Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 838
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Zeph

    sunt brød

    Det er ganske greit å lage sjølv. Eg har sikkert laga 4-5 sjølv sidan eg starta for 10 år sidan.
  2. Snurr ledningen rundt skrua og skru fast.
  3. Zeph

    sunt brød

    Du kan kjøpe surdeig som dei påstår er 400 år gammal på Finn, men eg har ikkje noko tru på at det er noko spesielt med ein eldre starter. Når du får den vil det som finnes i ditt vatn, mjøl og omjevnader påverke biologien i surdeigen.
  4. Zeph

    sunt brød

    Eg har ein plan om å kjøpe mølle for å kverne korn til heimebakt surdeigsbrød. Du får visst litt meir næring av det, men hovedpoenget er smak.
  5. Hovedsikring, eventuelt tverrsnitt på inntaksledningar er der ein gjerne startar ein sånn prosess. I eldre leilegheiter er det gjerne mellom 25A og 40 A. Samtidighetsfaktor er eit viktig poeng, og i ei liten leilegheit kan ein gjerne bruke ein lågare faktor enn eit hus der det oftare er fleire store forbrukarar samtidig. Det er vanleg med langt fleire kursar i nye installasjonar i dag, men straumforbruket er heller lågare enn før pga. tettare bygg, varmepumper, LED-lys osv., så samtidighetsfaktoren kan vere ganske låg utan så stor fare for utfall. Om hovedsikringen skulle ramle ut ei og anna gang så betyr det heller ikkje stort. Det vil sannsynlegvis skje under matlaging, og då er det folk i huset som kan legge den inn igjen. Byggemetode, potensielle føringsveier for ny installasjon osv. er avgjerande for moglegheiter til å utvide sikringsskapet. Det er ikkje noko i veien med å ha fleire rom på same kurs (stove, gang, kjøken td.) om det ikkje er for mange store forbrukarar der, men på kjøkenet er det absolutt ein fordel å ikkje ha for mykje på same kurs mtp. kjøl og frys.
  6. Kontoen og spela har ein verdi for eigaren av kontoen, sjølv om dei ikkje kan selgast vidare, men skal ein setje noko verdi på det så ville eg i alle fall brukt tilbodsprisar. Med så mange spel er det sjølvsagt mest eldre spel, så verdien om ein skulle kjøpt dei i dag (over eit halvt år for å kjøpe på tilbod) er kanskje 70% av fullpris sidan dei fleste spel på eit tidspunkt når ein tilbodspris på 50-90% av fullpris. Det er ikkje lov iht. Steam sin TOS å overføre spel eller konto til nokon andre, men dei sjekker heller ikkje identitet, så ein kan gje nokon andre tilgang til kontoen og i praksis overføre den. Er den verdilaus om ein bekjent eller eit familiemedlem får tilgang til eit enormt spelbibliotek?
  7. Påstanden hadde vore riktig om alt var kjøpt til fullpris, noko det ikkje er. Den reelle kostnaden er langt lågare.
  8. Nye jordfeilautomater er tryggare, så det har noko for seg. Om eldre sikringar kan overbelaste ledningsnett og tilkopla utstyr så er det positivt å få gjort noko med.
  9. Zeph

    sunt brød

    Kvifor meiner du det ikkje speler noko rolle? https://www.aftenposten.no/sprek/i/1M8PyB/hva-er-sunnest-grove-kjoepebroed-eller-finere-hjemmebakte-broed-dette-sier-ernaeringsfysiologen
  10. Kanskje, men det er ikkje sikkert forbruket er høgt nok til å gje utslag på spenninga. Har du eit multimeter kan du måle straum frå batteriet i staden for og så ta ut ein og ein sikring.
  11. Lite er så enkelt som å finne riktig kjøpetidspunkt bakover i tid.
  12. Ideellt sett bør dei sitje bakovervendt så lenge som mogleg, så jo lengre jo tryggare. Det er ingen fasit på når ein skal snu dei, men minstekravet er at bilstolen er laga for å stå framovervendt og bornet passar mtp. vekt og høgde. Uansett kva type bilstol ein har, om den er vendt eine eller andre veien så er riktig montering og bruk viktig.
  13. Worms er ein av dei store klassikarane mine og ein av spelseriane eg har brukt mest tid på. For min del starta det med ein demo av Worms 2 som følgde med eit Komputer for Alle-blad. Den demoen var spelt om og om igjen i timevis før eg endeleg ein dag kunne reise på ein eller anna spelbutikk i Bergen og kjøpe fullversjonen. I tillegg til ferdige oppdrag var kartbyggaren veldig bra og ved å tilpasse tilgjengelege våpen og eigenskapane deira laga me mange ulike spelmoduser, gjerne inspirert av oppdrag i spelet. Som kartet utan ein einaste bit fast grunn, så det vart autogenerert stålbjelkar som makkane kunne stå på og du hadde kun nokre få skytevåpen tilgjengeleg. Av og til kun hagle, men med krafta justert opp. Eller kart som var heilt dekka av landmasse og det vart autogenerert hol som i ein ost og du måtte grave deg fram til motstandaren. Der kom Minigun-en til sitt rette om du justerte litt på mengden skot, så den gravde ein lang tunnel innover. Liero er nok eit kjent namn for mange i Worms-generasjonen som forstår koplinga. Kart med mykje ope landskap, men lite våpen, uendeleg Ninja Rope og mange våpendropp. Der var det gjerne den som var best med tauet som sto igjen til slutt. Det enkle er ofte det beste, og kart med mykje ope landskap, der du ikkje kan flytte makkane og har kun bazooka tilgjengeleg er ein klassikar. Lite kunne måle seg med gleda over ein fulltreffar i sterk vind. Øystein nemner det første spelet og at WA endra alt, men eg vil seie at det var Worms 2 som tok det første og største spranget visuelt sett. WA er ei vidareutvikling av det dei byrja på med Worms 2, og er det beste i serien for min del. Det gjekk utallige timar med til oppdrag, utfordringar og ikkje minst samspeling med andre. Gjerne på dataparty. Alle som kan skriver under på at dei har bestige Eiffeltårnet med pil og boge, etter mykje frustrasjon, kan eg gje eit anerkjennande nikk. Team 17 prøvde seg med 3D før dei etter mange år returnerte til 2D, og Worms er utvilsamt best i 2D. Eg er einig i at dei perfeksjonerte det for 30 år sidan og det gjorde vidare utvikling av serien utfordrande. Det er ikkje så mange år sidan eg runda WA igjen, men tida der me sat framfor skjermen og angreip makkar med bazooka til inga ende er over. Eg rundar av med ei musikkperle og takkar for minnene.
  14. Eg kjøper bønner for 2-3 månader i slengen og legg alle eg ikkje har tenkt å bruke dei neste par vekene rett i fryseboksen med ein tapebit over ventilen. Før dei blir fryst ned har dei stått på benken i 1-2 veker for å sleppe ut CO2. Når posane eg har hatt i kjøkenskapet er tomme doserer eg rett frå fryseboksen og lar posen bli liggande der til den er tom.
  15. Bloom endrar seg etter som bønnene blir eldre fordi dei slepp ut litt CO2 heile tida. “Bloom-soppen” oppstår fordi det blir frigitt meir CO2 når du heller varmt vatn på kverna kaffibønner. Du kan få ein stor bloom av nybrente bønner, men det vil kanskje ikkje smake godt så kort tid etter brenning. Eg får ikkje så veldig mykje bloom av lysbrente bønner som har fått stå og sleppe ut CO2 i 1-2 veker. Bryggemetode kan òg påverke korleis bloom ser ut visuelt. Ein Kalita Wave har brattare vegg og kan skape meir høgde på bloom enn td. V60 som har større vinkel (60 grader faktisk). Ein daglegvarebutikkpose merka best før 5. desember 2025 vart kanskje brent 5. desember 2024. Det er lite CO2 igjen etter så lang tid. Gamle bønner har i tillegg lite smak igjen, i den grad mellom- og mørkbrente bønner frå Coop hadde noko smak anna enn brent og bitter i utgangspunktet. Mørkare bønner har meir CO2 og vil gje større bloom enn tilsvarande lysbrente, men som sagt, etter minst eit halvt år er det lite igjen. Volumet på ein bloom er uansett ikkje noko å bry seg om. “Sterk” eller “svak” bloom (som eg antar har med mengden bobler å gjere) er ikkje noko indikasjon på kva brygget vil smake til slutt. Så lenge du har brennedato veit du kor gamle dei er. “Best før”-dato er ikkje like informativ, men eg meiner å ha lese at det ofte er eitt år etter brenning. Kaffi du kjøper i butikk med “Best før” er sjeldan veldig fersk.
  16. Eg såg nyleg Breaking Bad for første gang og var kanskje tjue år for seint ute. Den var ok, men ikkje så fantastisk som mange skal ha den til. På den tida seriane vart populære såg eg mest film, så eg har ikkje sett Lost, Prison Break, The Wire osv. Korte sesongar har sine ulemper, men eg er einig i at eldre seriar med lange sesongar kan ha ein del unødig fyll. Det er litt tiltak å dra i gang ein serie med 6+ sesongar og over 20 episodar per sesong. Av favorittane innan drama så går oftast tankane til Twin Peaks og Deadwood. Game of Thrones må kanskje òg nemnast.
  17. Elektronikk og mekanikk Diskusjoner rundt elektronikk, mekanikk og elektronisk utstyr som ikke passer i andre kategorier.
  18. I følgje den grafen kom det ikkje noko meir inn enn det hadde gjort dei fem åra før Covid-19.
  19. Frå 15 000,- til 25 000,- i månaden er ei auke på 67%. Eksempelet ditt er ei endring på 1840,- kroner. Leigeprisane har ikkje gått opp like mykje som rentekostnadane.
  20. SIFO tar ikkje med bukostnader, og dei har gått opp sidan 2021. Du treng ikkje ha lånt til pipa eller over evne for at renta påverkar økonomien. For eit lån på 4 millionar vil eit rentehopp frå 1% til 5,5% nominell auke terminbeløpet kvar månad med ca. 10 000,-.
  21. Eg har i alle fall fått nok av alle som klager på woke.
  22. 2-3 år mellom kvar sesong er vel normalen i desse dagar på større serier og ikkje anna enn venta? Det store spørsmålet er om det blir to eller tre sesongar. Det var snakk om å dele resten av TLOU2 i to sesongar, men mtp. ei noko lunken mottaking av sesong to så kanskje dei ikkje tar sjansen på to sesongar til.
  23. Ingenting har skjedd. Sånn har det vore å årevis. Den type “aviser” er eg aldri innom.
  24. Skulle til å spørje om pris. Sidan den ikkje veit og brukar kva du faktisk betalte så blir den summen alltid feil og alt for høg.
  25. Det er veldig varierande kva du finn i butikkane. Eg har kjøpt ganske dårlege og veldig gode norske bær. Mitt inntrykk er at dei norske bæra generelt har gått ned i kvalitet, noko som kanskje er pga. at produsentane går over til bærsortar som er lettare å få til eller leverer meir, men som har dårlegare kvalitet. Samtidig synest eg bær på Nederland er blitt betre. Eg har endå til gode å smake bær frå Nederland som er på nivå med dei beste norske, men det har absolutt gått i riktig retning. Nokre av dei beste i år var sjølvplukk til 40 kroner kiloen.
×
×
  • Opprett ny...