Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    3 303
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. For meg ser det ut som ganske tydelig chamfer, som om det er drilla ut og kantane er glatta med større drill... Senterhullet blir nok puncha, og då er det liten grunn til chamfer - i tillegg er det rart at det skulle ha anna diameter enn senterhullet; puncher endrer ikkje diameter. Mi gjetning er at den er verdt 0,- fordi det ikkje er produksjonsfeil, men drill som har laga hullet.
  2. "Ganske mykje" er altså inne på topp fem i verden, og 7 poeng ned frå topp-plasseringa. Eg går ikkje heilt med på premisset ditt om at "grafen ser bare til å falle, og Norske samfunn ser ikke ut til å ha muskler til å stå imot". Det har du enkelt og greit ikkje grunnlag for å konkludere med - både fordi variasjonen er liten, og fordi det er snakk om oppfatning av korrupsjon. Det er jo alltid ting som kan bli betre, men å svartmale situasjonen ut frå dette er idiotisk. Figuren du har med har jo kutta akse og, slik at endringane ser dramatiske ut. Utan kutta akse ser det slik ut: Forøvrig er det og veldig spesielt at du plukker 2022 og AI som referanse, og ikkje 2015 - det var jo trass alt det som var topp-punktet. Kvifor er 2022 relevant framfor 2022? Kort sagt - hadde vi dratta ned 30 poeng, eller 30 plasser så hadde det vore veldig påfallande. At vi faller to-tre plasser og et par poeng det er ikkje veldig påfallande eller indikasjoner på stort meir enn tilfeldige endringer. Hugs at det er spørjeundersøking om oppfatninga av korrupsjon, slik at svar kan endre seg utan faktisk underliggande endringer.
  3. Kva er faktiske påstander frå partane? Det er dei domstolen skal ta stilling til.
  4. Vi veit ganske mykje om klima. Vi veit og ganske mykje om korleis solinnstråling varierer; det er ganske lett å måle. Vi veit også at klimaendringer er ytterst reelt. At du kjem med AI-vas endrer ikkje på det.
  5. Jo, det er det. Lynnedslag i straumnettet som fører til brann, eller skogbrann oppstått på grunn av lynnedslag som fører til brann i huset er trivielle eksempel på husbrann utan at du kan klandre nokon for det.
  6. Uh. Jo. Faktisk. Kva skjedde, og kva dekker forsikringa di? Ellers er jo svaret det klassiske det kjem an på.
  7. Ja, men det er forskjell på om du må ha nytt hus fordi varmtvasstanken tar fyr, og fordi du leiker med dynamitt. Om du vil ha meir konkrete svar er jo det greit å opplyse om kva som har skjedd.
  8. ...? Hæ? Korleis i alle dager er dine erfaringer relevante for denne ulukka?
  9. Du tenker at folk som bruker tiår på eit fagfelt ikkje har kontrollert for så banale faktorar? https://en.m.wikipedia.org/wiki/Solar_irradiance
  10. Diskriminerings- og likestillingslova lister opp kva som er forbode å diskriminere på. Det som ikkje er nevnt der er lovleg å diskriminere på grunnlag av. Det er og lov å diskriminere på dei forbodne tinga om du har sakleg grunn. Lokasjon eller bustadadresse er ikkje nevnt, og ergo lovleg å diskriminere på bakgrunn av. At du markerer tre ord i raudt og ignorerer alt som står mellom dei orda er... litt sært. Du må lese heile setninga. Om eg skriv at eg liker ikkje vanilje kan ikkje du utheve liker og vanilje og konkludere med at eg liker vanilje.
  11. Å diskriminere på posisjon, partitilhøyrigheit, bustad e.l. er lovleg. Kort sagt - diskriminering er lovleg og vanleg. Det som er forbode er å diskriminere på dei kategoriane der det eksplisitt er ulovleg, utan sakleg grunn. Det vil t.d. vere lovleg å tilby annankvar kunde halv pris, om det mekanisk er annankvar kunde som får tilbodet. Eller om du misliker folk frå Finnmark kan du fint doble prisen om vedkommande er busett i Finnmark. Usympatisk, men lovleg.
  12. Nei. Sida du lenker til forklarer det jo veldig greit? Forskjellige priser til forskjellige kunder er lovleg, og heilt vanleg.
  13. Dei har ikkje gjort noko straffbart. Dei har brote avtalen dei har med deg (levere maskin som fungerer), men det er ikkje straffbart. Konsekvensen av det er at du har eit krav mot dei. Framsett kravet skriftlig, t.d. heving av kjøpet og vis til lang tid for retting av mangel. Det bør ikkje vere kontroversielt.
  14. Selger er åpenbart ansvarleg for informasjonen. Vil selger akseptere reklamasjon på mangler ift. teksten AI har generert? Air Canada hadde nettopp ei slik sak, der dei prøvde å ikkje vere ansvarlege.
  15. Kan du ikkje bare bestille billigaste DDR4 SO-DIMM-brikka du finner? Du bør få 8GB for et par-tre hundrelapper.
  16. Dettte er jo meir eller mindre kategorisk feil. Sameiget eg bur i har omlag 20 mål tomt. Det er seks blokker, med størrelsesorden 150 leiligheter. Totalt bur det sikkert ein plass rundt 200 personer på 20 mål. Mengda vegareal er som for ein middels einebustad. Tar du med leikeplasser og grøntareal eksternt kan du doble det til 40 mål - men det er fortsatt veldig mykje mindre enn 150 einebustader hadde trengt.
  17. [[Citation needed]] Du kaster ut ein veldig bastant påstand. Kan du underbygge den?
  18. Risikoen med den ordninga er jo at det er lovbrot.
  19. "Farlig" er relativt. Det meste har risiko. Konkurser i burettslag er sjeldne, og eg fann med litt kjapp googling to-tre konkursar siste femten åra - ein av dei var ferieleiligheiter. Det er sikkert fleire, men grunnen til at det vart såpass stor nyhendesak er at det er sjeldent, på grunn av reguleringa - og at ein enkeltperson ikkje kan ha meir enn ein andel. Det vart brote i den konkurssaka i Kristiansand, som og er grunnen til at forsikringa nektar å dekke det. Så farlig? Kvantifiser kva du ser på som farleg. Er risiko på en til hundre tusen på å tape en million farlig? Forventningsverdien der er ein tier; eg ville ikkje sett på det som farleg. Eig du einebustad risikerer du jo at den to hundre meter lange private kloakkleidningen må reparerast til ein kostnad på ein million, som fører til at du må selgje for under kjøpssum, og sit igjen med restgjeld. Så det er forskjellig type risiko i ulike eigedomsformer, men ingen er uten risiko.
  20. Nei, det gjeld ikkje alle, og alle er heller ikkje skilta. T.d. gjeld det ikkje Magnus Barfots gate eller Lille Øvregaten stykket mot Domkirken. Mitt inntrykk som syklist og bilist i Bergen er at det gjeld der det er liten trafikk og i praksis heilt ubetenkelig å tillate det.
  21. Kun der det er skilta. Og det er i tråd med skiltforskrifta.
  22. Jo, hindringer i fotgjengerfelt er påregneleg. Formuleringa er forøvrig "Kjørende må kunne stanse på den vegstrekning som den kjørende har oversikt over, og foran enhver påregnelig hindring."
  23. Da snakker du ikkje energibærer som du bruker for å frakte energi frå A til B, slik som fossile drivstoff i dag, men om enerilagring. Hydrogen kan ha roller som energilagring og reduksjonsagent i t.d. stålproduksjon.
×
×
  • Opprett ny...