Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 033
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Zeph

    Elbil-tråden

    Om eg hadde valgt XC40 så ville det vore pga. komfort. Seter, støy osv. For min del er rekkevidda for kort og prisen for høg for det ein får. Skal ikkje sjå vekk frå at det er mange i aldersklassen 40+ som kjøper Volvo nettopp fordi det er ein Volvo. Om ikkje rekkevidda er eit problem så har du jo ein heilt kurant og komfortabel elbil. Eg har heller ingen problem med å forstå at komfort blir prioritert over rekkevidde. Komfort er noko som påverkar kvar einaste kjøretur, mens lang rekkevidde er stort sett eit poeng nokre få turar per år ifm. ferie. I tillegg er ladenettverket ganske oppegåande og ladetidene blir stadig betre.
  2. Zeph

    Elbil-tråden

    Spørs kva du prioriterer det. Det er ikkje alle som veljer bil etter spesifikasjonar på eit papir. Volvo har vore eit godt etablert merke i Norge i årevis og mange er nok “lojale”. Det er blitt eit elbilfenomen at ein kan samanlikne og evaluere alle bilar ut frå rekkevidde, 0-100 og ladehastigheit.
  3. Er det for seint å bruke angreretten og kjøpe ny CPU?
  4. Ser ut som dei har truffet bra med stemninga. Definitivt mykje Bloodborne der ja. Spørsmålet er kor bra gameplayet og historien er.
  5. Zeph

    Elbil-tråden

    Takk. Er det det? Det finnes “stoff” inni batteriene, men det er ikkje stoffet som driv motoren og ingen forbrenning er det heller. September i fjor, men då overtok eg ein kontrakt frå januar.
  6. Har vippa nokre sånne tilbake for mange år sidan og dei sto nesten 45 grader i vinkel. Eg veit ikkje korleis hola ser ut i sokkelen, om dei har litt større hol øvst for å rettleie pinnane inn, men det kan vere nok til at dei ikkje treff. Nokre små dytt i riktig retning vil i alle fall får pinnane rett. Det skal meir til for å bryte dei, gjerne fleire rundar fram og tilbake.
  7. Zeph

    Elbil-tråden

    Då var det endeleg slutt på livet med drivstoff! Ein gledens dag.
  8. Zeph

    Elbil-tråden

    Om du ikkje har behov for å spesifisere bestillingen så kan du finne nye bilar som forhandlarane får inn ved å ta kontakt. Spørs kor viktig det er å få riktig bil. Bruktmarknaden er hinsides og blir neppe betre over nyttår. Såg ein Enyaq som låg ute til 719k på Finn og vart solgt relativt fort.
  9. Førstepost og tittel kunne gjerne spesifisert kva spoilere tråden kan inneha. Om det er tom. siste episode eller bøkene òg. Det er brukt nok pengar på serien til at kvaliteten er høg, så spørs det kor godt historia blir fortalt og om den fenger. Eg har ikkje lese ein einaste ASOIAF-bok. Fint at det er HBO som sender og at det er ein episode per veke.
  10. Zeph

    Elbil-tråden

    Nei, det ser ikkje sånn ut. Skoda-versjon av ID.6 kanskje. Håpar (og antar) den blir finare enn konseptbileta. Gjerne med litt mindre Polestar-tak. Felgane går neppe ned på bakken. 22-tommer maks i følgje Rehak på Twitter, så hakket større enn Enyaq.
  11. Zeph

    Elbil-tråden

    Liten teaser frå Skoda om framtidig sjuseter under konseptnavnet Vision7S. Kjem visst meir info 30. august. Ein el-Skoda i Kodiaq-storleik med 6-7 seter hadde ikkje vore feil. https://mobile.twitter.com/skodaautonews/status/1561956703767334916
  12. I staden for pixelgrafikken, skal alle sjå ut som ein Disney-karakter?
  13. Mellom 50-60 er jo ein kjempepris i desse dagar, men det spørs korleis resten av avtalen ser ut.
  14. Keisamt for alle stumme eller med taleproblem om knappar blir forkasta for stemmestyring eller via ein skjerm. Eg er glad i knappar for dei viktige funksjonane som ein har bruk for når bilen kjører. Stemmestyring er fint når det fungerer, men eg vil helst ikkje prate til bilen. Det er ikkje så mange funksjonar eg har bruk for underveis at det er eit problem å ha knappar til det. For all del unngå touchknappar på ratt og midtkonsoll (ser på deg, VW).
  15. https://www.nrk.no/norge/advarer-mot-strompenger-til-rec_-_-gar-rett-til-en-av-verdens-rikeste-menn-1.16073529
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Å teikne grafikk er ikkje noko problem, men du ser framleis ingenting på sidene eller framover utan kamera i dei retningane. Det er det som er poenget, ikkje å ein grafikk som viser at bilen er meir enn eit ryggekamera. Det er ikkje 360-visning med kun ryggekamera, og det hjelper ikkje å skrive det med hermeteikn.
  17. Rentene går til banken som igjen brukar sine inntekter på å betale renter på lån dei må ta opp for å kunne låne ut til kundane, samt alle andre utgifter ein bank har.
  18. Du må ha finansieringsbevis for 3.000.000 sidan du skal kunne betjene fellesgjeld. Om du har 15% eigenkapital vil det sjå sånn ut: Eigenkapital: 450.000 (15% av 3.000.000) Felleslån: 1.500.000 Eige lån: 1.050.000 (3.000.000-1.500.000-450.000) Du må "stille med" eigenkapital og ev. eige lån for å dekke 1.5m, samtidig som du må ha inntekt til å betjene fellesgjeld på 1.5m. Ja, i form av at ein mindre del av bustaden er lån. Det er akkurat likt som ditt eige lån. Eksempel: Du kjøpte ein bustad til 3.000.000 som ikkje hadde avdragsfri periode ved kjøpetidspunktet og du har budd der i 10 år. Fellesgjelda då du kjøpte var på 1.500.000. Nedbetalingstida var 30 år, og etter 10 år er fellesgjelda nede i 1.100.000. Då du kjøpte var 1.5m fellesgjeld, som er ein del av totalprisen på 3.0m. I løpet av 10 år har verdien gått opp med 500.000, så du selger den for 3.500.000. Du hadde 750.000 igjen på ditt eige lån, som blir nedbetalt med delar av kjøpesummen. Det du då står igjen med er 3.500.000-1.100.000-750.000 = 1.150.000. Om du kjøpte for 3.000.000 med 1.500.000 eigenkapital, betalte ned 150.000 på fellesgjelda og solgte igjen til 3.000.000 så vil du få 1.650.000. Det er ikkje så uvanleg at nye leilegheiter har fleire eigarar før det er gått lang nok tid til at ein byrjar å betale avdrag på fellesgjelda sidan det gjerne er snakk om 10 år, men kor mange som flyttar fordi ein byrjar å betale avdrag veit eg ikkje. Hugs av avdrag er ei form for sparing, og du vil få igjen meir ved salg, som vist over. Det er rentene som er utgiftene ein ikkje får tilbake. Dei fleste har annuitetslån, som betyr at terminbeløpet er likt heile låneperioden, så det personlege lånet er mindre, men ikkje nødvendigvis terminbeløpet. Tanken er kanskje å få ned faste utgifter for å gjere leilegheitene meir attraktive å selge. Om den avdragsfrie perioden ila. kort tid vil gå ut ved salg så kan det sjølvsagt påverke salget. Det skal stå i annonsa kor lenge det er avdragsfritt og om selgar veit at fellesutgiftene vil gå opp snart pga. dette så er dei pålagt å informere om det. Å betale avdrag er stort sett normalen, det er vanlegvis kun dei første ti åra av nybygg at det er avdragsfritt, og ein kjøpar må uansett kunne finansiere heile lånetbeløpet. Igjen, avdrag er sparing, så sjølv om det aukar terminbeløpet så er det ikkje pengar som forsvinn. Du må ha mindre personleg lån, men du må framleis ha finansieringsbevis for heile kjøpesummen og kunne betjene det totale lånet, inkludert fellesgjeld. Det er fleire fordelar med andelsleilegheiter, bla. at du ikkje må betale dokumentavgift sidan du kjøper ein andel av burettslaget som lar deg disponere bustaden, ikkje sjølve leilegheita. Om ei leilegheit har 1.5m fellesgjeld eller ingen fellesgjeld og 1.5m høgare personleg lån så må du ha finansieringsbevis for heile kjøpesummen uansett, og inntekt til å kunne betjene det totale lånebeløpet. Det finnes òg noko som heiter IN-ordning (individuell nedbetaling), som betyr at den enkelte andelseigar sjølv kan velje å betale ned sin del av fellesgjelda fortare, men det er ikkje nødvendigvis positivt for alle potensielle kjøparar. https://nye.obos.no/ny-bolig/artikler/generelle/betale-ned-fellesgjeld/
  19. Det der er i alle fall ikkje “80% pen jobb” etter mi meining.
  20. Takk, eg forstår prinsippet, men lurte på om AnthonyEdwardS hadde eit eksempel der det er billegare når det er snakk om å skifte delar på ein dyr bil. Du skal ikkje ha store skaden før prisen er over 10 000.
  21. Har du eit reknestykke for å forklare det?
  22. Uhell skjer og er ein del av det du betalar forsikring for. Sjekk avtalen din for detaljar. Enkelte selskap har ein regel om at du kan ha ein skade kvart femte år (elns.) utan bonustap.
  23. Zeph

    Vannlekkasje

    Det er knapt med informasjon her, men fellesutgifter går vanlegvis til kommunale avgifter, vedlikehald, vaktmester, vasking, avdrag på fellesgjeld, forsikring på bygg, TV/internett osv. Kva forsikring som ev. dekkar ei vasslekkasje er umogleg å svare på utan meir informasjon. Typisk i sameie eller burettslag så har sameiet/burettslaget forsikring på sjølve bygningen og delar av røyrsystemet, og den enkelte eigar må ha innboforsikring for sin bustad. Ei vasslekkasje kan berøre delar som er dekka av både innbo og bygget. Ta kontakt med forsikringsselskap og ev. styret.
  24. Mogleg eg blandar med eit anna forum, men meiner det har vore ein funksjon her tidlegare, men det har kanskje vore ein eldre forumversjon. Eg har av og til posta to kjappe innlegg og venta at dei vart slått i lag, i staden for å redigere, utan at det skjedde.
  25. Ikkje ver så sikker på det. Det er mange pengesterke foreldre som kjøper studiebustad til sine born, og dei treng ikkje nødvendigvis ha lån på kjøpet. Det er for få bustader og blir ikkje bygd nok, som bidreg til prispresset. Det er òg mange større selskap som eig mange bustader for utleige. Til og med Oslo kommune er med på å drive prisar opp ved å overby på bustader dei vil ha tak i. Om noko så vil eg heller tru at dei dyrare bustadane vil gå ned i pris. 3m for 15 kvm er òg eit unntak, ikkje regelen.
×
×
  • Opprett ny...