Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Eg håper du har rett, men Nobelkomiteen har gjort mykje rart dei siste åra, som mellom anna å tildele fredsprisen for miljøarbeid. Barack Obama som fekk prisen i 2009 som nyvalgt president var eit (mislykka) forsøk på å påvirke USAs nye president til å jobbe for å oppnå fred og diplomati. Vanlegvis så får ein fredsprisen for det ein faktisk har gjort, ikkje det ein potensielt kan velge å gjere. Fredsprisen til EU i 2012 var også kontroversiell då dette er ein økonomisk union, det er teoretisk mulig at EU har hindra krig mellom Europeiske statar, men då berre indirekte ved at ein EU medlem har meir å tape på at all handel stoppar opp enn dei har å vinne på å gå til krig. Det er også fleire gongar at Fredsprisen har blitt gitt til personar og organisasjonar som jobbar aktivt mot bestemte statar, dette er heilt klart politisk motivert, men er nok samtidig meir i tråden med formålet med Fredsprisen der ein gir Russland, Iran og Kina eit kraftig spark på leggen ved å gi prisen til dei som jobbar for borgarrettigheiter. Om det no blir slik at Trump får fredsprisen så vil nok fredsprisen miste det siste den har igjen av kredibilitet. Dei einaste Trump har gjort av fredsbevarande handlingar er at han har gjort nokre halvgjerta forsøk på å stoppe krigen i både Ukraina og Gaza. Det vil mildt sagt være eit usmakeleg signal av Nobelkomiteen å gi fredsprisen til leiarar som bruker krigføring under påskot av at det kunne oppstått ein verre krig seinare, som når USA nyleg støtta Israel sitt angrep på Iran. I teorien kan det ha forhindra ein potensiell atomkrig, men alt tyder på at det berre har fått Iran til å innsjå at dei må skaffe seg atomvåpen for å kunne holde på makta.
  2. Spørs kva du legg i å kome til makta? Raudt har på meiningsmålingane no rundt 6% stemmeoppslutning litt avhengig av kva meiningsmåling du ser på. Dette gjer Raudt til eit større parti enn tidlegare store parti som Sp, KrF og V. Får vi ei raud regjering med Arbeidarpartiet i førarsetet så vil både SV og R være høgrelevante å samarbeide med, slik det ligg ann akkurat no så vil Ap, R og SV ha eit knapt fleirtal over H + FrP. Det er sjølvsagt mange andre konstalasjonar som også er mogleg for å få eit blått fleirtal. Dersom vi får ei raud regjering så vil det være opp til Raudt sjølv å bestemme graden av innflyting. Dei vil nok fort få tilbod om å være med på å danne regjering, men då må dei akseptere å stemme fram arbeidarpartipolitikk som Raudt eigentleg ikkje er einige med. Alternativet er å stå utanfor regjeringa og være prinsippfaste, men då utan å få innflytelse. Det som ofte skjer er at likevel at dei blir eit såkalt vippeparti der dei står i forhandlingsposisjon ovanfor mellom anna Ap der Raudt kan kome med krav som tvinger Ap til å ettergi krava frå Raudt i bytte mot støtte frå Raudt i andre saker.
  3. Dette er nok den endringa som både er veldig liten, men samtidig har stor betydning for innlevinga. Sjølv om det er berre eit dataspel så gjer det noko med stressnivået at det openbart haster å få avslutta aksjonen raskast råd for at jenta skal få snarleg hjelp. Om jenta ligg heilt roleg og enten søv djupt eller alt er død så har ein ikkje lenger hastverk. Dette er litt som å fjerne bakgrunnsmusikken frå ein skrekkfilm for at filmen skal bli mindre skummel.
  4. Skal du uansett køyre pappa sin bil, eventuelt har økonomi til å kjøpe eigen bil med automatgir, og du ikkje skal ha ein jobb der du treng å bruke tjenestebil, så kan ein like gjerne ta førarkort berre med automatgir. Før var det gjerne slik at det kosta litt meir å ta køyretimar med automatgir, i dag er det gjerne omvendt. Då er det ikkje gitt at det verdt den ekstra kostnaden med å både ta litt dyrare køyretimar og kanskje også måtte bruke fleire køyretimar på grunn av at du også skal lære å gire, berre for sikkerheitsskuld i tilfelle du skulle måtte køyre ein leigebil med manuellgir ein gong.
  5. Det er naturleg at det blir tatt ut tiltale i så alvorlege saker som dødsulykker. Utan at hendingsforløpet er bevist så har det stått i media at elsparkesyklisten og lastebilen har køyrt i same retning, og at ulykke skjedda då lastebilen svingte av vegen. Om det var dette som skjedde så er nok dette ein typisk blindsoneproblematikk der elsparksyklisten har ligget i blindsona og lastebilsjåføren har svingt av utan å sjekke godt nok. Høyres ut som eit ganske klart tilfelle av både vikepliktsbrot og brot på aktsomheitsplikta. Sjølv om det er ekstra vanskeleg å sjekke blindsona for elsparksyklistar, som potensielt sett kan matche lastebilens fart fram mot krysset ved å akselerere og bremse i takt med lastebilen, så vil det nok være nærmast umogleg for lastebilsjåføren å ikkje bli dømt for å ha vært uaktsom. Dersom førarkortet er midlertidig beslaglagt og du ikkje samtykker så vil du få sertifikatet tilbake om politiet ikkje får rettsleg medhald i å oppretthalde førarkortbeslaget innan tre veker. Då vil bilføraren få tilbake sertifikatet og kan fortsette å køyre bil. Om saka kjem opp for retten (og ikkje blir henlagt) så kan bilføraren blir dømt til førarkortbeslag og få ei ny tapsperiode minus den tida ein hadde midlertidig førarkortbeslag. Dersom det er sannsynleg at ein blir dømt for langvarig førarkortbeslag så kan det være hensiktsmessig å samtykke i førerkortbeslaget sidan tapsperioda då blir tellande frå beslagstidspunktet. Om bilføraren blir dømt til 6 månedar utan førarkort nøyaktig 6 månedar etter hendinga, og ein då har samtykka til førarkortbeslaget så vil ein få tilbake sertifikatet med ein gong etter at dommen har falt sidan tapstida alt er avtent. Har ein då fått igjen førarkortet og har kunnet køyre bil i fem månedar så må ein ta igjen tapsperioden etter dommen (minus dei demte tre vekene). Særleg etter ei ulykke der bilføraren uansett må ha bilen på verksted, kanskje er skada/sjukmeldt, eller rett og slett har blitt redd for å køyre bil, så vil dette være beste tida å være utan førarkort på dersom ein uansett kjem til å bli dømt. For dei aller fleste så er største påkjenninga med å være utan førarkort at det går utover jobb og dagleglivet, så jo meir av tapstida som ein kan fullføre som sjukmeldt eller i sommarferien, jo mindre belastande er det å være utan førarkort.
  6. Eit nytt parti løyser ingenting så lenge USA holder på systemet med valgmenn der vinnaren tek alt, dette gjer det uhyre usannsynleg at eit tredje parti klarer å kapre seg valgmenn, og ende mindre sannsynleg at ein får nok valgmenn til å få betydning. Dette partiet kan i beste fall kunne fungere som vippestang i vippestatar ved å ta stemmer frå eit av partia. Eg tviler på at det finnes nok konservative demokratar som har tillitt til Musk, eller liberale republikanarar som vil gå imot partiet sitt til at dette tredje partiet kjem nokon veg.
  7. Grunnen til at disse 1-saks partia er ei utfordring for demokratiet er ikkje at dei er i opposisjon, problemet er at dei går til valg utan ein politisk plattform men likevel så må partiet både delta og avgi stemme i alle Stortingsmøta. Dette medfører at 1-saks partiet stemmer på andre saker utan å ha folket i ryggen. Potensielt sett så kan fleire slike populistiske 1-saks parti som lover solskinn og bløtkake til alle utgjere ganske stor makt i andre viktige saker som utenrikspolitikk der dei stemmer utan at velgarane nødvendigvis er einige.
  8. Har vært mykje ulykker med tilhenger også, både ved at folk kjem i klem under tilhengaren til at den regelrett hopper av i fart og frontkolliderer med motgåande bil fordi den ikkje har vært skikkelig påkopla. Sånn sett er det mykje meir problematisk for trafikksikkerheita at alle med klasse B skal få køyre med liten henger utan opplæring, men ein må ha eige sertifikat for å bruke manuellgir. Eg trur nok at vi trygt kan seie at heile førarkortsystemet hadde blitt oppbygd på anna måte om vi kunne ha starta med blanke ark.
  9. Du har rett på attest etter AML, ved avskjed så kan arbeidsgiver også skrive at du vart avskjediga, men dei kan ikkje skrive grunnen. Merk likevel at det betyr likevel lite i praksis sidan ein med ein slik attest så vil potensielle arbeidsgivarar heilt sikker be om å få ta referansesjekk hos din tidlegare arbeidsgivar. Spørsmålet er i kva grad det er hensiktsmessig å presse på dette såpass lenge etterpå. Det er ikkje alle jobbsøkarar som har attest sjølv om dei har krav på det. Mange skriv berre som sant er kvar dei har jobba rett inn i CVen. Særleg om du har hatt jobb etterpå så er det mindre viktig å også ha attest.
  10. Kvifor skal vaksne pendle? Å bygge stort nok til å kunne dekke eit stort omland er rasjonelt nok det, men kanskje ikkje når ein skal bygge på det som kanskje er Norges mest attraktive tomt. Skal denne ungdomsskulen være eit tilbod berre lokale ungdommar så må enten bustadprisane i Bjørvika kraftig ned, eventuelt at lønningane må tilsvarande kraftig opp for at folk skal ha råd til å bu der.
  11. Tanken er sjølvsagt at ungdommane skal pendle inn til sentrum, det er likevel mykje pengar å bruke på å bygge ein skule i eit område der alle må reise inn til sentrum.
  12. Dette er sjølvsagt eit poeng på øy eller liknande som har stor energiproduksjon men avgrensa med moglegheit for eksport. Til dømes Island kan nok hente ut meir energi frå vulkansk aktivitet som dei brukar til å produsere, komprimere og til slutt eksportere til utlandet via skip. Den praktiske utfordringa er likevel at ikkje blir det billig sjøl med ei "gratis" energikilde, og kor miljøvenleg det er å sende investere så mykje energi i produksjon og transport kan nok diskuterast. Det som er med øyer som mellom anna Island er at dei i liten grad har overproduksjon av straum med mindre dei går inn for å ha det. Kraftproduksjonen på Island kan lett regulerast gjennom å regulere kor mykje damp dei slepper gjennom turbinane eller kor mykje vatn dei slepper ned frå fjellet. Det å etablere infrastruktur som kablar med stor nok kapasitet er ressurskrevjande, men det er fortsatt av dei meir hensiktsmessige måtane å transportere energi på. Det vil være meir energieffektivt å transportere hydrogenet i rørgater framfor på skip eller tankbil, men då er vi tilbake på at det må byggast ut ein infrastruktur av gassrør der det i dag ikkje er slik infrastruktur. Sjølv om kostnadane og effektiviteten av hydrogenproduksjon kan endre seg med teknologisk utvikling, så meiner eg at det å satse på hydrogen som energilagring er effektmessig heilt på høgde med å pumpe vatn opp i dammane for å lagre vatnet som potensiell energi, eller ved å bruke energi på å plante skogar for at å kunne produsere brensel til kraftproduksjon.
  13. Det mest kritikkverdige her er nok at banken kanskje skulle vært flinkare til å informere om korleis kjøpet blir gjennomført i praksis, heruder at deg tek ei veke før du får opp verdiane av fondet ditt i nettbanken. Eg er til dels einig i at banken burde ha ei løysing for å vise summen du har kjøpt fond for som ein reservert sum fram til fondkjøpet er fullført og du får fondet oppført i nettbanken. Det er likevel fullt lovleg å ikkje gi deg ei slik enkel oversikt. Korleis fungerer forresten dette opp mot formuesskatt om du gjennomfører eit slikt kjøp 30 desember slik at sparekontoen din er tom fram til du får fondet ditt litt ut i januar?
  14. Forskjellane mellom burettslag og sameiger har blitt mindre, og ein kan nok argumentere med at burettslag i dag er ein modell som ikkje trengs lenger. Den største forskjellen mellom burettslag og sameige er finansieringsmodellen. Det at eit burettslag kan gå konkurs har både fordelar og ulempar. Ulempar ved at bebuarane taper innskuddet sitt (kjøpsprisen), men fordelen er då også at tapet er avgrensa til dette. I tillegg har du i burettslag rett til å fortsette å bu der som leigetakar så du blir ikkje nødvendgvis huslaus. I eit sameige som får store økonomiske problem så er kvar enkelt eigar ansvarlege for sin del av gjelda, og då kan gjelda på kvar enkelt i teorien være ubegrensa. Dette er forholdsvis samanliknbart med å drive firma som enkelpersonsforetak eller som aksjeselskap, som ENK så kan du ende opp i ein personleg gjeldsspiral, har du AS så kan du slå deg konkurs og berre tape det du har investert i selskapet. Ein anna forskjell mellom sameige og burettslag er at i eit burettslag så har styret litt meir myndigheit gjennom å godkjenne nye bebuarar, kortare varsel ved pålegg om tvangsslag, og litt større friheit til å fastsette husordensreglar. Det medfører at i eit burettslag der dei fleste bebuarane har felles syn på korleis dei vil ha det, så er det lettare å bli kvitt uromakere. Dette er også på godt og vond, positivt om du ønsker at det skal være stille om kveldane og vil ha bort den bråkete naboen, negativt om du er den "bråkete" naboen ved at TVen står på heilt fram til kveldsnytt.
  15. Vil tru at den eigentlege grunnen til at Druckmann trekker seg heilt ut er at han har mista praktisk innflytelse på serien. I fyrste sesong så støtta serieskaparane seg nesten utelukkande på spelsekvensane, i andre sesong så er det gjort ein del endringar i bårde historie og karakterutvikling. Komande sesong 3 og 4 vil nødvendigvis ha enda fleire endringar for å få endringane som vart gjort i sesong 2 til å gi meining. Det er ganske klare teikn på at serieskaparane ikkje ønsker å ta serien dit som spel nr 2 gjekk, og etter mitt syn så gjer det heile sesongen mykje dårlegare og med mindre klar motivasjon frå karakterane. Då er det nok like greit å distansere seg frå heile serieprosjektet og heller fokusere på andre ting.
  16. Som uorganisert så har du uansett ikkje forhandlingsrett. Arbeidsgivaren har eit ansvar for å ivareta også din lønnsdanning men du kan ikkje gjere anna enn å akseptere det du eventuelt får tilbod om. Det er berre dei som er fagorganiserte som har rett på 4% frå 1 april sidan forhandlingane har vært mellom staten og arbeidsgivarorganisasjonane, som uorganisert så er du ikkje ein del av forhandlingane. For fagorganiserte som får være med på lønnsforhandlingane så skiller ein på om du var tilsett før eller etter 1 mai. Det er alle som mottek lønn den 1 mai som blir rekna inn i lønnsmassen, men det er berre dei som var i jobb den 30 april som er med i lønnsforhandlingane.
  17. Politiet må fyrst informerer om at dei har vurdert det slik at det er grunnlag for førarkortbeslag, bilføraren blir då bedt om å samtykke til førarkortbeslaget. Uansett kva bilføraren svarer så blir førarkortet beslaglagt, einaste forskjellen er at dersom ein ikkje samtykker så må politiet bringe saka inn for retten for å få ei avklaring på om det er grunnlag for vidare førarkortbeslag innan tre veker, eller så må bilføraren få tilbake førarkortet fram til saka kjem opp i retten. Slik som systemet er lagt opp så er det i praksis ingen fordelar med å samtykke til førarkortbeslaget. Den einaste lille fordelen er dersom det er heilt openbart at kjem til å miste førarkortet i lang tid, då kan du samtykke til førarkortbeslaget der og då slik at tapstida blir rekna frå ulykkestidspunktet og ikkje blir satt på pause ved at du midlertidig fekk tilbake førarkortet i nokre veker/månedar før du blir domfelt. Du får ingen strafferabatt ved å være så snill og grei at du samtykker til førarkortbeslaget. Heilt teoretisk sett så vil du ved å samtykke kunne få saka fortare avgjort sidan politiet då ikkje treng å bruke tid på å gå via tingretten for å oppretthalde førarkortbeslaget. I praksis så er det likevel omvendt. Ved å ikkje samtykke til førarkortbeslaget så tvinger du politiet til å prioritere din sak, klarer politiet å få få tatt stilling til om saka skal henleggast innan denne tre vekers fristen så faller også behovet for å gå til tingretten bort.
  18. Forstår at både forhandlingsresultat og krav er hemmelge, men eg kunne også godt tenkt meg å hatt litt innsyn i prosessen slik at eg betre kan ta stilling til kven av partane som er urimelege i sine krav. For min del har det vært heilt greit å være utan TV2, eg vurderte likevel om eg skulle slå til på sommartilbudet til TV2 om å betale ein 50-lapp for ein måned. Det å ha tilgang på TV2 play i ein måned i året er rikeleg nok til at eg får sett dei få tinga eg liker på TV2. Eg er no glad for at eg ikkje slo til for då hadde eg betalt TV2 dobbelt opp både via direkteavtale og gjennom Telia. Er spent på kva som blir den nye prisen. Når bruddet var eit faktum og eg fekk velge mellom å ta til takke med 50 meiningslause poeng eller at eg kunne kontakte Telia for å få eit prisavslag på 109 kr i måneden så var eg ikkje i tvil om at prisreduksjonen var det beste tilbodet. Forøvrig så reagerer eg på at Telia kunne tilby meg redukusjon tilsvarande TV2 sin fullpris for basispakke med reklame, for kvar blei det av kvantumsrabatten gjennom å ha ein samleavtale via Telia? Om eg uansett må betale fullpris både til TV2, TVNorge, TV3, og dei ulike strømmetenestane som er tilgjengelge via "poeng", så er det openbart eit betre alternativ at eg sjølv styrer mine abonnement, for då har eg moglegheita til å enkelt avslutte abonnementet når eg sjølv vil. Som tidlegare nemt så har eg på ingen måte behov for tilgang til TV2 12 månedar i året, ein eller to månedar held i massevis for å få sett det som er av interesse. Når eg også ser i artikkelen at det for TV2 har vært viktig med eit langsiktig samarbeid sidan innholdsproduksjonen er så dyr, så forventer eg i alle fall at eg som Teliakunde som no skal betale for TV2 tilgangen kvar einaste måned at eg får tilgangen litt billegare enn om eg hadde bestilt abonnementet direkte. Vi som er Teliakunder burde eigentleg ta kontakt med Telia og kreve at den nye avtalen ikkje trår i kraft før utpå høsten ein gong. For det er mykje billegare for oss om vi kan benytte oss av TV2 sitt somartilbod om 48 kr i måneden (for reklamefri tilgang) i to månedar, før vi startar å betale fullpris til TV2 via Teliaavtalen. Har vi klart oss i fire månedar utan TV2 i TV-pakken så klarer vi oss to månedar til utan TV2.
  19. Hadde tenkt å kommentere det same. Der er ingenting som heiter rutinemessig beslag, førerkortbeslag skal ha ei grunngjeving. Etter vegtrafikklova så må politiet ha skjellig grunn til å mistenke at føraren er skuldig i forhold som kan medføre tap av førarretten. Med skjellig grunn så er det meint at det må være meir enn 50% sikkert at føraren kjem til å bli dømt. Med andre ord så må det være meir enn 50% sikkert at føraren uansett kjem til å bli frådømt førarretten. Om midlertidig førarkortbeslag er innafor i denne saka er litt sånn både og. På den eine sida så ser det ut som at politiet har lagt til grunn at begge ungdommane var på samme elsparkesykkel og at dei køyrte ut i fotgjengarovergangen, det taler for at bilføraren ikkje har brutt vikeplikta sidan det då er elsparkesykkelen som har vikeplikt. På den andre sida så har ein nok ikkje fått ei god forklaring frå ungdommane sjølv sidan dei var såpass skada, og i artikkelen så framgår det ikkje om det var vitner til ulykka som kan motstride bilførarens forklaring om at dei kom køyrande i stor hastigheit ut i fotgjengarfeltet. Om det hadde vært grunn til å tru at bilføraren har køyrt ned to fotgjengarar så vil det klart være stor sannsynlegheit for at ho blir dømt til tap av førarretten sidan det då er bilføraren som har brutt vikeplikta ovanfor gåande. I tillegg så er det ei forventning om at bilførarar skal være ekstra aktpågivande ved fotgjengarfelt, for det kunne i teorien ha vært ein 6 åring som plutseleg kom springande ut i vegen. Vi har ikkje i nærheita til nok informasjon på noværande tidspunkt til å vurdere om politiet har skjellig grunn til å mistenke bilføraren for straffbar handling.
  20. Du har heilt rett i at dersom du blir tatt i juks så kan du bli nekta å avlegge eksamenen, og dersom du blir tatt i ettertid så kan heile graden bli annulert. Sidan dette er eit gruppearbeid så riskerer dykk alle å bli felt i same juksesaka sjølv om det berre er ein i gruppa som jukser. Det er ikkje nødvendigvis nok å berre gjere tiltak for å minimere omfanget. Off-topic. Men poenget med universitetet er at du skal lære å lære. Ute i arbeidslivet så bruker ein sjølvsagt det som finnes av effektive hjelpemiddel, frå skriveprogram med stavekontroll til kunstig intelligens. Poenget er likevel at med universitetsgraden så er du i langt betre stand til å vurdere kvaliteten på det genererte innholdet, på samme måte som ein tømrar som vurderer om kundens garasjeskisse er fysisk mulig å konstruere. Det er også heilt feil at du ikkje treng å tenke på juks i arbeidslivet. Du kan absolutt gå deg på nokre skikkelege smellar ved å plagiere konkurrerande bedrifter, og du vil kunne miste jobben om du demonstrerer ein manglande kompetanse ved at du til dømes KI genererer alt du skal produsere utan å forstå kva du har generert. At universiteta er konservative og gamaldagse har vært ei sannheit i fleire hundre år, frå at ein før eksamen måtte pugge ting som du ute i arbeidslivet kjem til å slå opp i ei bok når du treng det, til slik som det er i dag at du skal lære deg å skrive ein rapport/oppgåve som er forståeleg for ein lekmann sjølv om vi i dag har KI som kan hjelpe oss til å finne gode formuleringar.
  21. Isolert sett er dette kanskje ikkje ei stor sak då endringane er relativt beskjedne når ein speler på "rett" måte utan å skyte på på døde personar. Den omtalte nakenheita kan eg rett og slett ikkje kome på, antageligvis fordi det har framstått i så naturlege situasjonar at eg ikkje har ensa slik eksplisitt nakenheit i spelet. Det mest problematiske i denne saka er prinsippet med å retroaktivt endre innhaldet i spelet, då er det ikkje lenger same produktet som du opprinneleg kjøpte. Eg synes derfor det er rett å protestere for å markere at det ikkje er greit å gjere slike endringar i ettertid, men samtidig så er det litt overdrevet med review bombing når spelet er 99,9% som før.
  22. https://www.nrk.no/norge/dommerne-var-uenige-om-forvaringsdommen-i-baneheia-saken-1.17477021 Var vist meddommarane (lekfolk) som ville ha forvaring, fagdommarane var ueinige at det føreligg slik gjentakingsfare. I høgsterett er det berre fagdommarar så då er det høg sannsynlegheit for at høgsterettsdommarane ender på samme konklusjon som kollegaene i lagmannsretten.
  23. Ein meir realistisk trøstepremie er at alle som no ikkje vart lottomillionærar likevel får seg ei t-skjorte.
  24. Sidan du skriv i innleiinga at du ønsker å ikkje være bunden av faste rutinar, så er det berre plan A som oppfyller det ønsket. Om plan A er gjennomførbar kjem ann på kor mykje inntekter du må ha for å få ting til å gå rundt og kor lett det er for deg å ta nok vakter til å tene det du treng. Kor mykje pengar du treng kjem heilt ann på kor mykje penar du treng for å leve slik du vil. Om du kan gå ned mykje i levestandard så kan jobbe mykje mindre enn dersom du vil opprettholde ein kostbar levestandard. Plan B og C oppfyller ikkje dine ønsker om å være fristilt frå faste rutinar, men alt etter levestandard og faste utgifter så kan det være nødvendig for å ha forutsigbarheita som trengs. Etter mitt syn så er plan B mest fornuftig sjølv om du ikkje oppnår det du ønsker. Har du fast jobb i liten stillingsprosent så er du sikker på at du alltid har nok inntekt til å betale straumrekninga. Om det er lett for deg å skaffe ekstravakter når du treng det så er risikoen ved plan A relativt liten i praksis, det som då er spørsmålet er i kva grad det stresser deg å være usikker på om du klarer å skaffe deg dei vaktene som gir deg nok lønn til at du får betalt rekningane dine. Plan C er det alternativet som låser deg mest til faste rutinar, største fordelen med ei fast stilling kontra deltidsjobb eller shopping av vakter er at med fulltidsstilling så vil du lettare kunne ha ein fast vaktplan eller arbeidstid slik at du får større forutsigbarheit på når du må jobbe. Med ei deltidsstilling så har du eigentleg ikkje krav på anna enn at du skal få arbeidsplanen minst 14 dagar i forvegen, det å jobbe til ulike tider kan fort føre til at den opplevde friheita blir sterkt redusert. Sjølv om stillingsprosenten er liten og du treng å bruke lite tid på jobben, så er denne fritida mindre verdt om du ikkje kan seie med sikkerheit at du har fri på torsdagen om tre veker. Dette gjer det vanskelegare for deg å planlegge ulike aktivitetar.
  25. Eg synes at når vi snakker om ikkje-voldeleg sivil ulydigheit som akseptabel protestform så burde vi også ta med at den sivile ulydigheita heller ikkje skal føre til anna skadeverk. Med skadeverk så setter eg eit stort skille mellom indirekte økonomiske konsekvensar som å låse seg fast på anleggvegen for å stoppe ei utbygging sjølv om det medfører store økonomiske tap fordi prosjektet blir forsinka, og dei meir direkte økonomiske konsekvensane med å øydelegge anleggsmaskinene. Når Fosenaktivistane okkuperte lobbyen til olje- og energidepartementet så var det ein heilt passiv måte å aksjonere på, hadde dei også utført skadeverk så hadde aksjonistane etter mitt syn tråkka over ei grense på tilsvarande nivå som om dei hadde brukt vold for å ta seg inn i bygget.
×
×
  • Opprett ny...