-
Innlegg
44 743 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Neste sesong med The Last of Us kommer i 2027
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg har i alle fall fått nok av alle som klager på woke.- 7 svar
-
- 9
-
-
-
Neste sesong med The Last of Us kommer i 2027
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
2-3 år mellom kvar sesong er vel normalen i desse dagar på større serier og ikkje anna enn venta? Det store spørsmålet er om det blir to eller tre sesongar. Det var snakk om å dele resten av TLOU2 i to sesongar, men mtp. ei noko lunken mottaking av sesong to så kanskje dei ikkje tar sjansen på to sesongar til. -
Ingenting har skjedd. Sånn har det vore å årevis. Den type “aviser” er eg aldri innom.
- 20 svar
-
- 1
-
-
Hvem har Norges største «backlog»?
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Skulle til å spørje om pris. Sidan den ikkje veit og brukar kva du faktisk betalte så blir den summen alltid feil og alt for høg. -
Det er veldig varierande kva du finn i butikkane. Eg har kjøpt ganske dårlege og veldig gode norske bær. Mitt inntrykk er at dei norske bæra generelt har gått ned i kvalitet, noko som kanskje er pga. at produsentane går over til bærsortar som er lettare å få til eller leverer meir, men som har dårlegare kvalitet. Samtidig synest eg bær på Nederland er blitt betre. Eg har endå til gode å smake bær frå Nederland som er på nivå med dei beste norske, men det har absolutt gått i riktig retning. Nokre av dei beste i år var sjølvplukk til 40 kroner kiloen.
- 33 svar
-
- 2
-
-
Kommentar: Spel er ei overprisa luksusvare
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Mange nye spel er dyre, men om du ikkje må kjøpe ved lansering kan du spare opp til 90% av prisen. Det er vanskeleg å vurdere verdien av dei enkelte spela, men eg har gjerne ein tanke om tidsbruk. Eg får meir for pengane av å bruke 700,- på eit spel eg kan bruke 200 timar på enn eit som er ferdig etter 10 timar.- 39 svar
-
- 2
-
-
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte bank? (DNB)
Zeph svarte på PosteMonopolet sitt emne i Privatøkonomi
Nok til å bli Private Banking-kunde kanskje: https://www.dnb.no/kundeprogram/private-banking -
Analytiker: – Folk vil samle, ikke spille
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg har delt biblioteket mitt i kategorier etter om eg har fullført dei eller ei. Dei eg aldri har fullført var stort sett bomkjøp på salg, men av og til prøver eg meg på eit spel og fullfører det. To ting hjelper med å unngå feil kjøp eller spel som aldri blir spelt: Betre sjekk av kva spel det er, mekanikkar osv. SteamDB, der du ser at spel stort sett alltid kjem på eit minst like godt tilbod som før, så det er sjeldan noko poeng å kjøpe spel ein ikkje har planar om å spele dei neste månadane kun fordi det er på tilbod. Fleire av spela kunne eg sikkert fullført og likt, men det er så mange spel der ute og eg har så lite tid til speling at når eg først skal bruke tid på det så vil eg prioritere. Etter nokre år får mange spel 50-90% rabatt, så det er ikkje nødvendigvis dei enorme summane ein har kasta vekk. -
Excel: Celle endrer farge automatisk (Ikke ønskelig)
Zeph svarte på AndersT2 sitt emne i Programvare
Om det forsvant ved å slå av den funksjonen så må det vere noko formatering i arket du ikkje har oppdaga. -
Og du nemner i fleng?
-
Microsoft skroter den ikoniske «blåskjermen»
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Det var omtenksamt av dei å bruke svart, så “BSOD” framleis fungerer.- 13 svar
-
- 2
-
-
Einig i at dei fleste klarar seg fint utan. Eg kjøper gjerne for to månader i slengen og vil ha 2-3 åpne posar til ei kvar tid. Å oppbevare dei i frysen bevarer smaken betre, samt at eg har god plass i fryseboksen så dei kan like gjerne ligge der.
-
Brennedato er veldig vanleg for fersk kaffi. 1-2 veker etter brenning er smaken ofte på topp og så mistar den sakte men sikkert smak og aroma. Eg vil helst ikkje kjøpe poser som er over ein månad gamle. Det blir ikkje vondt av at bønnene blir eldre, men smaken er heile poenget for min del, og kjøper eg først 250 g til 180-200+ kr så vil eg ha kvalitet. Eg har sett enkelte som skriv best før, som gjerne er ein dato tre månader etter brennedato, men det vanlegaste brennedato. Mine bønner har eg i fryseboksen og doserer rett frå den. Først får posen stå 7-10 dagar etter brenning, så ein tapebit på ventilen og i fryseboksen. Det forlenger kvaliteten og reduserer degraderinga. Det går stort sett i Tim Wendelboe her, men det er mange gode brenneri her i landet. Utvalet varierer gjennom året sidan bærene blir modne på ulike tider. Mot sommaren dukkar vanlegvis dei afrikanske opp hos TW.
-
Det kan gå år mellom kvar gang eg demonterer og renser Comandante-håndkverna, men det er lite som kan samle seg i den. Sidan eg kun brukar lysbrent er det lite oljer som legg seg på kvernverket. Den elektriske Wilfa Uniform burde me rense oftare, dvs. åpne og få vekk kaffi som samlar seg her og der, men eg brukar den ikkje, så det blir ikkje gjort så mykje. Den har eit ganske dårleg design mtp. rentention og kroker der kaffi kan samle seg opp.
-
Kjem an på kva slags kaffi du har tenkt å lage og kva metode. Maskiner er generelt dyrare for dårlegare kvalitet, men samtidig får du alt i eitt som forenklar det heile.
-
Eg har hatt ei ikkje/elektrisk Kalita Wave-kanne i årevis og veldig nøgd med den. På jobb har eg ei elektrisk Bonavita. Kalita-kanna heller betre, men begge to gjer jobben.
-
Du må vel uansett skru ting fast i veggen, så kvifor ikkje kjøpe ei ferdig grind med ei gang? Det kostar ikkje store greiene. Du får det på Jula, Maxbo, Jysk, Clas Ohlson osv., samt barnebutikkar som Jollyroom, Barnas Hus osv. Avhengig av kvar du bur er det kanskje å få tak i på Finn òg. Å skru opp nokre plankar ser ikkje fint ut. Eg kjøpte ei tregrind til ein femtilapp på bruktbutikk og laga festeanordning sjølv. Om du vil ha noko akutt for eit par dagar så ville eg berre satt noko tungt framfor.
-
Det er eit skapt koffeinbehov etter mykje konsum over lang tid. Om du vil kutte så kan du prøve å redusere litt og litt over tid.
-
Eg brukar Drip Assist dagleg og synest den hjelper med å halde kvaliteten oppe, sjølv om det av og til ikkje blir like bra då heller. No for tida brukar eg 1:15 og alltid vatn som akkurat har kokt. Eg ser ikkje noko grunn til anna om ein brukar lysbrente bønner, men med medium eller mørk kan lågare temperatur hjelpe. Kva kvern har du? Om det er ti faste trinn så er det potensielt ganske store forskjellar frå trinn til trinn, som kan gjere det meir utfordrande å justere inn. Du kan òg justere på bryggemetoden for mindre justeringar enn å endre kvernegrad ville gjort. Som å forlenge eller korte ned bryggetida.
-
Netflix har et ellevilt halvår foran seg
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Stranger Things får endeleg ein slutt. Serien har tatt litt for lang tid og interessa dabba av. Satsar uansett på på bli underhaldt. Squid Game sesong to var ikkje like sterk, som kanskje var å vente mtp. suksessen sesong ein fekk. Me har sett battle royale-aktige spel før med døden som utfall for dei fleste deltakarane, men Squid Game kom med noko friskt, og berre det at serien er frå Sør-Korea var moro. The Witcher er ganske uinteressant. Trur eg har sett ein eller to sesongar. Det er sjeldan eg sluttar å sjå ein serie midt i, men det vart for svakt. -
Hvor mye av inntekten din har du klart å spare?(totalt sett)
Zeph svarte på Salvesen. sitt emne i Privatøkonomi
Med utgangspunkt i brutto sidan eg var 18 år har eg pdd. midlar i fond og på konto tilsvarande ca. 53%, men delar av det er vinst som ikkje har utløyst skatt. Med netto inntekt er det 73%. Ingenting er inflasjonsjustert og det hadde vore høgare om eg tok med verdien av to bilar som utgjer ca. 10% av dagens formue. Det er mest oppsparte midlar, ein god del vinst på fond og litt vinst på bustad. -
Om eg leverer AirPods for reklamasjon pga. støy i den eine når støykansellering er aktiv, og den proppen har ein visuell skade (lite hakk), er det fare for at det blir avvist med grunnlag at skaden er årsaken til støyen? Eg kan ikkje bevise for noko den eine eller andre veien. Skaden kom av at den gjekk i bakken ei gang, men støyen kom ikkje på det tidspunktet. Det er snakk om 1. gen. Pro, som har ein kjent feil som fører til støy og det er ikkje første gang eg ev. reklamerer på dei pga. dette. Om det blir avvist må eg sikkert betale bortimot halvparten av prisen på nye propper.