Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 910
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. At det vart sånn med GTA V betyr ikkje at det blir det med GTA VI. GTA IV fekk to single player DLC.
  2. Dårlig design eller konstruksjonsfeil betyr ikkje at dei bevisst er laga for å feile.
  3. Det enklaste er å putte alt i eit globalt indeksfond. Om du vil endre risikoen kan du velge andre fond på heile eller deler av summen. Personleg ville eg i alle fall hatt det i aksjefond med så lang sparehorisont. Eit globalt indeksfond er diversifisert nok, du treng ikkje meir enn det. Dei fleste som kjøper fleire fond er ute etter høgare avkastning ved å kjøpe teknologifond eller anna, som redusere diversifiseringa og aukar risikoen. Kva tidspunkt som er riktig veit du om nokre år. Ingen veit kva framtida byr på. Det kan bli eit krakk kort tid etter du har kjøpt eller det kan gå årevis før det skjer. Uttrykket "Time in the market beats timing the market" er ofte gjengitt ved denne type spørsmål. Dvs. kjøp når du kan, ikkje prøv å time det. Av og til kan du ha flaks og vente til eit betre tidspunkt, men basert på historikken er anbefalinga å kjøpe når du kan. Er du uheldig så kan AI-boble, Trump, Putin, Kina eller andre faktorar sende verda ut i eit krakk tilsvarande finanskrisa som tar årevis å hente inn igjen, kort tid etter du kjøpte. Det er ein del av det å investere i aksjefond.
  4. På mindre klemmer er det stort sett fjærklemmer i dag, men i mindre grad på klemmer for større tverrsnitt. Du kan få 16 mm² inn på klemmene til bakplata. Dette er i tillegg koblingar som skal utførast av fagfolk, som skal ha meir peiling på bruk av moment og riktig terminering. Om eg hugsar riktig går skruene direkte ned på leiaren, ikkje dytter ned ei plate. Feil terminering (td. MR Flex uten hylser) kan redusere tverrsnittet nok til å kunne forårsake varmgang og brann.
  5. Alle som ikkje har denne type avtalar betalar vel ein del av det. I utgangspunktet er prisen i butikkhylla lik om du har avtale eller ikkje, men dei som har avtale får det nokre prosent billegare. Dvs. at dei som ikkje har avtale betalar for at andre skal få rabatt. Coop har kredittkort med tilsvarande opplegg og Rema har ein app, men ikkje kredittkort. For vår del har me spart 5000 kr på å ha Trumf det siste året. Hadde eg ikkje hatt Trumf ville handlinga kosta oss 5000 kroner meir i dei same butikkane. Du får tru alt du vil, men det er tilfelle. Me kunne kanskje spart meir på å velge butikk etter den som er billigast til ei kvar tid, men det er uaktuelt. Kiwi har dei produktene me vil kjøpe her i området. Alternativet er Extra som me av og til er innom, men iht. siste matbørs så er Kiwi billegare. Ein måte du "betalar" på er ved å la butikkane ha full kontroll over alt du har handla, så dei kan tilpasse sine prisar og tilbod for å maksimere sin profitt.
  6. Bruker Trumf til det meste av daglegvarer sidan me handlar mest på Kiwi. Med Trumf Kredittkort lagt inn i Trumf Pay får du 3% på dei fleste dagane og 5% på trippel-trumf-dagar. Andre ting kjøper eg med DNB kredittkort og får Eurobonuspoeng. Me flyr ikkje så veldig mykje, men blir gjerne nokre turar ila. eit år, og du kan få billett til 3000-5000 som kan endrast fram til 24 timar før avreise mot 250 kroner eller avbestillast mot tilsvarande sum. Er du td. Scandic-medlem kan du få nivåmatch mellom Scandic og Eurobonus, samt kan flytte poeng mellom dei to bonusordningane.
  7. Eg trur ikkje mykje utstyr er "designed to fail", men at det er designet til å vere akkurat godt nok til å fungere. Det betyr at det er lite robust og får fortare feil enn eldre utstyr som var utvikla i ei tid der det ikkje var dagens fokus på å minimere kostnad.
  8. Har brukt Easee-lader i tre år heilt problemfritt og då me flytta og trengte ny lader så vart det Easee igjen. At det oppstår enkelte feil med populære ladere er ikkje uventa mtp. mengden som er installert. Røykvarsler i garasjen er uansett ikkje dumt, helst ein som kommuniserer med varslere eller anlegg i huset for felles varsling.
  9. Om ein relativt ny VVB brukar mykje straum så er det kanskje lekkasje ein stad som fører til forbruk. Står den i leilegheita så vil ev. varmetap frå berederen bidra til oppvarming, men som Simen har forklart er det neppe snakk om mange kronene. Er TS 100% sikker på at det er VVB som brukar mykje straum? Straumforbruket av ein VVB til ei leilegheit med 1-2 personar er normalt ganske lite. Romoppvarming er det som normalt brukar mest straum. Gulvvarme, veggmonterte ovner osv. Eg ville ikkje stengt den av. Då mister du jo varmvatn til håndvask, oppvask osv., sjølv om du dusjer andre stader. Først bør du finne ut om VVB faktisk brukar meir straum enn den burde, deretter sjå om du finn stader som kan ha lekkasje. Er du 100% sikker på at VVB brukar meir enn den burde, men ikkje finn noko årsak, så tar du kontakt med utleiger og ber dei sjekke opp.
  10. Å gå/spasere er lite effektivt for å forbrenne kalorier, med mindre det er snakk om bratt motbakke. Om du vil bruke tida effektivt så er aktiviteter med høgare intensitet å anbefale. Det mest effektive er uansett å bruke kosthaldet til å regulere vekta. 500 kcal underskot er eit greit nivå, men mange har 500-1000 kcal underskot. Eg ville prioritert styrketrening, det du har av dagens aktivitet ellers og brukt kosthaldet for å nå målet. Hugs at du må ha eit underskot over lengre tid for at det skal ha noko effekt, så ikkje legg opp til ein plan som er for ambisiøs. Liten funfact: 10k-greia var marknadsføring:
  11. Reduser kaloriinntaket så går du ned uansett treningsmengde.
  12. 2025 er historie. Me fekk kjøpt hus på tampen av året til 4.1 m. Noko oppussing blir det, så kanskje me kjem opp mot 5 m, men det er mindre enn eg frykta. Litt mindre formuesskatt, men det er dyrt eige hus. Me har 60% lån, som betyr litt høgare faste utgifter enn før, men det skal gå greit. I verste fall kan barnebidrag gå over frå sparing til faste utgifter i ein periode. Satsar på eit greit lønsoppgjer neste år. Eg satsar på at fondene slår lånet, så dei fekk stå i fred. Satte òg av noko EK til oppussing. Livet fortset i 50%-stilling og målet er ein god balanse der me har pengar til det me treng frå dag til dag utan å måtte spinke og spare. Det er ikkje verdt det å leve for stramt i denne perioden for å kunne slutte tidlegare i arbeid, men samtidig er det ikkje noko poeng for meg å ha mange tusen til overs kvar månad. Då kan dei heller gå til lån og pengane stå i fond. Skulle det dukke opp behov så har me alltids fond å ta av. I følgje nettbanken er det 4.5 m igjen på ASK før eg må skatte av vidare uttak. Eg veit ikkje om alt det er vinst, men uansett moro å vite at det byrjar å bli bra avkastning av skatten eg låner av staten. Om det er 38% på alle 4.5 m blir det 1.71 m i skatt. Trump satte sitt preg på fondene i fjor, men det vart likevel 6-7% på globale fond. No har eg ca. 2/3 i global indeks og 1/3 in DNB teknologi.
  13. Alternativet til IPS er for dei fleste å spare i ASK, ikkje bruke opp pengane så fort som mogleg.
  14. Kva gjer folket her inne som har AutoSync i dag? Velger Autosync Minimum? Skifter til Flyt (eller anna?) Det er ikkje det at me vil merke dei fem kronene, men ei krone her og ei krone der, enn så lenge Autosync Standard ikkje har noko me har bruk for. Og litt prinsippsak.
  15. Zeph

    Elbil-tråden

    Ganske snodig at det gang på gang er Volvo sine bilar dette skjer med. Skulle tru dei som trykker på feil pedal kjører andre bilar òg.
  16. At teknologi har slått indeksen over lang tid er ikkje nytt. Det kan gå like godt dei neste ti åra òg, men med smalare portefølje er det òg ein større risiko om det skulle bli dårlege tider i bransjen. Akkurat no er AI den store snakkisen, og AI-bobla i denne samanhengen, men det er ingen garanti for at det faktisk er noko som vil skje. Skulle ei tek-boble sprekke vil det sjølvsagt påverke indeksfond òg, men sannsynlegvis i mindre grad. DNB Global Indeks A har 30% i tek, mens teknologi har 68%. DNB Teknologi har stått på karakter 6-lista til Kvadsheim i årevis, som Global Indeks òg har gjort. Mange investerer litt her og litt der. Du kan ha ein kombinasjon av rentefond, globale indeksfond og spissa fond som teknologi. Eg ville vore meir bekymra for tek-krakk ved å ha ein stor del av midlane i tek enn at fondet er dyrare enn indeks. Samtidig kan kanskje eit tek-fond hente seg inn igjen raskare.
  17. Du kjøper ikkje rentefond fordi du trur det vil slå aksjefond, men fordi risikoen er lågare. Har du lang sparehorisont, 5-10+ år, så vil dei fleste anbefale aksjefond. Er horisonten kortare, td. om du vil bruke pengane til kjøp av bustad eller faste uttak som pensjonist, så kan du redusere risikoen for større nedgang ved å investere i rentefond i staden for aksjefond. Her er Holberg Kreditt A, eit høgrentefond, samanlikna med DNB Global Indeks A. Ref. Google AI:
  18. Poenget er å ha eit alternativ til aksjefond med mindre risiko, men samtidig potensielt høgare avkastning enn sparekonto/høgrente. Du kan framleis ikkje ha rentefond i ASK, så aksjefond har ein ekstra fordel der.
  19. https://www.nrk.no/norge/na-far-sparekontoen-en-sterk-konkurrent-1.17690359
  20. Kva med digitale spel? Har digitale spel tatt over marknaden fysiske har tapt eller har totalen gått ned?
  21. Å kaste dei er i alle fall unødvendig. Det er mange som les Donald.
  22. Finnes kanskje ein utforingsring som kan passe, der du får noko å henge skinna i andre veien, men kva vekt dei kan ta veit eg ikkje. Ser ikkje ut som dei i lenka under er så kraftige. https://www.megaflis.no/elektro/tak--og-veggbokser/utforingsring-urpv12-for-veggboks Sidan boksen ikkje går jamt med taket kan du kanskje mekke noko greier oppi der som gjev deg festepunkt andre veien.
  23. Fint oppsett @Bjerknez (ref. https://www.diskusjon.no/topic/1938799-hvilken-såpe-til-bilvaskbest-plass-å-kjøpe-slikt/page/3/#findComment-27487005 ). Har du opplevd at ventiler eller pakninger i kannene blir ødelagt av å stå med produkt i over lengre tid? Er du nøgd med Work Stuff-kannene? Eg har så langt fire KC-kanner som ikkje har bydd på noko problem så langt. Skulle gjerne hatt ei større kanne for å påføre forvask. Sjølv med lågtrykkskannene blir det ein del pumping og spruting. Eg merka fort at det å ha ting klart fører til hyppigare og raskare vask. Har ikkje hatt det så langt, men flytter snart i nytt hus, og der skal det opp HT-slange på trommel så eg slepp dra fram og snurre ut slangen på HT-vaskaren kvar gang. Det er for øvrig ein fabelaktig god Kränzle. Då blir det òg hyller for kannene og alt på sin plass. Får ei lita isolert bu ved garasjen som har plussgrader gjennom vinteren. Det eg kanskje saknar mest mtp. bilvask er lakkforsegling på bilane. Dei blir oftare skitne og tar lengre tid å vaske utan, men det vart ikkje prioritert. Eg brukte heller pengane på vaskeutstyr.
  24. Lite kalk her òg. Tørker av og til, men det er litt lite motivasjon for det når bilen er våt igjen med ein gang pga. regn.
  25. Bladrust og klimaendringar påverker òg spesialkaffi, ref. Wendelboe i den siste videoen om kaffien dei sender ut til abonnenter i desember:
×
×
  • Opprett ny...