Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 969
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Forstår du ikkje at ikkje alle har like mykje glede av jobben som deg? Det trur eg du har innsikt nok til å tenke deg fram til. Eg har mykje fritid, men kjeder meg aldri. Eg har sikkert nok hobbyer og interesser til at fritida ikkje strekker til resten av livet, sjølv med redusert arbeidstid. Utfordringa er heller å prioritere mellom interesser og hobbyer. Om du tenker at det å ikkje jobbe er det same som å glo i veggen så forstår eg at du ikkje forstår, men du forstår vel at mange har andre interesser enn jobb? Etter at me fekk born går det òg meir tid til familielivet. Livet mitt på jorda kan vare til 70-90 år om eg er heldig. Etter det er det over for evig og alltid. Full stopp, heilt svart. Då vil eg få så mykje livsglede eg kan ut av det når eg kan, og det betyr ikkje arbeid som arbeidstakar. Eg kan gjerne drive på med oppussing eller anna arbeid privat, men det er noko heilt anna enn å jobbe for ein arbeidsgjevar. Ingen sjef, ingen arbeidstid, kan disponere dagane akkurat som du sjølv vil. Seinare i livet er ikkje kroppen like sprek, så mange aktiviteter eg vil bruke livet til bør eg prioritere tidlegare. For all del, eg trives i jobben min både arbeidsmessig og med arbeidskolleger, men det er tusen andre ting eg heller vil bruke tida på og eg har den kun for å skaffe inntekt. Syden interesserer meg ikkje, men heldigvis er det ikkje nødvendig å reise så langt for å finne noko å drive på med. Eg går ut frå at du overdriv om syden er det einaste du kjem på ein kan drive med på fritida. Du skriv at du ikkje forstår folk som vil pensjonere seg tidleg, og samtidig at du ikkje forstår kvifor milliardærane ikkje slutter når dei har nått ein milliard. Skulle dei pensjonere seg og reise til syden då eller? Livet til mange milliardærer er det å bli endå rikare, og for fleire er nok meir makt òg ein faktor. -------------------------------- Ellers om finansiell uavhengighet: Eg har prøvd meg litt på pensjonskalkulatorer, og det er interessant å sjå kva eg kan vente med ulike scenario. Eg er no ca. halvvegs i eit normalt arbeidsliv og har eit grunnlag for å anta noko om den siste halvdelen og tida som pensjonist. Noko eg har tenkt ein del på er når i livet eg ynskjer fridom. For tida jobbar eg 50% og trur eg har meir glede av det i denne alderen enn å jobbe 100% for å kunne jobbe mindre seinare i livet. Ingenting er 100% sikkert mtp. pensjonsutbetalingar i framtida, så noko slingringsmonn vil eg ha, men eg går stadig meir i retning av å spare mindre, jobbe mindre og bruke deler av oppsparte midler no enn å kunne slutte i jobb i ein alder av 55 år. Det er fleire fordeler med å vere i arbeid enn inntekt, så å jobbe mellom 30-50% kan gje ein god balanse. No har eg hatt ei relativt god inntekt, som ofte er ein føresetnad for å kunne leve som dette. Med lågare inntekt er redusert forbruk eit alternativ.
  2. Ei av dei mest minneverdige vinterområdene i eit spel for min del er Frigid Outskirts i Dark Souls 2, men diverre av heilt andre årsaker enn dei i artikkelen.
  3. Noko pensjon kan ein ha livet ut. Alderspensjon frå NAV Livsvarig AFP (for dei som får det) Offentleg tenestepensjon Ektefellepensjon Avhengig av kva ein har hatt av inntekt og år i arbeid så går ein aldri heilt tom for penger, men du kan sjølvsagt bruke opp alle oppsparte midler. Min plan er å ikkje ha enorme verdier på bok om eg lever til 70-90 år, men heller ikkje prøve å bruke opp alt før den tid. Det er alltid greit å ha litt på lur, og ikkje feil at borna får litt til slutt. Tidleg i livet kan ein gjerne ha eit mål om å bruke opp alt, men om eg har litt pengar på bok når eg blir 70+ og har barn og ev. barnebarn så er det ikkje utenkeleg at eg ser det som meir givande å spandere litt på dei eller la det gå i arv enn å bruke opp alt sjølv. Dei som kvalifiserer til AFP og ser for seg å jobbe til minst 62 år bør absolutt gjere ein innsats for å behalde den. Skifter du jobb rett før 62 kan du brått miste heile AFP, potensielt verdt fleire millioner. Det er ein stor fordel å ha det i tillegg til NAV. Om du har oppsparte midler i tillegg så er det lettare å fordele bruken av det når du veit at du uansett har ein sum som kjem kvar månad. AFP og alderspensjon kan sjølvsagt bli endra med årene, så dagens tal er ikkje nødvendigvis det som blir riktig for deg. Eg jobber mindre for å få meir tid med familien i midten av livet og trur det er meir verdifullt for heile familien enn at dei arvar større beløp seinare.
  4. Du må ikkje kjøre spelet med maks grafikk. Mange av dagen PC-er vil sannsynlegvis klare seg fint med litt redusert kvalitet. Eg fekk inn mange timar RDR2 med nyfødd i huset. I nødvendigvis samanhengande, men nokre timar her og der. Det er sjølvsagt avhengig av ungen og kor mykje den søv. Kanskje dette er eit samarbeid med staten som vil ha fleire fødde i landet.
  5. Du og ein verver kan få 500 kroner av å bestille Fjordkraft. Det var 1000 kroner for ikkje så lenge sidan, så ikkje like lukrativt som før. Dei har ein del avtaler om du er medlem i diverse lag.
  6. Kva er sparekonto i dette tilfellet? Høgrente med rente som kan konkurrere med renta på lånet?
  7. Ei lavtrykkskanne på batteri var ikkje dumt. Det hadde vore genialt med eit system der du har ulike produkt i kvar sin kanne med vanlig skrukork, og så skrur du på den kanna du skal bruke, blir ferdig med den, ev. spyler gjennom med vatn og skifter for neste produkt. Litt unødvendig å ha ørten sprutetuter. På kjemi som ikkje blir vatna ut er vel ikkje skumkanon noko særleg, så det er kun enkelte produkt som ev. kan brukast med HT. Eg kan skru ned trykket til 30 bar, som kanskje fungerer betre til sånt.
  8. Ganske uproblematisk sett frå eit reint fysiologisk perspektiv. Som nemnd er hovudpine nokre dagar sannsynlegvis den største effekten, men ikkje alle får det heller. Du kan ganske raskt venne kroppen av frå koffein om det er målet. Om ein vil erstatte Red Bull med anna koffeindrikk som kaffi så er det endå enklare. Problemet er gjerne meir vanen og det søte. Å ha ei erstatingsdrikk kan hjelpe om han er vane med å sippe RB jevnt og trutt. Ideellt sett vatn, men det finnes alternativ med smak som er betre enn RB.
  9. Fond er ikkje risikofritt, så det er noko å ha med i tankane. Investeringshorisont er viktig å tenke over. Har du ikkje bruk for pengane på fleire tiår så skal mykje gå skeis for at du taper på å kjøpe fond i staden for å betale ned lån, men det er ein risiko der. Jobbtryggleik er ein faktor. Kor trygg er du på jobben eller at du kan finne ny jobb innen kort tid om du skulle miste den? Renteendringar kan fort bli dyrt om du har store lån, og det kjennes tryggare for mange å ha mindre lån. Min strategi er å ha ein balanse. Noko lån er greit, men helst ikkje for mykje. Investeringsplanen er langsiktig med eit fokus på indeksfond. Det handlar òg om når eg vil ha økonomisk handlerom. Eg kunne maksa lån og investert hardt i midten av livet for å sitje igjen med ein større sum i siste tredjedel av livet, men eg prioriterer heller livet her og no. Det er viktigare for meg å leve det livet me ynskjer i 30-40-åra enn å kunne leve i luksus som pensjonist. Det treng sjølvsagt ikkje vere enten eller, men eg jobbar 50% for å få meir fritid i denne delen av livet. Det blir mindre pengar seinare, mindre pensjon, men då får eg heller fokusere på mindre forbruk seinare. Ein del av strategien var å starte sparing i midten av 20-åra for å ha meir økonomisk fridom seinare. Eg hadde heller ikkje sett mørkt på å ha lån som pensjonist om det var nødvendig for livet eg vil ha når den tid kjem. Borna får sikkert litt til slutt, men eg har ikkje noko behov for at det skal delast ut store millionbeløp den dagen eg går bort. Om me gjer ein god jobb som foreldre vil dei forhåpentlegvis klare seg godt i livet utan våre pengar. Berre det å bli fødd i Norge er ein god start på livet.
  10. Med 2-3 varmegrader etter ein lengre periode med -5-10 C vart det ein vask etter GPT-instruks. Å dra av vatn med hageslangen var veldig effektivt. Ikkje like stor effekt før voksen, men etter voksen var spylt av fungerte det bra. Der det er mange små dråper spyler du med hageslangen med samla stråle eller HT-spyler utan HT-trykk langs panelene i retning nedover. I staden for små dråper samler alt seg til større våte områder som renn nedover. Vatnet vil binde seg til resten av vatnet og renne ned i lag og legge igjen veldig lite fukt. Eg er litt lei 1 L lavtrykkskanne. Spesielt med Surfex HD ol. som alltid blir brukt ved vask. Trur eg skal teste med skumkanon neste runde.
  11. Zeph

    Elbil-tråden

    Kina er inne på noko med å forby denne type dørhåndtak. Sjølv før eg las om problematikken i ulykker med sånne håndtak var det ei plage på min bil.
  12. Det med å la avfetting ligge i 15-20 minutter var nytt for meg. Eg har forstått at den skal ligge 3-5 minutt. Korleis unngår du at det tørker ut når det ligg på så lenge?
  13. Ikkje overraskande, sjølv om dei prata om behovet for to sesonger for resten av TLOU2. Spelet har ikkje så mykje meir innhald at dei hadde hatt behov for to sesonger utan å fylle opp med nytt materiale. Eg synest the starta bra med den første sesongen, men dei rota seg vekk og tilbakemeldingane på sesong to var nok ein viktig grunn til at dei vil avslutte med ein tredje sesong. The Last of Us er ikkje nødvendigvis slutt av den grunn. Det har vore antyda at det kanskje finnes eit spel til i serien. TV-serien vil nok i så fall neppe tas opp igjen mange år etter at dei avslutta den. Eg har sans for Kaitlyn Denver, så det er leit at det gjekk den veien. Nok ein serie basert på spel som starta bra, men rota det til med sesong to. Tankane går til The Witcher, som riktig nok stort sett er basert på bøkene, men der dei klarte å kjøre serien heilt i grøfta. Det overraskande med The Witcher er kor mange sesongar dei har fått lage. Cavill og monstre er kanskje populært nok å sjå på til at tilbakemeldingane ikkje var nok til å få den kansellert.
  14. Som Nordnet allereie hadde då? https://www.nordnet.no/no/kundeservice/prisliste#aksjesparekonto_1U9XlaljGXOGyMutAGQo6Q
  15. WLTP er relevant for alle sidan det er ein standardisert metode som blir utført likt på alle bilane, uavhengig av korleis du bruker bilen. Poenget er å samanlikne bilane, ikkje vite nøyaktig kor langt du kan kjøre med ditt mønster, for det er umogleg å skaffe tal på. Om folk framleis trur dei kan kjøre ein bil med WLTP på 500 km så langt i -15° C opp på høgfjellet så er det uheldig. Det vart aldri noko vinter-WLTP, så det er opp til produsentane og butikkane å opplyse om sånt, men det er sjølvsagt ikkje noko dei vil flagge med (kremt, Toyota…). Det er mange tilfelle der ein kan kan oppnå WLTP-rekkevidda og vel så det her i Norge, men det er gjerne på sommarhalvåret, utan å kjøre for mykje på motorvei eller opp eit fjell.
  16. Det var veldig kaldt og dei fleste hadde avvik på 30-40%. Det er ganske naturleg med store avvik. WLTP blir testa i 23° C og korrigert for ein temperatur på 14° C i snitt. Batteriene fungerer dårlegare når det blir kaldt og meir energi går med til oppvarming. Då Lucid stoppa var det -31 °C. Som vanleg med desse testane er det element som kan slå sterkt inn på resultatet. Når det er vesentleg kaldare der Lucid stopper betyr det at den hadde kome endå lengre i meir stabile forhold på heile ruta. Dei bilane som gjekk lengst fekk òg dei kaldaste forholda. Høgden speler òg ei rolle. Det er nokre faktorar for opp- og nedoverbakke i WLTP-protokollen, men eg tvilar på det tilsvarer å kjøre Oslo-Dombås-Enden, der Lucid stoppa. Iht. AI tilsvarer den ruta 2000-2500 høgdemeter. Det går litt opp og ned, så dei får sjølvsagt litt igjen for ein del av det, men det betyr likevel eit høgare forbruk enn å kjøre på flat vei. Ein vintertest er fint, men eg forstår ikkje kvifor dei ikkje gjer ein betre innsats for å oppnå relativt like forhold på heile ruta. I ein tidlegare test, kanskje sommar, var det nokre bilar som stoppa rett før ei nedoverstrekke på 700 høgdemeter, mens ein eller to kom seg over kneika. I faktisk forbruk er forskjellen mellom dei eigentleg ganske like, men dei som kom seg ned bakken fekk mange mil ekstra.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    https://www.aftenposten.no/okonomi/i/8pBPm2/vegvesenet-tesla-biler-faar-mest-stryk-paa-eu-kontroll Trur eg skifter ut Y-en før den er blitt fire år. Av fleire grunner, men sånt gjev litt vatn på tankemølla.
  18. Kva går de for av indeksfond eller liknande som ikkje-Amerikanske alternativ? Er det kun Europa eller kjøper de fond med eksponering mot andre områder? Asia, Sør-Amerika, osv?
  19. Eg har jobba i elektrobransjen eit par tiår og trur ikkje eg har sett eit einaste tilfelle der ein sikring har brent seg fast i lukka stilling. I den grad ein sikring feiler er det stort sett at den ikkje vil legge seg inn igjen, og då er det gjerne snakk om ein sikring som har vore i bruk i lengre tid, med utfall dann og vann. Mogleg det kan skje, men på eit riktig dimensjonert anlegg med automatsikringar tvilar eg på det er eit veldig stort problem. Kanskje større sjanse for sånt på eldre anlegg med høg belastning.
  20. Utgangspunktet her var ein brukar som kanskje hadde bruk for pengane ila. 6-12 månader for bustadkjøp. Kjedelig å måtte vente i fleire tiår på at det skal stige igjen. Risikoen for eit langvarig krakk er ikkje veldig stor om ein ser på historien, men det er ein risiko du må ta stilling til. Eit mindre krakk enn finanskrisa kan vere tøft det òg. Når du byrjar å nemne IPS lurer eg på om du har fått med deg kva diskusjonen handla om. Uansett tema så er det feil å påstå at ei investering i aksjemarknaden i praksis har null risiko. Då har du misforstått kva risiko betyr.
  21. Null risiko er jo fantastisk. Forstår ikkje kvifor ikkje alle kjøper det. Eg hadde lett tatt 15% med null risiko. Kva med perioden 2007 til 2013? Leverte vel like bra då sidan risikoen i praksis er null?
  22. Høg avkastning er gjerne eit teikn på høg risiko òg. Poenget med å redusere risikoen når det nærmar seg uttak er som sagt å unngå at du mister ein stor del av verdien rett før du hadde tenkt å selge. Nåja. I eit større krakk blir dei fleste påverka. https://www.finansnerden.no/beste-norske-utbyttefond/
  23. I tillegg lader du neppe døgnet rundt.
  24. Kvifor meiner du det er smart med så kort tidshorisont?
×
×
  • Opprett ny...