Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 743
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Historien i spelet? Den er kanskje ikkje presentert i klartekst som mange andre spel, men om du ser etter Elden Ring Lore på Youtube så er det liten tvil om at det finnes meir enn nok å ta av. Eg vil påstå at det kanskje er for omfattande til å takle med ein film. Ein serie hadde gjort seg. I filmar har dei for lite tid og prioriterer gjerne action og materiale som gjer seg i ein trailer, som betyr at det blir lite tid til alt rundt. Har ikkje så alt for store forhåpningar, men Alex Garland har ein grei katalog bak seg, så det kan gå betre enn frykta.
  2. Er du riktig heldig kan du òg finne sekskantskruer med spor i tommer, som det òg finnes sekskantnøkler til. I bilverda er det kanskje importerte bilar frå USA ein kan finne sånt på, om det eksisterer. Du kan få opp enkelte skruer i tommer med millimeternøklar avhengig av dimensjon, men eg ville ikkje tatt sjansen på ein hjulbolt. Faren er stor for at nøkkelen glipper, går rundt og øydelegg sporet. Prøv 12 mm, gjerne med eit kontrollmål først frå 10 cm og utover som føreslått over her.
  3. Interessant. Eg har ikkje så lyst å bruke på tusenvis for coating lagt av andre, men dei flaskene ser ut som dei kan vare nokre år og greit å ha til fleire bilar. Nokon som har personleg erfaring med heimecoating? Eg har ein blå og ein kvit bil og bur i eit område med mykje nedbør og støvete veier, så den blå bilen er bortimot konstant skitten. Sjølv ein grundig vask med all slags produkt så er den støvete og skitten etter kort tid. Den kvite er nok like skitten, men det syns ikkje så godt.
  4. At bedriftar vil bruke AI til å tjene meir er vel det minst sjokkerande eg har høyrt på lenge.
  5. Hadde ikkje gjort meg noko om det vart utsett ein halvår til. Midt på sommaren er ikkje tida då eg vil sitje inne i time etter time med eit nytt spel.
  6. Hovedspelet synest eg fekk mykje bra, men etter at spelet var gitt ut så kom det lite nytt. Kom vel noko våpen og greier då det vart lansert til PC, men ingen DLC. Mtp. kva dei håver inn på GTAO så forstår eg det godt, men likevel synd.
  7. Det ser så bra ut(!), men PC-en min vil få det tøft… I tillegg må eg nok vente minst eit år etter lansering. Kanskje eg skal legge av ein 500-lapp i månaden og kjøpe konsoll beste mai. No har Reddit-gjengen ein ny trailer å analysere det neste året.
  8. Eg reknar med det vil gå minst eitt år frå lansering før det kjem til PC.
  9. Næring inntatt i løpet av dagen betyr noko, ikkje når på dagen det skjer.
  10. Eg hadde blitt sjokkert om han sa noko anna.
  11. Kvifor ser det mørkt ut?
  12. GTA IV vart lansert i april og mange andre R*-spel vart lansert på våren.
  13. Folk er late og forkortar ord, men eg tvilar på at så veldig mange kjenner til at sambo kan vere rasistisk.
  14. Om du får lågare rente i ein anna bank så vil det lønne seg. Du bør kunne få betre enn 6,29%, men kva bank som kan gje deg best rente veit eg ikkje. Det avheng av livssituasjon, inntekt, ev. medlemsskap i fagforeiningar ol., alder osv.
  15. Skal ein sjå på global indeks så bør du gå lengre bakover enn det. Eg veit ikkje kva det eldste indeksfondet er, men dei følgjer gjerne MSCI World Index, som går langt tilbake i tid. Grafen illustrerer kvifor ein bør ha lang sparehorisont. Om du kjøpte fond i midten av 2007 med planar om å selge dei 2-3 år seinare så ville verdien vore lågare i 2010 enn då du kjøpte. Du kan vere heldig og kjøpe i 2010 for å selge i 2014, men dette er berre historie, ingen fasit for framtida. Det viktigaste er å vite kva du kan risikere.
  16. Venta avkastning på eit globalt indeksfond er rundt 7-8% om ein ser 50-100 år bakover. Sidan finanskrisa har det gått betre enn historisk, så annualisert avkastning siste 10 år har vore rundt 12%, men det er ingen garanti for kva som skjer framover. Eit typisk globalt indeksfond er gått ned 10% så langt i år, og avhengig av kva som skjer i USA og verda ellers kan det gå både opp og ned. Det finnes andre fond óg, men dei fleste anbefalar å kjøpe globale indeksfond. Eit veldig viktig moment å tenke på om du vurderer indeksfond er sparehorisont. Når ser du får deg å ha bruk for pengar du eventuelt ville kjøpt fond for? Kjøper du eit aksjefond bør du har tidshorisont på minst 5-10 år. Dvs. at du ikkje har bruk for pengane på minst så lang tid. Å kjøpe fond for sparehorisont kortare enn det er risikabelt sidan du kan risikere at verdien går ned 40-50% rett før du hadde tenkt å selge dine andelar.
  17. Det er ein meget velkomen funksjon. 👏 Mange (meg sjølv inkludert) føretrekk å ha engelsk teksting når ein ser engelskspråkleg underhaldning. Det har eg unngått på Netflix sidan det kun finnes i CC-versjon. Då tar eg det heller på norsk. HBO har ofte eit alternativ med kun dialogen.
  18. I følgje Wikipedia-lista er Elden Ring med det på topp 50-lista over mest solgte spel gjennom tidene.
  19. Korttidssparing i desse tider ville eg satt på høgrentekonto med 4,5-5,3% rente.
  20. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg las om ein modell i Kina med mindre utstyr, men har aldri høyrt dei har gjort sånn før. Ser ut som det kan vere noko på vei her òg. https://www.motor.no/aktuelt/dette-kan-bli-fjernet-for-a-lage-en-billig-tesla/313858
  21. Zeph

    Tesla - kaféen

    Utstyr? Kva utstyr skal dei fjerne? Det er ikkje noko inkludert utstyr å fjerne.
  22. Me har nokre lampar av eldre dato som har innebygd dimmer. Td. stålampe med eit lite hjul du vrir på. Desse fungerer dårleg med dei nye LED-pærene. Er det nokon som veit om det finnes LED-pærer laga for eit sånt formål som kan fungere på eldre lampar?
  23. Zeph

    Tesla - kaféen

    70 000 kroner spart er veldig teoretisk. Tesla har vel stort sett rentekampanje med jamne mellomrom på 2-3%, så i praksis er det ikkje nødvendigvis 5-6% rente som er alternativet? Renta kan òg gå ned framover, som ikkje vil få betydning for 0%-lånet, men kan føre til at alternative lån med høgare rente blir billegare. I tillegg spørs det sjølvsagt kva du gjer etter tre år med låg rente. Ang. prisutvikling så er det umogleg å vite, men det er absolutt ikkje utenkeleg at prisen kan gå ned om salget går dårleg.
×
×
  • Opprett ny...