Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er ein litt merkeleg trend dette med at ein etter å ha fått små hint om eit nytt spel/serie/film så går ein rett til internett for å klage over at dette potensielt kan være dårleg. CDPR har bevist at dei er i stand til å ivareta dette universet på ein god måte, også når dei i The Witcher 3 måtte lage eigne historier og karakterar som ikkje fantes i bokmaterialet. Eg er heilt einig i at det blir super-teit om Ciri i det neste spelet bryt alle etablerte reglar både når det gjeld kven som kan bli witchers og kva slags magi som er mogleg i dette universet. Men så lenge det er stort sett same personane som står bak det nye spelet, og dei er interessert i å gjere The Witcher 4 til same suksessen som The Witcher 3 så vil det overraske meg stort om fyrste scene i det nye spelet er Ciri som ved hjelp av magi utrydder alle monster, slik at resten av spelet går ut på å plukke blomster og rydde i heimen.
  2. Eg har eit pågåande problem med at eg til stadigheit får epost med varsel om elektroniske gjenpartsbrev etter kredittsjekk. Problemet er disse varsla ikkje gjeld meg. For å lese brevet så må ein logge inn med bankID, og sidan det ikkje er meg som er kredittvurdert så er det sjølvsagt ingenting i min innboks. Mistanken havna tidleg på at nokon har skrevet inn feil epostadresse i sin profil, og at eg får alle varsla om gjenpartsbrev som ein annan person skulle fått. Kven dette er finner eg ikkje ut av då eg ikkje kan lese breva. Eg har derfor kontakta kundeservice som støttar den teorien om at nokon har oppgitt min epostadresse i sin profil då dei ikkje finn kredittvurderingar som er utført på mitt personnummer. Kundeservice hevdar at dei ikkje kan finne ut kven det er som har oppgitt min epostadresse som kontaktinfo, og kan derfor ikkje ta bort min epostadresse. Mitt spørsmål er om eg har nokon rett til å kreve å at det blir rydda opp slik at eg ikkje lenger mottek varsel om kredittvurdering som ikkje gjeld meg sjølv? Ein ting er at det er plagsomt at eg i snitt får ein slik epost per måned, det verste er at dersom det ein dag skulle dukke opp ei kredittvurdering av meg så eg ikkje fange opp dette sidan eg for lenge sidan har slutta å logge meg inn med bankID for så å få feilmelding om at eg ikkje har brev liggande. Heile poenget med å få slike gjenpartsbrev er jo å kunne gjere tiltak dersom eg blir utsatt for ID-tyveri (eventuelt offer for snoking). Så då er spørsmålet om at dersom eg blir utsatt for ID-tyveri, har eg noko ansvar fordi eg ikkje har fått lest gjenpartsbrevet som har drukna i mengda av varsel som ikkje gjeld meg? Og oppfølgingsspørsmålet er kva ansvar har kredittvurderingsselskapet ovanfor den kunden som har lagt inn min epostadresse? Har dei ingen forplikting til å sørge for at det er rette personen som får varselet? Eg har tross alt meldt frå at dei har ein kunde som ikkje mottek varsla om gjenpartsbrev slik som vedkommande har krav på å få. Er det slik at det er mitt ansvar å drive dektektivarbeid for å prøve å finne ut kven denne personen er, for så og kontakte vedkommande sjølv for å be om at vedkommande fikser epostadressa på profilen sin? Eg kan sjølvsagt "løyse" dette problemet med å merke disse epostane som søppel-epost, men det er ei lite tilfredsstillande løysing ettersom eg gjerne vil motta informasjon dersom eg blir kredittvurdert utan å ha bedt om det. Ettersom denne epost-adressen ikkje er knytt til meg som person så kan ikkje eg rette opp adressa sjølv.
  3. Skjønner ikkje kontroversen, spelskaparane jar til og med bevist potensialet til Ciri gjennom å gjere henne spelbar i the witcher 3.
  4. Både posten og postnord opererer med maks mål og vekt på pakkane. Ein kan alltid sende mindre forsendingar, men utan at eg finner vilkår om det så er det nok ei nedre praktisk grense for kva posten vil ta ansvar for. Skal du sende ein liten papirlapp så vil du nok fort få beskjed om å putte lappen i ein konvolutt av praktiske årsaker. Du kan også sende dyre ting som verdibrev med full forsikring, men det er ikkje billig. Hos postnord koster det 69 kr så lenge pakken er under 60x40x20 cm, noko som du klarer med god margin. Einaste spørsmålet er om det ikkje er meir hensiktsmessig å bruke ei lita eske når du uansett ikkje betalar ekstra for det, det gir både rom for meir støtbeskyttelse og reduserer sannsynlegheita for at pakken forsvinner mellom to rulleband på postterminalen.
  5. Eg er ikkje for forslaget, men eg skjønner kvar det kjem frå. Eg er på ingen måte overbevist om at mesteparten av Ikea sine kunder kjøper store ting. Veldige mange kunder forlater butikken enten heilt tomhent eller med berre ein liten pose. Vi har ein forestilling om at folk køyrer til Ikea og lesser opp bilen med møblar, men Ikea gjer det også godt på salg av nips og resuturantdrift. Av dei som skal kjøpe møblar så er det langt fra alle som også har med seg møblane heim same dag, mange er på Ikea for å sjå og prøve utstillingane før dei legger inn ei bestilling med heimkøyring. Ikea som butikk ønsker sjølvsagt å ha rikeleg med parkering, for det øker sannsynlegheita for at ein av kundane som har med bil som eigentleg hadde tenkt å berre kjøpe kjøkkenutstyr også kjøper ei bokhylle på impuls. Det er litt på same måten med daglegvarebutikkar, vi ser for oss at der må du ha med bil for å få med deg alle matvarene heim. Det er likevel ein betydeleg andel av kundane som er der berre for å kjøpe lunsj, tobakk, osv og ikkje vekeshandelen med full handlevogn.
  6. Drive through er nok ikkje å rekne som parkering per definisjon, så det opner for at Ikea kan holde seg innafor reglane ved å ha maks 183 parkeringsplassar, og i tillegg ha drive through. Når det er så avgrensa med parkeringsplassar dei får lov til å etablere så er nok mykje ledig tomteareal uansett. Kanskje burde Ikea ta lærdom av byggevarehusa det du får køyre gjennom lageret for å lesse byggevarene rett inn i bilen.
  7. Om du snur på det så er det også eit spørsmål om kor attraktivt er det for deg å sykle til din lokale Jysk eller Elkjøp butikk når du veit at det ikkje finnes sykkelparkering? Det er litt som i amerikanske byar, det er nesten ingen som går utanom i sentrum av dei største byane. Alle køyrer uansett kor langt eller kort dei skal. Men ein av grunnane til at alle køyrer er at det mange stadar ikkje finnes infrastruktur for gåande, verken gangfelt eller fotgjengerovergang. I mange tilfeller er det direkte livsfarleg å la bilen stå.
  8. Eg trur nok at grunnen til at slike planar har blitt vedtatt er at det høyres vel og bra ut å redusere talet på bilparkering og auke talet på sykkelparkeringar, men at ingen av politikarane har rekna på kva 0,5 parkeringsplassar og 3x sykkelparkering per 100 kvm eigentleg betyr at det må være 6x så mange sykkelparkeringsplassar som bilparkering. Hadde parkeringsnorma hatt nokre rekneeksempel så håpar eg og trur at fleire politikarar hadde fanga opp kor lite hensiktsmessig det er å ha så lite parkering utanfor sentrumssona. Akkurat midt nede i sentrum der bilparkering er dødt areal og mange kundar uansett kjem gåande, syklande eller på elsparkesykkel så kunne nok mange butikkar klart seg nesten utan kundeparkering, men varehus utanfor sentrum må det nesten være mogleg å køyre til. Min meining er at i staden for å kreve minst 1098 sykkelparkeringsplassar så kunne ein oppnådd samme miljøgevinst ved å kreve at dette arealet blir brukt til å etablere buss-stopp/stasjon. Eg er heilt sikker på at det er mykje meir realistisk å tenke at alle dei kundane som ikkje kan eller vil køyre til Ikea heller velger å ta bussen framfor sykkelen, og i alle fall på vinterstid. Med busstopp rett utanfor inngangsdøra så kunne dei ivrigaste tatt med seg kjøkkeninnreiinga på bussen, ein pakke om gangen. Med månedskort og god tid så gir det billig transport heimigjen, som trådtittelen seier så er det langt mindre sannsynleg at ein klarer å legge Billy-hylla på bagasjebrettet.
  9. Synes ikkje at logikken er så vanskeleg å forstå, sjølv om eg ikkje er einig i konklusjonen. Logikken er at det er utarbeida ein tabell setter makstal på bilparkering og minimumstal på sykkelparkering basert på antall kvadratmeter, denne tabellen er utarbeida for alt som er i kategorien butikk og næring enten det er eit kontorbygg eller ein butikk. Makstalet på bilparkering som er 0,5 parkeringsplassar per 100 m² jmf. parkeringsnorma, med 36 600 m² så gir det maks 183 parkeringsplassar for bil. For sykkel skal det være minst 3 sykkelparkeringar per 100 m², noko som gir 36 600/100 * 3 = 1098 sykkelparkeringar. Tabellen tek ikkje høgde for verken type varer butikken selger eller kvar kundane skal kome frå. I tillegg så er det etter mitt syn heilt vilt at ein reknar 6 syklistar per bilparkeringsplass. Sjølv under ideelle forhold der ein tek utgangspunkt i at alle køyretøy er fullasta med 5 personar, så er 6 sykkelparkeringar mykje meir enn behovet. Om alle i personbilen hadde valgt å sykle i staden for så hadde dei uansett ikkje trengt meir enn maks 5 sykkelparkeringsplassar. Om eg skal gjette så vil eg tru at snittet per personbil er litt under 2 personar, dei fleste er to i bilen og i tillegg er det ein del som kjem åleine. Då hadde det holdt lenge å kreve 2 sykkelparkeringsplassar per bilparkeringsplass. Det som er sjokkerande her er ikkje det absurd høge kravet til sykkelparkering, det som er sjokkerande er at det ikkje er rom for meir enn 0,5 parkeringsplassar per 100 kvm. Akkurat her er Ikea kjempeheldige som har eit enormt butikk-areal og såpass få kundar at talet på kundar per kvadratmeter er ganske lågt. Dette er mykje verre for ein liten daglegvarebutikk på 1000 m² som etter same reglane får maks 5 parkeringsplassar for bil (og 300 for sykkel) Politikarane er ikkje valgt inn for å drive med økonomi, dei driver med politikk. Eg er heilt sikker på at fleirtalet av politikarane mister ikkje nattesøvnen om butikkar og næringsliv går dårleg så lenge dei har fått tvinga gjennom ei sykkelsatsing. Eg ville likvel ikkje undervurdert innteninga som Ikea har på salg av nips. Profittmarginen er fort mykje høgare på smånipps enn det er på møblar, møblane er nok det butikken har minst påslag på. Skulle ikkje forundre meg om Ikea får butikken til å gå rundt berre gjennom restaurantdrifta. Dei aller fleste kundane som er innom kjøper ikkje skrivebord, dei kjøper servietter og kjøttbollemiddag.
  10. Ved at flaskene (med kork) havner i eit system for gjenvinning der tomflaskene blir tatt godt vare på. Flasker som havner i restavfall og tilfeldige søppelbøtter har lettare for å kome på avvege også etter at flaska har blitt kasta. Mange land har også eit kvasi-pantesystem der ein kan samle korker og bytte inn korkene i rabattar og premier. Dette forsterker faren for at flaske og kork blir kasta kvar for seg. Ideelt sett burde det vært krav om at flaska skal pantast med kork for å få utbetalt panten, men dette er heilt unødvendig ettersom nesten alle flasker som blir panta i Norge uansett blir panta med kork. Formålet med kravet om at korka skal henge fast er at det er den harde plasten i korka som utgjorde største mikroplastproblematikken ved at denne plasten vart tatt opp av dyre og sjøliv. Plasten i sjølve flaska er mindre problematisk men det er lettare å sikre at korka ikkje kjem på avvege sidan flaska er større og lettare å fange opp.
  11. EU har oppnådd ganske mykje, berre ikkje i Norge. Husk at halve EU har ikkje ein gong ei panteordning, så i dei landa så er slike korker ei lita forbetring kontra dagens løysing der korka havner i naturen og sjølve flaska ender i restavfallet.
  12. Truck er eit eige førarkort, så det er nok uberørt. Men både moped og snøskuter er klasser som følger med sertifikatet for personbil. Moped var på samme måte før 2005, for då var det ikkje krav til førarkort på moped så lenge du var minst 20 år. Slik er det ikkje lenger. I dag er det uansett lett å sjekke opp etter å ha mista førarretten ved å logge seg på vegvesenet.no, der vil det stå heilt tydeleg kva du har gyldig førarrett for.
  13. Det stod lite i artikkelen om kva eksakt forslaget gjekk ut på, men om eg forstår det rett så er forslaget at kommunen skal kunne pålegg grunneigaren å ta betalt for parkeringa, og ikkje at det er kommunen som skal hente inn parkeringsavgift frå privat grunn? Eg forstår også ut frå artikkelen at forslaget er dårleg handtverk ved at det mangla presisering på om det berre skulle gjelde for næringseigedom eller også for eigedom til bustadsformål. Eg synes på ingen måte at dette er eit godt forslag, men eg har ikkje ein tung prinsipiell motstand med at det politisk blir vedtatt at alle som innafor eit geografisk område skal kreve betaling for parkeringa, med det formål å redusere talet på bilar som køyrer inn i sentrum. Same funksjon kan politikarane oppnå på andre måter som å sette opp bomring, omregulere sentrumsgatene til å forby motorkøyretøy i butikkanes opningstid, forbod mot fossile bilar, osv, osv. Den store svakheita med ein slik regel er at butikkane som blir ramma av kravet lett kan unngå heile formålet ved å f.eks. kreve 1 kr per parkering, om det ikkje var spesifike krav til det så treng ikkje butikken å ta 45 kr per time for å parkere. Kommunen kan sette sine priser og handelsstanden kan bruke andre prisar.
  14. På enkelte områder er det praktisk med dei nye korkene, men eg føretrekker fleksibiliteten ved å ha kork som kan fjernast heilt. Korker som henger fast kan være nyttig på brusflasker om du køyrer bil og liknande slik då dei nye korkene er litt lettare å opne utan å bruke begge hendene. På drikkekartongar misliker eg dei nye korkene utan unntak, eg har ikkje funnet ein einaste drikkekartong der korka ikkje kjem i vegen enten eg skal drikke rett frå kartongen eller helle over i glas. På brusflasker kan du stort sett brette korka så langt ned langs flaskehalsen at korka ikkje er i vegen, på kartong derimot er det vanskeleg å drikke utan å legge korka langs kinnet.
  15. Ikea vurderer utifrå økonomi, som då er ei blanding mellom omsetting og direkte inntekter og inndirekte inntekter gjennom å offtentleg støtte tema som ikea-kundane bryr seg om, enten det er kildesortering, pride eller tilrettelegging for sykkel. Politikarane i kommunen tenker politikk og er valgt av innbyggarane for å forme samfunnet utifrå ønska til fleirtalet og ikkje utifrå ønsket til dei næringsdrivande. Det er samme type styring politikarane driv med når dei godkjenner reguleringsplaner som forbyr oppretting av bilverksted midt i bustadfeltet, einaste forskjellen er at politikarane her bestemmer korleis tomtearealet skal benyttast. I tillegg til å regulere talet på og fordeling av ulike parkeringsplassar så er det også fastsatt reglar for kor stort Ikea kan bygge på tomta, det er ikkje fritt fram å bygge frå tomtegrense til tomtegrense.
  16. Eg kan fint sjå begge sider her, for det er i alle fall ingen som sykler til Ikea om det ikkje er etablert sykkelparkering. Og sjølv om det nok ikkje er nokon som sykler heim med ei bokhylle så er Ikea også forhandler av diverse nips som ein syklist lett kan plassere i sykkelkorga, slik som stearinlys og servietter. I tillegg så kan ein syklist alltids bestille heimkøyring frå butikken, så ein treng ikkje nødvendigvis å ta med seg heile kjøkkeninnreiinga verken på sykkelen eller i personbilen. Målesettiga her er ikkje at folk nødvendigvis skal sykle, men at færre skal bruke bilen. Utfordringa her er at Stavanger kommune har innført krav til sykkelparkering som ikkje nødvendigvis skalerer så godt med type butikk. Etter det som eg finner ut så har Stavanger kommune satt ei maks grense for at ein butikk ikkje får etablere meir enn 0,5 parkeringsplassar per 100 kvm med butikkareal. noko som då utgjer 183 parkeringsplassar for bilar. I tillegg har dei laga reglar på at handelsbygg skal ha minst 30 sykkelparkeringar per 1000 m², der minst 10% skal være for syklar med vogn eller lastekapasitet. Ikea er ikkje ein heilt vanleg butikk, så det å bruke same tabellen på Ikea som ein bruker på Kiwi butikken gir innimellom slike rare utslag. Den aller største forskjellen mellom Ikea og eit tilfeldig anna varehus er at sjølv om at butikken er veldig stor så er mesteparten av arealet brukt til utstilling og varelager for uhåndterlege ting som flatpakka møblar. I tillegg så er ikkje Ikea akkurat ein nærbutikk, store delar av kundemassen må reise ganske langt. Butikken i Stavanger dekker praktisk talt heile sør-vest landet der nærmaste Ikea er i Bergen eller Kristiansand. Å sykle eller reise kollektivt fra Flekkefjord eller Haugesund er i praksis vanskeleg. Alt det sagt så er det tungt å få folk til å bruke sykkel om det ikkje er godt tilrettelagt. Det er openbart både enklare og meir attraktivt å ta sykkelen om det er bygd eigen sykkelveg og etablert god sykkelparkering, og i alle fall om det er eit lite parkeringshelvete om du kjem med privatbilen. Så lenge det er rikeleg med gratis bilparkering så frister det lite å bruke andre transportmiddel. Mine tankar er at for akkurat slike varehus så kunne ein lett oppnådd same formålet om å gjere det attraktivt å sykle ved å innføre kvalitetskrav i staden for krav til kvantitet. Hadde Ikea fått krav om å etablere sykkelparkering til 50 syklar med vogn som skal være under tak og med batterilading, kanskje til og med krav om at det skal etablerast garderobe med låsbare skap der syklistane kan låse inn jakke og sykkelhjelm, så hadde det fortsatt vært veldig attraktivt å bruke sykkelen. Sjansen for at det kjem 1000 syklistar som alle presser sykkelen sin inn på dei 30 centimetera dei har fått til rådigheit under open himmel er lik null, men med gode fasilitetar så kan det være realistisk at det kjem 10-20 syklande kunder. Og skulle det bli veldig populært med sykkel så er det null problem å i ettertid fjerne nokre bilparkeringsplassar for å lage enda fleire sykkelparkleringar.
  17. Tenesten vil fortsatt fungere fint, men utan tilgang til eposten som er lagt inn så vil du ikkje kunne tilbakestille passordet om epost er einaste kontaktinformasjon som er registrert på kontoen din. Eit tips her er å søke etter "account", "account registration", "brukerkonto", "verification" og liknande søkeord for å finne dei ulike tenestene og kontoane som du må logge deg på for å endre epostadresse hos. Dei aller fleste (alle?) kontoaktiveringar vil sende ein velkomstepost til deg, ofte også med beskjed om å bekrefte epostadressen. Denne metoden er ikkje bombesikker, for det er mange tenester du kan ha registrert deg på og som du bruker aktivt der du har feilstava epostadressen din slik at du uansett ikkje får epost frå tenesta. Det beste er derfor å lage deg ei liste over brukarkontoar som du husker, og krysse av etterkvart som du har oppdatert kontoen. På ei slik liste så kan det være lurt å dele opp lista i ulke type tenester for å lettare kome på brukarkontoar som du har gløymt av. Lag kategoriar som: forum, strømmetenester, bank/forsikring, husholdningsartiklar (robotstøvsuger og smartlås), nettbutikkar, osv. Dette vil ikkje svare seg for Telenor. Tenesta vil berre bli dyrare og dyrare til den til slutt forsvinner etterkvart som eksisterande kunder stopper sitt abonnement. Eg tviler sterkt på at Telenor får særleg med nye epostkundar, så dette er sjølvsluttande etterkvart som eksisterande kundar faller frå. Edit: Eit siste råd på vegen når du fyrst leiter opp alle brukarkontoane dine. Lag ei liste eller samle alle velkomst-eposter i ei eiga undermappe eller med ein eigen tag. På den måten kan du enkelt (enklare) gjere same jobben ein gong til om du etter nokre år ikkje er heilt fornøgd med din nye eposttilbydar).
  18. Blir det krig så er det uansett ikkje nokon alderdom å nyte, då er det "alle mann til pumpene" der også dei som kan gjere lite gjer det lille dei kan for å hjelpe til. Alt hjelper, berre det å holde auge med barna slik at foreldra kan jobbe i fabrikken vil bidra svært mykje. Det er ikkje nødvendigvis hardt arbeid det er snakk om. Eigentleg burde det ikkje være ei øvre aldersgrense i det heile tatt, plikta burde gjelde dei som er i stand til å jobbe uavhengig av om du er 60 eller 80 år. Det dette koker ned i er manglande tillit til politikarane. Eg ser på det som heilt naturleg at alle stiller opp dersom det blir nødvendig, og at innføring av ein tvangsparagraf med maks strafferamme på 2 år som uansett ikkje kan følgast opp i krig og krisesituasjon, er etter mitt syn heilt unødvendig. Det einaste dette endringsforslaget førte til er at folk bekymrer seg for å bli tvangssendt ned i kullgruvene så fort regjeringa synes det er krise at det regner litt. Forslaget burde enten ha vært meir presis på kva som utgjer ein fare for krig eller kriser, eller så burde forslaget presisere kva slags arbeid som et aktuelt å pålegge. Som tidlegare nemt så savnar eg også retningslinjer for organiseringa av alt frå lønnskompensasjon til lengde på arbeidsdagane ved pålagt arbeid.
  19. Ja heilt klart. Hydrogen eigner seg godt til lagring. Det er likevel to store utfordringar. 1. Overskotskraft finnes nesten ikkje. Det er svært sjeldan ein treng å avgrense straumproduksjonen frå vind/sol for å regulere kraftproduksjonen. Stort sett får krafta frå sol og vind gå for fullt og produsere så mykje straum som det er vær-forhold til. Straumreguleringa gjer ein då ved å produsere mindre straum i vasskraftverka. Der ein kan ha overskotskraft er i bygg som ikkje er kopla til straumnettet. Har du solcellepanel på fjellhytta di så vil du kunne ha overskotskraft som du må lagre på batteri for å straum om natta. 2. Sjølv om at hydrogen er er fint å lagre, så er det veldig energikrevande å lage hydrogen. Strengt tatt hadde det vært meir energieffektivt å bruke "overskotsenergien" til å pumpe vatn oppigjen til demningane og lagre energien som kinetisk energi som ligg klar for vasskraftproduksjon seinare. Einaste fordelen med å i staden for lage hydrogen er at lagra hydrogen er lettare å flytte. Storskala hydrogenproduksjon kan i teorien ha noko for seg om ein produserer hydrogenet i eit land med rikeleg tilgang til miljøvenleg energi, og deretter eksporterer hydrogentankane til land som ikkje har tilgang til miljøvenleg energi. I land som er avhengige av til dømes kullkraft så vil det å importere grønt hydrogen frå utlandet kunne være meir miljøvenleg (om det ikkje er realistisk å legge kabel mellom landa).
  20. Eg er ikkje heilt einig. Akkurat der og då så var det heilt nødvendig med ein politisk styrt strategi der politikarane tok stilling til balansen mellom kor inngripande tiltak ein skulle innføre målt opp mot risikoen for det som kunne ha skjedd. At dei som tidleg i pandemien meinte på at viruset kom frå ein kinesisk lab og ikkje oppstod naturleg på eit våtmarked hadde rett, understreker for meg berre enda meir at det var behov for å behandle pandemien som farlegare enn den viste seg å være. At fasiten viser at koronaen ikkje var fult så farleg endrer ikkje på det faktum at det var forsvarleg å gjere tiltak for å hindre sjukdomsspreiing framfor å gamble på at det skulle gå bra likevel. Om det er ein ting eg skal kritisere politikarane for så er det mest dette med at smittevernsreglane vart så overforenkla at det i enkelte tilfeller vart feil. Dette var nok gjort for at alle skulle klare å forstå smittevernstilboda, men det skapte mykje grobotn for konspirasjonsteoriar og tvil om sannheita i det som vart formidla. Påstanden om at det ikkje hadde hensikt å bruke munnbind for dei som ikkje var helsepersonell var heilt unødvendig når poenget var at ein tidleg i pandemien måtte prioritere slikt utstyr til dei som jobba tett på koronasjuke sidan det var så stor mangel på munnbind. Når det seinare vart god tilgang på munnbind så vart det kommunisert at det kunne beskytte mot smitte, noko som også ikkje er heilt korrekt utanom at det beskytter mot dirkekte dråpesmitte, før det til slutt vart ei anbefaling om å bruke munnbind for å beskytte andre frå å bli smitta av deg som var koronasjuk. Eg synes derfor at det er mykje viktigare å diskutere koronatiltaka no i ettertid, akkurat der og då så var det viktig med felles og lik informasjon, også når informasjonen ikkje var heilt korrekt. Personleg så meiner eg at største kritikken til måten koronapandemien vart handtert på var nettopp dette at politikarane ikkje klarte å stake ut ein stødig kurs gjennom heile krisa. Det å gå som ein jojo mellom nedstenging og gjenopningsfest med tilhøyrande nedstenging når alle vart sjuke etter å ha festa i lag, var heilt unødvendig. Det var også mykje inkonsistente reglar som stengte grenser men unntak for svenske helsearbeidarar som skulle heilt inn på norske sjukeheimar og sjukehus utan karantene, og min favoritt-tulleregel at det var lov å gå på pub om du satt i ein bås eller ved eit bord og du også bestilte hamburger, speilegg, eller til og med ein shot med tomatsuppe. Men utan å bestille ein symbolsk matbit så kunne ein ikkje få seg ei øl av omsyn til smittevernet. Om noko burde det være omvendt, det er jo ved spising at du risikerer dråpesmitte der du sitter og spytter og smatter rundt matbordet. Eg skjønner at ein måtte hindre drita fulle pubgjester som dansa og ignorerte alle smittevernsreglar, men dette kunne ein kontrollert på anna måte enn å stenge alle pubbar utan kjøkken medan dei pubbane som serverte mat fekk holde opent.
  21. Eg vil nok seie at hydrogen til langtransport også er eit tilbakelagt kapittel. Sjølv om at batteriteknologien skulle stoppe opp og dieselen forsvinne så vil ein aldri få økonomi i eit hydrogenprosjekt. Berre det å bygge ut eit nettverk av fyllestasjonar vil koste meir enn det smakar. Det som er litt synd utitfå eit miljøaspekt er at eg trur det vil bli lønnsomt for langtransportbransjen å skaffe seg mange køyretøy med litt kortare rekkevidde enn det som er ønskeleg, enn det er å investere i køyretøy som har den ønska rekkevidda. I framtida vil kanskje langtransporten mellom Oslo og Trondheim gjennomførast med tre køyretøy og ein sjåfør der ein ein fyrst køyrer frå Oslo til Otta der ein parkerer og setter lastebilen til lading før ein setter hengaren på lastebilen som står klar der fullopplada og køyrer vidare til Trondheim der det står ein ny fullada lastebil klar for returen. Vi har same tendensane i privathusholdningane som før klarte seg med ein bil men som i dag har tre bilar, to elektriske for pendling og ærend, ein til kvar sidan dei er så billige samanlikna med fossilbil, og den tredje bilen er ein fossilbil som for det meste står i oppkjørselen i tilfelle ein skal på langtur med campingvogna og ikkje har tid til ladestopp.
  22. Vil legge til at det potensielt kan gi moglegheit for å få god kompensasjon i framtida om trådstarter klarer å jobbe bedrifta gjennom dei dårlege tidene. Eg finn likevel ingen holdepunkt i det som trådstarter beskriver som gir holdepunkt for at dette er ei bedrift som ønsker å premiere trådstarter med høg lønn så fort økonomien i bedrifta blir betre.
  23. Sjølv med same eigar så har alle redaktørane eit sjølvstendig ansvar for det som blir publisert i avisa. Her må du ikkje blande saman det faktum at det er lettvindt å klippe og kopiere innhold frå andre aviser under same eigarparaply når disse nettavisene også bruker same mal og layout, med konspirasjonen om at kva avisa skriv om blir bestemt av ein "overredaktør" i mediahuset som er eigar av plattforma. Alle mediahusa hadde same fokus og same informasjonstilgangen, det var ikkje som at lokalavisene med ulike eigarar hadde heilt ulike fokussaker under koronatida heller, alle skreiv om det same og rapportere dei same tale frå helsedirektoratet. Det hadde dei gjort også om lokalavisene var 100% uavhengige, einaste som hadde endra seg er at utan avtale om gjensidig gjenbruk av innhold så måtte kvar lokalavis ha skrevet alle artikklar frå bunnen av. At kvinneguiden.no og diskusjon.no har same eigar er i praksis utan betydning, men eg frykter likevel ei framtidig samanslåig av foruma som etter mitt syn vil være øydeleggande for miljøet sjølv om det i teorien høyres ut som ein god idé å ha eit stort forum med fleire brukarar. For å sette det litt på spissen så ønsker eg ikkje at diskusjon.no skal bli øydelagt av alle dei useriøse bidragsyterane på kvinneforum, og eg trur at diskusjonane på kvinneforum blir mindre aktuelle for brukarane der når det kjem for mykje seriøse innspel frå brukarane av diskusjon.no. Største ulempen ved at slike tenester blir samla under same eigarane er at det kan være vanskelegare for nye yttringsplattformar å få etablert seg når det er nokre få store som omtrent har monopol. Likevel så er det viktig å understreke at sjølv om ein har yttringsfriheit så har ein ikkje yttringsfriheit til å kunne ytre seg akkurat der ein vil. Det er godt innafor at eit forum setter harde grenser for kva som det er greit å ytre på deira plattform.
  24. Den konkrete vurderinga etter lova er om "tingen er i vesentlig dårligere stand enn kjøperen hadde grunn til å rekne med etter kjøpesummens størrelse og forholdene ellers". Kjøper du ein GoCart så har denne ein mangel om du har betalt overpris, kva som er overpris blir også ei vurdering men om eg legg til grunn at du må ha betalt ca 10% meir enn reell verdi for å kunne påstå at bilen er i "vesentlig" dårlegare stand enn du hadde grunn til å tru så må du opp i litt summer før disse 10% merkes i særleg grad. Merk her er at det ikkje finnes ei 10% grense, men det kan være eit utgangspunkt for å vurdere om du har fått nok bil for pengane. Om bilen har ein reell og objektivt verdi på 100 000 kr, og du betalar 150 000 kr for den så er det etter mitt syn heilt innlysande at du kunne rekne med å få meir bil for pengane enn det som er tilfellet. Har du betalt 110 000 kr for den same bilen så har du gjort ein dårleg deal, men det er ikkje gitt at du har betalt feil pris i forhold til verdi.
  25. Det er sannsynleg at du ikkje reelt sett oppfyller vilkåra for særleg uavhengig stilling. Det er ganske vanleg å jukse med dette der ein kaller stillinga for særleg uavhengig for å sleppe å tenke på overtidsbetaling sjølv om arbeidstakaren ikkje har den graden av sjølvstendigheit som arbeidstilsynet krever. Ein enkel indikator på om du reelt sett har ei slik stilling er om du har tidregistrering? I særleg uavhengig stilling så skal du ikkje ha ein sjef som følger med når du kjem og når du går frå arbeidet. Det at det er vanleg å jukse med dette for å ikkje trenge å betale for overtidsarbeid vil aldri unskulde det faktum at du i praksis jobber for ei alt for låg timelønn om du ser på lønna du får opp mot antall timar du bruker på jobben. Mange arbeidstakarar aksepterer å ha særleg uavhengig stilling utan å klage på det, men då er det fordi dei opplever stillinga som gunstig. Som at ein får "kompensert" for 200 overtidstimar i året sjølv om ein vanlegvis ikkje treng å bruke meir enn 150 timar ekstra, eller ved at ein med effektiv bruk av arbeidstida ofte klarer å gjere unna heile dagsverket på 6 timar slik at ein kan gå heim tidlegare, osv.
×
×
  • Opprett ny...