Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 014
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Eg trivest godt med det. Med små born og fleire hobbyar enn eg får tid til så er det ikkje eit problem å få dagane til å gå.
  2. Om det er ei boble så treng den heller ikkje sprekke og prisane rase. Det kan flate ut og ha negativ utvikling over lengre tid eller ei utvikling som er under inflasjonsnivået generelt.
  3. Nåja. Har meir tru på forklaringa til slutt i artikkelen.
  4. Eg er ikkje avhengig av å hente pengar ut av fond, så aksjemarknaden påverkar oss ikkje i det daglege. Det er langtidssparing og etter 8 veldig gode år (starta i 2012) så var eg førebudd på ein periode med dårlegare tider. Høgare rente vil me merke i hushaldningen, men det går ikkje ut over vårt daglege forbruk. Sidan eg har prioritert nedbetaling av lån for å kunne jobbe redusert så har me ikkje så veldig mykje i lån og relativt gode marginar i økonomien. F.eks. eit lån på 3m vil koste 23 400 meir i året (1950 i mnd) ved 1 prosentpoeng (pp.) høgare rente, og 46 800 (3900 i mnd) ved 2 pp. høgare rente, inkludert skattefrådrag, så ubetydeleg er det ikkje. Me går snart over til elbil, som vil redusere faste utgifter litt. Samtidig går det ein god del til kjøpet av ein nyare bil enn me har i dag, men det meste av investeringa blir henta ved salg av dagens bil og resten har det vore sett av midlar til ei stund, frå før eg gjekk ned i 50%. Eg har heile tida eit fokus på å unngå unødvendige kjøp og halde faste utgifter nede, som eg synest går forholdsvis bra. Me har bufferkonto som kan hentast av ved behov. Me lev ikkje på vatn og havregryn, og bruker pengar på det me meiner er fornuftig og som gjev glede i kvardagen. Så lenge me har kontroll på faste ugifter og ein god margin på dei ift. inntekter så er eg ikkje bekymra for prisauke. Går det veldig mykje opp så kanskje det påverkar pengebruk ut over faste utgifter, men sånn er livet. Eg kan ikkje styre Putin, Støre eller Merkel. Skulle f.eks. daglegvarer blir veldig dyre så har me rom for å redusere forbruket der ved å kjøpe billegare produkt.
  5. På mi liste står Stranger Things 4 Part 2, Westworld S4 og His Dark Materials S3. Sikkert andre ting som dukkar opp til hausten òg.
  6. Skjermkort er ganske dyre, men resten av PC-en synest eg ikkje er så veldig dyr samanlikna med prisane 5, 10, 15 år tilbake. Halvleiarutfordringane vil etter kvart gå over, så eg er ikkje bekymra for at PC-gaming tar slutt.
  7. Den som ventar på noko godt osv! Hollow Knight overraska meg i veldig positiv forstand. Eg hadde sett for meg nok eit kort, heilt OK indiespel, men Hollow Knight var noko heilt spesielt. Det gledes over at det kanskje er under 12 månader igjen.
  8. Krakk er sjølvsagt ingen myte, men poenget var at når det kjem eit krakk etter 20 år så har det blitt spådd krakk i 20 år allereie. Det er mao. veldig vanskeleg å sjå i framtida. Ja, det er nok folk med peiling som kan det betre enn meg, men inntil noko skjer så har det ikkje skjedd. Det er alltid lett å sjå ting i retrospekt, men det betyr ikkje at dei same signalene dukkar opp før neste krakk. Å spekulere i bustadmarknaden fordi du ventar eit krakk kan fort ta tid. Etter å ha leigd i 10 år i påvente av krakk hadde det kanskje vore betre å eigd dei 10 åra i staden for.
  9. Det er alltid nokon som spår krakk både på bustadmarknaden og børsen. Av og til får dei rett, men stort sett tar dei feil.
  10. Minna veldig om Blasphemous, nesten så ein blir overraska over at det ikkje er same utviklar, men definitivt Bloodborne-inspirasjon òg.
  11. Det var ingenting som imponerte, men ein dårleg filmsekvens seier lite om spelet. Håpar dei legg meir tid ned i spelet enn lydsporet til videoen. RTS er ein vanskeleg sjanger.
  12. Enkelte Rema-butikkar har fått sjølvbetjente kassar no, men fleirtalet har vel ikkje det. Om eg ender opp i ein lang kø i butikken ein ettermiddag for å kjøpe noko småting så er eg mest irritert på meg sjølv som ikkje hadde planlagt betre.
  13. Det kan iPhone òg, så lenge du har ein viss prosentandel batteri igjen.
  14. Å selge heimen sin for å kjøpe igjen når marknaden går ned høyrest ut som ein veldig dårleg idé. Me eig bustad for å bu der, ikkje for å spekulere i verdien. Det er ikkje gratis å selge og du må framleis ha ein plass å bu etterpå. Så kan du risikere å bli sitjande å vente på ein nedgang som aldri kjem. Om nokon må vurdere å selge fordi dei ikkje tåler 1-2 prosentpoeng renteheving så burde dei aldri kjøpt i utgangspunktet.
  15. Du blandar litt her. Testkriteriet er “Service- og garantivilkår”, ikkje feilstatistikk og brukaropplevingar.
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Ja, det var sånn det var, takk.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Elbilane har vel framleis ein elektromotor, som dei første Tesla-ene hadde. Uansett, dette er ein flåsete diskusjon. Alle som kjøper nye produkt er prøvekaniner, uansett kva det er.
  18. Zeph

    Elbil-tråden

    Det er vel neppe mengda drivstoff i omløp her i Norge som er den store årsaken til prisen, så med eller utan elbilar ville nok betydd lite. Er ikkje alle som kjøper (ny) bil prøvekaniner? Det er blitt utvikla og produsert nye drivstoffbilar sidan bilproduksjonen starta, og dei har neppe ein ambisjon om at dei nye bilane er dårlegare enn forrige modell. Med varierande hell. Hurtiglading er heldigvis noko dei færraste brukar i stor grad, så allereie der er problemet blitt langt mindre. Me er kome ganske langt og eg undrar meg over kvifor du synest det er håplaust utan å ei gang kjøre elbil. Stort sett fungerer det for dei fleste. Det er sjølvsagt utfordringar der òg, men sånn er det når noko nytt dukkar opp. Framover så blir nok kapasiteten eit aukande problem om utbygginga ikkje tar seg opp. Samtidig er det opp til produsentane å utvikle sine eigne bilar for å kunne lade raskare, som vil redusere problemet.
  19. I tillegg er det ulike bilar og ulike personar om bord. Aleine i bilen kan eg humpe over nær fartsgrensa, men eg gjer det ikkje med små born eller passasjerar i bilen.
  20. Zeph

    Elbil-tråden

    Sett opp skilt då. Ah, ein typisk elbilhatar og dieselentusiast. Tydelegvis idiot samtidig, så eg forstår godt at han ikkje tør stå fram med navn.
  21. Er plusshus for vatn det neste? Eit hus som kan levere vatn til nettet og få inn nokre kroner? 😁
  22. Det er kanskje litt optimistisk å tru at det skjer noko magisk så fort fabrikken står innanfor landegrensene til Tyskland. Det er forskjell på dei tyske merkene som har vore tyske og produsert i Tyskland i bortimot hundre år, og eit amerikansk merke som bygger i USA, Kina og no satsar i Tyskland.
  23. Ja, når det er snakk om å verne fjorden så er det mest effektive å fjerne alle cruiseskipene, men det var dei penga.
×
×
  • Opprett ny...