Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    2 997
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Saltvatn er ikkje ei energikilde i seg sjølv. Det som blir gjort er osmose - du utnytter konsentrasjonsforskjellen i ei elv og havet. Men det funker fordi du i praksis har ubegrensa mengder vatn. Det er veldig lite energi per liter, så det er totalt utopisk å ta med seg ferskvatn og bruke sjøvatn til osmotisk energiproduksjon. Kort sagt har du misforstått kva nanoFlow påstår dei driver med (eg trur ikkje dei har komt så langt i utviklinga av flow-battery som dei påstår, gitt fraværet av tredjepartsverifikasjoner), og dei påstår heller ikkje det du trur. Om eg skal gjette så er nanoFlow scam.
  2. Å påstå at den går på saltvatn er så tabloid at det er latterlig. Den går på eit batteri. Det er ikkje snakk om salt som i natriumklorid ifølgje wikipedia: Du kan altså ikkje ause opp ein liter sjøvatn og bruke det som energikilde. Energikilda er elektrisitet. I tillegg er det verdt å merke seg at på tjue år har dei hittil kun vist fram produkt på eit vis som ikkje bekrefter at dei har teknologien dei påstår. Det er ... påfallande.
  3. Det er BS. Osmose er reelt, men det har veldig lav energitetthet. Du kan ikkje drive en bil på det. Men det kan vere interessant for kraftnettet fordi vi har veldig store kilder til saltvatn og ferskvatn - nemlig elver og hav. Men til bil? Nope, det har du drøymt.
  4. Næh, tviler. Det er for dyrt å bygge infrastruktur til biler. Skip og fly kan funke, fordi det er såpass få punkt som er nødvendig sammenligna med vegtrafikk. I tillegg har hydrogen for store tap; 50-80% av energien blir bortevekk, i motsetning til batteri som poker rundt 90%. For skip tipper eg amoniakk har større sjanse for å bryte gjennom - ammoniakk er tross alt ganske enkelt å handtere samanlikna med hydrogen.
  5. Det er jo komplekst. Veg er positivt. Matpakkekøyrarar er neppe positivt. Dersom vi hadde fått ned rushet hadde vi og kunne hatt mindre vegar, altså spart mykje pengar. Så ja, vi må ha veg, men om vi hadde fått 30% over på kollektivtrafikk (les: bane) kunne vi antakeleg redusert utbyggingane ganske kraftig.
  6. Ah, så dei er ikkje ansvarlege for mellomlegget ved t.d. dekningskjøp? Det var nyanse eg har gått glipp av! Takk for korreksjon!
  7. Statsbudsjettet har sånn rundt rekna tre tusen milliarder i utgifter. Av det er bistand 58 milliarder, eller snaut to prosent. Trussamfunn snaue fire milliarder. Så gratulerer, til saman utgjer det omlag 2% av statsbudsjettet sine utgifter. Det ... er ikkje dei summane som velter budsjettet. Å fokusere på slike poster er støy. 250 milliarder er driftskostnader, 100 milliarder er investeringer, folketrygda 700 milliarder, helseforetak 230 milliarder og 344 milliarder til kommuner. Det er dei postane som er store, og skal du kutte på meiningsfull måte må du begynne der. Og det vil jo føre til reduksjon i tilbod på eit vis.
  8. Av ideologiane du nevner er det vel nøyaktig ein eg vil plassere spesielt langt til venstre. Alle er autoritære, men autoritære krefter finst på heile det politiske spekteret. Om verda di er så eindimensjonal at venstre = det du misliker, så blir debatt rimelig meiningslaust.
  9. Ta kontakt med kredittyter og send over korrespondansen. Kredittyter er ansvarleg om seljar ikkje vil oppfylle sine plikter.
  10. Kva med alle eksternaliserte kostnader biltrafikk medfører, som redusert levealder for dei som bur i by? Matpakkekøyrarar koster samfunnet masse.
  11. Mykje må. Pakningsmaterialer tåler det ikkje, slanger må byttast også viare. I tillegg har du problematikken med fukt; etanol er hygroskopisk. Det kombinert med ventilerte tanker og lite bruk fører til kondensproblematikk og tilhøyrande korrosjon. I tillegg er det slik at ting er orignalt kun ein gong: den dagen det rulla ut av fabrikken. Minst mogeleg endringer er idealet for å bevare kulturminner. Konsekvensane av å ikkje tilsettje etanol er små.
  12. Eg er imot bilbruk i by også bortetter. Men. Veteranbiler er del av kulturarven og samferdslehistoria vår, som vi bør prøve å ta vare på. Beste vern er bruk - å vise fram levande kulturarv. I eit miljøperspektiv er utsleppa bagatellmessige; det er snakk om få køyretøy, og lita køyrelengd. Dette handlar ikkje om utslepp, men om å ta vare på og forvalte bevegeleg kulturarv.
  13. Kva er feil?
  14. Skal vi minne om påstanden din? At det var målbart nedfall ("elevated, but very low") tviler eg ikkje eit sekund på. Men det underbygger jo på ingen måte at det var like mykje som frå Tsjernobyl. Heller tvert om. Om du les argumentasjonen eg har framført så har eg konsekvent avvist at det kunne vere snakk om like mykje, så det er rart du ignorerer det. Problemet med Tsjernobyl er ikkje at du sto ute i regnet. Det er bio-akkumulering, der radioaktivt cesium vert tatt opp av planter, spist av dyr, ogs spiser du dyret. Nedfallet du fekk på deg er garantert heilt uvesentleg.
  15. At utarma uran kan vere bekymring lokalt er noko heilt anna enn at det fall ned relevante mengder radioaktivitet i Noreg. Hovudproblemet lokalt er nok at det er eit tungmetall, og som så mange andre tungmetall kjemisk giftig. Så ja, det er absolutt relevant problemstilling der ammunisjon med utarma uran er brukt, men det førte ikkje til stort radioaktivt nedfall i Noreg.
  16. Kva er det som er løgn i det du siterte...?
  17. For det første er det litt uklart om bordet er selt av portugisisk firma eller norsk; det vil jo ha relevans for lovverket her. For det andre så er eg veldig nysjerrig på kor du utleiar den plikta til å bevise at skaden skjedde under transport frå.
  18. Kvifor det? Vara har ein mangel, og ifølge forbruker europa er fristen for å melde ifrå om reklamasjon i Portugal to måneder etter at mangelen vart oppdaga. Eg hadde høfleg informert om at mangelen vil bli tatt som reklamasjon mot kredittyter om dei ikkje var villige til å fikse det.
  19. Kva er løgna her?
  20. Dette er special pleading. Som nevnt over er ikkje påstanden plausibel på grunn av halveringstider.
  21. Tingen er at nedfall av utarma uran er ikkje midlertidig. Uran-238 har halveringstid på fire milliarder år. Dvs. at strålinga i dag og om ti tusen år for alle praktiske formål er identisk. Om nedfallet var så stort så ville det vere ekstremt farlig - mykje verre enn nedfallet etter Tsjernobyl. Tsjernobyl-nedfallet var veldig radioaktivt fordi det var kortliva isotoper, ikkje fordi det var store mengder. Men ettersom du ikkje kan vise til kjelde og googling etter t.d. "Depleted uranium levels europe iraq war" ikkje gir relevante treff så tenker eg det er nærliggande å avvise det; du har misforstått en plass.
  22. Det er lite plausibelt, på grunn av halveringstid. Kan du vise til dei målingane?
  23. Nei. Bare... nei. Utarma uran er ikkje spesielt radioaktivt. Det har veldig lang halveringstid, og det går difor veldig lang tid mellom kvar desintegrasjon. Halveringstida er milliarder av år. Naturleg finst det veldig lite av isotoper som ikkje har halveringstid på milliarder av år - fordi dei enkelt og greit er bortevekk. Dei som finst er datternukleider av mindre reaktive ting, noko som begrenser mengda. Men atomreaktorer produserer kortliva isotoper - t.d. Cesium-137. Ein halvkilo uran på stuebordet hadde vore farleg å få på tåa. Ein halvkilo Cs-137 hadde utrydda nabolaget. Det har halveringstid på 30 år. I tillegg til Cs-137 var det ein haug andre kortliva nukelider, men Cs-137 er av dei mest problematiske, fordi den er kort nok til at den er veldig aktiv, og lang nok til at den blir verande over mange år. Isotoper med halveringstid på sekunder eller minutter er ekstremt problem der og da, men ufarleg etter et halvår.
  24. Tipper dei faktisk ikkje har et ønske om å drive med det, og bruker pris for å pushe folk over på andre løysinger.
×
×
  • Opprett ny...