barfoo
Medlemmer-
Innlegg
2 892 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av barfoo
-
M.a. at ei stemme potensielt sett er skilnaden på ingen og ganske mange mandat. Samtidig forstår eg poenget med den, og utjamningsmandata, og har ikkje nødvendigvis forslag til betre løysinger. Men konsekvensen er jo t.d. det vi såg i 2001: Venstre og Bastesen fekk hhv. 3.9% og 1.7% på landsplan - og begge fekk eit mandat. Grunnen er jo kombinasjon av sperregrense på utjamningsmandat, modifisert St. Laguës metode (delingstal 1.4), og valdistrikt. Ingen valsystem er perfekte, så det er ikkje nødvendigvis lett å gjere det mykje betre, men det er veldig lett å kritisere aspekter ved det.
-
Kven ga deg gebyret? Privat parkeringsselskap, kommunalt eller politiet?
-
Det har du allerede gjort når du installerte Windows. Om du ikkje stoler på OS-levrandøren din er alt anna irrelevant; du må fikse det først.
- 13 svar
-
- 2
-
-
-
Nei, dei burde ikkje få eit par månader. På ein dyr gjenstand som bil? Ja, kanskje. Men på ein billig gjenstand som ein mobiltelefon vil eg sei eit par uker er nok. At det er vanlig med lang ventetid er jo deira problem, ikkje ditt. Dei har forpliktelser etter forbrukerkjøpsloven til å avhjelpe mangelen innan rimeleg tid; reperasjon er ein måte - omlevering er anna måte å avhjelpe det på. Viare er det ikkje deg vedkommande kva dei gjer mot produsent; du har avtale med dei. Hadde det vore eit kjøp med kredittkort hadde eg gått til banken og sagt at seljar ikkje er villig til å oppfylle sine forpliktelser, og krevd pengane frå dei.
-
Sjekk at det er vatn i vasslåsen i sluket. Hell ein liter vatn i det, og sjå om lukta forsvinn
- 7 svar
-
- 2
-
-
Jøss, dei tar konsekvensen av at ingen stemmer på dei. Det er jo nesten unikt for mikroparti. Sånn dønn seriøst: når du har holdt på med politisk ide i ti år, og ikkje greier å tromme sammen meir enn 4-5000 stemmer så er opplegget dødfødt. INP, FNB og eit par andre har demonstrert at nykommere greier å skrape sammen såpass om dei faktisk har populær politikk. Det er ting som er kritikkverdig, som sperregrensa. Men dette kravet om 5000 stemmer er ikkje det.
- 116 svar
-
- 7
-
-
-
-
Juli til no er ikkje rimelig tid på ein såpass billig og masseprodusert gjenstand som ein mobiltelefon. I tillegg er det selger som skal dekke kostnader som lånetelefon, og den skal ha tilsvarande eigenskaper. Her hadde eg krevd omlevering, dvs. ny telefon, eller heving - alt etter kva du ønsker. Om dei hadde nekta det hadde eg tatt kontakt med banken og starta reklamasjonssak gjennom betalingskortet du truleg brukte for å betale telefonen.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Dette underbygger på ingen måte din påstand; det er generell kritikk av innvandring, men totalt urelevant for det du skreiv.
-
Forklar korleis dei gjer det er du snill.
- 79 svar
-
- 3
-
-
Du vil jo få opplyst kva som er høgste bod, og når nokon byr over deg?
-
https://nef.no/ordbok/budjournal/ Kort sagt har du krav på anonymisert budjournal om du var med i bodrunden. Om du ikkje var part så har du ikkje krav på det.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Utvilsomt. Dei er eit godt grunnlag for å starte diskusjonen, og for å starte undersøkelser, men dei er ikkje eit grunnlag for å konkludere.
-
Tingen her er at du kjem med anekdoter. Det er grunnlag for diskusjon, men heller ikkje meir. Feil vil alltid forekomme i komplekse systemer. Om ein av ein million konsultasjoner ender med feil vil eg sei det er ekstremt bra og påliteleg. Er det ein av hundre er det litt mykje. Det vil og avhenge av definisjonen av feil; mindre alvorlege feil er jo relativt uproblematisk - t.d. virushalsbetennelse som får antibiotika er ikkje krise. Sannheita ligg nok ein plass mellom dei to ytterpunkta. Du har ikkje peiling på kor sannheita faktisk ligg, men du antar ting på grunn av personlege erfaringer. Meir eller mindre alt er redusert til appeal to emotion; du viser til dine opplevelser. Det er forsåvidt vel og bra, men vi kan med all respekt å melde ikkje vurdere helsevesenet på grunnlag av dine erfaringer. No påstår eg ikkje at helsevesenet er bra; det er store mangler ved det, men utgangspunktet for diskusjonen må vere eit betre grunnlag enn tilfeldige anekdoter.
-
Kva om svaret er at folk faktisk ikkje vil bruke brorparten av livet sitt på unger om dei kan unngå det? Er det tilfeldig at fødselstalla stuper over alt når det kjem sosiale sikkerhetsnett utover storfamilien?
- 79 svar
-
- 2
-
-
Vel, Raudt er jo for å auke skatter. Og sløseriombudsmannen og millioner... Litt avhengig av kva ein tek med, så er rundt rekna halve statsbudsjettet velferdstiltak. Forsvarsbudsjett og samferdslebudsjett er kvar for seg rundt regna 10%, så sjølv om du eliminerer andre felt frå statsbudsjettet utgjer det ikkje allverda på totalen. I tillegg er veldig store deler av budsjetta lønn. Dvs. at du må ha folk til å gjere jobben og, og der er jo innvandring veldig reell brikke. Befolkingspyramiden i Noreg er topptung.
- 79 svar
-
- 2
-
-
-
Vel, har du prøvd?
-
Inntrykket mitt er av svært mange fotgjengarar greier å oppføre seg så lenge dei er klar over at dei går. Problemet oppstår når dei skal kombinere aktiviteter, og gløymer at dei ferdast i trafikken. Det er gjerne musikk, instagram og whatnot. I tillegg har du alle som kjem på løparhjul. Dei har større fart enn dei er klar over, og kan gjerne ikkje trafikkreglane, slik som høgreregel og vikeplikt. Konsekvensen av det er at dei gjer uventa ting.
- 85 svar
-
- 1
-
-
Er du sikker på at du ikkje har gpon? Gitt APC kontakt?
- 10 svar
-
- 1
-
-
Ikkje arbeida tid er ikkje problem. Arbeidstid er tida du står til disposisjon for arbeidsgjevar. Om du får betalt for å ikkje vere tilgjengeleg er ikkje det arbeidstid ift. AML.
-
Det er truleg såkalla døgnkvile, som i utgangpsunktet er 11 timer, men kan avtalast ned til 8 timer. Det er per 24 timers periode i Arbeidsmiljølova, og ikkje mellom vakter. Dvs. at om du i ein 24-timers periode har minst 8 timer friperiode så er det innanfor tariffavtalen.
-
Kvifor les du ikkje friluftslova, §3a?
- 47 svar
-
- 4
-
-
-
Kor kjem kravet om regulering inn?
-
Ut frå kartutsnittet ser det ut til at vegen ligg utanom tunet. På ein veg? At mange går på den? Altså... Terskelen for å kunne sperre er høg. Utgangspunktet er at allemannsretten, også må den som vil innskrenke det dokumentere adgang til å innskrenke det.
- 47 svar
-
- 2
-
-
Når du bytter link vil eksisterande connections droppe. Om det kun er snakk om 10-20 sekunder vil ikkje backup hjelpe deg. I så fall må du over på sd-wan ala zscaler...
- 9 svar
-
- 3
-
