-
Innlegg
45 151 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Nye Windows-løfter: 20 prosent raskere
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Eg tar gjerne Win11 med lågare minneforbruk. RAM er dyrt om dagen, så kvar MB Windows brukar mindre kan gje litt meir igjen til spel.- 14 svar
-
- 2
-
-
Kilder: GTA 6 kommer til PC tidlig i 2027
Zeph svarte på Gengar_Geng sitt emne i Generell spilldiskusjon
Det hadde gjort mang ein PC-spelar glad. Min PC ville nok fått det tøft og maks grafikk hadde ikkje vore aktuelt, så spørs om det må bli PS5 likevel. -
Trur du misforsto poenget mitt. Det er klart at ein autopilot kan unngå mange av ulykkene i statistikken. Poenget var korleis statistikken ser ut som du tar vekk mange av dei faktorane frå ulykkesstatistikken.
-
No er du inne på to ulike ting. Eg vil sjølvsagt at bilen har automatiske system basert på sensorer og kamera som skal hindre ulykker, men det kan du få sjølv om mennesket kjører bilen. Dei systemene kan fungere uavhengig av kven som vrir på rattet og styrer pådrag og brems.
-
Korleis reknar dei på sånn statistikk? Kva blir inkludert og kva blir utelukka som feil frå mennesket? Kjøring i påvirka tilstand (dop, alkohol)? Personar med nedsette evner (eldre)? Dei som køyrer langt over fartsgrensa? Frå SVV om årsaker til dødsulykker i 2022: For meg er det mange av dei faktorene som ikkje relevante. Om eg skal vurdere min tryggleik som eigen sjåfør samanlikna med autopilot er det meir interessant om sånt er luka ut av statistikken. For all del, eg kan òg forårsake ei ulykke, det kan alle som ferdes i trafikken, men ikkje med alle dei faktorane som bidrag. I tillegg er eg ikkje komfortabel med å overlate den jobben til ei datamaskin. Ja, du skal følgje med og vere klar til å gripe inn, men kva reaksjonsevne har du etter nokre timar bak rattet i ein bil som har kjørt sjølv? Og i ein bil kan ulykker skje raskare enn du er i stand til å reagere.
-
Ikkje at eg har planar om å bruke autopilot på godt oppmerka vei i fint vêr, men på vinteren? Nuh-uh.
-
Temu(?)-telefon skal ha startet dødsbrann pga batterifeil
Zeph svarte på bo1e sitt emne i Mobiltelefoner
Det skjer med telefonar frå Apple og Samsung òg, men om det skjer hyppigare med kopier som dette er ein anna sak. Ein kan ikkje vurdere det ut frå enkelttilfelle. Ein sånn telefon kan i teorien kome frå same fabrikk som ein Android, eller i alle fall deler av den, men eg held meg til dei etablerte merkene. Uansett kva telefon du har er det lurt å tenke branntryggleik. Ikkje la den ligge i senga, ikkje lade på natta, helst lade med lågare effekt og gjerne kabel for å redusere temperaturen under lading. Høg temperatur er ikkje heldig for batteri eller eletronikk. -
Det var på tide at fibermafiaen fekk konkurranse. https://www.nrk.no/artikkel/no-vil-fleire-ha-breiband-fra-musk-sine-satellittar-1529492 At det vil føre til lågare prisar vil no vise seg. Det er veldig enkelt for alle med fiber innlagt å berre takke ja til fiber. Samtidig er det ikkje heilt ideellt å sende pengane til Musk for å få internett, men om det kan få ned prisane, spesielt på kun internett, så får det vere eit nødvendig onde.
-
Sosial- og jobbsamanheng er kanskje det mest vanskelege, men du kan drikke alkoholfritt, brus, sider osv. Reaksjonane frå dei andre er sjølvsagt veldig individuelle og situasjonen betyr mykje. Går du på fest-fest der målet til dei fleste er å bli full så blir det litt kleint, spesielt om det blir typisk fest-rølp utover kvelden, men det er mange sosiale lag med alkohol der det ikkje er målet å bli drita. I jobbsamaheng synest eg det er lettare. Eg kom til å tenke på at eg har vore på mange jobbtreff der enkelte har haldt seg til Cola eller alkoholfritt, utan at det såg ut til å plage andre.
- 41 svar
-
- 1
-
-
Korleis er det ikkje billegare? Meiner du t dei justerer opp prisen på alle 3-for-2-varer samtidig? Kva kostar ein Smash normalt? Om folk kjøper meir enn dei klarer å bruke opp før det blir dårleg så er ikkje det noko du kan klandre butikken for.
-
400 DNB ansatte erstattes av AI innen nyttår.
Zeph svarte på bzzlink sitt emne i Politikk og samfunn
Har du prøvd å bruke AI? Eg har brukt det privat og i jobbsamanheng, riktig nok i ganske enkel form, men ser absolutt stort potensiale. Kanskje ikkje i alle samanhengar og bransjer, men i mange blir eg overraska om det ikkje blir ein stor del av drifta. Det er framleis relativt nytt sjølv om det kanskje har vore brukt i bedriftssamanheng lengre enn folk flest har hatt tilgang til det, men det er i ein startfase der moglegheitene er store. Det kan vere dyrt for ei bedrift, men det kan ein òg sjå på som oppstartskostnad som kan gå nedover på sikt. Så lenge dei med pengar har tru på det og er villig til å investere så får dei det til å skje. -
400 DNB ansatte erstattes av AI innen nyttår.
Zeph svarte på bzzlink sitt emne i Politikk og samfunn
DNB er ikkje «statseigd». Staten eig 34,4% av DNB, men dei er ikkje involvert i styrings av selskapet. Aksjonærane har makt på generalforsamling til å velje kven som er i styret, men der har dei 1/3 av stemmene og kan bli nedstemt. Det er styret som vedtar ev. nedbemanning. Staten eig 67% av Equinor, men er heller ikkje involvert i dagleg drift der. Å “forbedre seg” i bedriftssammenheng handler ofte om å auke resultatet i form av høgare inntekter eller lågare utgifter. Som sagt, DNB har ikkje noko samfunnsansvar for sysselsetjing.- 137 svar
-
- 3
-
-
-
Takk. Eg har litt erfaring med Nimly sitt touchpanel og var ikkje veldig begeistra. Fysiske knapper er bedre på alle måter både for vaksne og born etter mi meining. Då ser Nimly Code Pro ut som eit alternativ, som har fysiske knapper og fingeravtrykk. For min del ville nok fingeravtrykk blitt brukt, ev. automatisk opplåsing via iPhone. Brikke er eit alternativ, men ser for meg at dei fort blir gløymd eller mista.
-
Eg ser òg etter ein ny lås. Nokon som har erfaringar å dele med dei mest aktuelle låsane som har born under ti år? Fungerer det greit med fingeravtrykk ev. kode? Døra vår står under tak, så sjølv om det er mykje nedbør her på vestlandet er ikke fukt på låsen eit problem, men eg tenker på ulike årstider, kalde, våte hender etter aktivitet ute i snø og regn.
- 32 svar
-
- 1
-
-
Gamer.no avslutter samarbeidet med Diskusjon.no
Zeph svarte på Forumansvarlig sitt emne i Nyheter fra forumet
Det var synd. Eg går av og til direkte til gamer.no, men kjem vanlegvis via artikkeltråden på diskusjon.no. Deltaking i diskusjonane blir det nok lite av når det er blir eit eige system.- 20 svar
-
- 5
-
-
Varmepumpe: forskjell på "auto" og "varme" modus?
Zeph svarte på minimax sitt emne i Hus, hage og oppussing
Ja. Når poenget er å halde litt lunk i hytta så er det ikkje noko grunn til å kjøle den ned på varmare dagar. Dagane der det er varmt nok frå sol og/eller utetemperatur til å halde temperaturen over 16 grader vil varmepumpa berre slutte å varme og vente til den registrerer av temperaturen går under 16 grader før den startar opp igjen (typisk på kveld/natt). Einaste poenget med å bruke Cool eller Auto er fordi du vil ha kjøling. Så lenge det kun er snakk om oppvarming bør den stå på Heat. -
Om dei ikkje har noko imot infotainment og det visuelle i nyare Toyota, som er noko klunkete, er ikkje Toyota bra greier som på 90-talet? Synest Toyota og Lexus ligg i toppen på studier for pålitelige biler. Batteri, lading og rekkevidde har dei òg ein del å gå på, men det er tal som interesserte har tilgang til før kjøp.
-
Varmepumpe: forskjell på "auto" og "varme" modus?
Zeph svarte på minimax sitt emne i Hus, hage og oppussing
I Auto kan den både varme og kjøle. I Varme vil den aldri kunne kjøle. Delar av vår og haust kan auto fungere om du er plaga med mykje oppvarming frå sol. Då kan den stort sett varme, men òg kunne kjøle om du får mykje solvarme utan å måtte endre driftsmodus. Gjennom vinteren bør den stå på varme heile tida. Dei fleste har dei nok på kun oppvarming heile året så lenge det er behov for, og ev. på avkjøling på sommaren etter behov.- 11 svar
-
- 1
-
-
400 DNB ansatte erstattes av AI innen nyttår.
Zeph svarte på bzzlink sitt emne i Politikk og samfunn
Er nokon overraska over at bedrifter kutter kostnader der dei kan for å auke fortenesta? At det denne gang er dataverktøy som fører til kutt er heller ikkje noko nytt. Kor mange stillingar er ikkje kutta om du ser 40 år tilbake i tid, før PC-alderen? Ja, sånn fungerer kapitalisme og sånn fungerer det meste her i verda. Penga rår og det er stort sett alltid eit jag etter å auke inntekter og kutte utgifter. Kva bank har samfunnsansvar i sysselsetjing?- 137 svar
-
- 1
-
-
400 DNB ansatte erstattes av AI innen nyttår.
Zeph svarte på bzzlink sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er vel ikkje noko nytt, men akkurat det mange sa kom til å skje?- 137 svar
-
- 1
-
-
Nå blir det film av Game of Thrones
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Mange av hovedpunktene i slutten kom frå GRRM, men veien der kan ha vore annleis om han hadde fullført bokserien. Avslutninga til Bran og Daenerys kom frå Martin, mens Arya og WW hadde utspelt seg på andre måtar. Det var spesielt Daenerys mange reagerte på og det same ville i utgangspunktet skjedd i bøkene, men veien frsm til det punktet kunne lagt eit betre grunnlag for kva som skjedde. -
Nå blir det film av Game of Thrones
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Så lenge pengane er der så er det ingen som vil protestere mot å lage meir innhald basert på det universet. Marvel og DC er gode eksempel. Der kan dei lage dei same filmane om og om igjen.- 20 svar
-
- 1
-
-
Eg hadde Spigen Liquid Air på 14 og gjekk for det igjen. Synest det balanserer beskyttelse, form og vekt ganske bra. Har dog ikkje Magfit om du treng det.
-
Hugsar ikkje om halshugging har vore med tidlegare, men resten er vel standard prosedyre for GTA. Alle GTA unntatt det første har hatt PEGI 18, så det er på nivå med alt ein finn av brutalitet og den slags på film.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Då lærde eg noko nytt i dag òg. Trur aldri eg har betalt faktura med kredittkort eller overført midlar til brukskonto, men då må du visst betale renter frå dag ein. Då trekk eg tilbake det forslaget.
