
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Få i seg nok proteiner når man endrer livsstil/prøver å gå ned i vekt
The Avatar svarte i et emne i Helse
Ernæringsmessig så treng du ikkje å få i deg særleg mykje protein, ein tommelfingerregel er at du bør få i deg 1 gram per kilo kropsvekt, ofte mindre. Så veg du 100 kg så bør målet være å få i deg i underkant av 100 gram protein. Den mengden med protein er det nesten vanskeleg å ikkje få i seg reint ufrivillig. Ei brødskive med grovt brød inneheld 3-4 gram protein berre med ei tørr skive utan pålegg. Sjølv potetgullet ditt inneheld omtrent 6 gram per 100 gram. Så om du dagleg et ei 300 grams pose med potetgull så får du i deg ca 1/5 av proteinbehovet ditt berre gjennom potetgull. Om du slit veldig med å ete mat som naturleg inneheld protein så kan proteinpulver være eit hjelpemiddel. Kjøper du pulver utan smak så kan du blande proteinpulver i nesten alt av mat og drikke slik at du nesten ikkje merker inntaket. Sjølv om det ikkje er heilt å anbefale helsemessig så kan eit lite skritt i retninga av betre kosthold være å bytte ut potetgullet du et til kvelds med nacho. Topper du nachoene med kjøttdeig eventuelt bønner (dei veganske tacopakkane som inneheld soyaprotein og skal blandast ut med knuste tomater er overraskande godt og enkelt). Legg du litt ost over så får du litt ekstra proteiner der. Då får du fortsatt fiksen din gjennom sprø og salte nacho-chips i staden for vanleg potetgull, men i tillegg får du i deg fleire næringsstoff gjennom fyllet på nachoen. Dette er ikkje helsekost, men som alternativ til potetgull åleine så er nachos eit meir balansert måltig. For ekstra bonuspoeng så kanskje du klarer å få litt grønnsaker i fyllet også. For deg som ikkje orker å lage så mykje mat så er tacokjøttdeig heilt suverent å steike opp i større mengder og varme opp ved behov. -
Strengere innvandringspolitikk er helt feil og gammeldags
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Utfordringane her er komplekse. I utgangspunktet er det veldig enkelt. Asyl innvilger vi til folk som er forfulgte og som risikerer livet om dei ikkje kjem seg ut av landet sitt, den praktiske utfordringa er at det ikkje er alle som blir trudd og at det er ein del som lyg til oss fordi asyl ofte er enklaste måten å få opphaldsløyve på. Innvandring aksepterer vi i utgangspunktet berre når dei som søker arbeidsløyve kan stille med arbeidskraft som vi mangler i Norge, ofte når det gjeld spesialkompetanse men etterkvart også folk som er villige til å ta jobbar som nordmenn ikkje vil ha. Det som gjer det heile komplisert er dei mennesklege verdiane og då særleg familigjenforeining. Det er klart at den nærmaste familien til ein som har fått opphaldsløyve i Norge også bør få kome til Norge, å kreve at også kone og barn har spesialkompetanse som Norge treng vil i praksis være vanskeleg. Det andre momentet er at sjølv om du har reell rett til å få asyl, så er det heilt forståeleg at dersom du fyrst må flykte frå heimlandet ditt for å starte eit nytt liv i eit nytt land, så vil du gjerne gjere dette i det landet som gir deg dei beste forutsetningane for å lage deg eit godt liv. Det er klart det frister meir å søke asyl i eit vestleg land med gode velferdsgoder enn å søke asyl i nabolandet som ofte også slit med fattigdom, korrupsjon og interne stridgheiter.- 4 svar
-
- 2
-
-
Pistolen har fleire sikringar der langt og hardt avtrekk er ein av sikringane. Utfordringa for det norske politiet er at vi har ein våpeninstruks der ein har kule i kammeret, noko som drastisk aukar faren for vådeskot. Er kammeret tomt så kan ikkje vådeskot skje utan at det fyrst er tatt ladegrep og deretter kjem ein borti avtrekkaren. Vi har enkelt og greit ein våpeninstruks som er berekna frå den tida der politiet bevæpna seg fordi dei skulle ut på eit oppdrag der skyting av veldig sannsynleg. Når du skal gå inn i ei bygning der det er ein skurk med skytevåpen så må du openbart ta ladegrep og skru av sikringa før du opner døra, du kan ikkje stå på dørterskelen og bruke tid på å ta ladegrep når skurken står og sikter på deg. Når ein er ute og patruljerer derimot så vil det nesten aldri skje at dette sekundet som går vekk på å ta ladegrep er forskjellen på liv eller død. Blir politiet overrumpla så er ein alt i ein svært ugunstig situasjon. Vådeskota som har skjedd har stort sett vårt relatert til at ein på slutten av vakta tek ut magasinet men gløymer å tømme kammeret.
- 171 svar
-
- 4
-
-
-
For å ta det siste fyrst. Det er dessverre slik at den raskaste måten for politiet å få full kontroll på situasjonen er ved å bruke mykje vold. Ein kunne prøvd å samla ein gjeng som kunne bryte gjerningsmannen ned i bakken, men det medfører større risiko, det tek lengre tid enn å skyte, og det stjeler politiressursar som kunne blitt brukt til å yte fyrstehjelp. Dette er også eit av mine ankepunkt mot fast bevæpna politi. Eg meiner heilt bestemt at framskutt lagring der politiet må ta seg tid til å stoppe opp, låse ut våpen, ta på seg verneutstyret, og ikkje minst få nokre sekund til å roe tankane og legge ein handlingsplan, gir totalt sett eit betre politi. Når ein går med skytevåpen og minimalt med verneutstyr så vil ein oftare ende opp i situasjonar der ein må bruke skytevåpenenet fordi ein ikkje har på seg utstyr som egnar seg dersom det blir nærkamp, og dersom det blir nærkamp så er det alltid ein trusse for at skytevåpenet ender opp hos gjerningsmannen. Det er ei hårfin grense mellom der det er gunstig at ein politibetjent kan springe til unsetting og redde sitiuasjonen ved å skyte gjerningsmannen umiddelbart, kontra at politibetjenten spring inn i ein farleg situasjon og blir slått ut, og no har knivmannen også eit skytevåpen. Til det fyrste så er eg einig i at politiet burde ha fleire verktøy i verktøykassa si, slik at ein kunne kontrollert og stoppa ein voldeleg person utan å ty livstruande vold. Nøkkelen her er då kombinasjonen av at det er nok politi tilgjengeleg slik at politiet er i overtall tidleg i hendinga, og at politiet tek seg tid til å hente fram utstyret som trengs. Men 1 eller 2 politfolk i kvar bil så er det i praksis ikkje mogleg å planlegge for at ein skal ta kontroll på situasjonen med muskelkraft, då blir det fort nødvendig å bruke våpen, enten det er batong eller skytevåpen.
- 171 svar
-
- 3
-
-
-
Pepperspray og elektrosjokkvåpen er no standard utrusting. Problemet med disse hjelpemidlane er at bruksområdet er smalt. Peppersprayen har kort rekkevidde og vil i beste fall føre til at gjerningsmannen peiver med kniven i blinde noko som gir liten sikkerheit sidan ein ikkje treng nøyaktigheit for å skade folk med kniv. Elektrosjokkvåpen kunne vært brukt, men har den ulempen at ein har berre ein sjanse og då må ein treffe med begge lederane for å kunne gi støyt. Treffpunkta bør også være slik at straumen går gjennom overkroppen for at det skal være effektivt. Om begge leiarane treff same foten så gir det berre lammelse (og smerte) i den foten. Skal politiet bruke elektrosjokkvåpen i slike situasjonar så er dei ganske avhengig av at det er fleire politifolk i nærheita som har andre verktøy i bakhand, som til dømes skytevåpen.
- 171 svar
-
- 7
-
-
-
Basert på det eg får ut av videoen er nok skytinga godt innafor, både for å sikre raskast mogleg helsehjelp til offeret, og fordi både politimannen og dei sivile er langt nærmare gjerningsmannen en dei 10 meterane som vanlegvis blir rekna som sikkerheitsavstand. Basert på det korte klippet så klarer eg ikkje å avgjere kor truande mannen oppførte seg, men det er i alle fall openbart at han ikkje frivillig slapp kniven. Hadde politiet ikkje vært bevæpna så måtte politiet løyst situasjonen på ein anna måte, utfallet vil då være ganske så tilfeldig. Alt frå at gjerningsmannen hadde overgitt seg etter litt meir oppfordring, til at fleire hadde blitt knivstukket. Eg er ingen forkjempar for bevæpna politi, men i denne situasjonen var det nok rett å bruke skytevåpen. Einaste betenkelegheita eg har er at vi ikkje veit om skjold og batong vart vurdert som eit alternativ for å uskadeleggjere gjerningsmannen. Det sagt så er det ikkje sikkert at gjermingsmannen hadde blitt mindre skada av å bli skambanka med batong til han ikkje lenger var i stand til å utgjere ein trussel.
- 171 svar
-
- 7
-
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Tenker at presten (som profesjonell part) bør klare å planlegge det slik at han/ho ikkje er midt i sermonien kl 12 den andre onsdagen i januar og juni. Grunnen til at dette tidspunktet er valgt er at kl 12 på ein onsdag er det tidspunktet det skal gi minst konsekvensar. Det er veldig vanleg at begravelse startar kl 10.30 og eventuelt kl 13 om det er fleire på same dag, og då er sermonien enten over eller har ikkje starta når klokka blir 12. Klokka 12 er også det tidspunktet der det er svært få som søv, sjølv dei som jobnar nattevakt bruker å vokne til midt på dagen. Ein finn aldri eit perfekt tidspunkt for ein slik test, men det hadde nok vært mykje verre å ta testen på andre tidspunkt. -
Om naboane reagerer på støyen så er det i det minste ein indikasjon på "utilbørleg larm", det må likevel gjerast ei konkret vurdering. Var dette arbeidet unødvendig å utføre på dette tidspunktet? Var det meir støyande enn det kunne ha vært? Er slikt arbeid vanleg i nabolaget? Tid på døgnet kan også være av betydning, sjølv om det er rauddag heile døgnet så kan tidspunkt være relevant i forhold til i kor stor grad naboane må tole støyen.
- 19 svar
-
- 1
-
-
hvordan kalkulerer bedrifter bevegelige helligdager?
The Avatar svarte på Mykesider sitt emne i Jobb og karriere
Det er fleire måtar å gjere det på, både ved å detaljbudsjettere det eksakte talet på raude dagar der det skal utførast arbeid, eller ved å gjennomsnittsberekne. Disse 7-12 dagane i året som kan havne på virkedagar utgjer totalt sett ganske lite på årets lønnsbudsjett, bruk av overtid som å kalle inn vikar ved sjukdom utgjer fort mykje meir pengar frå lønnsbudsjettet. -
Største "utfordringa" til pride er at ikkje finnes ein konsensus på kva ei pride markering skal og skal ikkje være. Vi har no alt frå at pride er ei feiring av at i Norge er alle frie til å være seg sjølv, til at det er ein protest aksjon med hensikt om å terge alle konservative. I tillegg til at mange bedtifter har kasta seg på fordi det gir økonomisk gevinst å farge logoen regnbogefarga i juni. Som i alle andre tilfeller så er det dei mest høglytte på kvar side som markerer seg, alle dei i midten drukner i støyen. Så på samme måte som at alle dei som markerer pride har ulik motivasjon og grunn for å være med på markeringa, så har alle dei som ikkje vil markere pride ulik motivasjon og grunnlag for å kritisere.
- 286 svar
-
- 2
-
-
Sikkerheitsklarering og vandelsattest er ulike ting, det som er viktig for sikkerheitsklareringa er at det ikkje finnes forhold som andre kan bruke som pressmiddel mot deg. At du har fyllekøyrt påvirker meir vandelen enn sikkerheitsklareringa, unntaket er dersom du forsøker å holde dommen skjult, for då kan nokon potensielt presse deg ved å true med å avsløre hemmelegheita di.
-
Det et tydeleg at du har fått opplæring i forbrukerkjøpsloven av samme gjeng som påstår at grensen mellom 2 og 5 år reklamasjonsrett går på om produktet får plass i ein pose. Det finnes nokre uklarheiter og eg skal innrømme at lova ikkje alltid er heilt i tråd med det som er vanleg praksis. Mobiltelefon er ikkje definert som hygieneprodukt etter forbrukerkjøpsloven, for formålet er ikkje hygiene slik som på ei tannbørste eller ei barbermaskin. Det er nok enkelte som bruker mobilen på så lite hygieniske måtar at alle formar for reklamasjon, garanti og bytte burde vært nekta, men det vil bryte med forbrukarkjøpslova.
- 28 svar
-
- 1
-
-
Opprinneleg så var formålet med angreretten at den skulle gjelde enten i tilfeller der du blir oppsøkt og måtte ta stilling til eit kjøp med lite tid til å vurdere, eller i tilfeller der ein handla via telefon og då ikkje hadde muligheit til å vurdere produktet fysisk før du fekk det i posten. I dag har det etter mitt syn sklidd litt ut med litt diffuse grenser. I dag har du gjerne begrensa med muligheit til å teste produktet i butikk, særleg når det gjeld elektronikk. Etter mitt syn så er det eit paradoks at når du møter opp fysisk så får du i beste fall sjå på ein dummy-telefon butikken og du har dp ikkje angrerett. Men bestiller du frå butikkens nettbutikk så kan du teste ganske mykje i 14 dagar, alt frå oppstartstid, batterikapasitet, osv. Du kan berre ikkje ha tatt i bruk telefonen som din eigen. Noko som også får litt diffust utfall på mobiktelefonar der ein gjerne logger seg på skylagring som det første du gjer når du slår på telefonen, som då automatisk laster inn alt av personleg innhold. Du kan sjølvsagt fabrikkgjenopprette før innlevering, men on du har brukt telefonen som din eigen så har du strengt tatt ikkje angrerett lenger sjølv om du lett kan skjule dine spor.
- 28 svar
-
- 1
-
-
Det kjem ann på den eksakte løysinga, det avgjerande er om heile avtalen er gjort som fjernsalg eller ikkje. Det er mykje nyansar her, men i grove trekk vil du ha angrerett om varen er bestilt og betalt so fjernsalg, då er det i praksis ingen forskjell på om du henter pakken på postkontor eller i butikken. Har du derimot tinga deg ein vare som du går til butikken for å betale, så er ikkje kjøpsavtalen i sin heilheit inngått som fjernsalg. I eit slikt tilfelle vil du som kunde heller ikkje være forplikta til å møte opp for å hente og betale fordi ingen av partane har forplikta seg til kjøpsavtalen.
-
Ved fjernsalg har du angrerett, og du har lov til å opne emballasjen og teste produktet. Det du ikkje kan gjere er å ta ibruk telefonen som din egen, i tillegg er det nokon unntak for hygieniske og praktiske grunnar, men det vil ikkje være gjeldande i dette tilfellet.
- 28 svar
-
- 1
-
-
Tesla vil holde ulykkesdata hemmelig
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Det kan være veldig mykje, alt frå banale ting som at dataene viser talet på kameraer som var vært i bruk og kva detaljar kameraet har fanga opp, til meir konkret teknologi som kva algoritmene får ut av dataene. -
Tesla vil holde ulykkesdata hemmelig
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Dette er ei ikkje-sak. Overskrifta legg fram saka som at Tesla ikkje vil dele sine ulykkesdata, men det som er saka her er at det er ei avis som har gått til sak mot amerikanske myndigheiter for å få offentleggjere ulykkesdataene som Tesla har delt med ulykkesetterforskarane. Eg skjønner godt at Tesla ønsker å verne om teknologien sin. Det er heilt vanleg i alle samanhenger at myndigheitene etterforsker ulike saker utan at alle detaljane blir offentleg kjent. Det er openbart at myndigheitene treng all tilgjengeleg informasjon for å kunne etterforske bilulykker, men om det då skal bli automatikk i at alle tekniske hemmelegheiter skal offentleggjerast så vil nok det sammarbeidet fort stoppe opp. Så er det sjølvsagt eit stort spørsmål om det er slik det skal og bør være. Eg tenker umiddelbart at norske myndigheiter kanskje burde sette vilkår om at forutsetninga for å få prøve ut sjølvkøyring på norske vegar er dette løyvet berre skal gjelde for sjølvkøyrande bilar som bruker offentleggjort teknologi. For det handler om trafikksikkerheit, og skal vi raskast mogleg få utvikla gode nok sjølvkøyrande bilar så bør alle bilprodusentar få kunne lære av kvarandre sine feil. Om ikkje så risikerer vi at vi får mange alvorlege ulykker som er ganske like for at kvar einaste bilprodusent må lære på den harde måten kva som ikkje fungerer.- 14 svar
-
- 1
-
-
Redd for å virke nedlatende.
The Avatar svarte på R1ncewind sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Eg er ikkje einig i at du enabler problemoppførselen, for korleis skal det fungere? At ho fortsetter å kome for seint for å få skryt? I så tilfelle så er det den ønska oppførselen som blir enabla. Det er sjølvsagt ei grense for kor uhemma du skal skryte av av nokon får til heilt enkle ting som det er forventa at alle skal få til. Samtidig så er det eit poeng å gi positiv tilbakemelding på at det merkes at ho har skjerpa seg. For det er vel ønskeleg at ho skal fortsette på denne måten og ikkje falle tilbake til gamle vanar?- 7 svar
-
- 1
-
-
Jonas drapet - kan vi ikke bare gå rett på sak?
The Avatar svarte på Borger___ sitt emne i Politikk og samfunn
Grunnen til at straffa er mildare er at retten har konkludert med at dette ikkje var eit planlagt drap. Eg har ikkje fulgt saka så eg veit ikkje kva som ligg bak den konklusjonen, men straffene ligg då i det øvre skiktet for det som er vanleg om ein blir dømt for vold med døden til følge. Eg er einig i at straffa ikkje er særleg streng for ei henretting, men det er altså ikkje det dei tiltalte er dømt for.- 84 svar
-
- 2
-
-
-
Det er heilt umogleg å gi gode råd på eit så tynt grunnlag. Det høyres likevel ut som at du har fått forlite informasjon frå barnevernet om kvifor dei velger denne framgangsmåten og kva dei ønsker å oppnå. Tvangstiltak ovanfor ungdom med problematisk rusbruk har ofte to formål, fyrst å holde personen rusfri i ei periode for å forebygge skadevirkningane. Og det andre grunnen er å kjøpe seg tid som kan brukast til rusbehandling, og då særleg ved å hjelpe til med å finne amdre mekanismar enn rus for å handtere tankane. Som kjent er fyrste steg for å bli rusfri å anerkjenne problemet og sjølv ønske endring, det skjer vanlegvis ikkje på eigenhand før rusmisbrukaren når eit definert botnpunkt. Det beste for alle partar er om dette botnpunktet er tvangstiltaket frå barnevernet no med ein gong, og ikkje etter mange år med problematisk rusbruk. Alternativet er ikkje ein gong prøve og berre la ungdomen fortsette i ein ond spiral.
-
Det å leige inn folk til å gjere ein jobb for deg er dyrt uansett kva du teng hjelp til, enten det er å bygge platting ellers få personleg rettleiing. Om det et verdt prisen kjem heilt ann på kva du treng hjelp med, og kva du kan få av hjelp. Eg ville nok uansett tatt påståanden om eingongsbeløp for å få tenesten livet ut med ei stor klype salt, det er på ingen måte gitt at ho klarer å holde drift i bedrifta så lenge. Om du ikkje har andre til å spørre om råd så kan det heilt sikkert være fornuftig å betale nokon for å sjå på dating profilen din. Dei fleste vil nok spørre ein venn og få heilt greie råd, men om du ikkje har nokon å spørre så kan det være at du må betale for råda. Det er mange som ser seg blinde på heilt openbare dating tabber og som burde ta imot råd til å gjere profilen sin meir attraktiv. Typiske dømer er å ikkje ha bilde av berre deg, har du gruppebilde på profilen din slik at folk må gjette på kven av personane er deg så vil det openbart gjere profilen mindre interessant, tilsvarande om ein berre skriv krav til ny partner og ingenting om seg sjølv, osv. Det burde være mulig å få slike råd utan å betale ei månedslønn, men for enkelte kan det likevel være ei god investering. Ein skal heller ikkje gløyme at enkelte kjøper slike tenester for the å få hjelp til relativt uetiske råd om korleis ein kan manipulerte og utnytte folk, eg seier ikkje at der er denne tenesta denne dama tilbyr, men det er mange som også oppsøker slike tilbod.
-
Netflix har et ellevilt halvår foran seg
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Netflix har stått seg ganske sterkt, og er nok fortsatt fyrstevalget for store delar av befolkinga om ein berre skal ha ei straumeteneste takka være eit ganske greit tilbod til heile familien. Det er likevel heilt tydeleg at Netflix har fått mange sterke konkurrentar, og at det har blitt lengre mellom kvar gong Netflix leverer ein knallbra eksklusiv serie. (Ikkje hjelper det at også Netflix har vært litt vel overivrig i å kanselere populære seriar for tidleg, som Glow, Mindehunter, og Santa Clarita Diet som alle hadde ein ganske solid fan-base). Av seriane som no får sin fortsettelse på Netflix så er det ingen av disse titlane som eg har på må sjå lista mi. Stranger Things har for meg mista momentet sitt med alt for lang pause mellom sesongane. Samtidig er ikkje serien så god at eg prioriterer å sjå dei tidlegare sesongane på nytt for å kunne henge med i komande sesong 5. Når eg no ser at sesongen blir splitta opp så frister det enda mindre å benke seg foran TV-en i haust. Om eg kjem til å sjå sesong 5 så blir nok det i starten av 2026 når heile sesongen er tilgjengeleg. Då blir det for meg 3,5 til 4 år sidan siste episode av sesong 4 vart tilgjengeleg. The Witcher har eg falt av for lenge sidan. Det kan være at eg gir serien ein ny sjanse som fantasy serie etterkvart, men for meg som ville ha ein serie i the Witcher universet så har dei fyrste sesongane tatt seg for mange friheiter til at eg har fått det eg ville ha ut av serien. Hadde nok vært mykje betre om Netflix laga sin eigen originale serie i staden for å mistbruke the Witcher lisensen om dei ikkje ville følge bøkene uansett. Det hadde kanskje vært vanskelegare å reklamere for serien om the Witcher vart markedsført som ein ny original fantasy serie, men samtidig så fomla dei vek mange sjåarar ved å ikkje sende fyrste sesongen i kronologisk rekkefølge. Eg har respekt for det kunsteriske fortellergrepet, men ved å både skulle introdusere eit heilt nytt univers og få sjåarane til å henge med når ein omtrent saumlaust hoppar fram og tilbake i tid så var det nok mange som falt av tidleg i serien. Netflix som har den luksusen å ikkje være avhengig av sjåartal og reklameinntekter på grunn av abonnementløysinga burde i større grad tørre å fullføre dei seriane dei starter opp og ivareta dei lojale kundane som betalar månedleg for å ein gong i året få ny sesong av ein serie som treff dei veldig godt. Netflix burde i større grad tørre å være ein fristad for TV-serier som treng nokre sesonger til å bli skikkelig gode. Netflix har som sagt den luksusen at dei er ikkje avhengige av å lansere umiddelbare sjåarskuksessar, det viktigaste for Netflix burde være å bygge seg opp eit innholdsgalleri som er stort og godt nok til å holde på faste kundar. Det verste som kan skje med Netflix er om det store fleirtalet startar med jo-jo medlemsskap der ein berre har aktivt abonnement i ein måned i året fordi ein rekk å sjå alt av interesse i løpet av nokre få veker. -
Hvor mye krav på innsyn har man egentlig i offentlige ansettelser?
The Avatar svarte på Borger___ sitt emne i Juss
Mange som tilsetter i offentleg sektor som ikkje kan regelverket godt nok. Dei prøver nok å gjere så godt dei kan med begrensa tilsettingskompetanse, men då blir det fort feil. Grunnen til at dei får fortsette å tilsette på denne måte er nok at sjølv ved relativt graverande feil så gir det lite til ingen konsekvensar. Om den som tilsetter ikkje liker den som er best kvalifisert så kan dei nesten utan hindring utelukke kandidaten med påstand om å ikkje være personleg skikka for stillinga. Den som tilsetter skal dokumentere heile tilsettingsprosessen, herunder korleis kandidatane blir vurdert. Det er nok likevel mange innstillingar til tilsetting som er så generelle at det i praksis ikkje er mogleg for utanforståande å få innblikk i kvifor kandidat 3 vart vald framfor dei andre søkarane. Hadde dette vært dokumentert betre så hadde også søkarar som meiner seg forbigått hatt ei sterkare sak, ved at det då er dokumenter at til dømes personlegheit vart vurdert over formalkvalifikasjonar. Det forklarer også kvifor gode kandidatar ikkje alltid når opp til tross for god CV sjølv om at eg vil påstå at det å fylle inn CV på engelsk er ein dårleg måte å tilpasse søknaden for ei kommunal stilling (som truleg stiller krav til god formidlingsevne på norsk om det er ei stilling innafor offentleg forvaltning).- 12 svar
-
- 3
-
-
Atomkraft krysser etter mitt syn av dei aller fleste behova vi har for straumproduksjon. Kontinuitet, produksjonskapasitet og lite arealkrevande. Vindmøller krever store areal for å kunne ha ein produksjon utover å berre være eit supplement i kraft-miksen. Det sagt så synes eg ikkje at miljøinngrepet ved vindkraft er så problematisk utover det estetiske. Største naturinngreper er etablering av anleggsveg opp på fjellet, noko som uansett er bagatellmessig sett opp mot å demme opp ein dal eller legge ein foss i rør. Ved anleggsveg og store fundament så er ikkje naturen uberørt, men vi skal bygge mange vindparkar før det blir kritisk for norsk natur.
- 440 svar
-
- 5
-
-
Fyrste steg er å kontakte skadedyrfirma for å få identifisert art og kartlagt omfang. Det er godt mogleg at bekjempingstiltaket her er jamnleg reinhald. Pelsbiller trives i støv, samt ulike tekstilar. Hyppig støvsuging og utskifting av støvsugerposen kan være gode tiltak. Du kan sjølvsagt melde dette inn som reklamasjon uansett men du står sterkast om du er godt forberedt. Det vil styrke din sak om du kan stille med fagfolk som kan seie noko om omfanget. Med 2,5 måned sidan du merka så nærmar du deg også den litt lause grensa for kva som er å reklamere innan rimeleg tid, då vil det styrke din sak om du kan vise til at du har gjort tiltak og ikkje berre venta til skadedyrproblematikken blir større og større. Korleis er det på forsikringssida, har du boligkjøparforsikring som du kan bruke?
- 4 svar
-
- 2
-