Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 034
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Det kan diverre bli meget dårleg luft i byar og tettbygde områder til vinteren ja. Dei fleste med ovn eller peise vil nok heller fyre enn å bruke elektrisk 1:1-varme til fleire kroner per kWh.
  2. Hugsar du å velje riktig i rullegardina om det er med eller utan moms? Eg får 116 øre/kWh med dei tala eg har brukt tidlegare i tråden.
  3. Kan du ikkje berre vise kva du meiner er feil med eit reknestykke? Det er fleire måtar å finne svaret på.
  4. 10 år er alt for kort tid. Legg til ein null og sjå kva fasiten seier då. Eventuelt 20 år så du får med dotcom-krakket og finanskrisa i snittet.
  5. Ja, det er difor eg brukte 87,50 øre/kWh som grense i staden for 70. Om ein bruker pris utan moms ser det sånn ut: (186,67-70)*0,8*1,25 = 116,67
  6. Kvar har du 10% frå og kva slags fond er det?
  7. Innlegget er litt uheldig formulert. Det er brukt ein spotpris på 3 kr, men så brukt pris per kWh inkludert alle andre kostnader på sluttsummen. 90% er òg utan moms, så i praksis ligg grensa for støtta høgare enn 70 øre, nærare bestemt 87,50 øre. For eksempel var gjennomsnittleg spotpris for NO2 i juni 187,67 øre/kWh. Med moms er det 233,34 øre/kWh. 80% av kostnaden over 87,50 blir difor: (233,34-87,50)*0,8 = 116,67 øre/kWh. Dei med avtale i NO2 fekk difor støtte for 116,67 øre/kWh på sin faktura. Med nettleige osv. blir fort prisen per kWh totalt på over 2 kr. Nøyaktig pris er forskjellig frå abonnement til abonnement sidan prisen per kWh i snitt som står på fakturaen er avhengig av når ein brukte straum. Hadde du brukt 1 kW kontinuerleg heile månaden så ville prisen blitt 233,34. Minus støtte er du nede på tilfeldigvis 116,67. Når du då legg på nettleige og avgifter så er prisen fort opp mot 2 kr/kWh totalt igjen.
  8. Ironisk nok vart det påstått at plattformavgift ville gjere det enklare å få oversikt over kostnadane. Når Nordnet skriv alt på den måten så er det greit nok, men det har samtidig gjort mange fond dyrare.
  9. Noko som hjelpte meg å ta ei beslutning var å finne fram tal frå all opptent pensjon, kva eg har på fond og inntekt i dag og putte all informasjon i eit rekneark. Då kunne eg lage ulike scenario for å estimere kva eg kanskje har om 10, 20, 30 år. Det gav eit godt grunnlag for vurderingane. Denne kalkulatoren er òg bra: https://www.smartepenger.no/kalkulatorer/2999-aksjesparekonto-lonnsomhet 13 000 med 6% avkastning over 20 år blir til 22 379 i dagens kroneverdi, etter skatt.
  10. Om karakterar og personlegheiter som trasisjonelt har vore få av på skjermen i dag er overrepresentert, har eg ingen problem med det. Lenge var det lyshuda som prata engelsk uansett kva rolle det var. Om pendelen svinger litt over andre veien ein periode er berre fint. Med tider og stunder vil dette gå seg til så lenge me er i stand til å behandle folk som folk og ikkje undermennesker. Kanskje blir minoritetar representert meir enn deira prosentmessige demografi skulle tilseie for at det skal bli inkludert, men det får så vere. Woke er eit positivt ord, som diverre har fått ein negativ klang dei siste åra fordi dei priviligerte er irritert over at det er for mange homofile og mørkhuda på skjermen. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Woke Ver venleg å støtt opp om desse verdiane og ikkje la enkelte grupper kapre ordet og dreie det til noko negativt. Gudane veit det har vore nok urettferd i hundre- tusenvis av år at det var på tide sånt kom på dagsorden. Så får heller dei som kjenner seg støtt fordi ein lyshuda karakter frå ein teikneserie er portettert av ein mørkhuda ta seg ein bolle og sjå på gamle filmar. Verda går heldigvis framover, litt etter litt.
  11. Det er skattesvindel. Ja, det kan fungere, men du kan bli tatt og måtte legge fram dokumentasjon som viser til at du faktisk budde der.
  12. Å ikkje spare eller plassere pengar noko stad betyr at all inntekt går til utgifter. Det kunne eg fint klart, men det hadde ikkje gitt meg så mykje glede. Eg har fleire hobbyar enn eg har tid til, men dei kostar ikkje all verden. Pga. sparing og investeringar eg gjorde for ti år sidan kan eg i dag jobbe mindre og om eg blir gammal nok, bestemme meg for å slutte i arbeid før normal pensjonsalder. Ja, alle kan døy i morgon, men det betyr ikkje at eg ikkje planlegg framover. For mange er jobben ein stor og viktig del av livet, så dei kan aldri tenke seg å jobbe mindre. Då treng dei ikkje tenke like mykje på sånt, så sant dei har kontroll på pensjonsinntekta. For min del er det så mykje anna eg heller vil bruke tida mi på enn å tene pengar at eg vil spare (i fond) for å kunne jobbe mindre. Når eg døyr er min eksistens i dette universet over. Aldri igjen vil eg få sjansen til eit liv. Då vil eg få det eg kan ut av livet, og helst unngå at 30% av livet i våken tilstand går med til jobb. I dag blir mange unge anbefalt å spare til pensjonsalder fordi dagens pensjonsordningar ofte ikkje gjev god nok kjøpekraft fram i tid. Det er ikkje så stort problem om ein kan redusere forbruket eller til den tid er kvitt gjeld, men mange har ganske dårlege avtalar og bør absolutt ha ekstra sparing for å ha råd til å leve som pensjonist. Det viktigaste er å vere klar over sånt i ung alder når ein framleis har tid til å gjere noko med det. Når ein er 65 er det for seint.
  13. Det er sjølvsagt fullstendig urealistisk at Tesla får monopol på bilar. Gå på butikken og kjøp ei bøtte salt før du les artikkelen. Spesielt mtp. opphavet til påstanden. At Tesla i teorien kan bygge x bilar per år betyr ikkje at dei får solgt like mange. Det ville vore tilfelle sjølv om Tesla hadde 10 nyutvikla modellar klare.
  14. Jo høgare inntekt du har jo meir kostar det å jobbe mindre, men samtidig har du meir å ta av så sant du i utgangspunktet ikkje får utgiftene til å gå opp med inntektene og ikkje har rom for å redusere.
  15. Det er alltid usikkert kva dei neste månadane bringer. Ting kan skje når som helst både i positiv og negativ favør. Det blir spådd bobler og resesjon heile tida, om det er krig, pandemi eller ei. Jo mindre ein prøver å time marknaden jo betre.
  16. Det einaste som er sikker er at ingenting er sikkert, og difor bør du ikkje investere pengar i aksjar eller fond som du ikkje har råd til å tape eller har bruk for på kort sikt. De kan diskutere “hvisomatte” til det ryk av tastaturet, men vil aldri kunne spå framtida uansett.
  17. Så lenge det stemmer med eigarforhold i grunnboka eller sambuarkontrakt og den enkelte betalar for sin del av lånet så er det riktig. Å betale på lån er både betaling av kostnader (renter) og sparing (avdrag), så der skal ein berre følgje fordelinga på papiret.
  18. Kanskje dei må ut i verdsrommet om dei skal sikre seg ein Roadster.
  19. Me samlar alt av fellesutgifter og betalar det prosentmessig etter inntekt. Personlege utgifter dekker den enkelte og det ein har til overs kan brukast som ein vil. Dvs. at om den eine har 1m i inntekt og den andre 500k, så er fellesutgiftene delt 66/33. I den potten er mat, utgifter til born, barnehage, straum, husleige, internett, parkering, drivstoff, diverse abonnement osv. Bustad er delt iht. eigarforhold og nedskrive i sambuarkontrakt.
  20. Eg hadde klikka av å bu i noko sånt og lagt flytteplanar umiddelbart, men det er vel ingen som ville kjøpt huset ditt der.
  21. Zeph

    Elbil-tråden

    Sjølvsagt, men det finnes mykje mellom TMX og E-HS9. Ikkje sikkert aerodynamikk er å skulde for alt heller. Cd-verdien er meir interessant enn kilometer.
  22. Zeph

    Elbil-tråden

    Med tider blir kanskje fokuset på aerodynamikk redusert litt, så dei kan designe noko anna enn såpestykker. Det er fleire elbilar som er fine å sjå til, utan å sjå sånn ut. Litt meir interessant design kan ikkje utgjere så alvorleg mange fleire kilometer. Anar ikkje mtp. EQC, men eg er tilhengar av at bilen ikkje får motor på alt som ikkje faktisk har behov for motor, som ladeluke. Representerer berre fleire feilkjelder og utgifter på lang sikt.
  23. Så lenge det er eit menneske hos banken som behandlar søknaden så må vedkomande gjere sine eigne vurderingar i tillegg til opplysningane om økonomisk status. Menneske er ikkje maskiner og gjer ulike vurderingar. Det er umogleg å få eit system der alle får det same i alle bankane så lenge det er menneskeleg involvering. Alternativet er at alle følgjer ein lik kalkulator, men det ville ikkje nødvendigvis vore positivt. Kanskje hadde du fått to avslag i staden for eitt avslag og eitt lån sidan dei måtte vore strengare med kriteria når alt gjekk maskinelt.
  24. Zeph

    Elbil-tråden

    Ja, folk er forskjellige, som er ein grunn til at det kan finnes eit variert utval.
×
×
  • Opprett ny...