Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    3 658
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av barfoo

  1. Land der det å sei feil ting kan sende deg i fengsel. Der relativt små mengder narkotika fører til dødsstraff. Der du ikkje får jobb om du har feil meininger. Og Sør-Korea på 70-tallet var lutfattig. Eg siktar høgare enn det. Både når det gjeld sivilsamfunn og styresmakter.
  2. Vi observerer evolusjon dagleg, har dokumentert det framlengs og baklengs, og moderne landbruk er basert på evolusjon. Heck, Gregor Mendel var abbed i eit kloster, og oppdaga i praksis genetikk og arv. Innlegga dine viser i realiteten kun din ignorans.
  3. Fordi du spør om x, men eigentleg vil ha svar på y. Det framstår som du vil ha erstatning. Det spørsmålet kan du stille gjennom ei rettssak og få eit bindande svar.
  4. Vil du diskutere presseetikk eller leike alt-righter? Som vanlig sporer du av i blind ideologi, uten nyanser eller gråtoner. Det må vere behageleg at verda er så svart-kvitt at det aldri finst tvil.
  5. F.eks. Bulder tilbyr det...
  6. Det endrer jo ikkje på faktum i saka, som er at redaktøren fjerna den før han var klar over at den var meldt inn til PFU. PFU har aldri fjerna ting; dei kan konstantere brot, og medier tilknytta PFU må då publisere ein tekstplakat om at det er konstantert brot. Det er i overkant konspiratorisk av deg, som vanleg. Det er åpenbart heilt utenkeleg for deg at andre kan ha andre politiske meininger uten at det er A G E N D A bak alle handlinger.
  7. Pfu fjerna ingenting. Det var redaktøren sjølv som fjerna, lenge før pfu tok saka. Pfu krev heller aldri fjerning, kun merking av at det er konstantert brot på presseetikken.
  8. Bruk google maps. Kollektivtrafikken i London er veldig god. Bruk visakortet til å tappe inn og ut på stasjoner. Det er daily cap på reisekost.
  9. Det er vel gjerne slikt du vil greie å hale i land om du har betalt for ein månad, men neppe vil bli trudd på om du har betalt for fire år?
  10. Nei, men du er så dårleg på å forstå at etterpåklokskap er eksakt, men unyttig, vitenskap. Det har vorte poengtert eit par gongar i tråden at du neppe har oversikt over alle saker i rettsvesenet, ei heller oversikt over grunnane for at rettsvesenet har handla som det gjorde i ei sak. Kritikken din er altså ikkje spesielt nyttig.
  11. Nei, og million er ikkje høg lønn. God, men ikkje høg. I tillegg så er jo jernbanen resultatet av New Public Management, som AP, Høgre og FRP har vore store tilhengjarar av. Dei som har gått mot NPM er jo stortsett venstresida, som SV og Raudt, og delar av AP...
  12. Så problemet er tittelen?
  13. Du må ha ledelse for kundeservice. Korleis i pokker vil du ellers organisere det?
  14. Kvifor er det hinsides? Du har ansvar, og det koster penger å få folk til å gidde. Million er omtrent det eg har som vanleg ingeniør, og eg kan skru av telefonen etter arbeidstid; det kan neppe direktøren. I tillegg får eg overtidsbetalt; det får neppe direktøren. En million er god lønn. Det er ikkje påfallande høg lønn.
  15. Vel, det er jo litt av premisset for kapitalisme, er det ikkje?
  16. Det er forbod mot statsstøtte til bedrifter. Så er det ein del unntak og ting som er tillete for å oppnå bestemte formål. Du finn meir informasjon på regjeringa sine nettsider, inkludert kva som er lov.
  17. For individet og samfunnet. Men det er ikkje parameter sjukehuset blir målt på: dei blir målt på antall operasjoner dei får gjennomført, og optimaliserer for det. Det er politikere som i lang tid har krevd den optimaliseringa gjennom m.a. stykkprisfinansiering og effektiviseringskrav.
  18. Fordi det er meir effektivt at ein person venter enn at kirurg, fem-seks sjukepleiarar, anestesilege, sterilteknikarar og et operasjonsrom til tjue mill venter. Det er enormt mange personer i sving under operasjon, og uforutsette ting skjer, slik at operasjoner av og til tar lenger tid. Så når vi skal effektivisere blir konsekvensen at sjukehuset prioriterer 100% belegg på operasjonsrommet over din komfort.
  19. Så ikkje stem SV da, om du meiner dei tar feil? Det er jo verkeleg ikkje eit problem at eit politisk parti er ueinig med deg, og SV står ikkje i fare for å bli statsbærande i nær framtid.
  20. I praksis driter dei i privatmarkedet lisensmessig. Det er ikkje interessant å følge opp enkeltbrukere. Dei går etter systemlevrandører (OEMs) og bedrifter. Så konsekvensen av ugyldig lisens er i praksis at du i verste fall ikkje får aktivert Windows. I praksis vil veldig mange lisenser som er brudd på lisensvilkåra fungere fint for å få aktivert windows, og har nada konsekvenser for deg.
  21. Ok. Og så da? Ikkje stem på dei om du ikkje liker politikken dei står for.
  22. Men du. Ikkje stem SV, så er problemet løyst. Eg forstår ikkje heilt den voldsomme reaksjonen din på at du er ueinig med eit parti? Det er stortsett styrke i demokratiet at det finst fleire parti; konsekvensen av topartiordning ser vi i USA og tildels UK. Så kan du ikkje heller kritisere saker framfor parti? Den tråden her gir meg litt vibber... Det er heller ingen akutte utsikter til at SV blir statsbærande parti..
  23. Ja, eg er redd du har rett.
  24. Spørsmålet er vel heller om det er større kost enn å innrette seg etter regelverket.
  25. Ja, og det er jo poenget mitt. Difor har vi reguleringer - det er forsøk på å balansere frihet. Tredvegrense er slik balansering. Du får lov til å køyre bil der, men må halde låg fart slik at barn og unge får frihet til å bruke området og. Men det er du imot, fordi det innskrenker deg for mykje... Herrejesus. Poenget er jo å diskutere kor den balansen skal gå.
×
×
  • Opprett ny...