Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 614
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Zeph

    Elbil-tråden

    Ja, du må sjølvsagt finne riktig spesifikasjon. Sjekk kvar dag så dukker det nok opp til slutt. Den største fella er kanskje at den ikkje har hengerfeste, men eg går ut frå at folk er i stand til å finne ut kva farge interiøret har. Du kan filtrere på akkurat det du vil ha.
  2. Kva vil du diskutere? Skal medlemmene på diskusjon.no vurdere om Breivik har Aspergers syndrom?
  3. Eg har buffer på ein eigen konto. Konto med lønnsinngang og alle utgifter går gjerne ned mot null sidan eg ikkje vil ha meir enn nødvendig til faste utgifter ståande der.
  4. https://www.nrk.no/stor-oslo/unibuss-tar-grep-for-a-bedre-rekkevidden-pa-elbussene-i-kulda-1.16722337 Det hadde vore interessant å sett dei faktiske tala som det er snakk om og samanlikna dei med dagens tilstand. Har ikkje bussane regenerering i utgangspunktet altså. I ein personbil er det ikkje all verden du regenererer, men med ein tung buss og hovudstad med mykje nedoverbakkar så kan det vel ikkje skade. Eg har ikkje kjørt så veldig mykje elbuss, men om dei kjører likt som dieselbussane så er det mykje pådrag og bremsing. Er dei tunge på wattpedalen så blir det fort eit høgt forbruk. Skulle gjerne sett forbruket på bussane ved ulike temperaturar. Korleis bussane blir kjørt er kanskje den faktoren som er mest vanskeleg å forutsjå under bestilling. Å redusere temperaturen og kanskje tida dørene er åpne vil hjelpe. Dei fleste som går ute er godt innpakka uansett, så det kan nok gå greit.
  5. Du kan få ulike tilbod i ulike bankar. At ein bank gjev ein viss sum i lån betyr ikkje at alle andre gjer det. Lånet kan òg ha blitt inngått på eit tidspunkt der inntekta var høgare eller renta lågare. Du kan sjølvsagt spørje dei kva du maksimalt kan få i lån.
  6. David og Goliat. Blir interessant å sjå sluttresultatet av saken. Apple pøser nok ganske mange dollar på advokatane for å få det løyst. ”Restarter” er vel for øvrig ikkje eit norsk ord?
  7. Zeph

    Elbil-tråden

    Er det noko planlagt systematikk i at ein bZ4x lar deg bruke meir av bufferen etter som batteriet mistar kapasitet? Om du finn bil med riktig konfigurasjon innan grei rekkevidde så ser eg ingen grunn til å bla opp meir for å måtte vente lengre på bilen.
  8. Eg forstår heller ikkje kvifor dei skulle bli definert som elite. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Elite_(gruppe)
  9. Alt for individuelt til å lage ein regel for alle. Eg har kanskje 10-20k, men kan alltid selge litt fond for å dekke større utgifter. Mastercard med 150k kredittgrense fungerer, så lenge eg får betalt tilbake før rentene byrjar. Dei som har huslån som ikkje er maksa kan kanskje heve det litt, eventuelt ha eit rammelån som står ubrukt til vanleg. God kontroll på økonomien er ein føresetnad for å ikkje ha noko særleg buffer, så for veldig mange er eit beløp mellom 20-100k fornuftig å ha tilgjengeleg. Og helst ha det på ein konto med litt renter, ikkje sparekonto.
  10. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg hadde ein kort tur med bZ4x i sommar. Som bil fungerte den ganske bra og komforten var absolutt av det betre slaget. Det meste som skjedde på infotainmentskjermen var meget skuffande. Eg var då vane med Enyaq som heller ikkje er noko teknologisk vidunder, men der var det ikkje mykje å skryte av. Får Toyota rydda opp i ting og tang og eit styresystem som minner meir om ein mobiltelefon og mindre om Windows 98 så kan det bli veldig gode bilar. Dei sa vel at dei skulle lære av Tesla, så då har dei eit stykke å gå, men det spørs om det blir neste modell og ikkje bZ4x. Gjerne med eit meir tiltalande namn enn noko som minner om ein reCAPTCHA. Dei har solgt forholdsvis greit med bZ4x, tatt i betraktning at TMY knuste røkla og at bilen har store forbetringspotensiale. Det hadde vore interessant å sjå snittalderen på kjøparane av bZ4x.
  11. No kan dei altså selge rettigheitene til si eiga stemme, sannsynlegvis til ein dårlegare pris enn om dei gjorde opptaka sjølve. Spørsmålet er kor lenge det går før AI genererer stemmer utan å basere det på ekte menneske og heile yrkesgruppa mistar arbeid. Det blir nok tøft å kjempe mot teknologisk utvikling som har økonomiske oppsider for utviklarane.
  12. Fort gjort å gje elbussane skulda for både snø og trafikkproblem, men her er det viktig å halde styr på detaljane.
  13. Sjølv om det skal gå raskt må dei ha kontroll på at det som blir bestilt er godt nok. Om nokon overprøver det og kommanderer ei bestilling av bussar som ikkje er eigna så må dei vel ha signert på eit eller anna?
  14. Pengar spart er pengar tent. Det er ikkje gratis å drifte ein nettbank.
  15. https://www.nrk.no/stor-oslo/ruter-svarer-om-kollektivkaos-i-oslo-pa-nyaret-1.16720874
  16. Me har hatt Diakin gulvmodell sidan mars i fjor i eit hus frå 50-talet med varierande kvalitet på isolasjon og ein kjeller som er ganske kald. Når det er rundt -10 grader er det kanskje eit par plussgrader i kjellaren. Varmepumpa står i etasjen over kjellaren. Så langt har me god erfaring med denne modellen. Ein merkar godt effekten av å blåse ut lufta langs golvet, men det er sjølvsagt mest rett framføre innedelen. Nokre meter unna så blir effekten mindre og til slutt vil uansett all varm luft stige oppover. Her vil me alltid ha det litt kaldt på golvet i store delar av rommet så lenge det er så kaldt i etasjen under. Appen fungerer ganske bra. Det er ikkje alle funksjonar som kan programmerast i vekeprogrammet, men den står stort sett på oppvarming, automatisk vifte og gulvvarme heile tida. Sidan den står nær TV slår eg den av og til over på stillemodus om det skal sjåast noko på kvelden. Innedelen er ikkje så vond å sjå på. Me har plassert den mellom to String-seksjonar som skjuler den litt meir. Den er i alle fall finare å sjå til enn ein kasse oppe på veggen synest eg, men samtidig avgrensar der bruk av plassen til møblering. Når ei pumpe har gått nokre dagar og bustaden blitt varma opp her og der så veit eg ikkje om plasseringa utgjer så veldig mykje forskjell for alle andre område enn rett under/framføre innedelen. Det har aldri vore varmepumpe her før, så ingen erfaringar med veggmontert diverre. Gulvmodellen leverer mindre enn maks effekt om den kun bles ut nede ved golvet, så sånn sett kan kanskje ein lågare montert veggmodell levere meir energi til golvet enn golvmodellen. Om du brukar utløp både oppe og nede på golvmodellen vil den kunne yte maks effekt. I tillegg har veggmonterte gjerne litt høgare makseffekt tilgjengeleg. Bustaden og oppvarmingsbehovet er òg noko å ta stilling til.
  17. Synsing altså? Om ingen veit kva dei stillingane driv med er det meiningslaust å diskutere.
  18. Dei legg ned Sbanken-nettbanken, men skriv jo samtidig at du kan bruke DNB sin nettbank:
  19. Straum går eg ut frå sidan PC-en slår seg av? Er det stasjonær med denne type plugg? Dei er av og til litt tunge å dytte inn, så det kan hende den ikkje blir dytta godt nok inn. Mi erfaring er at dei heng veldig godt når dei først er satt heilt på plass, men det finnes kanskje unntak. Legg ev. ut bilete av plugg og der den går inn i PC-en.
  20. Ti laken for ei kapselmaskin? Då måtte den tatt oppvasken for heile kjøkenet og kanskje klesvasken på badet i tillegg.
  21. Me hadde pendellampar på eit liknande opplegg. Med nok lampar, rett plassering og riktig type pærer så kan det bli greit lys av sånt òg. Eg er mest opptatt av arbeidslys, men må ikkje ha like mange lux på kvar cm2 av arbeidsplassen. Ikkje er eg så glad i spotter heller, så det var aldri vurdert. På ein del hadde me ei hylle på veggen over benken og monterte ei LED-list på undersida av hylleplata som fungerte bra.
  22. Ventar folk å kunne få tilgang til alt av film og TV for nokre hundrelappar? Samanlikna me før strøyming er det veldig billeg å kjøpe tenestene. Før måtte du kjøpe eller leige ein film. I dag får du tilgang til store bibliotek for 100-150 kroner ein heil månad. Du får ikkje tilgang til alt, men du må heller ikkje abonnere på alt heile tida. Ta ein månad på ei teneste, ein månad på neste osv. så dukker det alltid opp nytt dei periodane du ikkje abonnerer. At det er mange dårlege tekniske løysingar der ute er eg heilt einig i, men då får eg heller la vere å sjå det innhaldet dei tilbyr.
  23. Eg fekk låg spenning på 12V-batteriet på ein 2019 bensin-Kodiaq som vart brukt til mykje korte turar med innebygd motorvarmar ein kald Oslo-vinter.
  24. Kan ikkje hugse at eg har hatt eit behov for å flytte med meg rundt TV-en i huset, og eg tar mykje heller ein straumkabel (resten kan gå på wifi) enn å bruke batteri. Mange veggoverflater er ikkje egna for sugekoppar. Definitivt nisjeprodukt som eg har tvilar på vil ta av.
  25. Eg tenkte på motorvarmar innebygd i bilen som ikkje er avhengig av straum frå stikkontakt. Når motorvarmaren får spenning frå stikkontakt er det nok ikkje eit problem. For batteriet sin del er det ein fordel med varm motor som startar lettare og tar mindre straum ut av batteriet.
×
×
  • Opprett ny...