Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Eg er ikkje trådstarter, men det som er svakt med disse rådene er at dei gir hjelp til å kontrollere eit symptom og ikkje sjølve problemet. Mykje skjermtid tek tid som kunne vært brukt på andre ting, som utendørsaktivitet, sosialisering, søvn, osv. Det Helsedirektoratet burde fokusert på er å gi råd om kva aktivitetar foreldre skal syte for at døgnet blir fylt med, deretter kan det som er igjen av ledig tid fyllast med valgfrie alternativer. Det store spørsmålet er kva ein byttar ut skjermtida med. Legg ein vekk iPadden for å lese tegneserier eller legge puslespel så gir det akkurat samme utfordringane med lite fysisk aktivitet, lite sosialisering og kanskje også lite søvn. Sjølv meiner eg også at råda om skjermtid burde fokusere mykje meir på kva som er på skjermen enn tida du bruker på å glo på den. Algoritmestyrt og AI-generert søppel er sjølvsagt langt meir skadeleg enn å spele kreative spel som minecraft, ha videosamtale med venner, sjå ein dokumentar, osv. Dette er litt på høgde med å anbefale 10-åringar å ha på fotballsko i 2 timar per dag i den tru at det medfører 2 timar med fotballsparking.
  2. Om du har tatt over ei leiarstilling så vil det være heilt urimeleg å ikkje også gi deg leiarlønn for jobben. Merk likevel at det ligg ein nyanseforskjell her mellom det at du også har fått delegert ansvaret eller berre arbeidsoppgåvene. Har du berre fått beskjed om å utføre arbeidsoppgåvene utan å ha det formelle ansvaret så kan arbeidsgivar strengt tatt pålegge deg disse oppgåvene utan ekstra lønn forutsattt at dei ekstra oppgåvene ikkje er så store at det endrer grunnpreget i det du har avtalt som arbeidsoppgåver i jobben du har arbeidsavtale på. Taktikken du skal velge her må du nesten bestemme sjølv. Eg har ein viss forståing for at det å få prøve seg som leiar kan være ei verdifull erfaring, men det er stor forskjell på å være "heldig" nok til å få lov til å prøve ut leiarstillinga i 14 dagar på grunn av sjukdom, kontra det å "prøve ut" stillinga i 9 månedar. Då er det ikkje lenger snakk om midlertidig fråvær. Om leiarerfaringa du no får er så attraktiv at du er villig til å gjere den utan meir lønn blir det opp til deg å vurdere, eg vil likevel poengtere at dersom du skal gjere denne jobben kun for erfaringa sin del så er det heilt avgjerande at du får stillinga formalisert. Erfaringa du får frå ei slik stilling er null verdt om du ikkje får formalisert den godt nok til å føre opp i CVen. Her må du ha ny arbeidsavtale om du ikkje alt har det, og skal du fyrst ha ny arbeidsavtale så er det heilt naturleg å også diskutere ny lønn. Kan også legge til at kva som er rett lønn for stillinga blir ei totalvurdering, men jo meir ansvar du har, og jo meir tid du må bruke på jobben både aktivt og passivt, jo meir lønn må du ha. Eg forstår på innlegget ditt at du sjølv opplever at denne jobben berre medfører meir arbeid for deg. Ein liten "gulrot" i ordentlege leiarstillingar er ofte at du sjølv bestemmer når og om du skal jobbe aktivt, slik at dersom du gjer ein god jobb så kan du kompansere med å være mindre på jobben. Det å ha meir friheit i stillinga si kan være ein slags kompensasjon det også. Håper du som minimum har attraktive overtidsordningar når du må jobbe så mykje om kveldane. PS. Dersom leiarstillinga gir høgare lønn men utan rett til overtidsbetaling så kan det fort være at du i sum tener mykje meir på å ha din vanlege lønn og motta overtidstillegg for alle timane du jobber om kveldane. Den store ulempen med leiarlønningar er at det ofte følger med ei forventing om at du skal jobbe døgnet rundt utan å få noko ekstra. Alt det sagt så ser eg her alle fareteikna på at du kjem til å stagnere lønnsmessig på denne arbeidsplassen uansett kva jobb du utfører. Når du skal fungere som leiar i nesten eit heilt år så er det elendig personalstyring å ikkje også tilby deg leiarlønna i den tida du fyller stillinga. Når du i tillegg må gjere jobben som kollegaene dine skulle utført utan ekstra kompensasjon så blir det berre meir urimeleg. Det ser ut som at leiaren din forventer at du skal gjere jobben for tre personar med same lønna. Det at du har fleire kollegaer som har hoppa av skuta er også eit fareteikn i seg sjølv, det betyr at arbeidsplassen din ikkje har klart å gi dine tidlegare kollegaer eit akseptabelt mottilbod for å fortsette i stillinga. Det igjen indikerer at dersom du får tilbod om ein anna jobb så vil du uansett ikkje få betre vilkår hos dagens arbeidsgivar. Det å bruke jobbtilbod til å pushe lønn får eg inntrykk av er eit kortvarig prosjekt, her har du alle teikn på at dersom du vil ha meir lønn så blir du nødt til å true med å seie opp kvart einaste år. Her bør du seriøst vurdere å bytte jobb utan å sjå deg tilbake. Dette er også beste tida for deg å bytte jobb sidan du akkurat no kan skilte med at du har ei leiarstilling. Det er sånn sett mindre imponerande når du om 9 månedar prøver å få deg ny jobb utan å ha ein aktiv sjefstittel.
  3. Er det slik at vassleiinga krysser fylkesvegen? Om ikkje så burde ein tidleg etablert midlertidig vassforsyning ved å legge røyr eller slange frå hovudvassleiinga og fram til nedsida av vasslekkasjen. I alle fall gjennom sommarhalvåret så burdet det være uproblematisk å få vatnen frå røyr som ligg på bakken fram til ein får gjennomført ein ordentleg reparasjon. Når det gjeld jussen så må du nok nøste i eigarforholdet og kva avtale som gjeld. Eg forstår det at vassleiinga ligg så tett inntil fylkesvegen at det også må gravast i fylkesvegen? Normalt sett så vil ein enten legge vegen utanom tidlegare etablert infrastruktur eller flytte infrastrukturen slik at det ikkje oppstår slike konflikter. Og utan at dette er eit råd så er det jo slik at dersom vasslekkasjen ligg heilt inntil fylkesvegen så kjem vasslekkasjen til å vaske vekk fundamentet til vegen om vasskrana blir opna igjen. Så hadde dykk ikkje fått stengt lekkasjen så hadde behovet for å stenge vegen tvunget seg fram uansett.
  4. Eg er ikkje ueinig i det, men det handler om å finne rette balansen mellom det politiet vi ønsker å ha og det politiet vi må ha for å kunne utføre oppgåvene som trengs. Mange inkludert meg sjølv meiner at bevæpna politi i alle samanhenger frå barnehagebesøk til bankran er "overkill" i forhold til det reelle behovet. Skal vi ha eit politi som kan nedkjempe alle poteniselle trusslar så kan vi hoppe rett til pansra køyretøy og tohandsvåpen. Eg ønsker eit politi som er utstyrt for å drive med forhandling og rettleiing, og ikkje eit politi som er utstyrt for strid. Eit politi som ikkje bruker avskrekking som hovedstrategi vil bidra til å trygge samfunnet ved å etablere tillit. Sjølvsagt med moglegheit til å kunne skifte modus når det trengs, men då synes eg at framskutt lagring av våpen treffer ein god balanse. Vi treng ikkje politi som patruljerer gatene med tohandsvåpen i frykt for å bli angrepet på open gate, og med finlandshette i frykt for at nokon skal finne ut at du jobbar i politiet.
  5. Psykisk helse og sjølvmordsfare er komplekst og samansett. Rusmiddel kan dempe depresjonar for nokon, men det kan også føre andre ut i enda meir utanforskap som forsterkar depresjonen. Eg er ikkje grunnleggande imot bruk av rusmiddel til slik behandling, men det fordrer at bruken blir satt i eit system der ein sikrer at det ikkje oppstår nye problem. Eg ser på bruk av til dømes cannabis for å roe tankane litt på same måte som å bruke sovemedisin ved dårleg søvn, det fungerer ei lita stund som symptomdempande men ein blir ikkje friskare av å måtte knaske sovetablettar kvar kveld på same måte som at ein ikkje blir friskare å røyke ein joint kvar morgon, men det kan være dette som får deg over kneika på vegen til å bli friskare. Særleg på sjukeheimane så burde det være godt innafor å i større grad benytte nytelsesmiddel som til dømes alkohol. Eg forstår sjølvsagt at dei tilsette ikkje ønsker at korridorane skal være fylt med demente pasientar som i tillegg er dritings, men det er mogleg å finne ein fin balanse. Om dei gamle vil ha eit raudvinsglas eller to til middagen så burde dei kunne få det på resept. Det hadde ikkje kosta staten noko som helst og latt sjukeheimspasientar få konsumere alkohol utan å betale alkoholavgift.
  6. Hydrogenet blir køyrd på tankbil heile vegen frå Tyskland, så det er nok lite miljøvenleg både når det gjelder produksjon og transport. Det er sjølvsagt planar om å få til norsk hydrogenproduksjon som kan levere, men foreløpig er det mest prøveproduksjon på små anlegg som skjer.
  7. Så lenge diesel og propan er tilgjengeleg og relativt billig så vil kompleksiteten og sårbarheita med hydrogen sette ein stoppar for praktisk bruk. Berre det å produsere hydrogen til ein fornuftig pris har vist seg å være vanskeleg. Hydrogen er eit uhyre vanskeleg stoff å kontrollere. Ikkje berre må hydrogen komprimerast mykje for å få fornuft balanse mellom enrgi og volum, i tillegg er hydrogen det minste atomet som finnes. Eit menneskehår er type 80 000 gongar så bredt som hydrogenatomet, der betyr at dersom systemet skal være heilt lukka så er toleransen for unøyaktigheit rundt gjengar og skøytar 1/80 000 av eit menneskehår. Hydrogenatomet er så lite at sjølv solide materialer vil leke som ei sil.
  8. At amerikanske kjølvkøyrande biler ikkje klarer å forholde seg til sær-amerikanske trafikkreglar som resten av verden ikkje har, det tek eg ikkje så tungt. Det eg er mest skeptisk til er korleis sjølvkøyrande biler som er trente til å køyre bil etter amerikanske trafikkreglar kjem til å takle norske/europeiske trafikkreglar? Blir det for eksempel slik at Tesla "løyser" dette problemet med å programere inn ein regel om å aldri køyre forbi skulebussar sjølv om bilen ikkje oppfatter stoppskiltet? I så tilfelle blir det dårleg trafikkflyt for oss i Norge som ikkje har slik regel om at trafikken skal stoppe i begge retningar når ein skulebuss har stoppa.
  9. Dag-Inge Ulstein stiller eit opent spørsmål i artikkelen. Eg synes at helsevesenet skal ivareta alle helsoppgåver Store norske leksikon definerer helsevesenet slik: Pleie og omsorg innbefattar etter mitt syn meir enn berre å holde kroppen i live, det er meir enn berre ein måte å vise omsorg på. Her kan det å tilby døden være både lindring og tryggheit for den som lever med smerter og usikkerheit. Skal vi ta KrF sin argumentasjon på full alvor så burde KrF også tatt til orde for å tvangsfôre eldre for å holde dei i live lengst mogleg sjølv etter at kroppen har gitt opp å ta til seg mat og drikke. Sjølv om KrF synes det er uverdig med aktiv dødshjelp så er det også ei verdigheit på å få lov til å sjølv bestemme over eigen kropp. Denne saka har likevel mange nyansar, og det er absolutt behov for køyrereglar på praktiseringa. Til dømes så synes eg ikkje at det er nødvendig å tillegge aktiv dødshjelp som ei obligatorisk oppgåve for helsepersonell som har gått inn i yrket med heilt anna verdisyn. Etter min erfaring er det ikkje mangel på helsepersonell som ikkje har noko imot å være den som lindrer smerten ein siste gong. Jobber du lenge nok og tett nok på folk som lever med mykje smerte både kroppsleg og mentalt så er det vanskeleg å være så prinsippfast at folk som har det så vondt skal leve lengst mogleg. Det må også fastsettast klare rammer for når aktiv dødshjelp kan skje, der ein vurderer alle sider ved saka som samtykkekompetansen til pasienten, i kva grad det er mogleg for pasienten å bli friskare, at ein må be om hjelp fleire gongar for å være heilt sikker på at pasienten ønsker dødshjelp, osv. At det i følge innlegger til Ulstein er 55% av dei som ber om dødshjelp i Oregon som gjer det fordi dei kjenner på seg som ei byrde er sjølvsagt ikkje bra. Likevel er det nyanser her også. Eg forstår godt at det er mentalt slitsom å oppfatte seg som ei byrde, men løysinga er ikkje då nødvendigvis å nekte aktiv dødshjelp. Nokre kjenner seg som ei byrde utan å være det i det heile tatt, og andre er objektivt sett ei byrde og vil sette stor pris på å få lov til å avslutte livet framfor at alle som ein har kjær må sette sine liv på pause i ubestemt tid. Særleg når det livet du har er å være så neddopa at du ikkje får med deg kva som skjer rundt deg så er det ikkje mykje til liv. Det er også eit stort spørsmål rundt samfunnsøkonomien. Dette er eit farleg tema, særleg om ein setter prislapp på folk. Vi har som samfunn likevel alt definert prislapp på ganske mange sjølv om vi vanlegvis ikkje tenker over det. Til dømes så tilbys det ikkje kreftbehandling på dei som er så gamle at ein reknar det som sannsynleg at ein døyr av alderdom før kreften rekk å bli farleg. Det er mange medisinar som ein ikkje får tilbod om i Norge fordi Staten ikkje er villig til å ta kostnaden med å tilby slik dyr medisin som ofte også avgrensa med effekt. Og ikkje minst, vi held ikkje folk kunstig i live når det ikkje er håp om at pasienten blir frisk. Teknisk sett kunne vi holdt alle på sjukeheimen i live i nesten det uendelege ved å bruke maskiner til pust og blodsirkulasjon. Eg ser ei tydeleg likheit mellom å tilby aktiv dødshjelp på den andre sida, og det å på den andre sida nekte å kople kroppen frå respiratoren berre fordi dei pårørande ikkje er villige til å gi opp håpet om at den hjernedøde pasienten plutseleg kan bli kurrert.
  10. Litt off-topic men Telenor har staten som største aksjonær (54%) og er drevet som eit vanleg aksjeselskap. Dei øvrige eigarane skal ha sine 46% av overskotet til Telenor og er nok ikkje villige til å gi frå seg sin halvdel av dei litt over 10 millionane som Telenor har i inntekt ved å sende ut teksmelding to gongar i året. Prisen på SMS for masseutsendte teksmeldinger er ofte omtrent ei krone. Har sett system som tek så lite som 39 øre til heile 1,59 kr per tekstmelding som blir sendt ut på denne måten. Ofte er det mykje tekst som blir sendt ut slik at den reelle prisen per utsending er prisen for ein SMS ganger to eller tre for å få plass til alt av tekst og lenker. Ofte får ein lågare pris per tekstmelding om ein skal sende mange tekstmeldingar i måneden, men eg vil kanskje tru at dersom du skal sende 5+ millionar SMS samtidig så blir belastninga så høg at kvantumsrabatten går feil veg slik at meldingane blir ekstra dyre for å betale for kostnadane med å ha eit system med slik kapasitet i drift året rundt i tilfelle det er behov for å sende ut nød-SMS utanom testperiodene.
  11. Det er heilt klart ei utfordring at ein kan bli forstyrra ved bilkøyring. Det er nok likevel ei relativt liten problemstilling. Lyden er ikkje så høg, og ein burde ikkje kippe seg nevneverdig meir av eit nødvarsel enn av ein tyfon (eller at bilen bak tuter). Regelverket for mobilbruk er ikkje så godt, men om du har mobiltelefonen i fastmontert holder så har du lov til å enkle trykk for å starte eller avslutte ein samtale. Det å klikke OK på eit nødvarsel for å stoppe lyden skal være godt innafor det som er lovleg. Står mobilen i mobilholder så kan du til og med lovleg taste telefonnummer på telefonen. Bruker du mobilen til å spele lydfiler derimot så kan du ikkje lovleg bytte sang sjølv om mobilen står i godkjent holder, då må telefonen være kopla til eit handsfree system slik at du bytter sang ved å trykke på dashbordet eller headsettet. Om du har mobilen i lomma så er det litt verre sidan du då ikkje har lov til å trykke på nokon av knappane. Har du mobilen i lomma så har du fort uansett behov for å stoppe bilen for å få fiska fram mobiltelefonen uavhengig av om det er nødvarsel eller vanleg ringing som lagar lyden. I praksis så er det slik at politiet vanlegvis legg til grunn ein liten sikkerheitsmargin der du fyrst får bot for mobilbruk om du blir observert at du trykker mange gangar på telefonen og/eller at du har blikket borte fra vegen i fleire sekund. Det å kaste eit blikk på telefonen og trykke bort varselet skal normalt ikkje føre til bot sjølv om du akkurat ruller gjennom ein kontroll om du ikkje også gjer fleire ting med mobilen enn å kvittere ut varselet.
  12. Berre om du har planar om å bruke bilen i lang tid. For at det skal være verdt å bruke 25 000 kr på å førebygge motorhavari på ein bil som ikkje er verdt meir enn 38 000 kr så er det berre 13 000 kr som mangler på å kjøpe ny tilsvarande bil om registerreima ryk (eller ein får andre bilproblem). Du skal ikkje ha fungerande bil i mange månedar før det lønner seg å rulle terningen å satse på at registerreima varer i mange år til og heller sette disse 25 000 kr i banken som tilskot på å kjøpe ny bil. Det er også relativt sjeldan at registerreima ryk utan forvarsel, ofte vil du høyre det på motorlyden lenge før reima faktisk ryk. Og sjølv om reima ryk så er det heller ikkje gitt at det skjer noko anna enn at du får motorstopp, og at du då slepp unna med å montere ny registerreim. Hadde det her vært snakk om ein bil til 100 000 kr pluss så er 25 000 kr for ny registerreim ei god investering då det fortsatt er mykje restverdi i bilen. Utifrå eit miljøperspektiv så burde det lønne seg å reparere og vedlikeholde bilen, men når vedlikeholdet koster det same som ein ny bil så lønner det seg ikkje å legge så mykje pengar i å vedlikeholde motoren på ein bil som like gjerne kan får girkassehavari veka etter.
  13. Kan også legge til at mange av dei som har flykta frå krigen og som i dag er i 40 åra har vært barnesoldatar i ein svært brutal krig. Det er ei viss sannsynlegheit for at gjerningsmannen i Hønefossdrapet er ganske mentalt krigsskada enten han berre har bevitna drap og øydeleggingar, eller om han personleg har tatt liv med AK47 som 10 åring. I tillegg er det som du seier stor intern stridigheit mellom dei som støttar og dei som er imot dagens regime. Det i seg sjølv gir nok lite utslag i drapsstatistikken, men det har utvilsomt ført til at ertitrearar har vært framtredande i samband med vold og demonstrasjonar her i Norge.
  14. Kva som er alternativt utfall blir sjølvsagt berre spekulasjonar, men hadde politiet brukt nokre minutt på å ta på seg alt verneutstyr før dei annonserte sin ankomst så er det gode sjansar for at dei kunne godt inn og stoppa buemannen før han rakk å tenke på å flykte. Fram til at han fekk med seg at politiet var komt fram så hadde han "god tid" til å fortsette å leite etter kundar som kunne ha gjemt seg inne i butikken. Det er når politiet annonserte sin ankomst at gjerningsmannen måtte ta eit valg om handling, typisk då enten å overgi seg, gå til angrep, flykte, eller ta sitt eige liv. Formålet med å ha instruks om å ha kule i kammeret er å kunne være kunne gå rett i konfrontasjon med voldsutøvaren, også når det medfører personleg risiko for død og skade. Denne taktikken med å ha våpen som er skyteklare rett ut frå holsteret fungerer likevel ikkje om politiet tek ein defensiv framgangsmåte. Då er det etter mitt syn mykje betre med framskutt lagring av våpen i bilen. Ja det tek lengre tid før politiet kan gå i aksjon, men det tvinger også politiet til å bruke nokre minutt på å førebu seg på aksjon i staden for å hoppe rett ut av bilen i korterma skjorte og pistol i handa. Kanskje skulle utlåsing av våpen vært enda meir komplisert enn det er i dag ved at ein fyrst må ta ut (og ta på) verneutstyret før ein får låst ut våpenet. Det å skulle gå inn i ein livsfarleg situasjon som alle andre har flykta frå krever at ein er mentalt førebudd, og det å ta på seg tungt verneutstyr er ikkje berre ei fysisk beskyttelse, det er også ei mental rustning som gir sjølvsikkerheit fordi ein stoler på sikkerheitsutstyret sitt. Det er heller ikkje berre den naturlege redselen for å sjølv bli drept som du må overkomme i ein slik situasjon, ein må også være mentalt forberedt på å ta liv. Det er fleire måtar å trene på å skyte folk, ein av måtane er å ikle seg stridsuniform for å få ein mental avstand mellom deg som medmenneske og den jobben du må utføre. Eg trur ikkje at det er realistisk å få eit politi som har ein slik strids mentalitet kvar einaste vakt, sjølv med bachelorgrad og årlege øvingar. Verneustyr må følge som ein heilt naturleg del av det å være bevæpna, om ikkje så får vi fleire slike situasjonar som i Kongsberg der politiet er så forhasta og opptatt av å gå inn i situasjonen at det går utover gjennomføringsevnen. Det har tross alt ingen hensikt å peike på nokon med eit våpen om ein ikkje også er mentalt villig til å trekke av. Enda godt at PST syter for at UP patruljen på Måsøy og lensmannanen på Utsira er bevæpna til tennene i tilfelle ein terrorist går til angrep mot eit ambassadekontor i Oslo. [/ironi slutt]
  15. Systemet burde i det minste støtte lydlaust utsending. Det er mange potensielle nødsituasjonar der slik varsling vil være nyttig, som ved terrorangrep/skyting der ein må varsle flest mogleg som er i faresone utan å røpe posisjonen til dei som alt har gjemt seg. Om sjølve testen kan være lydlaus så kjem det heilt ann på kva ein skal øve på. Ein ting er at øvelsen er ein fullskala teknisk test der det skal måle at alle får testen med den lyden og varslinga som høyrer med. Ein anna ting er at hovedformålet med å teste to gongar i året er å øve befolkninga på korleis nødvarselet høyres ut og kva ein skal gjere når ein får eit nødvarsel. Ei lydlaus melding vil nok ikkje ha den tiltenkte funksjonen. Synes eigentleg at ein bruker nok pengar på denne testen. Å sende ut 5 mill tekstmeldingar til nesten ei krone per stykk dagen før er etter mitt syn vekkasta pengar. Desutan så er eg nesten heilt sikker på at mesteparten som klager over å måtte motta nødvarsel på telefonen sin to gongar i året for lenge sidan har vært inne på digitaliseringsdirektoratet sine sider og reservert seg mot digital kommunikasjon med stat og kommune, og då får dei uansett ikkje denne SMSen dagen før. Det er langt betre med nødvarsel enn å basere seg på SMS for å varsle innbyggarane då SMS ikkje nødvendigvis blir mottatt umiddelbart, og ikkje minst at ein SMS kan være lydlaus og dermed lite egna til å være eit nødvarsel. Om det er noko som eg synes er dårleg med nødvarselet så er det at det er veldig raskt og enkelt å trykke vekk nødvarselet før du har fått lest det skikkelig, og det er ikkje spesielt intuitivt korleis du kan hente fram igjen meldinga. På både Android og iPhone er loggen over utsendte nødvarsel gjemt i menyen, så eg vil gjette på at det er ganske få som i ein stressa situasjon raskt hadde klart å hente fram igjen informasjonen som vart sendt ut, dei fleste hadde nok godt prøvd innboksa for SMS fyrst. Det burde være raskt å stoppe lyden ved berre å trykke ein gong, men sjølve teksta kunne godt ha lagt seg som eit varsel på oppgåvelinja etter at du har trykka OK og lukka meldinga. Eg er også positivt overraska over at loggen for utsendte nødvarsel viser at utanom testane så blir nødvarselet berre brukt i situasjonar som er alvorlege nok til at eg tenker at bruken av nødvarsel er godt innafor (i alle fall om varselet er tilstrekkeleg avgrensa geografisk til å berre nå dei som er innafor det farlege området). No blir den offentleg tilgjengelege loggen sletta etter eit års tid, men av det som ligg inne no er bombefunnet på Elverum der alle innafor 500 meter måtte evakuerast, samt post-brannen på Otta der det vart etablert 300 meters sikkerheitssone. Eg får ikkje opp kva radius det er på nødvarselet, men eg reknar med at det vart sendt ut forholdsvis lokalt. Av tidlegare år så har typiske døme på nødvarsel vært pågåande væpna politiaksjonar der publikum bes barrikadere seg innendørs, gasslekkasjar, og liknande ting. Har heldigvis vært lite nødvarsel om uvær.
  16. Den store faren her er at Israel lager seg ein ny fiende i Iran sjølv om dei lykkes med å fjerne dagens styremakter. Angrep på sivile vil føre til sterkt nag i generasjonar, og sjølv om at formålet med å bombe bustadblokker var å drepe leiarar og vitenskapsmenn så blei det store sivilie tap når ein bomber bustadar på nattestid. Iran har lite å stille opp med, og i alle fall så lenge USA og Trump støtter Israel. Dei viktigaste motangrepa frå Iran vil nok kome i form av terrorangrep. I verste fall med skitne bomber frå restane av Iran sitt atomprogram.
  17. Spørsmålet er om bilen er i den stand som kjøper kunne forvente utifrå prisen og forholda forøvrig. Frå kjøpslova: Det finnes ingen fasit, det må bli ei konkret vurdering av kjøpssum, bilens tilstand, og kva du viste eller måtte ha vist. Min umiddelbare tanke er at det er ikkje mykje du kan forvente av ein bil til 38 000 kr, særleg om bilen er ellers i god stand og køyrbar. At bytte av registerreim er ei kostbar avfære burde være kjent sjølv for dei som ikkje er bilkyndige, sjølv om eg forstår at det ikkje er lett å forutsjå at dette kosta fleire titusenar og ikkje berre mange tusenlappar å få gjort. På ein bil i denne prisklassa så meiner eg at ein skal vurdere nøye om det er verdt å følge produsentens anbefaling til når registerreima skal byttast, særleg når det er såpass dyrt som 25 000 kr. Bilen kan fungere fint langt på overtid, intervallet for skifte av registerreim er satt utifrå det produsenten tørr å garantere for. Ved å ikkje bytte registerreima så gambler du på at du har billig bil som fungerer heilt fint, men med baksiden på at npr registerreima til slutt ryker så må du rekne med at du får motorhavari som det ikkje er verdt å reparere. Sterkaste kortet ditt på reklamasjon er kanskje at dersom forhandlar og verkstedet som bytta registerreima er den samme bedrifta så er det ikkje gitt at prisen på 25 000 kr som du fekk oppgitt var spesielt prisgunstig, og at selgar/mekanikar kan ha utnytta din uvitenheit for å få deg til å tru at dette var ein kostnad som du måtte ta.
  18. Det er ingen formelle kompetansekrav for å lage slike tester, så testane kan til og med være direkte feil. Nøyaktigheita på resultatet vil også variere mykje med omfanget på undersøkinga, jo færre spørsmål jo større betydning får kvart spørsmål. Utfordringa når det blir veldig mange spørsmål er at då går resultatet ofte litt ned fordi det er vanskelegare å holde på konsentrasjonen i mange timar. Det er her det store ankepunktet mot slike tester ligger, i dei fleste tilfeller så er det eit dårleg verktøy som i beste fall gir ein peikepinn. Ein av grunnane til at mensatesten er forholdsvis anerkjent er ikkje fordi at testen i seg sjølv er så god, men fordi at typer oppgåver i mensatesten er standariserte og tester samme type logisk tenking. Mitt klare inntrykk er at rekrutteringsbransjen er full av både halvseriøse og til dels useriøse aktørar. Det er nok ikkje mange av disse arbeidsretta testane som er utvikla av psykologar, mange er nok kasta saman med folk med salgsutdanning som tok psykologi som valgfag.
  19. Ja det er nok mange som jukser, men det er også det som gjer at skatteetaten bruker å køyre rundt i hyttefelta i påsken for å sjekke registreringsnummer på bilane til dei som har tatt påskeferie. Å blir skattelagt fullt ut som om ein har firmabil når ein i realiteten berre lånte yrkesbilen med firehjulstrekk akkurat i påskehelga til å køyre opp på fjellet svir meir enn det smaker. Skatteetaten legg til grunn at dersom du kan ha hatt ein fordel så skal du skatteleggast som om du benytta deg av fordelen. Det er opp til arbeidstakaren å prøve å bevise med køyreboka at ein ikkje har brukt yrkesbilen til å private føremål.
  20. Staten vil sjølvsagt ha inntektene sine frå all bilbruk, om dei krev inn pengane frå bileigar eller bilbrukar speler liten rolle for staten. Sjølv om ein som arbeidstakar blir skattelagt av fordelen med å ha firmabil, så er det fortsatt billegare å bruke firmabil enn å kjøpe bil sjølv, men det fordrer at du hadde kjøpt ein tilsvarande bil til privatbruk. Hadde du klart deg med ein billegare bil så lønner det seg ikkje å fordelbeskatte for å kunne bruke ein dyr bil. Dei fleste går heller for yrkesbil som berre blir brukt til arbeidet som då er skattefri så lenge du ikkje bruker den til private formål.
  21. Om programmet du bruker beregner bompengar og ferjebillett så må du legge inn elbil for at du ikkje skal få utbetalt meir enn kostnadane dine.
  22. Det er same satse uansett drivstoff på både bil og motorsykkel. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/saravtale-om-dekning-av-utgifter-til-reise-og-kost-innenlands/id3083006/?ch=1 Det kan være at du har ein betre avtale lokalt. Det er etter min erfaring relativt vanleg å bruke statens satsar som utgangspunkt og så forhandler ein om lokale tilpassingar, som høgare kilometertakst. Det er også ein del so setter kilometersatsen til 3,50 for at den skal være skattefri og i staden har avtale om eit lønnstillegg for å bruke privatbilen for å gjere det skattemessige litt enklare.
  23. Heilt einig. Ein av fordelane med omvendt voldsalarm er at voldsutøveren kan også påleggast å busette seg ein stad der politiet har kort responstid. Å pålegge voldsutsatte å flytte innafor ein akseptabel responstid for politiet vil være ein ekstra belastning som er heilt urimeleg. Ein kan diskutere mykje om USA sin måte å gjere ting på. Ved å satse på kvantitet med masse politifolk med lite utdanning og låg lønn så kan ein plassere ein politimann på kvart gatehjørne, men evnen til å løyse komplekse saker blir sjølvsagt mykje lågare. Om vi hadde ønska så kunne vi innført frivillig politi også i Norge. Er heilt sikkert folk som hadde gjort jobben gratis om dei fekk montere blålys på bilen og hadde fått myndigheit til å utøve vold for å opprettholde ro og orden. Eg trur ikkje det er rette vegen å gå, men på denne måten kunne alle hatt ein frivillig politimann i nabolaget.
  24. Samtidig er drivstoffkostnaden ved bruk av elbil lågare enn bensin/diesel. Statens satsar skiller ikkje på drivstoffet så ordninga er meir attraktiv med elbil enn om du køyrer dieselbil. Det var i alle fall formålet. I praksis er det meir prisgunstig å kjøpe ein billig brukt dieselbil som er litt dyr i drift enn det er å kjøpe ein ganske ny elbil som er billig i drift.
  25. Reknestykket vil variere med bilkostnadane, særleg verditapet ved påkøyrde kilometer og prisen for forsikring vil kunne variere mykje frå bil til bil. Husk at når du skal køyre mykje i jobbsammenheng så må du nok justere opp årlege kilometer som igjen medfører dyrare forsikring enn du har i dag. Vil også legge til at det er to måtar å sjå på køyregodtgjersla på. Enten at den skal dekke dine direkte bilkostnadar som drivstoff og "slittasje". Den andre måten å avtale køyregodtgjersle er ved å avtale ei godtgjering for at du skal kunne stille opp med privatbiler i tillegg til å dekke vanlege utgifter. Eit kontrollspørsmål er kva som skjer om bilen din må på verksted? Er det heilt uproblematisk, eller vil det medføre at du for eiga rekning må skaffe reservebil? Ein tredje måte å sjå dette på er å sjå på kva det vil koste arbeidsgivar å kjøpe/lease yrkesbil som du kan bruke i jobbsamanheng, og bruke dette som utgangspunkt for å forhandle om kva sum du kan akseptere for å tillate å bruke privatbilen i jobbsamanheng.
×
×
  • Opprett ny...