barfoo
Medlemmer-
Innlegg
3 441 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av barfoo
-
Det er jo veldig få ting som er så giftige at det er farlig i dei mengdene som overlever vask. Cyanid har jo tross alt LD50 i området mg/kg kroppsvekt... Smak? Ja, at ei flaske kan lukte eller smake bensin eller whatever trur eg på. Men ikkje at det vil vere farlige mengder av det.
-
I utgangspunktet vil tvangssal gå til høgstbydande. Om du går for å kjøpe deg inn og tvangsoppløyse sameige så vil du kunne tre inn i det høgaste bodet. At panthaver ikkje får full utteljing er ikkje ditt problem i nokon av tilfella. Om du tenker på å kjøpe krav så er jo svaret at det er opp til seljar å avgjere prisen. Forøvrig høyres dette ut som god måte å tape penger på.
-
Om eigarane ikkje vil selje så kan ikkje du kjøpe. Då må eventuelt kreditorane begjære tvangssal. Det koster ein god del penger fordi det er kompleks prosess, så om den har liten verdi er dei neppe interessert i å bruke penger på tvangssal. I tillegg må den ut på den opne marknaden ved tvangssal, slik at andre og kan by.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Valg av utstyr har alt å sei. Eg har prøvd alt frå slagdrill til trykkluftdreven borhammer (den store typen med 2" luftslange), og må sei at borreutstyret har alt å sei. Skarp minebor og borhammer så går det som smør. Det koster ikkje all verda å leige heller; eg betalte vel ein hundrings per meter, men til gjengjeld var ein meter gjort på ti minutter. Garantert overkill for prosjektet her, men for større ting er det jo fort verdt å leige kapabelt utstyr.
-
Ja, og hydrogen kan vere av interesse i industrielle prosesser, t.d. stålproduksjon der ein i dag bruker koks (coke) som reduksjonsmiddel.
-
I tillegg bør vi jo ruste opp jernbanen for å kunne ta langtransporten, og la bil stå for regional- og lokaltransport av gods. Jernbane er ufattelig energieffektivt på gods, men er dyrt å bygge ut over alt. Gods mellom Oslo og Trondheim bør gå på jernbane, fordi det er så vanvittig energieffektivt. Så får last mile gå på bil.
- 570 svar
-
- 1
-
-
Då bør det vere konkret og etterprøvbart, t.d. forpliktande skriftleg avtale om bonus etter konkrete målbare parametre, aksjeopsjonar e.l.
- 23 svar
-
- 1
-
-
Nei, det er du ikkje. Du kan åpenbart ikkje velje kva du skal gjere og ikkje, basert på måten du omtaler arbeidsoppgavene på. Særleg uavhengig stilling krev at du i svært stor grad kan påvirke arbeidsoppgaver og mengde, og delegere arbeid. Det kan du ikkje. Du har krav på overtidsbetalt, og fikenbladet arbeidsgiver skjuler seg bak er neppe reelt. Kontakt fagforeninga di. Du kan ha krav på overtidsbetaling bakover i tid, for dei siste tre åra.
-
Saltvatn er ikkje ei energikilde i seg sjølv. Det som blir gjort er osmose - du utnytter konsentrasjonsforskjellen i ei elv og havet. Men det funker fordi du i praksis har ubegrensa mengder vatn. Det er veldig lite energi per liter, så det er totalt utopisk å ta med seg ferskvatn og bruke sjøvatn til osmotisk energiproduksjon. Kort sagt har du misforstått kva nanoFlow påstår dei driver med (eg trur ikkje dei har komt så langt i utviklinga av flow-battery som dei påstår, gitt fraværet av tredjepartsverifikasjoner), og dei påstår heller ikkje det du trur. Om eg skal gjette så er nanoFlow scam.
- 570 svar
-
- 1
-
-
Å påstå at den går på saltvatn er så tabloid at det er latterlig. Den går på eit batteri. Det er ikkje snakk om salt som i natriumklorid ifølgje wikipedia: Du kan altså ikkje ause opp ein liter sjøvatn og bruke det som energikilde. Energikilda er elektrisitet. I tillegg er det verdt å merke seg at på tjue år har dei hittil kun vist fram produkt på eit vis som ikkje bekrefter at dei har teknologien dei påstår. Det er ... påfallande.
- 570 svar
-
- 2
-
-
Det er BS. Osmose er reelt, men det har veldig lav energitetthet. Du kan ikkje drive en bil på det. Men det kan vere interessant for kraftnettet fordi vi har veldig store kilder til saltvatn og ferskvatn - nemlig elver og hav. Men til bil? Nope, det har du drøymt.
- 570 svar
-
- 2
-
-
Næh, tviler. Det er for dyrt å bygge infrastruktur til biler. Skip og fly kan funke, fordi det er såpass få punkt som er nødvendig sammenligna med vegtrafikk. I tillegg har hydrogen for store tap; 50-80% av energien blir bortevekk, i motsetning til batteri som poker rundt 90%. For skip tipper eg amoniakk har større sjanse for å bryte gjennom - ammoniakk er tross alt ganske enkelt å handtere samanlikna med hydrogen.
- 570 svar
-
- 2
-
-
-
FrP-velgeren: En skjult sosialist i refleksvest
barfoo svarte på Cannaiseur sitt emne i Politikk og samfunn
Det er jo komplekst. Veg er positivt. Matpakkekøyrarar er neppe positivt. Dersom vi hadde fått ned rushet hadde vi og kunne hatt mindre vegar, altså spart mykje pengar. Så ja, vi må ha veg, men om vi hadde fått 30% over på kollektivtrafikk (les: bane) kunne vi antakeleg redusert utbyggingane ganske kraftig.- 63 svar
-
- 1
-
-
Reklamasjon på vare - ikke lenger tilgjengelig i butikk
barfoo svarte på mronym sitt emne i Forbrukerrett
Ah, så dei er ikkje ansvarlege for mellomlegget ved t.d. dekningskjøp? Det var nyanse eg har gått glipp av! Takk for korreksjon! -
FrP-velgeren: En skjult sosialist i refleksvest
barfoo svarte på Cannaiseur sitt emne i Politikk og samfunn
Statsbudsjettet har sånn rundt rekna tre tusen milliarder i utgifter. Av det er bistand 58 milliarder, eller snaut to prosent. Trussamfunn snaue fire milliarder. Så gratulerer, til saman utgjer det omlag 2% av statsbudsjettet sine utgifter. Det ... er ikkje dei summane som velter budsjettet. Å fokusere på slike poster er støy. 250 milliarder er driftskostnader, 100 milliarder er investeringer, folketrygda 700 milliarder, helseforetak 230 milliarder og 344 milliarder til kommuner. Det er dei postane som er store, og skal du kutte på meiningsfull måte må du begynne der. Og det vil jo føre til reduksjon i tilbod på eit vis.- 63 svar
-
- 6
-
-
-
FrP-velgeren: En skjult sosialist i refleksvest
barfoo svarte på Cannaiseur sitt emne i Politikk og samfunn
Av ideologiane du nevner er det vel nøyaktig ein eg vil plassere spesielt langt til venstre. Alle er autoritære, men autoritære krefter finst på heile det politiske spekteret. Om verda di er så eindimensjonal at venstre = det du misliker, så blir debatt rimelig meiningslaust.- 63 svar
-
- 10
-
-
Reklamasjon på vare - ikke lenger tilgjengelig i butikk
barfoo svarte på mronym sitt emne i Forbrukerrett
Ta kontakt med kredittyter og send over korrespondansen. Kredittyter er ansvarleg om seljar ikkje vil oppfylle sine plikter. -
FrP-velgeren: En skjult sosialist i refleksvest
barfoo svarte på Cannaiseur sitt emne i Politikk og samfunn
Kva med alle eksternaliserte kostnader biltrafikk medfører, som redusert levealder for dei som bur i by? Matpakkekøyrarar koster samfunnet masse.- 63 svar
-
- 4
-
-
Mykje må. Pakningsmaterialer tåler det ikkje, slanger må byttast også viare. I tillegg har du problematikken med fukt; etanol er hygroskopisk. Det kombinert med ventilerte tanker og lite bruk fører til kondensproblematikk og tilhøyrande korrosjon. I tillegg er det slik at ting er orignalt kun ein gong: den dagen det rulla ut av fabrikken. Minst mogeleg endringer er idealet for å bevare kulturminner. Konsekvensane av å ikkje tilsettje etanol er små.
- 40 svar
-
- 3
-
-
-
Eg er imot bilbruk i by også bortetter. Men. Veteranbiler er del av kulturarven og samferdslehistoria vår, som vi bør prøve å ta vare på. Beste vern er bruk - å vise fram levande kulturarv. I eit miljøperspektiv er utsleppa bagatellmessige; det er snakk om få køyretøy, og lita køyrelengd. Dette handlar ikkje om utslepp, men om å ta vare på og forvalte bevegeleg kulturarv.
- 40 svar
-
- 4
-
-
-
Skal vi minne om påstanden din? At det var målbart nedfall ("elevated, but very low") tviler eg ikkje eit sekund på. Men det underbygger jo på ingen måte at det var like mykje som frå Tsjernobyl. Heller tvert om. Om du les argumentasjonen eg har framført så har eg konsekvent avvist at det kunne vere snakk om like mykje, så det er rart du ignorerer det. Problemet med Tsjernobyl er ikkje at du sto ute i regnet. Det er bio-akkumulering, der radioaktivt cesium vert tatt opp av planter, spist av dyr, ogs spiser du dyret. Nedfallet du fekk på deg er garantert heilt uvesentleg.
- 128 svar
-
- 5
-
-
-
-
At utarma uran kan vere bekymring lokalt er noko heilt anna enn at det fall ned relevante mengder radioaktivitet i Noreg. Hovudproblemet lokalt er nok at det er eit tungmetall, og som så mange andre tungmetall kjemisk giftig. Så ja, det er absolutt relevant problemstilling der ammunisjon med utarma uran er brukt, men det førte ikkje til stort radioaktivt nedfall i Noreg.
- 128 svar
-
- 2
-
-
-
Kva er det som er løgn i det du siterte...?
-
For det første er det litt uklart om bordet er selt av portugisisk firma eller norsk; det vil jo ha relevans for lovverket her. For det andre så er eg veldig nysjerrig på kor du utleiar den plikta til å bevise at skaden skjedde under transport frå.
- 6 svar
-
- 1
-
