-
Innlegg
44 614 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Black Friday, Black Week, Cyber Monday og Singles day 2023
Zeph svarte på OMyre sitt emne i Pris- og produktjakt
Påstår dei at det er betre tilbod under Black Week enn ellers? -
Kommentar: Black Week er noko vas
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Ikkje så lett å vite kva som er riktig pris heller. Det er generelt stor prisauke på alt i år. Krona har svekka seg meg 10% mot USD og 12% mot EUR. -
Heile rapporten dukkar nok opp på nett etter kvart. Dei har uttalt dette om hovedfeilene på TM3: Mindre rust på elbilar er veldig positivt. Spesielt her som det blir salta mykje. Elbil24 sjekka ein tre år gammal TM3 for rust: https://www.elbil24.no/nyttig/stemmer-det-at-tesla-model-3-er-en-rustfelle-vi-tok-en-grundig-sjekk/75368819 Oppsummeringa er i videoen, men kort fortalt fann dei “overraskande” lite.
-
Eg håpar dei har andre folk til å rekne på sånt enn Musk.
-
Eg hadde ikkje venta anna enn at det var fleire feil på USA-bil enn Kinabil.
-
Lexus/Toyota figurerer alltid på topp i undersøkingar om sånt. Toyota er diverre ikkje så veldig spanande og har snubla på startstreken med elbilsatsinga, men det du får er stort sett bra.
-
Bremsane må brukast uansett kva bil det er. Dei fleste turane med min må eg ned nokre hundre høgdemeter, så av og til set eg bilen i N og bremser heile veien ned. Ikkje like viktig no når det er kaldt og den ikkje regenererer stort, så bremsane blir meir brukt.
-
Eg veit ikkje kva dei meiner med “offentlig”, men har det ikkje blitt laga statistikk på sånt i årevis?
-
Om du ikkje har det travelt kan du få ein del avslag av å vente på ev. tilbod. Spesielt i november.
-
Kjøpt andelar i eit globalt indeksfond.
-
Tenkte litt feil. Eg meinte at bilens regenerering når du ikkje rører pedalane skulle vore lik. At den alltid bremser med lik kraft. Har ikkje prøvd Mercedes, men det betyr ingenting for meg og min bil korleis andre bilar oppfører seg.
-
Black Friday, Black Week, Cyber Monday og Singles day 2023
Zeph svarte på OMyre sitt emne i Pris- og produktjakt
Er vel allereie ei greie det? Singles Day, Black Week, Black Friday, Cyber Monday, Black November osv. -
Skulle gjerne hatt eit valg for at pedalane skal oppføre seg likt heile tida, så det blir litt meir forutsigbart.
-
Sjekk alt av ventiler og ventilasjon. Med mindre de heng klesvasken i rom utan mekanisk ventilasjon så er det ofte årsaken. At du tørker det som har kondensert på eit kaldt vindauge er no ein ting, men det gjer ikkje noko med årsaken til at det oppstår, og det vil framleis vere for mykje fukt i bustaden. Kva slags luker finnes? Over vindauge, i vegg? Er det noko form for mekanisk ventilasjon (vifte)? Om de ikkje tørkar plagg i uventilerte rom så er det pust og matlaging som gjerne bidreg til fuktigheit. Matlaging skal ventilator i hovedsak ta seg av, mens byggets design, passiv ev. mekanisk ventilasjon skal sørge for at alle opphaldsrom blir ventilert. Om dette er kjent og huseigar ikkje har eller får gjort noko med det så kan det tyde på dårleg design. Kor mange år er huset?
-
Kva meiner du med at dei er useriøse?
-
Eg klarar fint å ignorere julegreiene på denne tida av året. Bortsett frå kakemenn, det er mi store jule svakheit.
-
Med dagens rentenivå blir det fort pengar av det. Eit lån på 2.3m vil koste ca. 13 500 i terminbeløp, og renta kan gå vidare opp. Denne oversikten kan gje ein indikasjon: https://www.smartepenger.no/lan/302-dette-laner-banken-deg-til-boliglan Om nokon vil tilby opp mot 5x inntekt i lån så er det 3.25-3.5m med 650-700k i inntekt, men då vil terminbeløpa koste opp i 20k i månaden med dagens rente. Du kan prøve deg litt fram her: https://laanekalkulator.no/ Det er ikkje nødvendigvis sånn at du har lyst å ta like stort lån som banken kan tilby.
-
Regelen er 15% av kjøpesummen, ikkje lånesummen. 15% av 2.3m er 345k. Med 300k EK kan kjøpesummen vere 2m, og derav 1.7m i lån.
-
Normalt må du ha 15% eigenkapital, og då er det snakk om bustad til 1 million. Med 650k kan du betjene eit lån langt høgare enn 850k. På papiret er det difor eigenkapitalen som avgrensar kva du kan kjøpe for. Bankane kan derimot avvike frå regelen om 15%, men kva dei vil tilby må du nesten søke om for å få svar på. Prøv forskjellige banker. Som førstegangskjøpar kan du ofte få dei beste rentene. Er du medlem i fagforeining så kan du ha gode avtalar der.
- 19 svar
-
- 4
-
-
Mykje har skjedd sidan 90-talet. Folk i alderen som kritiserte gaming på den tida er gjerne gamere sjølve i dag, og spelverda ser veldig forskjellig ut no 20-30 år seinare. Om det er flukt frå røynda for min del har eg aldri tenkt over, men det er uansett ein veldig fin hobby. Det er ikkje ofte eg leiker, så den timane med spel gjer godt.
-
Behald den så lenge som du kan er mitt tips. Då har du kapital på bok som kan brukast til terminbeløp eit år eller to. Spesielt i ein situasjon der du er på AAP og det kanskje er litt usikkert kva inntekt de vil ha framover. Med dagens rente blir det stor forskjell frå BSU-rente til sparekonto, så den dagen det ikkje er råd å få BSU-rente lengre kan de vurdere å betale inn resten på lånet.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Når dei skriv “Sushi” på pakken og ein dato så går eg ut frå at det er heilt uproblematisk. ————————— Om ein har anledning så får du i mange butikkar gårsdagens brød til 50%. Det kan fort gå tomt så du må kanskje vere tidleg ute, men om du då tar med nokre brød så har du ei stund.
-
Den manglar det viktigaste med smarttelefonen: skjermen. Du kan ringe og lytte til musikk, men største dei bruksområdene til ein mobiltelefon kan den ikkje tilby, som å scrolle på TikTok, Instagram, nettaviser, Finn, Snapchat, forum eller kva folk driv med. Den kan fungere som eit supplement i enkelte tilfelle, men ikkje erstatte. Ikkje verkar seg spesielt hensiktsmessig å ha ein sånn antatt dyr dings hengande på brystet. Då har eg meir tru på klokkene, men dei har heller ikkje ein stor skjerm.