Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    45 140
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. DNB er ikkje «statseigd». Staten eig 34,4% av DNB, men dei er ikkje involvert i styrings av selskapet. Aksjonærane har makt på generalforsamling til å velje kven som er i styret, men der har dei 1/3 av stemmene og kan bli nedstemt. Det er styret som vedtar ev. nedbemanning. Staten eig 67% av Equinor, men er heller ikkje involvert i dagleg drift der. Å “forbedre seg” i bedriftssammenheng handler ofte om å auke resultatet i form av høgare inntekter eller lågare utgifter. Som sagt, DNB har ikkje noko samfunnsansvar for sysselsetjing.
  2. Takk. Eg har litt erfaring med Nimly sitt touchpanel og var ikkje veldig begeistra. Fysiske knapper er bedre på alle måter både for vaksne og born etter mi meining. Då ser Nimly Code Pro ut som eit alternativ, som har fysiske knapper og fingeravtrykk. For min del ville nok fingeravtrykk blitt brukt, ev. automatisk opplåsing via iPhone. Brikke er eit alternativ, men ser for meg at dei fort blir gløymd eller mista.
  3. Eg ser òg etter ein ny lås. Nokon som har erfaringar å dele med dei mest aktuelle låsane som har born under ti år? Fungerer det greit med fingeravtrykk ev. kode? Døra vår står under tak, så sjølv om det er mykje nedbør her på vestlandet er ikke fukt på låsen eit problem, men eg tenker på ulike årstider, kalde, våte hender etter aktivitet ute i snø og regn.
  4. Det var synd. Eg går av og til direkte til gamer.no, men kjem vanlegvis via artikkeltråden på diskusjon.no. Deltaking i diskusjonane blir det nok lite av når det er blir eit eige system.
  5. Ja. Når poenget er å halde litt lunk i hytta så er det ikkje noko grunn til å kjøle den ned på varmare dagar. Dagane der det er varmt nok frå sol og/eller utetemperatur til å halde temperaturen over 16 grader vil varmepumpa berre slutte å varme og vente til den registrerer av temperaturen går under 16 grader før den startar opp igjen (typisk på kveld/natt). Einaste poenget med å bruke Cool eller Auto er fordi du vil ha kjøling. Så lenge det kun er snakk om oppvarming bør den stå på Heat.
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    Om dei ikkje har noko imot infotainment og det visuelle i nyare Toyota, som er noko klunkete, er ikkje Toyota bra greier som på 90-talet? Synest Toyota og Lexus ligg i toppen på studier for pålitelige biler. Batteri, lading og rekkevidde har dei òg ein del å gå på, men det er tal som interesserte har tilgang til før kjøp.
  7. I Auto kan den både varme og kjøle. I Varme vil den aldri kunne kjøle. Delar av vår og haust kan auto fungere om du er plaga med mykje oppvarming frå sol. Då kan den stort sett varme, men òg kunne kjøle om du får mykje solvarme utan å måtte endre driftsmodus. Gjennom vinteren bør den stå på varme heile tida. Dei fleste har dei nok på kun oppvarming heile året så lenge det er behov for, og ev. på avkjøling på sommaren etter behov.
  8. Er nokon overraska over at bedrifter kutter kostnader der dei kan for å auke fortenesta? At det denne gang er dataverktøy som fører til kutt er heller ikkje noko nytt. Kor mange stillingar er ikkje kutta om du ser 40 år tilbake i tid, før PC-alderen? Ja, sånn fungerer kapitalisme og sånn fungerer det meste her i verda. Penga rår og det er stort sett alltid eit jag etter å auke inntekter og kutte utgifter. Kva bank har samfunnsansvar i sysselsetjing?
  9. Dette er vel ikkje noko nytt, men akkurat det mange sa kom til å skje?
  10. Mange av hovedpunktene i slutten kom frå GRRM, men veien der kan ha vore annleis om han hadde fullført bokserien. Avslutninga til Bran og Daenerys kom frå Martin, mens Arya og WW hadde utspelt seg på andre måtar. Det var spesielt Daenerys mange reagerte på og det same ville i utgangspunktet skjedd i bøkene, men veien frsm til det punktet kunne lagt eit betre grunnlag for kva som skjedde.
  11. Så lenge pengane er der så er det ingen som vil protestere mot å lage meir innhald basert på det universet. Marvel og DC er gode eksempel. Der kan dei lage dei same filmane om og om igjen.
  12. Eg hadde Spigen Liquid Air på 14 og gjekk for det igjen. Synest det balanserer beskyttelse, form og vekt ganske bra. Har dog ikkje Magfit om du treng det.
  13. Hugsar ikkje om halshugging har vore med tidlegare, men resten er vel standard prosedyre for GTA. Alle GTA unntatt det første har hatt PEGI 18, så det er på nivå med alt ein finn av brutalitet og den slags på film.
  14. Då lærde eg noko nytt i dag òg. Trur aldri eg har betalt faktura med kredittkort eller overført midlar til brukskonto, men då må du visst betale renter frå dag ein. Då trekk eg tilbake det forslaget.
  15. Klikk og reklameinntekter.
  16. Er vel sjeldan du må betale ein faktura ila. kortare tid enn det tar å få solgt litt fond, og då har vel dei fleste kredittkort som mellomløysing. Edit: Å betale faktura med kredittkort er visst dårleg business sidan du betalar renter frå dag ein.
  17. Tvilar på det. Dei prioriterer nok det visuelle over FPS. At det blir ei stor oppleving har eg tru på. Veldig lovande at det skjer meir i spelet rundt hovedaktivitetane. Noko av det som gjorde RDR2 så bra var villmarka der du kunne møte bjørn, elg og menneske i problem.
  18. Mange tannlegekontor har opplegg for å ivareta dei med tannlegeskrekk. Prat med din tannlege om det og om du ikkje kjenner at dei tar deg seriøst så sjå etter ein anna tannlege. Det er veldig viktig at dei forstår din situasjon. Stigma frå andre trur eg ikkje du treng bekymre deg for. Kva du har av tenner i munnen er ikkje spesielt interessant for andre, og om temaet skulle dukke opp så er folk flest oppegåande nok til å forstå at nokon må trekke tenner pga. skader eller sjukdom. Det økokomiske er viktig å ha kontroll på. Omfattande tannarbeid kan bli dyrt, så der bør du vere frampå. Eg sat ein gang hos i venterommet hos tannlegen då det kom ein mann ut frå behandling. I skranken sa dei at det kosta 60 000 kr. Han hadde ikkje råd til å bla opp, så han vart ståande ei stund å diskutere alternativene. Det hjelper ikkje på situasjonen, så om du veit på førehand kva det ca. vil koste og har ein plan for betaling så kan du unngå ubehagelege situasjonar. Du får nok sjanse til ein nedbetalingsplan. Spør tannlegen på førehand kva dei antar behandlinga vil koste. Då er det lettare å lage ein plan. Om du eig bustad kan du ta opp lån med sikring i den for å betale for behandlinga. Eg sjekka eit par tannlegekontor som hadde rente på 8-9% om du får nedbetalingsplan der. Har du bustad med lån har du forhåpentlegvis lågare rente der. Har du unngått tannlege lenge? Om så kan kanskje hyppigare besøk hjelpe med nervene og angsten som eksponeringsterapi. Det finnes beroligande middel, til og med lystgass og dedikerte team med spesialkompetanse og psykologhjelp. Det vil nok koste meir, men om du ikkje får fiksa tennene så kan det bli enda dyrare å ta det seinare. Jo lengre tid det går jo større er òg sjansen for ar du får akutte ubehag eller smerter som må behandlast raskt. Noko anna som kan hjelpe med skammen er å prate om det med kjente. Kona i første omgang, ev. andre familiemedlemmer eller nære bekjente. Om du får til det trur eg du vil bli positivt overraska over tilbakemeldingane og støtta.
  19. Dette gjeld alle telefoner frå 14 og nyare. No kan du kontakte nødetater over satellitt om du er i område uten mobildekning. For oss som driv med friluftsliv er det veldig positivt. https://itavisen.no/2026/09/29/iphone-nod-sos-via-satellitt-norge/
  20. “Prosjekt” Lag gjerne fleire spel, men me treng ikkje teikneserie eller film/TV. Fleirspelar er noko dei jobba med før, så det er kanskje ikkje heilt lagt vekk.
  21. Ikkje? Anywho…har framleis eit håp om TLOU3, men kun ein brakgrunn i år altså.
  22. Går fint å ha fond som buffer så lenge du aksepterer at du brått kan få mindre per andel den dagen du har behov for dei. Sannsynet for eit større krakk rett før du treng dei er ganske små. Men nokre titusen på høgrentekonto er ikkje feil det heller.
  23. Det er riktig. Justert for inflasjon har det gått litt tilbake. 2021: 3,5 % 2022: ca. 5,8 % 2023: ca. 5,5 % 2024: ca. 3,0 % 2025–2026: 3,3% så langt. Eg ville ikkje kalla det eit krakk. Då skal prisane falle 20-30%. Med prisveksten Oslo har hatt siste 25 år er det vel greit at det har roa seg ned. Det er fleire bustader på marknaden enn det har vore, som bremser prisveksten. Renta og inflasjonen bidreg vel òg på sitt vis. Definitivt kjøpers marknad.
  24. Det har gått opp, men realprisen har gått ned.
  25. Frå 14 Pro til 18 Pro. Litt tyngre, men det er kanskje mest pga. eg kjøpte eit tyngre Caudabe-etui i staden for Spigen som eg har på 14. 18 skal kun vere fem gram tyngre enn 14. Synes for øvrig at Spigen sitt kjennes betre ut å halde i, så kanskje eg kjøper det i staden for. Mest for kjensla, men det er òg litt lettare. Ellers ikkje dei store endringane for min bruk, men det venta eg ikkje heller. Litt kjappare og betre flyt i overgangane. Ladegrense og USB-C er veldig fint. No er det slutt på Lightning. 14-telefonen har 90% batterikapasitet etter fire år, så den klarer seg greit.
×
×
  • Opprett ny...