Problemet er at eg ikkje trur det er gunstig. I dag kan eg i praksis valse meir eller mindre bekymringslaust rundt i sentrum av alle store byer. Det er lite kriminalitet. Sykkelen min står der eg sette den frå meg. Bilen har heile ruter etter ei natts gateparkering.
Fjerner du velferda eg ikkje treng, er eg redd det vil endre seg veldig kjapt. Eg får indirekte fordel av velferda, og synst prisen eg betaler for det er heilt OK. For å sitere Raudt: Fordi fellesskap fungerer!
Har du 800k i årsinntekt så lever du stortsett eit heilt utmerka liv. Du slepp i praksis totalt å prioritere dagligdagse utgifter, og går oppvaskmaskina til helvete kan du stikke på elkjøp og handle ny samme ettermiddag.