Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 014
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Kjør på. Ja, det er veldig leit for alle som hadde tenkt seg på ferie med fly, men måten SAS har styrt selskapet er ikkje greit, og no får dei kjenne på konsekvensane.
  2. Kan du legge ut summane for punkt 1? Enklare å forklare då. Kjøpesum, kva den enkelte gjekk inn med i EK og lån i dag. Når vart bustaden kjøpt og vil de ev. bruke ei anna verdivurdering i dag? Om du hadde hatt 500 i EK og han 250, og han betalte deg 250 for å overta delar av EK, så ville du hatt 250 i EK og han 500. Det går ikkje. Om de f.eks. har 625k og 375k i EK, så måtte B betalt A 125k for at begge skulle ende opp på 500k. Samtidig måtte betjening av lånet endrast til 50:50. Utgangspunktet er alltid dagens verdi. Om de har eigd bustaden ei stund så kan de måtte bruke nye summar pga. verdiendring. Då me endra på liknande forhold i vår bustad kom eg fram til at det enklaste var å tenke at bustaden vart solgt til antatt marknadsverdi, og så rekne ut kva den eine og andre faktisk har av verdi i bustaden. Det er mange måtar å rekne feil på i eit sånt tilfelle.
  3. For all del diskuter det, men opprett ein ny tråd der utgangspunktet er eit sånt tema. Om ein skulle dratt den diskusjonen fram i kvar kommentartråd for artiklar som dette så blir det berre tull.
  4. Om du meiner du har brukt for mykje straum bør du sjekke forbrukarane dine. VVB, kjøleskap og frysar er normalt det som trekk straum i eit hus utan folk, med mindre ein lar varme stå på.
  5. Fint det, men så tragisk at dette i det heile tatt er eit tema. USA er havna heilt på skakke.
  6. Det er først og fremst fjoråret som var over normalen, ikkje at det går så seint i 2022. Det sagt, så er gjerne moms frå nyttår og ein stadig voksande bruktmarknad kanskje delar av forklaringa.
  7. Ja, for all del, men eg går ut frå at folk flest forstår at det ikkje er greit å sende dickpicks, og dei som gjer det bryr seg neppe uansett.
  8. Eg seier ikkje at dei skal ta over diskusjonen, fjern for all del om ein ikkje vil ha det der. Poenget mitt var at utviklarane ikkje treng blåse ut støtt og stadig.
  9. Kor mykje merksemd skal dei få som sender sånt få? Skal alle utviklarar klage når eit knippe fans eller anti-fans slår seg laus i eit kommentarfelt? Har du åpna for kommentarar eller brukar du Twitter så må du rekne med sånt som det der. Det er mange slags folk der ute, nokre til og med litt ustabile, og med internett er det fritt fram å spre galle og det dei måtte finne på. Sånn er det berre og du blir aldri kvitt alle.
  10. Ikkje at det skjer så ofte, men når eg kjem over artiklar om denne butikken så er det alltid i ein eller anna negativ forstand.
  11. Spør forsikringsselskapet ditt. Dei kjenner sine vilkår best ut frå kva forsikring du har. Eventuelt grav deg ned i vilkåra om du vil.
  12. Zeph

    Elbil-tråden

    Kan ikkje dieseldiskusjonen tas i ein anna tråd? Det er ikkje så veldig interessant i ein elbil-tråd.
  13. Spelet er meir enn grafikken, men til å vere eit spel i 2022, basert på ein serie som Monkey Island, så er det ganske skuffande. Det er eit godt stykke frå dei mjuke linjene og teikneseriestilen. Ikkje at dei må fortsetje i den stilen, men uansett har eg aldri likt denne grafikkstilen. Det er ikkje pent og eg ser heller ikkje noko sjarm i det.
  14. Mange meiner det mest sannsynleg er Armored Core. Mtp. populariteten til dei andre spela så er det kanskje ikkje ein urimeleg tanke.
  15. Poenget er først og fremst å bu der me ynskjer å bu, ikkje økonomiske motiv, men det er jo noko eg må ta stilling til. Det er òg ein marknad der verdistigninga er ganske flat. Langt unna Oslo, der me bur no. Eg legg ved ei samanlikning. Obligasjonsfond kan bli valget om me ender opp med ei sånn løysing. Sparekonto er i alle fall ein garantert måte å tape verdi på. Eit alternativ med høgare risiko er å putte mesteparten i fond og heller basere eit ev. huskjøp fram i tid på lån.
  16. Nokon som har vurdert å leige i staden for å kjøpe bustad? Å kjøpe er det vanlegaste her i landet og av den grunn ikkje like god marknad for å leige, men finn ein først riktig plass og ein ok pris så er det ikkje sikkert reknestykket blir så feil. Den største ulempa er kanskje uforutsigbarheit. Me har kanskje anledning til å få langtidsleige på ein stad der det ikkje er mogleg å få kjøpt noko. Me er i ein fase av livet der me må finne ein plass å bu og leve. Dagens bustad er ikkje aktuell lengre eit par år fram i tid, så me har nokre store avgjersler å ta, som Bob Ross sa. Sidan eg har betalt ned mykje gjeld ville det å leige betydd mykje frigitt kapital. Veit ikkje om kjøp for utleige er noko eg ville satsa på, men det ville blitt eit spørsmål om kvar dei skulle plasserast. Formuesskatt, høg inflasjon og rente gjer at det skal litt til å berre halde verdien i null frå år til år. På lang sikt ville indeksfond vore valget, men så var det dette med uforutsigbarheit og at ein kanskje kjem over eit potensielt hus for kjøp nokre år fram i tid.
  17. Jepp. Det er mogleg å utføre angrep utan skytevåpen. Ein bil er nok, eller ein kniv, som i Kongsberg. Det finnes ikkje tiltak som gjer denne type handlingar umogleg. Det vil alltid finnes psykisk ustabile personar.
  18. Så det er ein effekt du kun får ved lading når ladaren kan levere godt under makseffekt bilen kan ta imot. Eg har sett mange ladekurver, men det er vel mest hurtiglading med høgast mogleg effekt som blir omtalt. Der går effekten ned når spenninga går opp.
  19. Det må vel vere ein feil i så fall. Spør fotografen.
  20. Det er i alle fall ikkje eit problem med å få brukt pengane i helsevesenet. https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/XqVxGB/styreleder-varsler-full-granskning-av-konsulentbruk-i-e-helsetjeneste
  21. For å få ei rettferdig deling så må det lagast eit oppsett på heile greia. Sidan det er dårleg stemning så er det kanskje ikkje like lett å få til. Om ein skal ta utgangspunkt i kroner og ører så ser det sånn ut: Kjøpesum: 4m. EK: 600k. Lånet er delt 50/50. Han: (4.000.000-600.000)/2 = 1.7m, Ho: (4.000.000-600.000)/2+600.000 = 2.3m Så er det oppussinga. Om det er store beløp (fleire hundretusen), og ei betydeleg mengd eigeninnsats så blir det vanskeleg å rekne ut. Det gjer sjølvsagt ikkje saken enklare at noko er utført svart og noko kvitt. Er det pussa opp delar av bustaden som det i dag er krav på dokumentasjon for? Elektrisk, VVS ol. eller mest maling, lister, golv, innredning og den slags? Det er til slutt dei to dette handlar om, og kva dei kan bli einige om. Får dei ikkje det til så blir det fort advokatmat. Eg ville i alle fall anbefalt han å ikkje krangle på dei store summane, altså 1.7m og 2.3m. Å behandle EK for seg sjølv er heller ikkje riktig. Om dei får igjen mindre enn dei kjøpte for (etter utgifter til meglar osv.) så har ikkje dei 600k lengre den verdien, men går ned i verdi. Tilsvarande om verdien er høgare. Her må ein tenke i prosenter, ikkje kroner og øre. Det er heller ikkje sikkert dei vil få igjen for pengar investert i oppussing, så det er viktig å ikkje legge dei kronene på summen.
  22. Kva er intensjonen hans? Vil han kreve 50% eller er det greit å fordele etter eigenkapital og betjent lån? Uavhengig av kva som står i boka så er det “riktige” å dele bustaden etter EK og kven som var ansvarleg for kor stor del av lånet, men dette er eit klassisk eksempel på feil som det blir støy av. Spesielt når det er snakk om så kort tid (10 mnd), så vil ikkje fordeling av utgifter i sambuarskapet påverke det så mykje.
  23. Zeph

    Elbil-tråden

    Elbilar samlar meir skit og støv på bakenden fordi dei har eit meir aerodynamisk design som diverre har den…bakdelen (ulempa).
×
×
  • Opprett ny...