-
Innlegg
45 065 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Det ser ut som fleire er blitt bevisst på sparing i alle fall, og det er ein god start. Det er kanskje til bustad, bryllaup eller bil i første omgang, men det legg eit godt grunnlag for å spare til pensjon òg. https://www.nrk.no/nordland/nordmenn-knuser-sparerekord_-38-milliardar-sparte-i-fond-sa-langt-i-ar-1.17966789 Eg kom over ein interessant artikkel for ei tid tilbake om kjøpekraft: https://www.nrk.no/trondelag/xl/hvor-mye-fri-kan-du-ta-hvis-du-ikke-oker-kjopekraften_-1.17853287 Det viser at kjøpekrafta har stige kraftig. I den artikkelen var temaet å jobbe mindre, men om du i staden for jobber fullt og sparer til pensjon og anna så kan du klare å spare opp store beløp om du startar tidleg nok.
-
KI må vel vere godt egna til å samanlikne vilkår og liste opp ulikheiter. Dei er gode på å behandle store mengder data. Be ein KI om å samanlikne vilkår frå ulike aktører, ev. med og utan “Pluss” “Ekstraæ osv.
- 11 svar
-
- 1
-
-
Eg kjem til å basere ev. tidleg pensjon på privat sparing, ikkje pensjonsopptening frå stat og arbeidsgjevar. Starta å spare privat i fond i midten av 20-åra. Dei pengane er uberørt av pensjonspolitikken. Så lenge dei står i fond er det sjølvsagt ein risiko, men eg kan gradvis flytte dei til tryggare marker før den tid.
-
Taxfree betyr at dei kan selge varer utan meirverdiavgift (mva./moms) og ev. særavgifter som for tobakk, alkohol og sukker. Det betyr ikkje at alle varer er billegare enn alle andre stader. Dei konkurrerer med nettbutikker som driv med dropshipping og kan presse prisane ned. Det er dyrt å leige lokale, ha tilsette, drive logistikk osv. på flyplassane. Butikkane kan ha lågare prisar enn konkurrentane på enkelte varer dei markedsfører, men høgare på andre. Det er heller ikkje noko poeng for butikken å ha vesentleg lågare prisar. Om dei får solgt like mykje med 5% lågare pris som 10% så vil dei sjølvsagt selge med 5%. Det viktigaste for Heinemann og alle andre taxfree-butikker er profitt. “Taxfree” er god reklame og drar kundar sjølv om ikkje alt er billegare der. Jo høgare prisar dei kan ha jo høgare profitt. Det er staten som ikkje tar avgifter på varene, men det er private aktørar som driv butikkane og dei driv ikkje butikk for at du skal kjøpe ting billeg. Dei driv butikk for å tene pengar. Nei, det er ikkje svindel, men om du handler blindt utan å sjekke pris andre stader vil du sannsynlegvis betale meir enn du kunne fått det for i andre butikkar. Du betalar og ekstra for å få kjøpt noko på ein flyplass. Handler du på nett må du vente nokre dagar før det kjem i posten. At varene er tilgjengeleg på flyplassen må du betale for.
- 53 svar
-
- 1
-
-
Blir dette årets største kinobegivenhet?
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Kun dagar etter The Odyssey var årets største kinofilm?- 27 svar
-
- 1
-
-
Har ikkje ein konkret plan for pensjonsalder, men planlegg ein økonomi som kan la meg pensjonere meg tidlegare enn normal pensjonsalder om eg vil det. Blir 40 i år og starta med privat pensjonssparing i 2012 (indeksfond). Har hatt god avkastning på det, samt betalt ned lån og fått noko vinst på bustad, så eg er nøgd med dagens situasjon. Akkurat no sparer eg ingenting sidan eg jobber 50% for å få meir tid heime med born og familie. Har ein god pensjonsavtale i jobben, så om eg jobber fullt ut vil eg ha meir pengar enn eg har bruk for. Noko blir det alltids igjen til arvingane, men eg har ikkje noko plan om at det står store millionbeløp igjen. Ein veit aldri kva staten kan finne på med pensjonsordningar, men med eit større beløp i fond så er eg ikkje bekymra for å ha for lite. Me har ikkje ein standard der mesteparten av inntekta blir brukt opp, så eg kan fint klare meg med mindre når den tid kjem. Akkurat no går det meir pga. born, lån og hus.
-
Eit hus i full fyr har mykje strålevarme og vinden gjorde ikkje situasjonen betre.
-
Det tenkte eg litt på. Det er vel forsikringsselskapene som tar jobben, men korleis får dei husa inn så mange folk? Å bygge opp igjen vil ta årevis. Er det nok ledige bustader til at dei som budde der kan prøve å leve eit normalt liv? Når det brenn eit hus her og der er det kanskje snakk om ein eller nokre få einingar. Å finne heim til dei eit år eller to er greit, men her er det over 100 einingar som er totalskadd.
- 181 svar
-
- 2
-
-
Tett trebebyggelse, ein lang periode med 25-35 grader og lite nedbør, vind. Ein brann skal ikkje få pågå lenge før det utvikler seg raskare enn dei er i stand til å sløkke. Ser ut som det er vanskeleg tilkomst oppi der òg. Så lenge du har trehus tett i tett er det ein fare for sånt som dette.
- 181 svar
-
- 2
-
-
-
Elektronikkprodusentene er smarte. Der du før kunne skifte ei pære må du no skifte heile lampen. Men dei bruker mindre straum, så det er sikkert “grønt” og klimavenleg. Å skifte ein plafond takmonter lampe sjølv er litt i grenseland. Ledningane vil eg seie er definert som fast installasjon. Du har lov å skifte enkelte typer sjølv, men då er det gjerne snakk om lampettledning til ein hengelampe. Så lenge du tar sikringen kan det fort gå bra. La lampen vere påslått før du legg ut så du ser at det er riktig kurs, helst bruk multimeter om du har. Det er svært lite effekt i ein sånn lampe, så det skal mykje til for at ei ev. dårleg tilkobling utvikler seg til varmgang og brann. I dag er DCL-kontakt i taket ein vanleg standard som på sikt vil gjere det enklare å skifte sjølv, men det meste av takpunkt i dagens hus er direktekobla. Eg ville ikkje prøvd meg på noko reparasjon og lodding med mindre du veit kva du driv på med. Ikkje sikkert det blir billegare heller. Ut frå biletet ser det ut som ein rimeleg lampe.
-
Eg har inntrykk av at avvikene ofte er snakk om dei med ganske god råd som vil ha meir enn 5x inntekt i lån eller høgare belåningsgrad. Vil tru det sjeldan er dei einslege med låg inntekt som får over 5x, men det er mange faktorar. Svaret får ho av bankane, og der kan det sprike stort.
-
Røyrene er ikkje limt, men om det er lenge sidan dei vart montert kan dei ha satt seg litt. Bruk helst handmakt, ev. hansker, i verste fall vannpumpetang for å løsne og skru med hendene. Ellers einig i at 3 eller 4 ser ut som synderen sidan det er rennemerker på det vertikale røyret under 3. Ikkje dumt å løsne og fjerne div. som samlar seg opp inni der og montere det igjen etterpå. Når du har løsna røyrkoblinger bør du alltid sjekke dei første dagane (der vasken har vore i bruk) for å sjå om det har slutta å lekke. Ikkje ta det for gitt at det er tett sjølv om det verkar tett umiddelbart etter montering. Du kan la boksen stå, ev. legge noko papp eller papir oppi som lettare vil vise om det har vore fukt der.
- 15 svar
-
- 1
-
-
2-3,5 x inntekt kanskje, basert på lenka under. Dvs. 800 000-1 400 000. Det er mange faktorar involvert og fasit får ho ikkje før ho søker til diverse banker. https://www.smartepenger.no/lan/302-dette-laner-banken-deg-til-boliglan Eigenkapitalen har betydning for kjøpesum, ikkje lånesum.
-
I Norge har det ikkje vore tilfelle på veldig lenge. Det er akkurat i hus at mange har verdiane sine. Ja, det kan falle i verdi, men du veit i alle fall at du har tak og fire vegger.
-
Det er mange med god råd her i landet. Dei som får problem når renta stig er neppe dei som reiser til USA på fotballkamp. Du må ikkje vere kjendis for å ha god råd. Om 20 000 nordmenn reiser er det 0,36% av landets befolkning. Så har du sikkert dei som ikkje har millionar på bok, men er lidenskapleg opptatt av fotball og vil prioritere ein større sum på den opplevinga. Deltaking i VM i herrefotball er trass alt ikkje daglegdags for nordmenn. Det er 28 år sidan sist.
- 94 svar
-
- 3
-
-
-
200.000 har signert opprop mot PlayStation
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Ja, men då oppnår du jo ingenting om du kjøper ein kode og selger den vidare utan å ha prøvd spelet sjølv. Du kan ikkje låne vekk koden som bakkelicious spurte om, men du kan dele tilgang på både PS og Steam. På Steam er det eigentleg kun til familiemedlemmer, men det kan ein unngå enn så lenge. -
200.000 har signert opprop mot PlayStation
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Nei. Du aktiverer koden i din konto på konsollen og etter det er spelet knytt til din konto og koden er verdilaus. -
Stenger PlayStation-butikken for PS3 og PS Vita
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Ein viktig detalj de kunne tatt med i artikkelen, spesielt mtp. all diskusjonen om at fysiske spel forsvinn og om du kan miste tilgangen til digitale spel: “For the foreseeable future” høyrest ikkje overbevisande ut.- 4 svar
-
- 1
-
-
Kanskje spelbransjen på sikt går over til konseptet som strøyming av TV/film har gjort. Du abonnerer på ei teneste og får tilgang til ein katalog med spel. Seier du opp abonnementet mister du tilgangen. Eg ser ikkje for meg at denne trenden med kun digitalt vil snu, og som nemnd er det utfordringar med fysiske spel òg, sidan dei treng oppdateringar. Det burde heller vore lagt rette for eit system som sikrer deg tilgang på spelet sjølv om den forsvinn frå klienten (Steam, Epic Store osv.), med siste oppdatering. At alle skal kunne laste det ned og ha på eigen harddisk fører til mykje unødvendig lagring, og spel byrjar bli ganske store i GB.
-
Så langt viser statistikken at elbilbatteriene held seg betre enn mange frykta. Det finnes unntak med biler som får store problem med batteriene, men dei som ikkje får feil klarar seg fint i mange år. Lengre enn resten av bilen. Som med verdtitap er kapasitetstapet på batteriene størst dei første årene, og flater deretter ut. Kjøper du bil som passer dine behov sjølv med 70-80% kapasitet så er ikkje rekkevidde noko å bekymre seg over. Eg er meir spent på elektronikken, rust og den slags når bilane blir eldre, men det gjeld òg drivstoffbilar. @Simen1 I denne samanhengen er vel ikkje drivstoff/straum- og liknande utgifter du har uavhengig av alder så relevant? For all del eit viktig perspektiv mot verditapet, men faste utgifter til drivstoff/straum, årsavgift, dekk osv. kan ein betrakte som konstant uansett om du har ny eller ti år gammal bil. Det er service- og reparasjonskostnader som kan bli større med alder, og etter kvart blir noko å måle mot verditapet på ein ny (eller brukt) bil. Der er det òg ein del flaks involvert. Eg hadde ein bensinbil (Nissan Primera) med veldig lite feil i 14 år, så om eg såg vekk frå drivstoff osv. var det definitivt eit billig bilhald. Kjøpte den for 105k og solgte for 8k. Litt reparasjon var det, men ingen større ting. Ein faktor som kan bli viktig om du vil ha ein bil utover garantitidene er kva merke du kjøper. Det finnes mykje statistikk på kva merker som har mest og minst feil, ulike priser på deler osv. Eg såg ein artikkel som hadde statistikk på kva merker som var mest sannsynleg å ha biler som nådde 400k km kjørt. Toyota var på topp med 17,8%. I denne tråden kan ein nemne at Audi var i botnsjiktet med 0,3% Det er i alle fall noko eg er bevisst på når eg tar stilling til om eg skal ha ein bil utover fem år.
- 33 svar
-
- 1
-
-
Det beste frå eit økonomisk perspektiv er å behalde bilen så lenge du kan. Om du sel og kjøper ny bil så får du eit nytt verditap. Ein bil har ved 4-5 års alder gjerne mista halve verdien, men verditapet per år går nedover. Å kjøpe ny bil er vel det minst økonomiske du kan finne på. Det er alltid ein risiko å behalde ein bil utover garantitida, men ein elbil har færre slitedeler enn ein drivstoffbil, så du kan fint ha billig bil lenge etter garantitida. Etter kvart er kanskje rust det som potensielt kan bli det største problemet. Om du ikkje vil ha bilen for lenge etter fem år burde du heller ikkje kjøpe den ny. Ein 2-3 år gammal bruktbil som du har til den er 5-7 år er nok betre enn å kjøpe ny og selge når den er 4-5 år.
- 33 svar
-
- 4
-
-
-
Bølger, båtkjøring og vibes
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Dredge var ei perle. Kosa meg heile veien. -
Trumf og Coop gjev begge 2-4% om du er medlem og bruker kredittkort, ev. Trumf-app. Som kun medlem er det vel snakk om 1% uansett. Rema har eit anna opplegg med varierande bonuskategorier. Ingen av dei er overlegent best. Avhengig av kva du har av kredittkort osv. er det mykje likt. I tillegg varierer prisane mellom butikkane, så kva du kjøper er òg ein faktor. Det kan bli nokre tusen ila. året utan at ein treng gjere så mykje. Trumf har automatisk overføring til bankkonto, samt at du kan bruke bonusen på neste handel. Hos Coop har du ikkje automatisk overføring, men kan aktivere det på neste kjøp i app eller overføre til konto.
