Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 034
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Spotprisen, marknaden, kablane og alt det der er ein anna diskusjon som er tema i fleire andre trådar. Her handlar det om fastprisavtalar etter at prisane no har tatt av og korleis regjeringa kan legge til rette for at leverandørane i det heile tatt vil tilby det og kundane kan ynskje det.
  2. Betongslipemaskin med diamantskive. Best å leige eventuelt. Det støvet veldig om du ikkje har utstyr som samlar opp. Men det er eit ganske stort område om det på 5 skal ned til resten, så eg ville droppa den tanken. Å bruke underlag og ullpapp til å jevne ut kan fungere bra. Eg brukte sjølv ullpapp til det og er nøgd med resultatet. Du kan òg vurdere å klattsparkle for hand for å jevne det meir ut. 2mm er ganske bra, men frå 5 til 4.1 på kort avstand kan bli eit problem. Eg klattsparkla litt her og slipte ned litt der. I tillegg la eg varmefolie og 6mm isolasjonsplater som jevner det litt ut. Det beste er å få det så bra du kan med betong eller sparkel.
  3. Kjem du deg offshore i riktig selskap kan du tene over millionen, inkludert overtid.
  4. Hehe. Eg må ha hoppa over den siste setninga til Uderzo og kasta meg over tastaturet då eg las “notepad” i linja over. 😅
  5. Om du skriv noko som skal overleve PC-kræsj så er ikkje Notepad heilt ideellt heller. Då er det betre med eit skriveprogram som automatisk lagrar fortløpande.
  6. Eg har ikkje behov for å overbevise andre om å gje spel ein sjanse, men 10-15 minutt med Bloodborne synest eg ikkje er nok for å kunne vurdere det. Spesielt om du synest Elden Ring er bra. Det gjeld sjølvsagt mange spel. Med mindre den type spel er heilt feil sjølvsagt, men det kunne ein vel funne ut av før spelet vart starta opp.
  7. Du må i alle fall ikkje skifte til nytt støpsel så lenge det er riktig og inntakt.
  8. Blir interessant å sjå kva som kjem ut av dette ja. Både fastpris og spot. Eg har fastprisavtale fram til februar neste år på 115 øre, og dei fleste avtalane forsvann ikkje så lenge etter eg bestilte den. Først gjekk prisane opp til 2-3 kroner, så forsvann dei.
  9. Uansett kven du høyrer på så er aldri noko 100%.
  10. Eg tar ei kjapp bøn for alle som ikkje har kunnet prøve Bloodborne fordi dei ikkje har Playstation. 🙏 TLOU var greit, men kjenner ikkje så stort behov for å spele det igjen når eg veit kva som skjer. Det har ein fin stemning og musikk, men gameplayet er ikkje så veldig engasjerande.
  11. Temperaturen fluktuerer sjølvsagt, men om du studerer grafen over lengre tid enn seks år så vil du sjå at det ikkje er unormalt at den går ned i perioder, til og med lengre enn seks år. Du kan ikkje sjå på kun seks år og påstå at det går nedover når trenden siste 100 år går oppover. Det blir som å sjå på nedadgåande temperatur ei veke i mai og påstå at sommaren er over. Kva som skjer dei neste ti åra veit du ingenting om.
  12. "Kilo" har eigentleg ingenting med vekt å gjere, sjølv om det er blitt ein vanleg måte å uttale "kilogram". Uttrykket "åtti kilo" betyr "åtti tusen". Skal du fram til det som står på badevekta så er det "åtti kilogram". Gram er heller ikkje riktig for vekt, men masse. Vekt blir målt i newton. Så det meste er eigentleg feil i måten me brukar kilo og vekt. "Kilo" betyr tusen, og har ingen benevning.
  13. Eg er ikkje alltid så begeistra for nymotens minimalisme på sånne ting. Meir scrolling og roting i menyar. Ein gjengangar er langt meir luft enn det tradisjonelt har vore, men eg jobbar ikkje meir effektivt av at ting ser moderne ut. Dette gjeld ikkje berre bank, men apper, PC-programvare osv. Eg er glad i god oversikt og ikkje meir luft enn nødvendig. Har du ein meny som kan få plass på heile skjermen, men blir delt i to sider for at det skal sjå nymotens ut, så ville eg heller hatt eit eldre design. Sånn sett synest eg DNB sin (gamle) nettbank er god. Den har ein god og kompakt meny i toppen som kan rettleie deg til det meste du har bruk for. Mobilnettsida for banken er eg ikkje så begeistra for. Skal eg i nettbanken på mobil så brukar eg stort sett fullversjon. Det manglar for mykje på mobilsida.
  14. Eg følgjer ikkje med på noko meir enn nyheiter i verda (ikkje finans), og min tanke akkurat no er at det er mykje usikkerheit. Russland, Kina, klima, energi osv.. Covid-følgjene er framleis til stade og vil vel vere det i lang tid framover. På lang sikt er eg ikkje bekymra, men eg har ikkje midlar i fond som eg har planar om å bruke dei neste fem åra. Ein god regel uansett kva som skjer i verda for så vidt, men det er meir som skjer i dag enn det gjorde fem år bak i tid. Det mest usikre på lang sikt er kanskje klima og korleis det påverkar livet på kloden og økonomien. Dei største utfordringane er snakk om langt fram i tid, men det er vanskeleg å ikkje få med seg at ting skjer frå år til år.
  15. Nokon som har peiling på kor lenge iPhone 13-modellane blir å få tak i? Tenkte å skifte til 13 Mini ila. eit halvt års tid som jobbtelefon (Telenor), men eg veit ikkje om 13 Mini vil forsvinne når 14 blir lansert eller om dei blir å få tak i ei stund til.
  16. Kan det vere fordi fleirtalet av kundane faktisk har lågt kompetansenivå og ikkje klarar finne informasjon som ligg tilgjengeleg? DNB kan ikkje programmere boten til akkurat dine behov som ein med over snittet erfaring og kompetanse. Det er mange med elendig kompetanse både på informasjonssystem og banktenester. Det er dei som først og fremst kan ha nytte av svarene frå ein robot. Ut frå det du skriv så er eg nesten overraska over at du har tolmod til å få 10-20 svar før du ber om kundeservice. Når eg først tar i bruk ein chatrobot så er det stort sett fordi eg ikkje har funne svar på spørsmålet og veit at eg sannsynlegvis må ha kontakt med kundeservice. Eg er òg skeptisk til om du vil finne robotar som tilfredsstiller dine behov i andre bankar.
  17. Snodig problemstilling. Er det verdt fleire tusen å sleppe skrive “menneske” av og til? Kor mange nettsider og bankar i dag har ikkje ein robot som det første du møter for å rettleie folk til informasjon som allereie finnes? Har du så ofte bruk for å chatte med eit menneske at å skrive det ordet er så stort problem? No er ikkje DNB av dei billegaste bankane, så det er vel ikkje der tusenlappane blir spart. Eg har hatt DNB i fleire tiår og aldri opplevd noko tilleggsfunksjonar som er i veien eller hindrar meg frå å gjere det eg vil. For øvrig synest eg DNB sin nettbank er ganske bra, og det finnes definitivt mange som er dårlegare der ute.
  18. Så du må bla opp over ein million for å bli kvitt denne angsten? Då har eg meir tru på påstanden til Simen.
  19. Dropp støtte til dei med fastpris då, ev. lag ei slags avrekning, men det er kanskje betre at dei som var heldige med avtalane får billeg straum enn at eit fleirtal på spot må betale 5-6 kr/kWh. Ingen veit sjølvsagt kva prisen blir til vinteren. Det å ha spesielle reglar for diverse avtalar kan bli komplisert å følgje opp. Dagens stønad er lik for alle, men slår sjølvsagt ulikt ut pga. ulike avtalar. Skal det lagast eigne reglar for alle slags avtalar så må nokon ta jobben med å rekne det ut kvar månad eller utvikle programvare som ordnar det.
  20. Zeph

    Elbil-tråden

    Konseptbilar er konseptbilar. Lite interessant fram til det dukkar opp produksjonsdesign.
  21. Strup produksjonen i dag for å sikre forsyninga til vinteren og endre straumstønaden til å dekke 100% av prisen over ein viss sum. Då kan landet ha nok vatn til å sikre eigne behov og staten kan håve inn på høge prisar utan at det går ut over befolkninga. Med ei stønadsgrense som er høg nok (rundt det prisen har vore ein typisk norsk vinter) så vil folk framleis ha fokus på å redusere forbruket utan at det kan ende opp med 5-6 kroner per kWh. Kva som er årsaken er ikkje så viktig, og det er sjølvsagt ein kombinasjon av fleire. Det viktige er korleis dagens situasjon blir takla og å ha ein god plan for framtida.
  22. Der har du òg ein sak. Ved å legge lista på 500k kan mange fleire vurdere kinabilar, i staden for bilar produsert i demokratiske land med stort sett gode arbeidsforhold. Hadde grensa gått ved 600k så ville den fått med seg dei fleste populære familiebilane (ID.4, Enyaq, TMY osv.) med eit greit utstyrsnivå. Skal dei først ha moms frå ein grensesum så legg den heller eit stykke over bilane folk flest kjøper, til eit segment der du kan doble prisen med ekstrautstyr (BMW, Mercedes, Audi). Hjelper ikkje at prisane har stige ganske kraftig dei siste åra.
  23. https://bilbransje24.no/cse?q=autoindex https://bilbransje24.no/nyheter/668920 Eg brukte denne type undersøkingar og statistikk ved valg av merke. Føretrekk det over anekdoter og enkelterfaringar frå forum og Facebook.
  24. Ikkje bananrepublikk kanskje, men at landet har langt større ressursar enn det er i stand til å forvalte på ei fornuftig måte er det meir enn nok eksempel på. Milliardane sit laust både her og der når det går politikk i ting, konsulentar blir hyra inn og budsjetta bommar grovt.
×
×
  • Opprett ny...