Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    2 892
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Har du avtale på registreringsnummeret dukker dei opp samme plass som om dei er registrert med brikke.
  2. Tingen er at noko slikt som 99% av all bensin er 95 oktan. Kravet er å blande inn 19% biodrivstoff i alt flytande drivstoff. Mengda i 98 oktan er irrelevant, fordi volumet av det produktet er så lite. Samtidig er det heilt grei kobling, fordi eldre motorer som ikkje tåler etanol typisk og foretrekker høgare oktan-tall. Nåja, det er ikkje heilt sant. Problemet er at mange deler faktisk ikkje tåler etanol. Det er ikkje alltid trivielt å bytte ut t.d. membran i ei drivstoffpumpe, eller pakninger i ein forgasser.
  3. Er litt usikker på kva poenget ditt er?
  4. Ja, eg har iallefall ikkje funne ei slik sak. Det eg fann er det som er vist over - ei sak om det motsette av det du slår fast. Eg antyda heller ikkje at du hadde nevnt MDG; eg slo fast at MDG har foreslått å frita 98 oktan frå innblandingskrav. Alle stortingssaker (med eit par unntak som ikkje er relevante her) er offentlege, så du må gjerne leite og sjå om du finn ei slik sak som du meiner skal eksistere.
  5. Du misforstår saka. Her er den: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Komiteene/Energi--og-miljokomiteen/?tab=CommitteeProc Det Rasmus Hansson (MDG) foreslår er at det ikkje skal vere innblanding av etanol i 98 oktan. Nettopp for å unngå problemer med eldre motorer. Per i dag er kravet ein viss andel etanol av totalmengda, og ved å ha litt meir enn kravet i 95 oktan kan dei selje 98 oktan utan etanol, fordi 95 utgjer det suverent største volumet. Rasmus Hansson foreslår å enkelt og greit unnta 98 frå omsetningskravet, slik at det kun vert krav til 95 oktan. Forøvrig er engasjementet minimalt. Det er ei sak i enkelte miljø, men det er ikkje ei sak som flytter veljarar. Den typen saker er typisk betre å ta opp som her - gjennom partidemokratiet, og få flest mogeleg parti til å jobbe for det. Hugs at val er ikkje den einaste demokratiske kanalen. Her vil eg tippe det er systematisk arbeid frå LMK som har gjort at MDG fremmer saka. Organisasjonskanalen mao.
  6. Det er ikkje relatert til firefox, ettersom eg ser norsk flagg heilt utmerka i firefox - og posta det til og med.
  7. 🇳🇴 Skriv inn norway i søkefeltet du.
  8. Ideologi er eit samlebegrep for retning. Det å mislike ideologi er meiningslaust. Det er omtrent som å mislike tyngdekraft. Du har vel ytra ein del ganger at du liker PDK/Konservativt som har ein kristenkonservativ ideologi. Forøvrig mistenker eg vel kanskje at forakten din gjerne ikkje er basert på fakta. Kan du forklare kva kommunisme er? Det er for all del ikkje eit krav å kunne det; demokratiet har som kjent ikkje ei kunnskapsprøve, men å forakte ting utan å forstå det er litt meiningslaust.
  9. Hæ? Eg må innrømme at eg ikkje heilt forstår argumentasjonsrekka di.
  10. Says who? Om du les t.d. https://www.staypro.no/kunnskapsportalen/guider/hvor-lenge-varer-et-verktoybatteri så står det følgjande: Mi utheving. Du vil sjølvsagt ikkje ha reklamasjonsrett på slitasje på eit batteri, men min påstand er at den formuleringa underbygger at batterier i verktøy stortsett er meint å vare vesentleg meir enn to år, dvs. at du vil kunne reklamere på mangler i fem år. Ein mangel er t.d. at det slutter totalt å fungere, eller at det som trådstarter opplevde - fysisk defekt. Merk at her er staypro faktisk klagemotpart for trådstarter, og ergo veldig relevant for reklamasjonsperioden mot dei som seljar.
  11. - Nygårdsparken er jo opplevelse, med store areal og leikeplassar for alle aldre. - Stranda på Marineholmen - Gamle Bergen - Bergens tekniske museum / trikken - Gamle Vossebanen - damplokomotivtur - Fjellområda rundt Fløyen/Ulriken, litt avhengig av alder. - VilVite - litt avhengig av alder. Ellers kjem det jo veldig an på ungane - både i alder og interesser. T.d. sjøfartsmuset, naturhistorisk også viare er jo fort spennande.
  12. Barnehageunger er stortsett nysjerrige og opptatt av å lære, så her fornærmar du den gruppa.
  13. Nei, det er ikkje riktig. Dei kan avvise ei reklamasjonssak om produktet ikkje har ein mangel, dvs. at det var levert som forutsett og tåler normal bruk for det ei slik vare er meint å brukast til. Om du hadde øydelagt det ved å skru det opp og kortslutte det så hadde du sjølvsagt ikkje hatt reklamasjonsrett. Det trur eg du har dårleg grunnlag for. Du har ikkje reklamasjonsrett på alminneleg slitasje. At batteriet vert dårlegare må du rekne med. Men om det t.d. slutter å fungere, eller får mekanisk skade under normal bruk så vil eg påstå du har reklamasjonsrett. Hugs at kriteriet er om det er meint å vare vesentleg meir enn to år.
  14. Begrunner? Har du sett PÃ¥inter eller ogalaton begrunne ting?
  15. Om eg hadde tru på vilje til å lære så ja. Det har eg ikkje.
  16. Det er bevist. LTEE har t.d. Det - og andre ting er nevnt mange ganger i tråden, men du nekter å anerkjenne det.
  17. Joda. Sjølvsagt har det resultert i evolusjon. Men du mangler forståelsen av evolusjon, som er basert i hovudsak på to prinsipp; mutasjoner og seleksjoner. Om ein art er godt tilpassa miljøet er seleksjonspresset lite; den forma den har i dag er godt tilpassa, og det er litt evolusjonært press på endringer. Enkel til kompleks kan brukast som forklaringsmodell på korleis komplekse strukturer kan oppstå. Det er ingen, inkludert Dawkins, som seier at komplekse strukturer er ei forutsetning for evolusjon, eller at evolusjon fører til komplekse strukturer. Dette er - som absolutt alt anna frå deg - stråmenn som stortsett demonstrerer at du ikkje forstår evolusjon.
  18. Koreakrigen involverte fleire land. Vietnamkrigen involverte fleire land. Men det var ikkje verdenskriger, fordi fronten var veldig klart avgrensa. WWI og WWII var verdskriger fordi fronten var overalt. Tyskland angreip i begge krigar skipsfarten overalt. I WWII var det krig mellom dei samme partane i Asia, Afrika, Europa, Stillehavet og Atlanterhavet. I t.d. Vietnamkrigen kunne amerikanske styrker operere totalt fritt utanfor Vietnam.
  19. Du må nesten sjå på straumbruk versus avfukta mengde.
  20. Du kjem ikkje unna at avfukter varmer opp rommet. Måten dei fungerer på er stortsett at dei kondenserer vatn på ei kald flate. Den kalde flata lager dei ved å kjøle ned noko med ein mekanisme for å flytte energi. Slike mekanismer krev energi, og fører til varme. All energien (pluss litt til) som blir brukt vil ende opp som varme i rommet. Mengda varme er proporsjonal med avfukta mengde, men og avhengig av teknologi; peltierbaserte vil ha meir varme per liter avfukta enn kompressorbaserte.
  21. Du har framsett eit reklamasjonskrav. Dei har ikkje avvist det eller foretatt avhjelp innan rimeleg tid. Det er etter mi meining eit hevingsgrunnlag; dei oppfyller ikkje sine forpliktelsar.
  22. Det meiner eg er grunnlag for heving ja, gitt at avhjelp skal skje innan rimeleg tid - halvanna månad på ei sak som er såpass lett å undersøke er ikkje rimeleg tid.
  23. https://www.gov.uk/guidance/apply-for-an-electronic-travel-authorisation-eta
  24. Reklamer til selger.
  25. Du må nesten finne ut det før du kan forvente å få svar på spørsmålet.
×
×
  • Opprett ny...