Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 034
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Ikkje ver så sikker på det. Det er mange pengesterke foreldre som kjøper studiebustad til sine born, og dei treng ikkje nødvendigvis ha lån på kjøpet. Det er for få bustader og blir ikkje bygd nok, som bidreg til prispresset. Det er òg mange større selskap som eig mange bustader for utleige. Til og med Oslo kommune er med på å drive prisar opp ved å overby på bustader dei vil ha tak i. Om noko så vil eg heller tru at dei dyrare bustadane vil gå ned i pris. 3m for 15 kvm er òg eit unntak, ikkje regelen.
  2. Kva slags relasjon har du til passasjeren?
  3. Zeph

    Elbil-tråden

    Skoda Enyaq (kanskje VAG?) kan justere etter fartsgrense med prediktiv ACC. Det fungerer stort sett bra, men av og til bommar den og kan justere frå 80 til 50 sjølv om du er i 80-sone. Mange har hatt litt ubehagelege erfaringar med oppbremsing og difor deaktivert funksjonen, mens andre synest det fungerer fint. Det har i alle fall forbetringspotensiale.
  4. Zeph

    Boliglån

    Om ikkje det banken uansett spør om er godt nok så lurer eg på kva plan du skal ha for å få lån. Har du tilstrekkeleg inntekt og eigenkapital til kjøpet?
  5. Vatnmålar og fjernvarmemålar er to forskjellig ting. Ja, det er ei væske i fjernvarmenettet òg, men for å halde styr på kva ein pratar om så bruk helst fjernvarmemålar. Ein vatnmålar måler forbruket av vatn, mens ein fjernvarmemålar typisk måler forbruket i kWh. Det er to heilt separate system. Du kan fint ha ein vatnmålar, men ikkje fjernvarmemålar, og omvendt. Har du ingen av delane så blir det automatisk avrekna etter areal. Du kan ikkje måle fjernvarme individuelt utan ein fysisk målar per leilegheit, nei, men målaren kan stå sentralt i bygget, ikkje inne i din bustad. Snakk med styret, ikkje selgar eller meglar. Om nokon har kontroll på dette så er det styret.
  6. 30 kroner ekstra i månaden for å sleppe reklame er eit enkelt valg for min del. Eg har ikkje så mykje imot prisane for dei ulike tilbydarane. Du får ganske mykje innhald for ein hundrelapp i månaden. Det blir dyrt fordi mange vil ha 3-4-5 abonnement samtidig. Då tar me heller ein månad her og ein månad der. Etter ein pause på eit par månader frå ein tilbydar er det alltid dukka opp noko nytt. Kva pris som er levedyktig på lang sikt vil vise seg, men det er kanskje ikkje kjøpesterke nordmenn som betyr mest her.
  7. Skal ikkje sjå vekk frå det. For min del har det resultert i at eg nesten ikkje klikker på nokre av lenkene lenger.
  8. Skulle gjerne sett meir gameplay frå fugleperspektiv der du faktisk spelar, men det kjem seinare. Skal ein trailer fenge må dei vel ha litt close-up action. Command & Conquer ja, det var tydeleg mykje inspirasjon derifrå. Til og med musikken kunne fort vore rappa frå Red Alert. Alltid interessant med nye RTS-spel, så får me sjå kva resultatet blir.
  9. Om det er sagt at du har eigen målar så har du vel det. Kva er spørsmålet? Om du vil finne den så kan du sjekke radiatorane i bustaden. Finn du ingenting så spør styret.
  10. Det er mangt som kan svikte når som helst i dagens samfunn og ta livet av veldig mange i ei ulykke. Me må alltid leve med ein risiko i dagens samfunn. Så fort eit fly er i avgang på rullebanen er det ein liten risiko for store tap av menneskeliv, og det skjer, men sannsynet er så lite at dei fleste flyr likevel.
  11. Zeph

    Slettet.

    For å kunne rekne bustaden som primærbustad så må du faktisk bu der ja, som blir kalla butid/botid. Du kan ikkje ha det registrert som primæradresse, bu i utlandet 90% av tida og så selge skattefritt. Skattesatsen er for øvrig 22%, ikkje 40. Til TS: Så lenge du har budd der minst 12 månader før du flyttar ut og selger i tide så går det fint utan å måtte skatte. Det er nokre feller å gå i her, men så lenge du har kontroll på datoane så går det bra. Hugsa òg at om salget skulle dra ut i tid og det nærmar seg 12 månader sidan du flytta ut så kan du risikere å gå over grensa. https://www.huseierne.no/nyheter/skatt-pa-salg-av-bolig---slik-er-reglene/
  12. Eg har hatt Svane Zefir i 10+ år og kjøpte nyleg ei seng i nesten tilsvarande modell, under navnet Svane Zolar for eit anna familiemedlem, men som eg òg av og til brukar. Den har madrass som kan snus for å få ulik hardheit. Begge sengene er med 6 cm IntelliGel, så kanskje hakket over den TS nevnte. Seng er veldig personleg, så det er umogleg å spå kva som fungerer best for deg, men eg kan i alle fall skrive under på at eg er veldig nøgd med våre senger. Det finnes nok mange gode der ute i ulike merker, men eg kjøpte Svane igjen sidan eg så visste kva eg fekk. Mitt beste tips er å prøve så mykje du får til. Det er avgrensa kva ein får prøvd i ein butikk. Først etter ei natt eller over ei lengre tid veit ein gjerne om senga fungerer eller ei. Har du familie eller kjente med ei av sengene så kanskje du kan få prøvd ei natt. Memory foam er ikkje noko for meg. Eg snur meg ein del og blir aldri komfortabel i det, men det er igjen individuelt. Mtp. to 90-senger så bør det gå bra så lenge ingen blir liggande midt på. Lurt med ei 180-overmadrass i så fall. I verste fall kan du feste dei til kvarandre på eit vis.
  13. Olje i ei stor nok gryte og riktig temperatur fungerer fint. Du kan steike i to rundar på ulike temperaturar for å få eit endå betre resultat. Då friterer du dei. Om du ikkje vil fritere, men steike i ovn så blir det noko anna.
  14. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg har sett omtaler der folk har gitt ein ting fem stjerner med kommentar “Har ikke denne, men den er sikkert helt topp!”. Negative omtaler er det første eg ser på, men forholdet mellom positive og negative er òg viktig.
  15. For all del ikkje nevn Taiwan på Facebook eller andre sosiale medier. Lurer på kva namn kartet i bilen har på Taiwan.
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Til og med i hjorteflokken er det elbil-motstandarar, og kanskje denne var Tesla-hatar i tillegg. https://www.nrk.no/vestland/hjort-falt-ned-pa-bilpanser-1.16063151
  17. Det vil i så fall kun fungere fram til lånet overgår verdien på bustaden, ev. den prosentmessige delen banken er villig til å akseptere.
  18. Denne diskusjonen har vore oppe før og om eg hugsar riktig så har 6-8% ofte blitt nevnt for aksjemarknaden over lang tid, og eg trudde det var før inflajson. Paging @Nimrad Og kanskje det var noko om ulike reglar i USA og Norge. 10.7% for S&P500 forresten, som er ein stor del av marknaden, men i eit globalt indeksfond er det òg gjerne 30% utanfor USA. Ein kan sjølvsagt putte alt i USA og akseptere høgare risiko. https://investorkurs.no/leksjoner/historisk-avkastning/ Her er det nevnt 5.75%, før inflasjon. Eit interessant dokument for øvrig: https://www.finansnorge.no/siteassets/verktoy/avtaler-og-regelverk/livsforsikring/avtale-om-avkastningsprognoser---revidert--13.09.2018.pdf Fann lenke til dokumentet her: https://blogg.odinfond.no/bankkonto-risikabelt-for-pengene-dine-over-tid
  19. Eg har ikkje inntrykk av at episodiske offline-spel har vore noko kjempesuksess, men det finnes sikkert nokre der ute. Dei få eg har vore borti har eg gjerne gløymd heilt vekk, som Dreamfall Chapters.
  20. Dei kunne lagt kablar frå nord-norge til plattformane, der prisen er 2 øre og vatnet renn over fordi det er billegare enn å produsere.
  21. Kvar på dei sidene står det om skatt og butid ifm. salg av bustad?
  22. Eg las kanskje ikkje godt nok, men då forstår eg problemstillinga. Så lenge du faktisk bur der når du ikkje er på jobb så er den delen grei. Dei kan kanskje spørje om kvitteringar eller bankutskrifter som viser at du har handla i området. Det er jo lov å leige ut sin eigen bustad, og så lenge du over ein 24 månaders periode bur der minst 12 av dei (treng ikkje vere samanhengande), så oppfyller ein kravet om butid. Når du har lov å leige ut i 12 månader, så bu der i 12 månader og deretter selge skattefritt, så burde ikkje ditt scenario vere noko problem sidan du faktisk bur der minst 12/24 månader, men litt oppstykka pga. arbeidssituasjon. Eg ville tatt ein telefon til skatteetaten og sjekka.
×
×
  • Opprett ny...