Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 614
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. 1. Finn riktig blandingsforhold til produktet. 2. Mål mengden væske skumkanona drar ut så du veit blandingsfoholdet ut av kanona. Test både med maks og minimum åpning. F.eks. fyll på 300 ml vatn i flaska og spyl oppi ei bøtte det er blir tomt. Mengden vatn i bøtta minus 300 g er så mykje vatn den vil blande med 300 ml. Har du fått 5300 ml i bøtta blir det 300/5000*100 = 6%. 3. Rekn ut kor mykje produkt og ev. vatn du skal ha i flaska til skumkanona. 4. Prøv deg fram med skrua for å justere mengden ut av kanona til det ser bra ut. Det som skummer mest er ikkje nødvendigvis det som vaskar best.
  2. Tragisk. Max er eit ikon og stemma var ein stor del av det. Det står på IMDB at han var med på Remake-spela, så eg lurer på kva dette betyr for det.
  3. Problemet med elbilar er at dei bremsar med regenerering det meste av tida. Avhengig av kvar og korleis du kjører kan det føre til veldig lite bruk av bremsane. Du unngår problemet ved å bevisst bruke bremsane av og til, men produsentane burde absolutt funne løysingar der dette ikkje er nødvendig, sånn at folk i alle aldre kan nytta bilane som ein alltid har gjort utan å måtte skifte bremseskiver kvart tredje år.
  4. Zeph

    Tesla - kaféen

    Carplay er ei av dei tinga eg saknar mest med Tesla. Whatsapp-meldingar rett på skjermen, Spotify, Bandcamp osv. utan å måtte betale for internett eller styre med Wifi.
  5. Eg har hatt eit par av dei sjølv og kjenner andre som har hatt dei. Alle har fått problem etter kvart. Kostar ingenting og prøve reklamasjon. Du vil uansett få ei betre kvern ved å bruke nokre tusen. Om det er nødvendig med 5k for ei kvern til filter og AP veit eg ikkje.
  6. 200-300k over formuesgrensa på 1,7m altså? Om dei står på konto kan du investere i fond og få det redusert litt, men det er ikkje all verden. Om du har 200-300k over 1,7m må du betale 2000-3000 kr i skatt, og med rabatt for fond vil du sleppe unna med 80%. Det blir 400-600 kr spart.
  7. Zeph

    Bytte bank?

    Om du får den beste renta der så ser eg ikkje noko problem med å ha alt i ein bank. Det er vel uansett ikkje snakk om meir enn lønnsinngang og dagleg bruk. Du kan ha så mange kundeforhold du vil.
  8. Zeph

    Bytte bank?

    Er Sbanken dårlegare no enn før oppkjøpet sidan du vil bytte?
  9. Las de tittelen? “et av årets beste spill”.
  10. Det blir alltid dyrare når vinteren kjem. Høgare spotpris og meir forbruk.
  11. Det har gått langt over kva eg venta siste ti år, så eg er alltid klar for ein større tilbakegang. 2019: 29,5% 2020: 13,6% 2021: 25,5% 2022: -9,1% 2023: 33,1% (HIÅ) 10 år annualisert: 14,95% Krona skal ha litt av takken/skulda, som har gått frå 7,5 NOK i 2012 til 11,8 NOK så langt i år.
  12. Ikkje sånn det fungerer om du plasserer det i eit globalt indeksfond, som nær sagt alle anbefalar. Vil du ikkje investere i noko med risiko så bruk i det minste høgrentekonto, fastrente eller noko sånt.
  13. Om alt den lærer er basert på det menneske har gjort så er det ikkje unaturleg at den kan bli lat.
  14. Staten kan sikkert få lånt noko gryn av Fredriksen for å gje som stønad.
  15. Demeyere Industry 24 cm.
  16. GTA 1 starta under namnet Race 'n' Chase der du opprinneleg skulle spele som politi i jakt på kriminelle. Dei fann ut at det ikkje var spanande nok, endra det til at du var den kriminelle og utvikla det vidare. Eg veit ikkje om DMA Design hadde 3D i tankane då dei utvikla GTA 1 frå 1995 til 1996, men dei eksperimenterte med 3D-spela Body Harvest og Space Station Silicon Valley, så det er ikkje utenkeleg at det var eit langsiktig mål. GTA 2 vart gitt ut av Rockstar og Dan Houser (i dag CEO i R*) ville utvikle GTA vidare til 3D, som utviklarande prøvde seg litt på med GTA 2. I følgje Wikipedia var det lanseringa av PS2 som gjorde at utviklarande meinte at ei 3D-spel var mogleg. GTA 2 hadde lite innovasjon frå GTA 1, men det vart kanskje fanga litt av at dei ikkje klarte å overføre det til 3D. GTA 1 var veldig stort for min del då det kom. Det vart gitt ut same året som Carmageddon og introduserte noko heilt nytt. Ikkje utenkeleg at det er det GTA-spelet eg har flest timar med. I første omgang var det ein 15-minuttars demo som det etter kvart kom ein crack til som gjorde at du kunne spele lengre. Internett var på full vei framover i 1997 så eg lasta ned ekstra kart til GTA 1, skins til bilar, våpen osv. Laga til og med nokre eigne skins. Hugsar framleis litt frå den tida: Death Car, Hamburger Car, Snowball City. Det vart laga ein god del innhald av fans ein kunne laste ned. GTA 2 var òg stort, men eg hadde nok ikkje like mykje speletid med det som GTA 1. Mellom dei hadde eg i tillegg spelt GTA London ein del.
  17. GTA 1 og 2 er dei første spela i serien. Med GTA 3 tok dei det over til 3D og det vart sjølvsagt noko heilt anna, men spirituell forløpar ville eg ikkje kalla dei. Ellers hadde det ikkje gjort noko med litt fleire spørsmål.
  18. Zeph

    Tesla - kaféen

    Ein stol i midtsetet kan fort avgrense plassen til både førarsetet og passasjersetet fordi dei er ganske store. Dei går ikkje mellom setene. Det vil i tillegg ta opp plass til begge yttersetene bak, så dei vil ikkje ha fullverdig plass med mindre bilen er veldig brei. Har du stolen bak eitt av setene vil det andre yttersetet ha god plass, pluss at bilstolen kun påverkar plassen til eitt av framsetene. Dei minste stolane, typisk babystolar, kan gå greit i passasjersetet, men når dei blir større blir det fort vanskeleg å få plass til ein småbornstol i framsetet. Den dekkar for speglen på høgresida og du må kanskje ha bilsetet kjørt så langt bak at setet bak nesten er ubrukeleg. Ellers er midten bak den tryggaste plassen, det stemmer.
  19. Zeph

    Tesla - kaféen

    Anoris er kanskje unntaket her, men eg kan ikkje sjå at den er Plus-testa, så heilt overbevist om at den er like trygg som dei beste bakovervendte er eg ikkje, men til å vere framovervendt er det nok absolutt det beste valget. Den varer litt kortare enn dei bakovervendte 125 cm/36 kg-stolane.
  20. Zeph

    Tesla - kaféen

    Min Model Y høyrest litt ut som eit rakleverk på humpete, snølagt vei. Om gamle Model 3 var verre så forstår eg ordbruken. Komfort og støy er av dei svakare punktene på Tesla, i alle fall fram til Highland, utan at eg har prøvd den.
  21. Zeph

    Tesla - kaféen

    Menneske er ikkje konstruert for å bli utsett for kollisjonar. Born bør sitje baklengs fordi det er tryggare i ein kollisjon. Det er tryggare for vaksne òg, men me er betre stilt pga. fysikk og storleik.
  22. Zeph

    Tesla - kaféen

    Er den "svært støysvak" samanlikna med den forrige modellen eller andre modellar i det segmentet?
  23. Eg har gode minner frå Golden Axe, men det skal meir til enn eit namn og kjent konsept for å utvikle eit bra spel. Originalen var mekanisk sett ganske enkel, men når dei no skal over i 3D så blir det hakket meir utfordrande. I ei tid der bla. From Software leverer knallbra på kampsystem blir det interessant å sjå om dei får det til.
  24. Whaaaat!? 😁 Elskar World of Goo og har tenkt på det av og til sidan eg kjøpte det for 10-15 år sidan. Eit sjarmerande og fantastisk artig spel. Har drøymt om dette lenge. Eg har hatt nokre lydklipp frå World of Goo som meldingslyd på telefonen i årevis, så det er kanskje ein grunn til at eg tenker på spelet av og til.
  25. Kan bli bra dette om dei får til eit bra kampsystem. Ori-spela var bra og leverte høgt på stemning. Ser ut som det kan bli god stemning i dette òg. Håpar det blir eit ARPG utan for mykje dilldall og bruk av flasker, gjenstandar osv.
×
×
  • Opprett ny...