Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 014
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Dei veit vel at gassprisen kan vere ustabil, så at den er billegare enn atomkraft kan endre seg. Dei visste vel òg kven som leverer mykje av gassen. Så var det klima då. Gass er betre enn kol, men har framleis store utslepp samanlikna med kjernekraft. Eg er ueinig i kjernekraftpolitikken til Tyskland, men uavhengig av om dei vil fase den ut eller ei så er det ikkje så veldig gunstig tidspunkt midt i ei klimakrise.
  2. Utfasing av kjernekraftverk er heilt ufatteleg i desse tider. Dei kunne sjølvsagt ikkje vite om krigen i Ukraina før det skjedde, men det er likevel nok av andre grunnar til å ikkje stoppe dei i dagens situasjon.
  3. Satelitter for å hente olje og gass er det einaste eg kjem på. Kanskje ikkje aktuelt akkurat der, men om dei har ein felles standard for eit vern så må det kanskje gjelde område som er uaktuelle òg.
  4. Uansett er ikkje spørsmålet om han er rik eller ei, men om det er noko fornuft i det han legg ut på Youtube og du faktisk kan ha nytte av. Om han eig 3000 eigedommar, kva er sannsynet for at han brukar tid til å lage Youtube-innhald?
  5. Det høyrest ut som nok ein profet som skal ha mel til eiga kake. Toppkommentar på den eine videoen er: Det er den typiske formelen for alle som har ein genial metode for å bli rik. Overbevis sjåarane om at du har svaret på problema deira eller korleis dei skal bli rike, og få dei til å kjøpe boka di eller gå på kurset ditt.
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    Håpar dei har testa den godt i minusgrader, snø og is. Bil frå California med ruter som kan åpnast i alle endar og det største panoramataket er litt skummelt, men om dei har litt fokus på Norge så bør dei vel ha gjort det. Sat forresten på med ein E-Pace-taxi med panoramatak har om dagen og i setet bak passasjersetet fekk eg ein trekk eller vind frå taket som traff midt i andletet. Mest i 120 km/t, men også i 80. Som ein ventil på flyet du ikkje kan snu eller lukke.
  7. ^ Bak betalingsmur forresten.
  8. Om ikkje politiet kan ta affære ville eg gjort nokre forsøk på eiga hand, ev. i lag med andre i nabolaget. Ikkje med balltre og vald, men vere i området om ein kan og kunne konfrontere han når det oppstår situasjonar. Gjerne over tid for å kanskje programmere inn at den slags oppførsel skapar reaksjonar og ukomfortable konfrontasjonar. Ikkje mobbing, vold, truslar eller den slags, men å vere der som ein vaksen person og stå på borna si side. La hans handlingar få konsekvensar som kan vere ubehagelege nok til at det kan føre til adferdsendring. Ved psykisk ustabilitet eller alkohol- narkotikabruk er det kanskje ikkje så enkelt, men eg ville prøvd noko for å beskytte eigne og andres born.
  9. Er det noko poeng i å legge inn kort på Apcoa-appen utan å krysse av? Veit ikkje om eg ville sagt at det er noko ein gløymer, men heller ikkje er klar over eller vane med. I dei aller fleste tilfelle er det ikkje nødvendig å gjere noko meir enn å legge inn kortinfo.
  10. Mange videoar på Instagram og andre plattformar viser ting som er heilt idiotisk eller meiningslaust med einaste formål å få fleire til å klikke inn og generere inntekter. Eit eksempel er ein snutt eg såg her ein dag av ein liten knott, på storleik med ein møbelknott, som dei i videoen plasserte på innsida av karmen til ei bildør som visstnok skulle dempe lyd eller noko sånt. I løpet av den korte videoen viste dei andre stader du kunne plassere knottane og ein vart satt på ein av bilen sine utvendige sensorar for å detektere bilar, fotgjengarar osv. Det er jo fullstendig meiningslaust å plassere ein knott der, så videoen fekk mange kommentarar om akkurat den detaljen. Ergo oppnådde dei det ynskja resultatet med det klippet ved å generere fleire klikk. Eit anna eksempel var nokon som kutta opp og stakk mange hol på ei plastflaske for å lage ein enkel vass-spreiar som du kunne tre på ein hageslange. Greit nok, men i videoen var det òg problematisert at det kom vatn på ein utvendig lysbrytar (som for øvrig var av riktig type for utvendig bruk og tåler regn og litt sprut) ved å bruke ein del av plastflaska og lime den fast med Tec7 eller liknande over heile brytaren, og så slå den på og av gjennom flasketuten. Igjen, fullstendig meiningslaust, men det var stor aktivitet i kommentarfeltet på dette her. Fleire klikk, høgare inntekter.
  11. Det står sannsynlegvis ikkje i vilkåra at abonnementet tar slutt om kortet går ut på dato.
  12. Følgjer ikkje med. Får alltids med meg ei overskrift her og der i avisene, men det skjer ofte nok til at det ikkje bekymrar stort. Ellers kan du jo finne ein graf som går nokre tiår bakover i tid og sjå at det er heilt normalt at ting går oppover og nedover.
  13. Eg putta i IPS eit par år, men stoppa sidan eg ikkje synest det var verdt den ekstra avkastninga å låse pengane så lenge. Sparar heller i ASK. Ingenting ryker så lenge du ikkje realiserer eit tap.
  14. TU, TV2, ABC Nyheter, Resett. Det er fleire som ikkje veit kva totalhavari er, men gjerne slenger seg på klikkåtefesten. Av dei andre er det kanskje ikkje meir å vente, men av Teknisk Ukeblad? Som dei sa i Vikingane: “Det blir pisk på pung!”
  15. Det er ikkje så lenge sidan me slutta å bruke IE i jobbsamanheng. Eg hadde problem med ei internside for ikkje så veldig lenge sidan, og fekk då beskjed av IT-support at IE var den føretrukne nettlesaren til den bruken. I dag er det heldigvis Chrome og Edge det går i.
  16. Bilen eg har bestilt (Enyaq) er blitt 11% dyrare frå januar 2021 til juni 2022. Hadde det blitt moms på verdien over 500k i dag, så ville den blitt 18% dyrare.
  17. Dei har sine reglar, men eg har liten tru på at alle låntakarar klarar ei renteheving på fem prosentpoeng, som dei eigentleg skal klare.
  18. Det er jo lov å håpe, men kanskje produsentar og forhandlarar heller nyttar sjansen til å auke fortenesta. Eg fann ikkje noko statistikk på nybilprisar i farten, men finnes det historiske eksempel der dei har gått kraftig ned? Eg veit ikkje om det finnes samanliknbare tilfelle i historien. Har du noko statistikk på elbilprisar og korleis dei har utvikla seg siste åra?
  19. Ingen veit. Spørs kva regjeringa finn på i åra framover. Ei gradvis reduksjon av grensa for momsfritak er ikkje utenkeleg. 400k i 2024, 300k i 2025. Ev. fjerne heile grensa på eit tidspunkt. Det einaste som er ganske sikkert er at elbilane blir dyrare i åra framover. Hensikten med momsfritak har vore å få fart på elbilsalget, som dei har klart. Så spørs det kva som skjer om prisane går opp. Eg tvilar på det brått blir mange som heller vil ha bensin og diesel sidan den totale kostnaden uansett fort går i favør av elbil, men ingen kan spå framtida.
  20. Bra! Offentlege instansar burde ikkje operere gjennom sosiale medier.
  21. Du kan handle ting her, men god verdi for poengene får du definitivt ikkje. https://www.saseurobonusshop.com/no/
  22. Zeph

    Elbil-tråden

    Veit ikkje med garanti, men om den er dårlegare enn reklamasjonsretten så vil den tre i kraft, og ut frå det som står i denne tråden så byrjar du på nytt for den nye delen når den er skifta: Står ein del her: https://www.jusstorget.no/reklamasjons-og-foreldelsesreglene-etter-at-selger-har-forsokt-utbedring-2/ Eg har ingen problem med å sjå for meg at forhandlarar, butikkar og verkstader ikkje er så positive til sånne krav, så det kan bli ein kamp.
  23. Nei, eg jobbar i eit større selskap med nok bemanning til å dekke behovet, så det var ikkje noko problem. Ein har jo rett på det iht. arbeidsmiljøloven, så sant det ikkje er til vesentleg ulempe for bedrifta. I mindre bedrifter er det nok ikkje like enkelt.
  24. Kva fond sparar du i?
×
×
  • Opprett ny...