Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Har ingen tunge motforestillingar mot at Norsk Tipping har ørten direktørar, at Norsk Tipping sløser med pengane dei får inn er sånn sett berre bra, då er det mindre igjen til premier, som igjen gjer det mindre spennande å delta i lotteriet. Norsk Tipping er i ein særposisjon ved at det er eigentleg ikkje ønskeleg at dette selskapet skal drive supereffektivt og tilbakebetale 90% av innsatsen som premier så er så høge at folk ikkje klarer å lese alle nullane. Eg er av litt same oppfattinga når det gjeld fartsbøter, inntektene frå fartsbøter burde som prinsipp gå til kunstverk i kantina på rådhuset, til kattepensjonat i Thailand, eller liknande ting som har liten til ingen samfunnsnytte. Bota svir meir når ein ikkje ein gong kan slå seg til ro med at i det minste så går pengane samfunnsnyttige formål. Sterkt tvilsomt. Ei erstatning må være knytta til eit reelt økonomisk tap, og det å skulle gi alle som feilaktig vart utropt som lottomillionærar ein 50-lapp som plaster på såret vil nok berre oppleves som ei fornærming. Eg håper eigentleg at det kjem erstatningssøksmål, for eg synes det er eit interessent spørsmål om kvar grensa mellom eit økonomisk tap og dårlege økonomiske vurderingar eigentleg går. Eg skjønner at dei som satt heime og som poppa den dyre champagnen har vanskelegheiter med å bevise at dei har lidd eit økonomisk tap etter å ha konsumert ein dyr champagne som dei hadde kjøpt inn frå før, men om ein har vært ute og bestiller den dyraste champagnen i restauranten i den tru at dei har blitt millionærar så er det litt meir nærliggande at dette er ein kostnad ein ikkje hadde tatt på seg utan lotterigevinsten, sjølv om ein også i dette tilfellet har fått konsumere dei edle dråpane. Kanskje den klaraste samanhengen mellom varselet og utgifter er dei som i løpet av få minutt klarte å bestille seg ein dyr utanlandstur med ikkje refunderbare billettar. Eller er det enkelt og greit slik at ein ikkje kan tørre å starte feiringa før premien er overført til kontoen og Norsk Tipping har bekrefta at det ikkje dreier seg om ei feilaktig utbetaling? Lotteri er ikkje heilt som ved avtaleinngåingar, men eg synes likevel at det er ein viss parallell mot bustadsalg der du som husselgar kan poppe sjampisen etter å ha akseptert budet vel vitande om at det er inngått bindande avtale der kjøparen har forplikta seg til å betale, også om kjøparen har vært dum og gitt bud langt over eiga finanseringsevne. I tillegg til at spela er designa for å trigge avhengigheit så har du heller ingen garanti for at oddsen du får oppgitt er reell om du gambler hos nokon som ikkje er underlagt ein tredjepartskontroll. Nettpoker og blackjack er eit typisk spel der ein lett kan svindle kundane sine ved å programere spelet til å gi fordelaktige kort dei fyrste rundene, for deretter å berre dele ut så dårlege kort at spelaren aldri kan vinne. Dette med juksing i gambling kan likevel førebyggast ved å gi slepp på spelmonoplet men likevel behalde ein statleg kontroll med dei som tilbyr gambling.
  2. Og der blei det akkurat kjent at JHA anker dommen. Så då blir det ny rettssak i høgsterett før vi får ei avslutning på denne saka.
  3. Eg er ikkje ueinig, han skulle heilt klart hatt forvaringsdom til å begynne med, og han skulle i alle fall ikkje fått innvilga tidleg prøvelauslating etter ein så alvorleg dom. Eg synes likevel ikkje at det er rett at den tidlegare uretten blir retta opp gjennom å bruke forvaringsdom utan tilstrekkeleg grunnlag. Det er ei stor svakheit at vi ikkje har ei straffelov som tillater slike feil å blir retta opp i på ein skikkeleg måte. Denne saka viser at vi burde hatt ein paragraf som opner for at ein domfelt som slepp ut etter 2/3 avsona straff kan måtte fullføre den siste 1/3 dersom det den domfelte igjen blir dømt for straffbare forhold. Altså at den tida som ein slepp å måtte sone ikkje blir ettergitt men i staden gjort om til ei betinga fengselsstraff. Eg synes at det å bruke forvaringsdom i dette tilfellet berre for å kunne fengsle JHA i meir enn dei 2 åra som er igjen for å oppnå maksstraff er heilt feil bruk av lovverket. Det er er som å skulle tiltale JHA for bæring av kniv på offentleg stad for å teknisk sett ha eit nytt lovbrot å dømme han på for å på den måte kunne få seie at han ikkje har fått meir enn 21 års fengselsstraff, han har fått 21 år for drap og voldtekt, 3 år for bæring av kniv, 1 år for feilparkering med sykkel, osv. Hadde vi fått ein riktig dom i 2000 så hadde nok JHA fortsatt satt innelåst i dag 25 år seinare på ein forvaringsdom, men når ein fyrst har vært så dumme å gi JHA 10 år på å bevise seg som rehabilitert utan gjentakingar så kan eg ikkje sjå korleis denne dommen på forvaring skal kunne stå seg. Dette er nesten som å be om å få ta saka opp i høgsterett, så då vil det gå enda fleire år før vi endeleg kan sette eit siste punktum i denne saka.
  4. Den kriminelle handlinga får her konsekvensar i form av 9 månedar fengselsstraff. For staten og samfunnet forøvrig så er det beste at erstatninga blir betalt inn slik at ikkje staten får igjen pengane sine. Hadde straffa her vært ei bot på 750 000 kr utan fengselsstraff i tillegg så hadde det vært meir problematisk med innsamlingsaksjon som har til formål å annullere straffa for lovbrytaren var dømt til. Det er også problematisk at dersom det blir samla inn meir pengar enn det som trengs for å betale erstatninga, så er det jo eit spørsmål om dei innsamla pengane kan sjåast på som betaling for å ha utført ei kriminell handling. Hadde ein på førehand samla inn 1 mill der 750k er for å dekke erstatning/bot og 250k er lønn for jobben så hadde det vært klart ulovleg. Når ein kriminell får gåvebeløp etter handlinga så er det vanskeleg å bevise ein årsakssamanheng mellom handlinga og den økonomiske gevinsten.
  5. Med det vi veit no så er det heilt klart feil person som vart dømt til forvaring. JHA slapp forvaring og fekk ein litt kortare dom fordi han fekk servert moglegheita til å utpeike VK som hovudmann. Når vi no veit at JHA var både både hovedmann og einaste deltakar så skulle han blitt dømt til 21 års forvaring i fyrste omgang om retten hadde tolka bevissituasjonen korrekt. Eg synes det er problematisk å bruke forvaringsdom på ein som i 10 år har fått bevise mangelen på gjentakingsfare. At JHA potensielt kan utføre nye alvorlege lovbrot skal ikkje være tilstrekkeleg for ein forvaringsdom, "alle" kan potensielt blir lovbrytarar i framtida. Vilkåret for forvaring er at gjentakingsfaren er stor. Når JHA har klart å leve i 10 år utan å voldta og drepe så burde det logisk sett være liten sjanse for at samfunnsrisikoen endrer seg i særleg etter 10 år. Sjølv om JHA er pedofil så har han så langt offentlegheita kjenner til ikkje utført slike handlingar. Han fekk ei bot for å ha hatt ulovleg porno på PCen, men etter mitt syn så er ikkje det eit speseielt godt argument for at gjentakingsfaren for drap og voldtekt er så overhengande at dei vanlege reglane for straffegjennomføring ikkje kan nyttast. Heile denne saka er ein verkebyll for det norske rettsvesenet. Det blir ikkje nødvendigvis betre av at den uretten som vart utført i år 2000 skal fiksast med å begå ny urett i 2025. Eg har ingen moralske kvaler med at JHA blir låst inne og nøkkelen kasta, det var det vi skulle ha gjort fyrste gongen saka var oppe. Men å no prøve å rette opp tidlegare urett ved å bruke forvaringsdom på ein måte som etter mitt syn er feilaktig kan aldri gjere opp for den originale feilen. Eg er stygt redd for at vi om nokre år får ei ny rettssak der JHA saksøker staten for erstatning for urettmessig forvaringsdom, i alle fall om forvaringsdommen utgjer at han blir sittande i fengsel lengre enn dei to åra som er maksimal fengselsdom for å ikkje gå over maksimalstraffen på 21 år.
  6. Blir spennande å lese grunngjevinga for dommen. Eg kan ikkje forstå korleis dei har funnet grunnlag for at gjentakingsfaren er så stor at han må dømmast til forvaring. I motsetting til dei fleste saker der ein må fastsette dommen basert på kva ein trur er gjentakingsfaren så har JHA vært ein fri mann dei siste 9,5 åra utan at han har begått nye lovbrot. At det no skal være stor gjentakingsfare etter 10 år der den einaste endringa er at han no er dømt for begge drapa, har eg vanskeleg for å forstå. At han no blir dømt til 2 års forvaring framstår som nemt berre ein måte å kunne holde han innelåst lenger enn 2 år. Eg skjønner absolutt kvifor ein velger å gjere dette, for det var sjølvsagt ei openbar tabbe å sleppe han ut etter å ha sona 15,5 år av dei 19 han vart dømt til å sone. Men sidan ein ikkje kan trekke tilbake prøvelauslatinga så prøver ein å fikse dette gjennom ein forvaringsdom for å på den måten kunne holde JHA innelåst i til saman 21 år. Når han no er dømt til forvaring så må han holdast innelåst i 5,5 år for at han til saman skal ha sona dei 21 åra han burde blitt dømt til i fyrste omgang. Denne saka har demonstrert ein stor svakheit i rettsystemet vårt på korleis vi skal forholde oss til straffedømte som har fått innvilga tidleg lauslating på grunn av god oppførsel , og ein seinare finner ut at dette ikkje var rett beslutning.
  7. Det store arbeidspresset er alle feila som har blitt avslørt og som har ført negativt mediapress og meirarbeid med å finne ut kva som har gått galt. Bruken av eksterne konsulentar har vært heilt nødvendig for å gjennomgå heile lotteriprosessen. Etter så mykje rot så har ikkje lotteritilsynet tillit til at Norsk Tipping kan ordne opp og kvalitetssikre systema sine utan å ta inn eksterne konsulentar. Denne feilen som var gjaldt tippelag der eit tippelag på 10 personar fekk 10 unike lodd inn i trekninga i staden for 1/10 lodd som hadde vært det riktige er såpass banal at den openbart burde vært fanga opp tidleg. I saka om tippelag så hadde dei til og med statistikk som klart viste at det var fleire tippelag som vann enn det som var statistisk sannsynleg. Ein ting er at statistikk ikkje er vitenskap og det usannsynlege er sannsynleg om utvalget er stort nok. Men når det veke etter veke er ei statistisk skeivheit så burde det føre til ein gjennomgang for å forsikre seg om at alt var som det skulle. Enkelt og greit så evna ikkje Norsk Tipping å oppdage og utbetre disse feila gjennom interne krefter, då må ein inn med eksterne konsulentar. Så får vi berre håpe at Norsk Tipping har god nok kompetanse til å kvalitetssikre arbeidet som konsulentane har utført for å sikre seg mot at det er lagt inn angrepsvektorar.
  8. Det blir oppgitt at ho trekker seg som administrerande direktør, det betyr vanlegvis at ein sluttar å jobbe med ein gong. Dersom ho har tenkt å jobbe ut oppseiingstida så ville det vært meir korrekt å seie at ho har sagt opp stillinga si. Eg kan ikkje forstå anna enn at ho mottek vanleg lønn i oppseiingstida på 6 månedar der ho formelt er tilsett men er fritatt frå arbeidsplikta, og i tillegg så mottek ho etterlønn i 6 månedar til etter at ho formelt sett ikkje lenger er tilsett. Ser at i fyrste meldingane om at ho trekte seg frå stillinga så var det også oppgitt at trekker seg som adm.dir etter mange månedar med stort arbeidspress, denne fallskjermen er til dels ei påskjønning for jobben ho har (prøvd) å gjere for Norsk Tipping, og til dels ein kompensasjon for at ho frivillig gir frå seg stillinga slik at styret slepp å køyre ein oppseiingsprosess. Ofte begrunnar ein også behovet for slike store fallskjermar med at det er nødvendig for å kunne rekruttere nye toppleiarar til ei slik stilling der ein potensielt kan bli nødt til å gå av på dagen. Også dei som har høg lønn har behov for ei viss forutsigbarheit. Om Norsk Tipping må vente 6 månedar med å få inn ny adm.dir kjem litt ann på kva styret bestemmer. Om eg skal gjette så har styret i Norsk Tipping bestemt seg for at ho fortsetter å få betalt i oppseiingstida frå det opprinnelege lønnsbudsjettet, og at etterlønna blir gitt som ei ekstraordinær bevilgning på budsjettet i 2026. Om Norsk Tipping ønsker å tilsette ny adm.dir med ein gong så kan det enkelt løysast med å bevilge ekstra lønnsmidler også på årrets budsjett. Reint praktisk så reknar eg med at dette blir løyst ved at ein startar på ein utlysingsprosess der ein sett startdatoen til 1 januar, og i mellomtida så blir leiaroppgåvene delegert og fordelt utover andre leiarar som gjer jobben utan å motta meir lønn for det.
  9. Som hovudregel er dette å ansjå som gåver og er då ikkje skattebelagt uansett beløp. Grunnen til at det å oppgi pengane som gåve ikkje er eit smutthol for all skatteplikt er at for at det skal være ei gåve så må pengane være noko som ein gir eller får utan å forvente å få noko tilbake. Gåver frå arbeidsgivar er definert som skattepliktige om verdien overstig 5000 kr, rett og slett fordi Skatteetaten ikkje har lit til at gåver med ein slik verdi ikkje er betaling for arbeid. I teorien så kan pengane frå crowdfondinga bli skattepliktig om ein kan bevise at donasjonen ikkje er ei gåve, men er meint som eit vederlag for å ha utført aksjonen. Det er nok tvilsomt at det er mogleg å bevise kva som er motivasjonen til dei som bidreg med pengegåver. Av samme grunn så er drikkepengane som ein får i servicebransjen skattepliktig fordi det er betaling du mottek for å ha yt god service. Det er også dette som gjer at disse influencerane med Onlyfans stadig vekk ryker på ein skattesmell, for donasjonane som dei mottek på den plattforma er sjeldan reelle gåver, det er betaling der ein forventar å få noko tilbake som til dømes nakenbilder eller ein chat.
  10. Ein må nesten fyrst ta stilling til det overordna spørsmålet: Skal fleirtalet ha makt til å endre alle delar av samfunnet, eller finnes det grunnleggande verdiar som ikkje skal kunne endrast? Til dømes dette med å gi vekk landet. § 1 i grunnlova fastslår at norge er fritt, sjølvstendig, udeleleg, og kan ikkje giast vekk. Så per dags dato kan ikkje Stortinget gi vekk delar av kongeriket eller akseptere at Vestlandet blir eigen stat. Grunnlova kan likevel endrast, det krever berre behandling over to stortingsperioder. Så dersom ei Regjering ønsker å gi vekk landet så må dei fyrst foreslå ei grunnlovsendring som skal stemmast over i neste stortingsperiode. Eksempelet med opptak av gjeld synes eg er interessant. I dag har vi eigentleg ingen sikringsordning for at fleirtalet på Stortinget bestemmer seg for å ta opp eit enormt lån som blir sløst vekk, og som då blir eit enormt problem for neste generasjon. Eit spørsmål er då om det er mogleg å begrense Stortingets økonomiske handlingsrom samtidig som vi ivaretek demokratiet? Skal staten ha eit ansvar for å etterlate seg verdiar til neste generasjon? For vanlege folk så har ein ingen slik plikt til å etterlate seg ei einaste krone i arv til barna.
  11. For skadeverket isolert sett så kan 9 månedar fengsel i tillegg til erstatninga høyres strengt ut. Eg er likevel av den oppfattinga at straffa for å bryte seg inn på militært område iført svarte klede og finlandshette burde vært langt strengare. Ein ting er at han utsatte seg for livsfare ved at han potensielt kunne blitt skutt, men viktigast er at vi kan ikkje lage ei opning for at utanlandske agentar gjennomfører aksjonar og får lite straff om dei gjennomfører aksjonen under påskot av å være aksjonist. Det er også flaut for Luftforsvaret at det var så enkelt å ta seg inn utan å bli oppdag av verken vaktpersonell eller alarmsystem, men det er sjølvsagt ikkje aksjonistens feil.
  12. Varierer etter produsent og dimensjon, kan være så lite som 0,5 cm og til over 1,5 cm. Problemet med kutt i sideveggen er at det medfører ei stor svekking. Kombinasjonen av trykket i dekket og køyrebelastning vil kunne føre til at denne rifta fort blir større. Framdekk er meir utsatt sidan dei dekka også blir brukt til styring og dermed får større belastning i horisontalretning.
  13. Dekksentera har alltid dekk på lager, med mindre det er veldig spesielle dimensjonar så byttar dei på 30 minutt for seg. Største hinderet akkurat no er at enkelte dekksenter kan ha tatt sommarferie. Min erfaring er at det er berre å svinge innom når du ikkje kjem i høgsesongen der alle skal bytte til eller frå vinterdekk.
  14. Det kjem heilt ann på kvar hytta ligg og korleis den er bygd. Kommunen er rette plassen for å nøste i kva som er mogleg å få til. Eit minste krav for å bruke hytta som heilårsbustad er at det er innlagt straum og vatn, samt at det er heilårsveg til hytta. Merk også at sjølv om det er ulovleg å bu fast i hytta så er dei praktiske konsekvensane små. Det vanlegaste er at du risikererer pålegg om å flytte ut med tilhøyrande dagbøter om du ikkje gjer det innan fastsatt frist. Men fyrst må kommunen finne ut at du opoheld deg der meir enn halve året.
  15. Fordelen med Norsk Tipping er at då er det ingen mellommann, gamblinga er då heilt reelt sett ein frivillig skatt som går nesten uavkorta til statskassa om du ikkje vinner. Eg kan forstå at det kan være vanskeleg å bevise ein direkte årsakssamanheng mellom gevinsten og champagnen, og ein kan argumentere at ei feiring før ein har fått pengane er dum dristig, men likevel så meiner eg at det er lett å sette likheitsteikn mellom feilen og utgifta. Har ein brukt heile kvelden på å planlegge kva ein skal bruke pengane på, som var det andre eksempelet så vil ein nok ikkje få noko som helst sidan ein då ikkje har lidd eit økonomisk tap på å planlegge. Hadde vært interessant å sett kva som hadde skjedd om nokon sa opp jobben slik som i det humorbidlet som no går sin seiersgang. Då vil det økonomiske tapet være inntektstapet mellom der ein sluttar å jobbe fram til ein eventuelt får ny jobb. Eg veit at Norsk Tipping har tatt atterhald for feilutbetalingar, men eg har ikkje fanga opp at dei har tatt atterhald på at pushvarsel/sms/telefonoppringing ikkje er å ansjå som ei stadfesting av gevinsten.
  16. Eg er spent på om dette får praktisk konsekvens for dei som feilaktig vart utpeikt som vinnarar. Ser at VG har ein artikkel der dei har snakka mes forbrukerrådet. Der er der eit sitat om retten til erstatning: Vil ikkje dømet med å sprette ein dyr champangne være eit typisk eksempel på at feilen om at ein har blitt millionær har fått økonomiske konsekvensar som ein kan kreve erstatning for?
  17. Tenker det er meir innafor, der blir eigentleg som at du får litt kvantumsrabatt om du skal parkere lenge. Litt på same måte som at mange parkeringshus har ein makspris per døgn som er lågare enn det hadde kosta om du måtte betale for alle 24 timane i døgnet.
  18. Den kommunale vassavgifta blir vanlegvis fastsatt med eit stipulert forbruk multiplisert med arealet om det ikkje er montert vassmåler. Logikken med det er at i store hus og i store leilegheiter så er det plass til fleire personar som forbrukar vatn og avløp. Typisk er det det einslege og par i store hus som har mest å tene på å ha vassmålar og berre betale for det vatnet som dei brukar framfor at kommunen gjetter på at huset er stort nok til å huse 7 personar som dusjar kvar dag. Dei som har mest å tape på å betale etter forbruk er små leilegheiter der det bur mange personar. Eg ser ingen grunn til at vassavgifta ikkje skal delast utelukkande etter eigarbrøk, då det også er kommunen reknar ut kor mykje burettslaget skal fakturerast. Det å montere vassmålarar er ein kostnad, der største kostnaden er røyrleggararbeidet. Den store fordelen med at alle får betale etter forbruk er at det gir folk ein grunn til å ikkje sløse med vatnet, og på den måten påvirke månedlege kostnadar gjennom eigne tiltak. Fordelinga av TV/internett er litt meir uklar.I forarbeida til eigarseksjonslova så står det at installering av linjer og nett er ein del av den vanlege forvaltninga av sameiget sidan dette har ein viktig samfunnsfuknsjon. Det medfører at installasjonskostnaden og også kostnaden med standard TV/Internett-pakke er ein felleskostnad. Felleskostnadar skal dekkast etter eigarbrøk. Det er ikkje skrevet tilsvarande om burettslag, men på dette området så er det grunnlag for å hevde at argumenta som gjeld sameiger også vil gjelde burettslag. Dette medfører at det som er mest korrekt er at TV kostnadane også er fordelt etter eigarbrøk, og at eventuelle utvidingar som er mogleg å få blir betalt av kvar enkelt andelseigar. Eg veit likevel at mange sameiger og burettslag fakturerer kostanden for eit TV-abonnement per andel, men det er nok meir fordi det både er enkelt, kjennes rimeleg ut, og ikkje minst at det ikkje er nokon som har klaga på kostnadsfordelinga. Etter mitt syn så er ditt burettslag ute på tynn is alt ved at dykk fordeler felleskostnadane både etter areal og etter nytte i ei 50/50 fordeling. Dette er det etter mitt syn ikkje rom for så lenge hovudregelen er at kostnadane skal delast på eigarbrøk. Ein skal eigentleg dele alle kostnadane på eigarbrøken, og med berre nokre ytterst få unntak som kan fordelast på anna måte. Det går i alle fall ikkje ann å berre vedta at 50% av felleskostnadane kjem inn under unntaksbestemmelsane uavhengig av kva som ligg bak kostnaden. Det finnes ein høgsterettsdom frå 2013 som slår fast at i eit sameige som har heis så skal alle andelane være med å betale kostnadane med heisa etter eigarbrøk uavhengig av om dei sjølv kan nyttegjere seg av heisa. Sameiget som høgsterett tok stilling til var eit sameige beståande av sju blokker der det berre var heis i fire av dei. Høgsterett slo fast at også dei som budde i dei tre blokkene utan heis måtte ta sin del av heisvedlikeholdet. I denne saken så vurderte høgsterett at unntaket om å fordele etter nytten ikkje gjorde seg gjeldande. Høgsteretten vurderte det også slik at i denne saka så gjaldt heller ikkje mindretalsvernen. I lys av denne høgsterettsdommen så kan eg ikkje sjå at det finnes gode grunnar til å fordele TV og vassavgift på nokon anna måte enn etter eigarbrøken.
  19. Eg er veldig spent på om det føreligg nok bevis til å få ein dom. Voldtektsforbrytingar er notorisk vanskeleg å bevise, men etter som eg har forstått så skal det finnes videoopptak gjort av Marius sjølv. Eg trur nok at @Vokteren får rett i at Marius nok vil få ein strafferabatt på bakgrunn av mediaoppmerksomheita. Det er eigentleg ikkje rom for å gi slik strafferabatt, men dommaren kan bruke skjønn på straffeutmålinga. I gruppevoldtektssaka i Bergen så fikk dei dømte ein strafferabatt på 10% for å ha blitt hengt ut i sosiale media. Det som blir spennande å sjå er om uthengig i redaksjonsstyrte media vil vektast på same måte i straffeutmålinga. Dette blir ei komplisert sak å skulle dømme i. Om Marius blir dømt så er det nødvendig å gi han ei straff som ikkje skapar presedens for straffeutmålinga i framtidige serievoldtektssaker, for ikkje å snakke om at ein må hindre at folk får inntrykk av at profilerte personar slepp billegare unna. I den samanhengen så er saka også interessant ettersom offera i denne saka også er kjendisar med den ekstrabelastninga det medfører. Sjølv om Marius ikkje har nokon rolle i kongefamilien så tek det seg uansett dårleg ut om Marius blir sittande i fengsel dei neste 10 åra.
  20. Det er eigentleg ikkje mogleg å seie så mykje om prisen. Betalingsviljen for konsulenttenester er styrt av tilgangen på kompetanse og behovet for å få utført arbeidsoppgåvene utan å binde seg i lang tid. Dine største konkurrentar som innleigd konsulent er om selskapet du i dag jobbar får klarer å tilsette nokon nye med omtrent same kompetanse som du har og til omtrent same lønn som du har. I så tilfelle så har ikkje selskapet behov for å leige inn konsulent. Unntaket er at selskapet kan velge å heller betale meir for innleige enn det kostar å tilsette ein arbeidstakar dersom det er usikkerheit om kor lenge arbeidet varer. Det er lettare for selskapet å droppe ein innleigd konsulent når behovet for arbeidskrafta går ned om 6 månedar enn det er å skulle seie opp ein fast tilsett. Sidan du har kollegaer i dette selskapet som har valgt denne løysinga så bør du absolutt snakke med dei for å innehente erfaringar. Det er ikkje sikkert dei vil fortelle så mykje om kva dei tar i timen og kor mykje dei sitt igjen med, særleg om det går dårleg. Det er likevel dumt å ikkje snakke med disse innleigde kollegaene før du også hopper inn i konsulentbransjen. Om det er gode tider så kan det til og med være aktuelt at du starter å jobbe for eit av disse konsulentfirmaene. Det kan også være relevant å snakke med sjefen din for å sjå om du klarer å få ut nokre opplysningar den vegen om kva dei betalar for konsulentane og korleis dei stiller seg til å leige inn fleire. Eg tenker nok også at før du tek steget fullt ut og leverer oppseiing i håp om at du blir leigd inn som konsulent så er det veldig aktuelt å ta ein prat med sjefen om kva dei kan tilby deg i lønnsauking for at du fortsetter å være i selskapet som fast tilsett og ikkje som konsulent.
  21. Eg vil ikkje svartmale situasjonen fult like mykje som andre i tråden har gjort. Eg er likevel einig i at du skal trå forsiktig. Det å skulle møtast nokre gongar på fritida er ikkje nødvendigvis problematisk for deg profesjonelt. Utfordringa er å avgjere når dykk får så god kontakt at du må trekke deg frå å være kundebehandlaren hennar. Går det bra og det utvikler seg til eit nært vennskap eller kjæresteforhold så kan du ikkje være kundebehandlar for denne kunden, det er likevel langt meir romsleg når relasjonen er bekjentskap eller vennskap som ikkje er nært. Husk også at dersom du går på date eller liknande og det ikkje blir noko meir så vil du nok fortsatt være habil i rollen som kundebehandlar, men då spørs det om det ikkje blir kleint å skulle ha ein profesjonell relasjon i tida etterpå. Å informere sjefen tenker eg har lite for seg, rett og slett fordi sjefen kan ikkje gjere så mykje anna enn å fråråde slik kontakt då det kan ha konsekvensar for banken både i forhold til habilitet og ikkje minst omdømmemessig. Det er nok også slik at det er stor fare for at denne kunden kjem til å bytte bank etter daten, enten fordi daten gikk bra og det tross alt er enklare at ho bytter bank enn at du bytter jobb. Eller fordi daten gikk dårleg og ho ikkje lenger vil ha ein bank der ho risikerer å møte på nettopp deg. Som banksjef så er beste utfallet av ein slik situasjon at dykk ikkje får ein endra privat relasjon, for då vil alt være som før. Om den private relasjonen endrar seg så er det også mykje praktisk som vil endre seg, kanskje mister banken ein kunde, kanskje mister banken ein ansatt fordi du seier opp jobben, eller kanskje det mest realistiske endringa er at banksjefen må gjere ei rullering i portefølgen slik at du ikkje lenger er kundekontakt for denne kunden. Eg gjer meg også nokre tankar om at du må vurdere nøye dine eigne prioriteringar. Er du til dømes villig til å seie opp jobben om det blir nødvendig? I det du inviterer på date så hoppar du med begge beina, og det er nesten umogleg å ta eit skritt tilbake slik at alt blir som før. Korleis vektlegger du behovet/ønsket om å bygger jobbkarriere opp mot behovet/ønsket om forhold med denne personen? Det viktigaste her er at du ikkje lurer deg sjølv til å tru at du klarer å balansere alt dette, og at det å ha ein kunde som også er kjæresten din går heilt fint og er heilt uproblematisk. Du må som minimum seie frå til sjefen når du har oppnådd ein god tone med denne kunden og før det har blitt eit ordentlig forhold slik at sjefen har muligheit til å gi deg føringar og valgmuligheiter. Om ikkje så er det berre eit spørsmål om tid før dette går gale og du har rota deg opp i ein situasjon som gir store følger.
  22. Det ligg ute ein god del annonser som burde passe dine behov. I dette prissegmentet så er det likevel veldig store variasjonar i kva du får, alt frå heilt kurrante bilar som nyleg har bytta registerreim og er EU godkjent, til bilar som du må rekne med å bruke tilsvarande beløp berre for å få i køyrbar stand. I forhold til bulker og riper så kan det på generell basis være fornuftig å sjå på bilar som har blitt mest brukt i grisgrendte strøk og som i liten grad har blitt brukt på stadar der det er gateparkering eller parkeringshus, mykje av riper og småbulkar stammar frå parkeringsskader. Ulempen med disse bilane er at dei kan ha veldig høg kilometerstand ettersom det ofte er litt avstandar i grisgrendte strøk.
  23. Praktisk talt er det ofte du som må stå for dette. Det er heilt klart skadevolder som er ansvarleg men ofte er det lite pengar å hente frå den tidlegare eigaren som har fått bustaden solgt på tvangsalg. Merk likevel at dersom det samla kravet er mindre enn det bustaden blir omsett for så kan det være igjen eit restbeløp som tilfaller den tidlegare eigaren etter at anna gjeld er betalt, så i slike tilfeller så kan det være litt pengar å kreve inn som erstatning. Ved kjøp på tvangssalg så kan du ikkje heve kjøpet, men du kan kreve prisavslag når formuesgodet er i vesentlig dårligare stand enn kjøparen hadde grunn til å rekne med, nok som vil være tilfelle om bustaden har blitt ramponert i tida mellom visning og avtaleinngåing. Dette følger av tvangsfullbyrdelsesloven § 11-39. Sjølv om du har rett til prisavslag så er det litt komplisert, mellom anna så må du uansett betale heile det avtalte beløpet. Du kan likevel kreve at delar av kjøpesummen blir holdt tilbake fram til ditt erstatningskrav er rettsleg behandla, då må du huske på å gå til søksmål innafor tidsfristen på to månedar. Kravet om prisavsalg bør være relativt stort og godt begrunna for at det i praksis er verdt å bruke tid og pengar på eit søksmål. På grunn av dette så er det lurt å prøve å finne ut mest mogleg om omstendigheitene for tvangssalget. Risikoen for at tidlegare eigar ramponerer huset er større om inntektene frå tvangssalget ikkje er stort nok til å dekke all gjeld slik at den tidlegare huseigaren uansett blir sittande med uhandterleg gjeld. Om den tidlegare eigaren har 2 mill i gjeld og leilegheita blir solgt for 2,5 mill så vil den tidlegare eigaren sitte igjen med 500k etter salget, då er det mindre sannsynleg at vedkommande er så sjølvdestruktiv at han/ho utfører skadeverk til 500k og blir sittande igjen utan verken bustad eller pengar på konto. Risikoen er også vesentleg mindre om eigaren alt har flytta ut slik at det er berre medhjelparen som har nøklar til leilegheita i tida mellom visninga og avtaleinngåinga.
  24. Angåande det heilt praktiske så vil ambulansepersonalet ha ein radio for å prate med AMK og ein anna radio for å snakke med politiet og liknande. Skal du ha ein propp i kvart øyre så blir det veldig vanskeleg å høyre kva som blir sagt i rommet du er i. Det blir omtrent som å ha ein earbuds i kvart øyre som med ein podcast på kvart øyre og samtidig prøve å føre ein samtale face to face. Akkurat meldinga om at politiet også var der ligg langt utanfor det som tausheitsplikta til helsepersonell dekker, dessutan så er det slik at dei nabane som eventuelt var nært nok til å høyre sambandet er også definitivt nært nok til å sjå at ambulansepersonellet er inne hos deg, og kaster dei då eit blikk ut av vinduet så vil dei sjå at det står både ein ambulanse og ein politibil ved inngangsdøra. Eg hadde vært meir bekymra for at naboane trur at det var politiet som gjekk til aksjon mot deg med ambulansen som backup, enn at dette var eit helseoppdrag med politi-backup som faktisk var tilfellet.
  25. Eller som ei sikkerheit for ambulansepersonalet dersom du hadde blitt utagerande. Forøvrig er det oftare motsatt, at ambulansen står klar i nærheita som sikkerheit for politiet som skal ghennomføre ein aksjon.
×
×
  • Opprett ny...