Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 843
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Det er ein tråd som tar for seg det spørsmålet her: Her var det snakk om forskjellane i prisar på fond.
  2. Zeph

    Tesla - kaféen

    Heldig for konkurrentane i billigsegmentet då, med mindre dei justerer prisen på M3 kraftig ned.
  3. Før dei var kjøpt opp visste jo ingen om det ville bli godkjent. Når det vart godkjent byrja dei første å melde flytting til ny bank og køane oppsto. Nokre avventa for å sjå kva som skjedde med Sbanken som ein del av DNB, i håp om at dei ville behalde det som det var utan dei store endringane. Når endringane kom og ting ikkje fungerte så meldte fleire om flytting.
  4. Eg har heile tida vore DNB-kunde, så det er kanskje forskjell på dei som hadde Sbanken.
  5. Eg får opp 24 KLP-fond i Spare-appen til DNB.
  6. Zeph

    Tesla - kaféen

    https://www.nrk.no/nyheter/elon-musk_-tesla-kuttar-_meir-enn-10-prosent_-av-dei-tilsette-1.16844473
  7. Du må i så fall bruke justert bruttoscore, ikkje bruttoscore. Du må uansett ved bruk av Stableford først vite kor mange slag du har tildelt per hol. Med nettoslag vil du framleis ha ei grense for kor mange slag du kan registrere, der maks tilsvarar 0 Stableford-poeng. Eksempel 1: Par 4. Du har tildelt 1 ekstra slag og brukar 6 slag Stableford: 1 slag over ditt par, 1 poeng Justert bruttoscore: 6-1 = 5 Eksempel 2: Par 4. Du har tildelt 2 ekstra slag og brukar 9 slag Stableford: 3 slag over ditt par, 0 poeng Justert bruttoscore: 9-2 = 7 Der du med Stableford ikkje kan få negative poeng har du med det nye systemet alltid ein netto dobbel bogey som er den høgaste score du kan få på eit hol Netto dobbel bogey for det andre eksempelet over er: Par 4 + 2 (dobbel bogey) + 2 (tildelt slag) = 8. Dvs. at når du har brukt 8 slag utan å fullføre holet kan du plukke opp om du vil. Uansett kor mange slag du brukar over 8 vil justert bruttoscore for holet vere 8.
  8. KLP Global Indeks får du til 0,18% hos DNB, som er det same som hos KLP, men det er kanskje ikkje likt for alle fond.
  9. Zeph

    Elbil-tråden

    Å kjøre på raudt lys har dei gjort lenge i Oslo, men det kan ha blitt verre med elbilar sidan langt fleire har tilgang til bil med høgare akselerasjon enn tidlegare.
  10. Banken har ikkje heitt "Den norske Bank" sidan 2003.
  11. Fordi dei ikkje vil ha eit kundeforhold i DNB/Sbanken For å samle alt på ein plass Prinsippsak Utvalg eller pris på det som tilbys
  12. Zeph

    Elbil-tråden

    Kvar står det i loven at eitt sekund er forsvarleg? Meg bekjent står det ingenting spesifikt i loven, så eventuelle saker eller ytringar frå politiet er det næraste me kjem. I Norge er tresekundsregelen mykje brukt, mens i andre land finn du gjerne ein tosekundsregel. Eg meiner eitt sekund er for lite fordi det gjev deg for lite tid til å reagere om ei hending skulle oppstå. https://www.ringblad.no/flere-bilister-brot-viktig-trafikk-regel/s/5-45-1794934
  13. Det trengs kanskje ein asterisk i desse dagar sidan fleire av konkurrentane er gått til LIV der dei ikkje får poeng.
  14. Fleire der oppe som gjerne kan vinne for min del. Scheffler, Homa, Åberg, Højgaard. Å få ein dansk vinnar hadde vore moro, men det skal mykje til. Det viktigaste for min del er at det blir spanande og går litt fram og tilbake.
  15. Zeph

    Elbil-tråden

    Du meiner eitt sekund er forsvarleg avstand? Det forklarar kanskje alle som legg seg i ræva på andre bilar i 110 km/t. Dei trur det er forsvarleg.
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Heile dæsjbordet, skjermar og infotainment er begredelige greier på bZ4x (mest irriterande modell å skrive namnet på). Korleis girhjulet gjekk gjennom er òg uforståeleg. Eg er ikkje tilhengar av skjermen som stikk opp bak rattet heller, som på ID-bilane. HUD og ev. ein skjerm lengre nede der den tradisjonelt har stått er langt betre.
  17. Betyr det at dei framleis står i fondene og verdien beveger seg med dei eller er dei ute av marknaden?
  18. Zeph

    Elbil-tråden

    Det største problemet med bZ4x for min del er at det er den første elbilen til Toyota og det er ein haug med småting som irriterer. Ein modell eller to seinare så kunne eg gjerne bytt ut TMY med ein Toyota.
  19. Etter det nye systemet så vil du ha eit maksimalt antall slag på eit hol på same måte som du med Stableford får ekstra slag og ikkje kan få mindre enn null poeng. Når alt er rekna ut får du ein bruttoscore som tar med alle slag og ein justert bruttoscore for handicapformål, som blir ein erstatning for Stableford-poeng.
  20. Korleis ser det reknestykket ut?
  21. Stableford blir ikkje brukt til å regulere handicap lengre, men du kan sjølvsagt delta i turneringar som brukar Stableford.
  22. https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/aksjer-og-verdipapirer/om/aksjesparekonto-ask/ Du må kanskje gje den vekk i den same tilbydaren/banken som du har, men etter det er gjort kan den som mottar kontoen flytte den til ein anna tilbydar. Sjekk med din tilbydar. "Skattemessig kontinuitet" betyr at du ikkje må skatte av noko.
  23. Ja, det hjelper om andre ikkje siterer dei som ikkje er ute etter ein sakleg diskusjon eller dele informasjon om emnet. Det viser seg ganske fort kven det er noko poeng i å diskutere med.
×
×
  • Opprett ny...