. Enklaste for å lære meir er gjerne å slå opp trigonometri i ei bok; sinus er ein trigonometrisk funksjon. Før var tabeller der ein slo det opp vanleg, i dag er i praksis kalkulator måten å finne sinus til ein gitt vinkel. Sinus er kort fortalt motståande side delt på hypotenusen i ein rettvinkla trekant.
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Nei, når du aktivt lukker auga så ser du det jo ikkje. Men dei som forskar på klima og vær er så godt som samstemte om at vi vil få meir ekstremvær og flom - og at vi allereie ser konturane av det, t.d. Hans i 2023... Men mønsteret her er at du (og eit par andre) påstår klimaendringer ikkje eksisterer, og difor ikkje har konsekvenser. Eg har full forståelse for at det er behagelig å tenke det, men det er ingenting som tyder på at det er rett. Forskarar som har brukt livet sitt på å studere klima er nær samstemte om endringene.- 109 svar
-
- 5
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Og så da? For det første er det ikkje slik at ekvator = varmt. Joda, trenden er der, men om du ser på snittemperatur så har jo Dubai som ligg eit par tusen kilometer nord for ekvator langt høgare temperaturer enn t.d. Kampala og Singapore - som ligg meir eller mindre på ekvator. Kampala ligg ved Lake Victoria, og på 1200m høgde. I tillegg har du eit relativt fuktig klima, og ikkje ørken - som drar ned temperaturen. I tillegg så ser vi begynnelsen på klimaendringene no. Det vi ser stemmer med modellane, men det blir verre. Så korleis motbeviser veksten til Kampala noko som helst?- 109 svar
-
- 4
-
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Jo, vi har ein del modeller som gir oss indikasjoner. I tillegg ser vi klimaendringer i dag, der vi ser ein del av det eg skisserte. At du er ignorant endrer ikkje faktum. Resten av innlegget ditt er like ignorant, og eg ser ingen grunn til å kommentere det meir utover at du har laga ein stråmann av klimaendringene, og argumenterer mot stråmannen.- 109 svar
-
- 5
-
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Nei, endringene skjer såpass fort at mange har i praksis ikkje det. I tillegg skalerer ikkje flytting; det er uproblematisk at det flytter 100 personer frå Bergen til Oslo, men om heile Bergen skulle flytta til Oslo vil det bli kaos. Ja, på grunn av stabile værsystemer og økosystemer som er tilpassa det. Om monsunregnet vert meir tilfeldig slik at du kanskje varierer mellom flom og tørke så kollapser fort matproduksjonen - enkelte år er for våte, andre for tørre. Også viare også viare. Om du ser på enkelteffekter så stemmer det du seier; problemet er at det er mange faktorer som vil inntreffe samtidig: sterkare hetebølger, meir tørke, meir flom, mindre matproduksjon, mindre stabile elver fordi isbreer smeltar også viare også viare.- 109 svar
-
- 5
-
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Tingen er at dei varmaste områda, slik som India, per i dag er på kanten til at du kan leve der. Og temperaturauken blir som tidlegare nevnt ikkje jamt distribuert; enkelte plasser vil få større auke. I tillegg vil værsystem endre seg, slik at det som før var sikker vassforsyning ikkje lenger er det. Det vil påverke ting som matproduksjon - og alle andre fasetter av samfunnet. Les t.d. https://climate.nasa.gov/news/2865/a-degree-of-concern-why-global-temperatures-matter/ som tar for seg dette.- 109 svar
-
- 4
-
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Nei, men konsekvensane av to-tre milliardar mennesker på flukt er ganske dystert prospekt. Av humanitære og andre årsaker. Vald er ikkje heilt ukjent resultat når stater kollapsar. Dette er forøvrig barnehagenivå på diskusjonen.- 109 svar
-
- 4
-
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Problemet er at auka temperatur globalt ikkje vil sei auka temperatur her. T.d. er ei sannsynlig virkning at Golfstraumen vil kollapse - som vil føre til kaldare klima i Noreg. I tillegg vil du fort få problem med klimaflyktninger. Jo, med all respekt å melde så finst det - men du og andre vel å ignorere det fordi status quo er meir komfortabelt. IPCC har gjort eit grundig arbeid over årtier med å dokumentere klimaendringer, og det vi ser stemmer med modellane.- 109 svar
-
- 3
-
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Fysikk er ikkje demokratisk. Vil majoriteten fortsette dagens utslepp er konsekvenser ekstreme klimaendringar på relativt kort sikt, som vil endre korleis verda ser ut gjennom m.a. endra nedbørsmønster og dermed matdyrking.- 109 svar
-
- 3
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
barfoo svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Med kutte overalt meiner eg at vi må kutte utslepp nær totalt og i alle sektorer. Inkludert privatfly, cruise, fritidsbåter, biler og alt anna. Vi bør begynne først med det enkle, som privatfly, cruise og andre luksusprodukter. "Over alt" var meint som motsetning til om vi hadde begynt kutt på 80-tallet - då kunne vi sikkert ignorert t.d. luftfart, fordi vi hadde hatt karbonbudsjett nok til det.- 109 svar
-
- 5
-
-
Kjernekraft er den perfekte løsningen
barfoo svarte på Nasjonalisten sitt emne i Politikk og samfunn
Fordi dei er dyrare å bygge enn andre reaktorer. Til gjengjeld har dei den fordelen at dei i stor grad produserer drivstoffet sitt sjølv. Faktum er vel at det er langt mindre problem enn mange skal ha det til. Det er små avfallsmengder, og et par meter vatn er i praksis god nok skjerming mot stråling. Det er ikkje veldig prekært å lagre det.- 104 svar
-
- 5
-
-
Kjernekraft er den perfekte løsningen
barfoo svarte på Nasjonalisten sitt emne i Politikk og samfunn
Det er fordi det fortsatt er energirikt. Du kan lage reaktorer som bruker opp avfallet. T.d. vil breeder-reaktorer produsere avfall som er ca. like aktivt som vanlige reaktorer, men kun 1% av mengda. I tillegg er det slik med radioaktive ting at det du må lagre lenge ikkje er veldig radioaktivt, og stortsett farlig om du spiser det eller puster det inn. Det som er farleg å være nær er stortsett ufarleg etter nokre hundre år. Så veldig mykje av bekymringa rundt avfall er at folk ikkje forstår radioaktivitet.- 104 svar
-
- 2
-
-
Kjernekraft er den perfekte løsningen
barfoo svarte på Nasjonalisten sitt emne i Politikk og samfunn
Nei, det er ganske mange som kan prosessindustri. Spesielt i Noreg. Folk undervurderer grovt kor mykje dævelskap industrien behandler i kvanta på tusentalls tonn. Flytande naturgass som er kald, brennbar og farlig? Vi håndterer tusenvis av tonn i døgnet. Metta steam? Sure, bring it on. Ymse kjemikalier som har som ønske å ikkje vere et kjemikalie lenger? Kongsberg bruker det i store mengder. Og det skjer knapt nok uhell! Atomkraft er prosessindustri. Det har ein del unike problemstillinger, men dei er rimelig godt forstått etter tre kvart århundre med atomreaktorer. Og heck, det har i det store biletet knapt vore ulykker med sivile reaktorer. Konsekvensane har stortsett vore små, samanlikna med energimengdene atomenergi har gitt oss.- 104 svar
-
- 3
-
