Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Om du ikkje har tilgang på bankID verken på gamletelefonen eller brikke, så må du gå via banken din ved å møte topp fysisk med gyldig ID.
  2. Min fyrste tanke er at det kjem ann på kor sannferdig filmen prøver å være. Ein film er ikkje ein dokumentar, men om ein forsøker å framstille historiske personar så meiner eg at ein bør tilstrebe at skodespelaren gjenspeiler personen på ein god måte. Det er også forskjell på om filmen er ein alternativ versjon av virkeligheita eller om det berre er denne eine detaljen som er endra. Det er altså forskjell på om når ei lager film om Bjørnstjerne Bjørnson og velger å hyre ein svensk skodespelar fordi dette er beste skodespelaren for jobben, eller om ein gjer dette for å sette svenskar i eit godt lys og får folk til å tru at Bjørnson var svensk.
  3. I eit AS så betales det arbeidsgiveravgift, og du har som ansatt lønn frå fyrste dag om du blir sjuk. I eit ENK betalar du ikkje arbeidsgivaravgift og dersom du blir sjuk så får du ingenting frå NAV før på den 17 dagen. Det er ei forholdsvis logisk balanse mellom det du betalar inn og det du får i retur i form av goder. Driver du ENK så må du planlegge meir fordi du driver på eigen risiko.
  4. Reint vatn skal i teorien ikkje lede straum, det viktigaste er å passe på at du ikkje setter på straum før PCen har tørka heilt. Så det vil nok være lurt å vente til litt utpå formiddagen før du slår på PCen. Eit problemstilling som ikkje er tatt opp her er overoppheiting. Om PCen står i sola så kan du koke komponentane sidan vifter og kjøleribber ikkje klarer å transportere bort varmen fort nok. Særleg om om skjerm og kabinett er svart så blir det fort veldig varmt. Med pollen i lufta så kan du også oppleve at kjølevifta blir hemma av klissete pulver og etterkvart få såpass med motstand at motoren blir øydelagt. Eg tenker nok at din gamle PC toler heilt greit å være utandørs under tak i mildt sommarklima, men du må rekne med at holdbarheita blir vesentleg redusert.
  5. Ein som er i jobb 90% av tida og hever sjukelønn dei resterande 10% av tida genererer mykje meir skatteinntekter enn ein person som er 100% arbeidsledig. Det er vil derfor være fordelsaktig at flest mogleg jobbar så mykje som dei klarer, framfor å sparke dei ut i arbeidsledigheit eller uføre. I Norge har vi ein stadig aukande andel av befolkninga som ikkje er i arbeid og som aldri har vært i arbeid for at dei ikkje har fått innpass i arbeidsmarkedet. Det har blitt ei stor utfordring at det er enklare å bli erklært 100% ufør og få seg ei trygd enn det er å prøve å få seg ein jobb til tross for helseproblem. Sjølv om du har 50% arbeidskapasitet så er det stadig vanskelegare å finne seg ein arbeidsgivar som er villig til å gi deg ei 50% stilling.
  6. Før arbeidsgivaren kan bestride eigenmeldinga så skal arbeidstakaren få uttale seg, i den samanheng er vil det være naturleg at arbeidstakaren koplar på tillitsvalgtapparatet. Etter samtalen så må arbeidsgivar sende brev til NAV med grunnlaget for å bestride eigenmeldinga, og om arbeidsgivar ikkje gjer det så kan arbeidstakaren gjere det. NAV skal då ta stilling til om vilkåra er oppfylt, og alt etter kor ueinig arbeidstakar/fagforeining er i grunlaget så kan det bli behov for ytterlege oppfølgingsmøter. Særleg om arbeidsgivaren ikkje får medhold så går det med mykje tid på ei slik sak, og enda verre er det at det kan være øydeleggande for arbeidsmiljøet når arbeidsgivaren blir anklaga for å på grunnlaus måte prøve å hindre folk i å ta eigenmeldingsdagar når dei treng det. Om det ikkje er heilt klart at eigemeldinga er grunnlaus så kan det reint taktisk være smartare å la misbruket av eigenmeldingsdagar gå under radaren enda ein gong.
  7. Ofte er det ikkje verdt å brukt tid og energi på å følge opp slike saker, reint økonomisk sett er det fort like lønnsomt å berre akseptere at vedkommande misbruker eigenmeldingsdagane og er heime med full lønn disse dagane, enn det er å sette igang eit apparat med HR, tillitsvalgte, bedriftshelseteneste, osv. Det er ei grense for kor mange dagsverk ein som leiar skal sette av til å prøve å få den aktuelle arbeidstakaren til å møte på jobb nokre dagar meir i året. Arbeidsgivar har ei plikt til å følge opp, mellom anna for å avdekke om det er forhold på jobben som fører til sjukefråværet, ein når likevel fort ei praktisk grense for kva som er hensiktsmessig ressursbruk.
  8. Du kan melde inn ønske om fleire kategoriar her: https://www.diskusjon.no/forum/179-tilbakemeldinger-til-forumet/ Med ujamne mellomrom så blir det gjort endringar der underforum blir splitta opp eller slått saman alt etter kor mykje eller lite kategorien er i bruk. Kategorien "mote og velvære" her på diskusjon.no omhandler nesten utelukkande klær og mote. Velvære-delen er nok lagt der fordi det er veldig få tråder som omhandlar velvære og ingen andre gode naturlege underforum å legge slike tråder i. Per i dag så er det ingen eigen kategori for barn, graviditet og famile. Det nærmaste er "kjærlighet, relasjoner og dating", men det er nok kanskje ikkje beste plassen å opprette trådar om spebarn og barneoppdraging sidan den kategorien handlar mest om samlivs-temaer. Her kan du nok foreslå at det opprettes enten eit nytt underforum eller at familieliv blir hekta på under den eksisterande kategorien, det bør likevel være ein del trådar om temaet frå før for å vise at det er eit behov for ein slik kategori. Det er ein stadig kamp om å finne rette balansen på talet på underforum, og det eksperimenteres stadig med å prøve ut nye ting. På den eine sida så blir det uoversiktleg dersom temaene som blir diskutert i eit underforum er veldig varierte, det kan tale for at ein splittar opp i fleire underforum. På den andre sida så er det vanskelegare å få aktivitet i eit underforum som få klikker seg inn på. Det er mange underforum som har blitt fjerna fordi det blei ein spøkelsesby der nesten ingen av trådane fekk svar. Det er nok langt fleire damer her på forumet enn du trur. Det er stor overvekt av menn på forumet men det skuldast mykje at forumet starta som eit forum for PC byggarar, etterkvart har forumet blitt opna for svært mange ulike kategoriar så eg vil nok gjette på at det ikkje er langt frå 50/50 kjønnsfordeling hos dei brukarane som har registrert seg siste 10 åra.
  9. Dette er heilt vanleg, for det er sjølvsagt alle andre som misbruker trygdeordninga, sjølv har ein sjølvsagt berre reelle sjukdommar og plagar, og fortjener å bli sjukmeldt. Det er ikkje alle som har så god sjølvinnsikt på slike ting.
  10. Står ingenting om det i artikkelen med eg reknar med at det påpeikte lovbrotet gjeld pengespilloven § 8.
  11. Akkurat i slike tilfeller så synes eg ikkje det er så ille, det kan være gode faglege grunnar til å sjukemelde deg til tross for at du kjenner deg frisk og fin. Det som ofte manglar når legen skal sjukemelde er ei vurdering av kva arbeidsoppgåver du utfører i jobben, og korleis dette påvirker helsetilstanden din. Med "noe" på lungene så er det nok ingen praktisk forskjell om du møter opp på jobb og sitter foran PCen eller om du er sjukemeldt og sitter foran TVen. Hadde du jobba som personlig trener så ville det nok vært lite lurt å gått rett tilbake til jobb, samtidig så er ikkje ei sjukemelding nokon garanti for at ville holdt deg heime og i ro, og ikkje nytta høvet til å ta deg nokre toppturar sidan du likevel har fri. Sjukemeldingar burde nok i mykje større grad være behovsprøvd, og legane burde være flinkare til å sjukemelde folk frå spesifikke handlingar, som forbodt mot å løfte tungt, køyre bil, osv. På den måten kunne både kunne både pasienten lettare gjere dei rette tinga for å fortast mogleg bli frisk, og for arbeidsgivaren så vil det være mykje lettare å tilrettelegge for at du kan jobbe likevel så lenge du får dei enklaste arbeidsoppgåvene.
  12. Ja heilt klart. Eit samfunn kan være så enkelt definert som at det er folk som bur i samme område. Ofte legge ein også til at det må finnes ein felles sosial og organisatorisk struktur men det er strengt tatt ikkje nødvendig. Ein kan fint ha eit samfunn om vi lobotomerer heile befolkninga, om folket fortsatt klarer å formere seg så har vi eit samfunn. Om det blir eit godt samfunn å leve i blir sjølvsagt ei heilt anna sak. Vi kan også ta denne heilt i motsatt retning ved å fjerne alle lovbøker og ha heile samfunnet følelsesstyrt der både kva som er lov og kva som er straffa for å bryte lova er utelukkande basert på kva andre følger om saka. Enten i eit slags demokratisk samfunn der det er fleirtalets følelser som blir ivaretatt, men realistisk sett så vil det være ein sterk og mektig leiar som dikterer kva som er rett og galt gjennom å være i posisjon til å kunne praktisere sin vilje.
  13. Løysninga blir nok å innføre meir byråkrati. På same måte som at ferielova i dag effektivt sett fastsetter eit lønnstrekk på kvar måned som du skal få utbetalt når du tek ferie slik at sjølv dei mest håplause planleggarane blir tvungne til å spare pengar til ferien, så blir det nok løyst tilsvarande med kva ein får bruke ferien til. Kanskje det bør inn i ferielova at fyrste ferieveka gir arbeidsfri men med meldeplikt slik at den ferierande må møte opp på arbeidsplassen kvar dag til arbeidsstart? Eller kanskje vi kan løyse det med at passet blir inndratt slik at du ikkje kan reise utanlands før på den 8 feriedagen? På den måten vil ein ikkje kunne reise lengre vekk den fyrste ferieveka enn at ein rekk tilbake innan neste arbeidsdag. Om folk planlegger så tungt at det er bånn gass frå fyrste feriedag så må kanskje myndigheitene gripe inn med å kontrollere kva du gjer i ferien, for folk ser ut til å være ute av stand til å tenke sjølv. Eg kjenner meg likevel igjen. Eg skjønner ikkje heilt kvifor folk forbinder utanlandsreiser som kvalitetstid i ferien. Det er få ting som er så stressande som heimereisedagen på slutten av ferien der du prøver å orientere deg på ein framand flyplass i eit land med merkelege byråkratiske krav, særleg når du har heile familien på slep som du skal prøve å ikkje miste oversikta over i alt flyplasskaoset. Legg ein til at du har reist på chartertur slik at heimreisa foregår seint seint på kvelden eller grytidleg på morgonen så er ein også heilt sikker på at også neste dag er fullstendig øydelagt. Hjelp lite å tatt seg tre veker i Hellas når du kjem heim i firetida på natta og har vekkarklokka stilt på 06.30 fordi du same morgen skal møte til fyrste arbeidsdag etter ferien. Då er det ikkje overraskande om du har høgare stressnivå enn før du reiste på ferie.
  14. Det er få uføre som som har nedbetalt bustad som er bortimot gratis å bu i, samt ingen andre utgiftspostar enn seg sjølv. Sitter du så behageleg i det som ufør så treng du eigentleg ikkje anna enn litt lommepengar. Det vil likevel være heilt feil signal å sende om uføre skal "straffast" i form av redusert uføretrygd fordi dei har vært fornuftige og nøkterne nok betale ned lån og investere i varige verdiar. For mange uføre så er dette ein gradvis prosess. Kva ein får i uføretrygd er basert på kva lønn du hadde i dei 3 beste åra siste 5 åra. Har du måtte jobbe redusert stilling dei siste åra på grunn av redusert helse så går snittlønna fort mykje ned sjølv om du i utgangspunktet hadde full stilling med god lønn.
  15. Brann kan også oppstå som hendige uhell, men det er derfor at husforsikringane eksplisitt dekker brann. Dette er unntaket som bekrefter regelen. Dei fyrste forsikringsordningane var nettopp brannforsikring, denne historiske ordninga har bestått slik at i dag så er forsikring mot brann inkludert i alle husforsikringar, til og med køyretøyforsikringane (kasko) inneheld brannforsikring som standard. Andre hendelege uhell kan også være dekt av forsikringa, men då må det være spesifisert i forsikringa. Eit typisk døme er såkalte tabbeforsikringar der ein betalar for å være forsikra mot hendige uhell som å miste nettbrettet i golvet eller knuser bilderamma med moppeskaftet. Slike tabbeforsikring har etterkvart også blitt vanleg å inkludere i innboforsikringa, men ofte berre på utvida innboforsikringar og ofte med forholdsvis høg eigenandel.
  16. Ein enkel quick-fix hadde vært å fortsette med heimeeksamen sidan ein i arbeidslivet er forventa å bruke tilgjengelege hjelpemiddel, men sjølve karaktersettinga kunne vært ein munnleg eksamen der ein skal forsvare besvarelsen. På den måten vil ein fort luke ut studentane som har brukt KI utan å forstå verken konklusjonen eller framgangsmåten.
  17. Dersom det var eit "hendelig uhell" så er det ikkje dekt av forsikringa nettopp fordi ingen kan klandrast. Tilsvarande gjeld det også for erstatning, skader som har oppstått ved hendelege uhell gir ikkje grunnlag for erstatningssøksmål. Det er derfor du må vise til ei ytre påvirkning for å få skaden dekt av eit forsikringsselskap. Typisk eksempel er når du fomler med mobilen og mister den ned så er ikkje den skada dekt av vanleg forsikring, om du mista telefonen etter å ha blitt dytta så er du utsatt for ei ytre påvirkning og får erstatning. Det kan likevel være nyanseforskjellar på det du omtaler som ei ulykke, derfor er det eit lite presist begrep å bruke opp mot forsikringsselskapet. Det er den bakanforliggande årsaken til skaden som er av interesse.
  18. Det er ingen forskjell. Husleigelova fungerer likt uansett. Med denne leigetakaren så er nok vilkåra for oppseiing være oppfylt ved at truande handlingar utgjer ein sakleg grunn for å seie opp leigeavtalen. Eg trur nok at du også har godt grunnlag for å heve leigeavtalen også. Du kan heve avtalen når leigetakaren er til alvorleg skade eller sjenanse for utleigaren. Her kan du nok få avslutta leigeforholdet, og om nødvendig få bistand frå namsmannen til å fjerne leigetakaren med tvang. Det er likevel viktig at du følger formkrava ved ei oppseiing. Det vil også være stor fordel om du har loggført eller på anna måte samla bevis mot leigetakaren i tilfelle dette ender opp med eit søksmål der leigetakaren motsetter seg ditt grunnlag for oppseiing.
  19. Uføretrygda er litt forenkla 66% av lønna som vedkommande hadde før. Sidan beløpet på 24 000 er oppgitt som etter skatt så er det litt vanskeleg å rekne på dette sidan skattebelastninga varierer utfirå fleire forhold. Kva ein får i uføretrygd kan variere ganske mykje. Minstestatsen for enslig ufør er 329 175, noko som etter skatt skal tilsvare ca 23 000 kr i måneden om ein ikkje har noko som medfører anna skattebelastning. Har du hatt minst beløpet på 6G eller 780 969 kr i lønn så sitter du igjen med 47 000 kr i måneden, så forskjellane er store. En fagarbeidar i offentleg sektor har ei garantilønn på ca 450 000 som etter skatt skulle bli 29 000 kr i måneden. Om den andre vennen din har full stilling så skal vedkommande ha ein del meir utbetalt sjølv med låg lønn, spørsmålet er kanskje meir om til dømes 29 000 kr er "særleg meir" enn 24 000? Grunnen til at det er slik at at vi i Norge har små sosiale skilnadar. Dei yrkeskative og særleg dei med høg kompetanse må holdast nede i lønnsnivå for at dei som ikkje kan jobbe skal kunne få nok i trygd til å kunne leve meir eller mindre normalt. Dei norske levekostnadane er svært store, så med 24 000 kr utbetalt så er det ikkje veldig mykje du har råd til. Etter SIFO budsjettet så går det med litt over 12 000 kr i levekostnadar mat, klær, mobiltelefon, osv. Dette er eit budsjett som er lagt på eit akseptabelt forbruksnivå. Altså at det er mogleg å leve billegare på vatn og brød i ei lita periode, men det dette er eit budjsett som er eit slags minstenivå for kva folk må ha for å leve greit å fortsatt ha råd til å delta i samfunnet ved å ha både mobiltelefon og klær som ikkje er utslitte. I tillegg kjem husleiga som fort spiser opp resten av pengane. Den store utfordringa med ei slik ordning der alle har rett på å ha ein levestandard på eit vist nivå er at det for enkelte lågtlønte kan oppfattast som lite attraktivt å jobbe når ein kan få nesten det same gjennom å bli erklært ufør. Får dei yrkesaktive meir lønn eller dei uføretrygda mindre i trygd så vil dette auke forskjellane mellom folk, som også har sine ulemper. Det politiske problemet i Norge er at vi snart har nådd ei grense for kvar ein må bruke sterkare virkemiddel for å få flest mogleg til å jobbe så mykje som dei kan, og ei slik endring kan medføre at uføre får vesentleg redusert levestandard for å kunne motivere flest mogleg til å jobbe.
  20. Skal det fyrst være fest så må det være innafor å servere alkohol. Dei fleste (alle?) deltakarane på dette arrangementet er folk som er der på fritid og som har investert mykje fritid for å kunne bli invitert. Om det er det å skjenke dei alkohol kvart tredje år som er det som skal til for at dei fortsetter sitt frivillige arbeid så er nok det billig. Det er greit nok at dette er mykje pengar som utgjort heile årsbudsjettet til eit lokallag om alle pengane vart delt på berre ein klubb. Men det er ikkje ei heilt god samanlikning. Med mindre dei på håndballtinget hadde spunnet lykkehjulet for å finne ein heldig vinner så hadde det meir realistiske alternativet vært å dele 2,3 mill på håndballforbundets 800 klubbar, som hadde utgjort eit budsjettstillegg på godt under 3000 kr per klubb. Tilsvarande logikk er det rundt underholdninga, det er forholdsvis billig måte å få folk til å gidde å møte opp. Det som er å kritisere er vurderinga av kva håndballforbundet får igjen for pengane. Når eg ser på kvitteringa så ser eg at dei har betalt 45 kr per kaffekopp til middagen. Eg skjønner at ting koster på restaurant, men eg hadde nok forventa ein viss form for kvantumsrabatt når ein bestiller 115 små koppar med kaffe til desserten. Her snakkar vi 10x avanse på kaffen som normalt kostar 3-4 kr per kopp å trakte. Det er nesten som det grenser til svindel. At hotellet tek 67 kr for ei glaskflaske med Cola er langt meir akseptabelt når disse flaskene koster 27 kr på butikken.
  21. I likheit med andre opposisjonsparti så vil nok også Raudt sin politikk bli endra til handlingslamming om dei skulle få reell politisk makt. Det er ein ting å sitte på sidelinja og kreve revolusjon og utmelding av NATO, det er ein heilt anna ting å sitte i regjeringa der ein må ta ansvar for disse endringane. Ikkje det at bryting av valgløfter er uvanleg, alle partia bryt løfta sine. Typisk rakner store delar av partiprogrammet når ein sitt der som regjeringsmedlem med eit budsjett som må være i balanse. Det er dette som gjer at for folk flest så betyr det ikkje så veldig mykje i praksis med skattekutt, lågare moms, reduserte avgifter, osv, for når ein motreknar dette mot alle dei andre statlege tenestene som har blitt tilsvarande mykje dyrare. Å sitte i regjering handler mest av alt om å prioritere pengebruken. Så sjølv om at partiet Raudt skulle få fleirtal på Stortinget så er det tvilsomt at partiprogrammet blir realisert fullt ut. Som til dømes utmeldinga av NATO, for Raudt vil tross alt ha eit sterkt forsvar, forskjellen er berre at dei vil ha ein politikk på eit nasjonalt forsvar som ikkje er avhengig av USA og EU. Eg trur ikkje at Raudt har rekna på kva det vil koste å ha eit sterkt forsvar utan samarbeid med andre nasjonar. Skal Norge stå aleine med eit sterkt forsvar så blir det ikkje mykje pengar igjen til velferdstenester, miljøtiltak og lågare avgifter for å seie det slik.
  22. Er litt komisk at "den nye oljå" er olje, eller strengt tatt trekull.
  23. Elsparkesyklar skulle nok heilt klart blitt klassifisert som liten elektrisk scooter og ikkje som vanleg sparkesykkel med hjelpemotor. På ein elsykkel så må ein tross alt trø for at motoren skal koble inn, på elsparkesyklar så er det nok å sparke ein gong, noko som gjer at den liknar mykje meir på ein klassisk scooter med kick start på bensinmotoren enn det minner om sykkel. Eit vist minimumskrav til kompetanse burde det være for alle som beveger seg i trafikken, men det bør ikkje være så strenge sak at ein ikkje får gå langs vegen utan eit obligatorisk 40 timers kurs med eksamen. Det gjer det ikkje betre at reglane som er innført for elsparkesyklar er forholdsvis kompliserte for barn og andre som har lite trafikkal erfaring. Slik som det er i dag kan du bruke både vegbane, gangveg og sykkelveg, men det er ulike reglar alt etter kvar du køyrer, som til dømes at bruker du elsparkesykkelen i vegbana så må du følge same trafikkreglane som bilistane, bruker du elsparkesykkelen på fortau så er maks hastigheit 6 km/t når du passerer gåande, osv. Når sjølv voksne som har tatt bilsertifikatet blir usikre på kva reglar som gjeld for elsparkesykkel så er det ikkje så rart at 14 åringen på elsparkesykkelen ikkje har kontroll. Etter mitt syn så hadde den enkle løysinga vært å innføre andre fartsbegrensningar på elsparkesyklar. Hadde elsparkesyklane vært låst til maks hastigheit på 6 km/t så hadde vi sluppet problemstillinga med høg fart rundt fotgjengere, og vi kunne då droppa aldersgrensa på 12 år sidan elsparkesykkelen ikkje går fortare enn rask gangfart. Så kunne vi hatt elsparkesyklar med krav om sertifikat, gjerne ein ny klasse som er litt mindre omfattande enn for moped. Med krav om sertifikat og hjelmpåbod så kunne vi akseptert høgare makshastigheit enn 20 km/t, som 30 eller kanskje også 40 km/t. På den måten hadde elsparkesykkelen kunne blitt brukt som scooter i bymiljø og hadde fint kunne bruke vegbana og følge trafikkflyten, særleg i bysentrum der bruken av elsparkesyklar er mest utbredt. Forøvrig synes eg det er idioti å innføre hjelmpåbod for berre dei mellom 12 og 15 år, for det var ikkje denne aldersgruppa som oftast tryna i rennesteinen med 2 i promille og pådro seg hjerneskade.
  24. Og også USA, jmf. Trumps påstand om at han måtte stoppe våpenleveransane til Ukraina i frykt for at USA gjekk tomme for våpen. Beste måten å få nasjonar til å redusere eller fjerne sine ståande armeer er tydelegvis å drepe alle slik at det ikkje lenger er nokon igjen til å krige.
  25. Det er viktig at du i ein slik situasjon har ein dialog med hovedarbeidsgiver, og då er det ikkje slik at du nødvendgvis må legge planane på is dersom hovedarbeidsgivaren din ikkje ønsker det, men då har du i det minste arbeidsgivars argumentasjon som du kan vurdere utifrå. Det er fleire skjær i sjøen her. For det fyrste må du sjekke om det står noko i arbeidsavtalen som regulerer dette. Det er ikkje veldig uvanleg at det i arbeidsavtalen står noko om at ein har informasjonsplikt dersom ein tek på seg anna lønna arbeid eller liknande. Sjølv om det er avtalt slike restriksjonar i arbeidsavtalen så betyr ikkje det nødvendigvis at klausulen er gyldig, til dømes om klausulen er urimeleg. Det er ein del arbeidsavtalar som er meir omfattande enn det som eigentleg er innafor å avtale mellom arb.giver og arb.taker. Det andre du må sjekke opp er om deisse planane er påvirka av tariffavtalar, lovverk og liknande. Og for det tredje så må du vurdere om denne ekstrajoben kan tenkast å være illojal mot hovedarbeidsgiver. Det er ikkje nødvendig med særskilt avtale for at handlingar du gjer er å ansjå som så illojalt at det får betydning for arbeidsforholdet. Typisk døme her er at den fritidsaktiviteten eller bijobben ein har går utover ytevnen hos hovedarbeidsgiver slik at ein møter trøtt og utslitt til jobb.
×
×
  • Opprett ny...