-
Innlegg
44 614 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Motorvarmar betyr lite ville eg tru sidan den varmar opp motoren, ikkje batteriet. Den brukar straum frå batteriet for å varme motoren, som òg belastar batteriet utan at det får lading. Hyppig bruk av motor/kupévarmar før korte turar vil redusere spenninga på batteriet endå meir enn om du hadde starta bilen kald.
-
Om du kjører mange kortare turar, spesielt på vinteren, så kan 12V-batteriet bli tappa ut meir enn det blir lada opp, så det kan vere nødvendig å vedlikehaldslade batteriet med ladar tilkopla stikkontakt av og til. På lengre turar får 12V-batteriet meir tid til å bli lada opp av dynamoen.
-
Kravet er fast tilkobling spesifikt for VVB med merkeeffekt på 1500 W eller meir. Står ingenting om eigen kurs eller anna utstyr som kan trekke over 1500 W. Meg bekjent er det kun for elbilladarar at NEK faktisk stiller krav om eigen kurs til bustadformål. Du kan òg bruke industrikontakt for VVB. Varmepumpe er ofte tilkopla med stikkontakt eller fast tilkopla med servicebrytar av praktiske omsyn, men det er heller ikkje noko krav.
- 141 svar
-
- 1
-
-
Kvar i NEK 400 finn du dei krava?
- 141 svar
-
- 1
-
-
Det kjem an på kva effekt varmepumpa maksimalt kan trekke. Så vidt eg hugsar då eg sjekka så var maks effekt på mange rundt 2-2,5 kW. Større pumper vil trekke meir, men dei fleste er nok under 3 kW som ein 13A-kurs kan levere.
-
Det er ikkje krav om eigen kurs. Om du har utestikk som ikkje er brukt til stort anna og lite brukt på vinteren så kan den brukast.
-
Sommar 2023. Har ikkje prøvd andre utgåver av bilen for samanlikning. På fin vei er det heilt grei komfort, men litt mykje støy. På dårleg og islagt vei ristar heile bilen, som lagar støy av det òg.
-
Det hadde nok gått fint med Tesla òg. Dei er gode på brøyting, og over fjellet var det som å kjøra på nylagt asfalt. Delar av veien lågare i landet var det tørr asfalt, som er ei glede å sjå på denne tida av året. Me har kjørt Hardangervidda i mange år, der erfaringa har vore veldig humpete og bråkete vei, men no kjørte me Haukeli og det var speglblank vei. Den eine veien hamna me i kolonne og det vart seint på kvelden. Då er komfortmodus fabelaktig når små born søv og du kjører på dårlege veier med is her og der. Ikkje like gunstige forhold her lokalt. Islagt vei med vaskebrettmønster. Der er det veldig stor forskjell på MY og Enyaq i komfortmodus. Der ristar og bråkar i MY. Ein bekjent måtte skifte tre av fire bærearmar, stag eller noko sånt på ein litt eldre Model 3. Verkstaden hadde sagt at dei nok hadde kjørt litt for mykje på dårleg vestlandsveier. Med stiv bil og dårleg vei så blir det meir belastning på det meste i bilen. På Eviny i -13° C kom me opp i heile 55 kW med Enyaq. Pausen varte uansett ein time så me fekk lada opp frå 49% til 95%. Der Tesla-ladarane står passa ikkje heilt med tidspunkt og lokasjon for lading, ellers brukar eg gjerne dei.
-
Har brukt det nokre månader pga. iPhone og DNB. Ingen problem så langt.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Går minusgrader oppover eller nedover? I desse dagar har eg lese mange måtar journalistar har skrive om temperaturar. Nokre skriv om minusgrader som har gått heilt opp til 30, andre at dei har gått ned. “-30 minusgrader” blir vel feil, så om du skriv “30 minusgrader”, går det då oppover til 35 minusgrader? Enkelte blandar litt om grep og skriv gjerne at det er minusgrader ute, men samtidig at det er -25 og skal lengre opp. Det høyrest feil ut. Frå -25 til -30 er nedover i mitt hovud. I ein artikkel på NRK står det “- 40,5 gradar” i ein setning og “36,1 minusgrader” i neste. Lengre oppe i artikkelen er “kuldegrader” allereie mykje brukt. Kuldegrader er òg brukt, men det blir kanskje det same som minusgrader.
-
Tesla bråker tidvis som eit fly når forvarminga går, kanskje endå meir når det er kaldare. At det er ei plage når bilen står nær eit vindauge har eg ingen problem med å forstå, utan at det treng vere feil med bil eller hus. Om det hjelper så kan du spørje dei om å la forvarminga starte seinare. Det går ikkje lang tid frå den startar opp til det er grei lunk i bilen. Med litt varme i seter og ratt er det sjeldan nødvendig å la den stå på så lenge.
-
Forhåpentlegvis vil hendinga redusere sannsynet for at det skjer igjen, som ville vore til glede for alle andre på veien.
- 56 svar
-
- 1
-
-
Sikring i skapet, kurs til ovn, utløses
Zeph svarte på ExcaliBuR sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Innebygde ovnar for 16A-kurs går på Schuko. Det er ingenting i veien for å montere på komfyrstikk, men det er ikkje nødvendig. Då dei målte over 14A sto ovnen på den sterkaste grillinnstillinga, noko ein sjeldan brukar til vanleg og i så fall i korte perioder. Over/undervarme eller varmluft vil ikkje trekke så mykje. Kanskje under hurtigoppvarming, men den vil nå settpunktet på nokre minutt og deretter er det ikkje behov for like mykje effekt. Mtp. kor lite dei fleste ovnar er i bruk i løpet av ein dag er det liten fare med Schuko. Ikkje blir støpselet dratt ut og stappa inn ofte heller.- 85 svar
-
- 1
-
-
Har allereie kjørt Enyaq ein vinter, og det er ikkje behov for 1,5 timar lading. Turen er typisk 350-400 km. I tillegg har me små born med så det blir pausar uansett.
-
På vinteren blir det i alle fall Enyaq til langtur pga. komfort og støy. Model Y er ikkje i sitt rette element på humpete vinterveier. Det får blir Model Y til sommaren. Skulle eg ynskja endringar på Model Y så ville komfort og støydemping toppa lista. Basert på Highland så er det vel ikkje urimeleg å vente at Model Y får akkurat det med Juniper.
-
Sikring i skapet, kurs til ovn, utløses
Zeph svarte på ExcaliBuR sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Som eg skreiv er det samla effekt for overelement/grill og undervarme. Alle vil ikkje være i bruk samtidig. Elementet på 2800 W er delt i to og styrt uavhengig av kvarandre. -
Sikring i skapet, kurs til ovn, utløses
Zeph svarte på ExcaliBuR sitt emne i Elektronikk og mekanikk
At ulike karakteristikkar løyser ut på ulike overbelastningar er greit nok, men for at det skal bli ein faktor må kursen bli overbelasta i utgangspunktet. Med i1 på 1,05 skal ovnen garantert ikkje løyse ut på 1,05*In i løpet av ein time. Dvs. ovnen kan trekke 15,75 A i ein time utan å løyse ut. Databladet til ovnen er ikkje merka med anna enn 16A. Ut frå reservedelslister ser det ut som ovnen har eit øvre- og grillelement på 2800 W og underelement på 1100 W. Overelementet er delt i to grillelement med ulik storleik. Ovnen vil ikkje bruke effekten til alle elementene samtidig. Med over/undervarme er det kanskje snakk om 3000 W. Hurtigoppvarming brukar vifta for varmluft og kanskje ein anna konfigurasjon av viftene enn normalt, men eg tvilar på den vil trekke over 15A særleg lenge. Hurtigoppvarming får lufta i ovnen fort opp i temperatur pga. vifta, men ovnskonstruksjonen er ikkje blitt like varm som lufta. Sidan dette skjer av og til, og først etter eit års bruk, så ville eg mistenkt ovnen, så sant ein var 100% sikker på at det ikkje er anna utstyr på kursen. -
Sikring i skapet, kurs til ovn, utløses
Zeph svarte på ExcaliBuR sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Kva betydning skulle karakteristikken til sikringen ha? Det er ei vifte inni der, men med minimal effekt. Det aller meste av effekten blir avgitt av rein ohms belastning. -
Eg har gjort det same på iPhone med Automatisering. Er du heldig så koplar den seg til heilt av seg sjølv automatisk, men det er ikkje stabilt. Ofte slår ikkje Wifi seg på i bilen og må slås på manuelt. Kan lure på om Tesla har laga det dårleg med vilje. Når det først er kopla til fungerer det stort sett greit, men har opplevd at det blir kopla frå underveis.
-
V60-tips: Drip Assist Etter nokre år med AP og så Kalita kjøpte eg ein V60 for ein del år tilbake og har aldri sett meg tilbake. Den klare, syrlige smaken frå V60 vart favoritten, men det kan vere ein utfordrande bryggemetode som er vanskeleg å gjere likt kvar gang. Det har blitt betre med nye oppskrifter, men av og til har eg byrja rote med kvernegrad og metode igjen fordi smaken har blitt dårlegare. Etter at eg tok i bruk Drip Assist har det vore meir stabilt enn noko gang. Sidan den ikkje rører i gruten under brygging blir den endå meir klar enn før. Oppskrifta er: 15/217. Bloom: 43g i midten på DA (ingen røring). 0:40: Til 86g i midten. 1:20: Til 130g rundt i ringen på DA. 2:00: Til 173g rundt i ringen. 2:40: Til 217g rundt i ringen. Framleis inge røring og eg tar heile greia av etter ca. 4 minutt. I utgangspunktet var oppskrifta 13.8/200, som litt meir elegant går opp i 40 både på klokka og vekta. Dvs. same tidspunkt, men at vekta blir 40/80/120/160/200.
-
Hvordan vaske glassdørene på dusjkabinettet utenpå?
Zeph svarte på sokken86 sitt emne i Hus, hage og oppussing
Nanosvamp er genialt (finnes under ulike namn). Med den kan du få det meste reint med kun vatn. Spesielt i dusjen er den suveren. Ulempa er at den er dyrare enn ein billeg svamp og blir brukt opp sidan den forsvinn litt etter litt ved bruk, men absolutt verdt det for min del. -
Eg har Egen pensjonskonto fleksibel i Storebrand. Før eg flytta det så hadde eg ein av Storebrand sine profilar med kostnad på 0.40%. I dag har eg Storebrand Global Indeks A som kostar 0.25%. Historisk har fondet òg betre avkastning enn profilen, utan at eg har studert forskjellane i detalj.
-
Veldig forståeleg. Ikkje at det er vanskeleg å lære seg bruk av spak seinare, men knappar gjer det unødvendig innvikla for nye sjåførar. På min Tesla saknar eg vindusviskerhendel. Dei blir betjent med ein knapp på spaken for lys og deretter knapp på rattet.