Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    3 014
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Nei. Enkelt og greit nei. For det første vil 10 meter kabel (altså 20m 0.75mm^2) ha resistans på 0.456 Ohm sånn omlag. Legg til 60m 2.5mm^2 så har du 0.8604 Ohm. I=U/R=230 V/0.8604 Ohm=267 A. Det er litt forenklinger mtp. spenningsfall og slikt, men konklusjonen er vel at du vil ha nok kortslutningsytelse til å trippe magnetisk vern (10x In), og langt meir enn 20A - så termisk vern vil trippe på sekunder i verste fall. Hugs at sikringer har to funksjoner: overlastvern og kortslutningsvern. Kabling i veggen må dimensjonerast for å tåle normallast uten varmgang. Kabel til apparat med kjent last treng ikkje dimensjonerast for meir enn kortslutningsytelse og normert last for apparatet. At 0.75mm^2 vil gå varm ved 16A er ikkje relevant, for det er svært lite sannsynleg at du vil få 16A belastning - du vil få enten normert last eller kortslutning. Forøvrig vil 20A trippe et 16A C-vern på minutter, ikkje timer.
  2. Kvifor skal dei ikkje få kjøpe til fastpris om nokon er villige til å selge til fastpris? Fastpris med tvungen mengde vil jo gi seljar ei stabil og kjent inntekt som kan finansiere utbygging. Med uttank av historisk kraftkrevjande industri (t.d. aluminiumsverk) betaler vel nye kunder nettleige på like vilkår? Også kjent som anleggsbidrag.
  3. Kan du kjenne igjen nokon er det truleg ei personopplysning.
  4. Den er frå 2008. Og ikkje frå domstolane, men ei underordna nemd. Eg ville ikkje tillagt den alt for mykje vekt for tilstanden snaut tjue år seinare.
  5. Kor kan eg finne det vedtaket?
  6. Jepp, AI er hype - men datasenter er meir enn det. Det er maskinlæring (ikkje LLM, men meir spissa modeller), lagring, prosessering etc. Breakdown av type bruk ville vore interessant for å kunne sei noko om nytteverdien. F.eks. maskinlæring kan gi veldig store nytteverdier.
  7. Forsåvidt veldig interessant tema - men har du belegg for at det hovudsakleg ikkje er nytte, altså næringsverksemd? (Dette er ikkje kverulering e.l., bare oppriktig nysjerrig på om det er gode tall på fordelinga)
  8. Er vel bare å installere og taste inn evt. serial? Moderne utgaver er vel knytta til Microsoft-konto...
  9. Dette er fjaseargumentasjon. Kvifor skal vi ikkje avskaffe inntektsskatt med samme grunn? Det er jo null skatt for inntekt under frikortbeløp. Og null eigedomsskatt i mange kommuner under ei grense. Ja, og så da? 0.525% av det over 1.7 mill. Og primærbolig har ganske solid verdifastsettelsesrabatt. Har du ti mill i formue må du betale 83k i året i formuesskatt - og tilhøyrer definitivt øvre middelklasse. Sorry mac, eg ser ikkje på det som veldig urimeleg når du er i den posisjonen. Har du kun bolig skal det godt gjerast å betale nevneverdig formuesskatt. Men som sagt - juster innslagspunktet då. Ikkje fjern skatten. I det store biletet er det ikkje mykje penger, og i tillegg har det positive ringvirkninger, som t.d. færre (klima)flytkninger, og mindre klimaendringer, som gjer at eg er ganske sikker på at det i det lange løp er ei lønnsom investering. Det er tross alt korrekt det FRP har messa om i tjue år - det er betre å hjelpe folk der dei er. Men då kan vi ikkje kutte bistanden. Så då skal vi gi opp...? Har eg sagt det?
  10. Kan enkelt fiksast. Null arveavgift for under 20 mill. Kjempestor hodepine? Dei er jo ikkje relevante for middelklassen. ...du er klar over at bistand ikkje er spesielt stor del av statsbudsjettet? Og at konsekvensane ved å ikkje omstille samfunnet i retning av mindre CO2-utslepp vil medføre større kostnader i form av klimaendringer? Men det er nøyaktig forventa respons frå høgresida - avvis det totalt. Ikkje snakk om korleis vi kan innrette skatter og avgifter treffsikkert, men avvis det - og kutt bistand til dei som har minst.
  11. Det er jo noko alvorleg galt når dei superrike får akkumulere perverse formuer mens det fortsatt er hungersnød i verda. Men tiltak for å redusere det ser ikkje ut til å vere på agendaen. Stor arveavgift, formuesskatt (gjerne med liberalt grunnfrådrag), meir progressiv inntektsskatt, tobinskatt m.m. er tiltak som kunne redusert det problemet. Men det vil ikkje høgresida. Foreslår ein å innskrenke fridomen til dei superrike hyler høgresida om misunnelse.
  12. Det gjeld alltid. Men samtidig vil folk først kutte det med minst nytteverdi for dei, t.d. helgeturen til London og liknande. I tillegg vil det kunne vri transport over på andre former. Når det gjeld problem som privatfly og yachter så vil neppe avgifter påvirke det, og det å snakke om å innskrenke dei superrike si handlefrihet er åpenbart tabu i dagens samfunn...
  13. Anta at eg meiner det eg skriv - at transport er som dei fleste andre ting elastisk. Aukar prisen går etterspørselen ned.
  14. Det du påstår er at elastisitet på transport er nøyaktig null. Det framstår som svært underlig påstand. Kan du underbygge den?
  15. Kva med alle dommedagane som aldri inntraff då? Eg har aldri sett tilhengjarane ta sjølvkritikk over det som ikkje skjedde.
  16. Veldig mange ting er viktigare. Felles interesser og verdisyn t.d.
  17. Nei. Tingen er at det er ikkje ei motsetning - volumet er så lite at det ikkje er relevant i den store samanhengen. Om du faktisk forsøker å prate med MDG vil du oppdage at dei ikkje har innvendinger mot veterankøyrety. Dei ser enkelt og greit ikkje problemet - fordi det ikkje er eit problem. Det er ikkje veteranbiler som lager kø i Oslo, og det er ikkje veteranbiler som fører til klimaendringer. Eit slikt forslag finst ikkje så vidt eg kan sjå, så p.t. er det to utfall: Status quo der omsetningskravet gjeld totaltmengda drivstoff, og at 98 blir tatt ut av totalmengda når tilsettjinga skal beregnast. I førstnevnte tilfelle står bensinlevrandører fritt til å fortsette som i dag. Det var ikkje heilt det eg skreiv: Kontekst for det var jo tittelen - å løfte saka opp valkampen.
  18. Interessant nok så er dette argumentasjon som kan brukast mot gud også. Dersom liv er så komplekst at det ikkje kan ha oppstått på anna vis enn gud, så må gud være meir komplekst enn livet. Korleis oppsto gud?
  19. Har du avtale på registreringsnummeret dukker dei opp samme plass som om dei er registrert med brikke.
  20. Tingen er at noko slikt som 99% av all bensin er 95 oktan. Kravet er å blande inn 19% biodrivstoff i alt flytande drivstoff. Mengda i 98 oktan er irrelevant, fordi volumet av det produktet er så lite. Samtidig er det heilt grei kobling, fordi eldre motorer som ikkje tåler etanol typisk og foretrekker høgare oktan-tall. Nåja, det er ikkje heilt sant. Problemet er at mange deler faktisk ikkje tåler etanol. Det er ikkje alltid trivielt å bytte ut t.d. membran i ei drivstoffpumpe, eller pakninger i ein forgasser.
  21. Er litt usikker på kva poenget ditt er?
  22. Ja, eg har iallefall ikkje funne ei slik sak. Det eg fann er det som er vist over - ei sak om det motsette av det du slår fast. Eg antyda heller ikkje at du hadde nevnt MDG; eg slo fast at MDG har foreslått å frita 98 oktan frå innblandingskrav. Alle stortingssaker (med eit par unntak som ikkje er relevante her) er offentlege, så du må gjerne leite og sjå om du finn ei slik sak som du meiner skal eksistere.
  23. Du misforstår saka. Her er den: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Komiteene/Energi--og-miljokomiteen/?tab=CommitteeProc Det Rasmus Hansson (MDG) foreslår er at det ikkje skal vere innblanding av etanol i 98 oktan. Nettopp for å unngå problemer med eldre motorer. Per i dag er kravet ein viss andel etanol av totalmengda, og ved å ha litt meir enn kravet i 95 oktan kan dei selje 98 oktan utan etanol, fordi 95 utgjer det suverent største volumet. Rasmus Hansson foreslår å enkelt og greit unnta 98 frå omsetningskravet, slik at det kun vert krav til 95 oktan. Forøvrig er engasjementet minimalt. Det er ei sak i enkelte miljø, men det er ikkje ei sak som flytter veljarar. Den typen saker er typisk betre å ta opp som her - gjennom partidemokratiet, og få flest mogeleg parti til å jobbe for det. Hugs at val er ikkje den einaste demokratiske kanalen. Her vil eg tippe det er systematisk arbeid frå LMK som har gjort at MDG fremmer saka. Organisasjonskanalen mao.
  24. Det er ikkje relatert til firefox, ettersom eg ser norsk flagg heilt utmerka i firefox - og posta det til og med.
×
×
  • Opprett ny...