Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 961
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. I min nettbank (DNB) blir skjermingsfrådraget lagt til beløpet for skattefritt uttak kvart år. Det er kanskje likt i andre bankar. Dvs. om du ikkje har nytta skjermingsfrådraget for eit år så får du det med vidare og vil bli lagt til beløpet for skattefritt uttak. Det beløpet vil stige utan at du kjøper meir til kontoen. Har du hatt fond i mange år, ev. har kjøpt eller solgt på ulike tider så er det ikkje lett å rekne ut skjermingsfrådraget, men når beløpet blir lagt til det skattefrie beløpet har du all informasjon du treng for å gjere vurdering av uttak mtp. skatt. Tar du ut heile det skattefrie beløpet i td. DNB så har du tatt ut alt innskote og heile skjermingsfrådraget. ————————————— Ellers er globale indeksfond tilbake på ny ATH etter Trump-duppen som tok til i februar i år. Sjølv med den er td. DNB Global Indeks 4.75% opp så langt i år. KLP-fondet er over 5%.
  2. 1000-2000 kroner.
  3. https://noroppgjor.no/privat-salg/ Det var endå eit hakk opp i pris.
  4. Meglaren me fekk pris på 20k av er han som selger bustaden familemedlemmet har kjøpt. Får ta nokre telefonar i morgon og avklare.
  5. Einig, spesielt sidan det var litt kort frist og ingen av oss har gjort dette før. Trur eg satsar på det, ev. prøver å prute på lokal megler. Edit: Propr skreiv at det tok minst tre veker, så om lokal meglar får det til raskare er det kanskje like greit.
  6. Eg skal sjekke med banken sidan det er lån involvert. Finnes det ei smørbrødliste eller er det så enkelt som å skrive ut kontrakt, skrive på alt, sende inn og overføre pengar? Selgar skal bruke pengane til kjøp av bustad, så om eg får gjennomført det ila. eit par veker kan dei unngå mellomfinansiering. Våre midlar kjem frå sparekonto og lån. Banken vil kanskje ikkje overføre pengar til selgar før dei ser at me har overtatt bustaden?
  7. Begge partar har ein stabil økonomisk situasjon, begge har finansieringsbevis og det er ingenting som tilseier at det skulle dukke opp økonomiske problem med nokre av partane.
  8. Når så mange andre her i landet får bygge innafor strandsona så hadde eg ikkje venta anna enn at kongen òg fekk lov.
  9. Det var litt sånt eg ville finne ut av. Kva gjer ein advokat som me ikkje kunne klart sjølve? Er det mykje greier med papir og sånt for å få det til? Er det noko du må ha advokat til? Kan banken kreve profesjonell involvering for å sikre seg sjølv? Eg ventar ingen tvist. Det er nær familie, me er godt kjent med huset og har takstrapport. Huset skal kjøpast med både eigenkapital og lån, men der har vel banken kontroll.
  10. Nokon som har erfaring med å kjøpe hus utanfor marknaden, td. av familiemedlem, der pris er avklart og du kun treng hjelp til det formelle? Meglaren dei me kjøper av har kontakt med skal ha 20 000,- for jobben. Propr skal ha 9900,-. Finnes det fleire alternativ, ev. mogleg å gjere det billegare? Eg er medlem i LO Favør, men klarte ikkje heilt å finne ut av kva det ville kosta å brukt advokat gjennom det. Nærmaste eg kom var 2019,- kroner timen hos Legalis.
  11. Har NextGenTel blitt betre dei siste åra? Eg meiner å hugse at dei gjorde det relativt dårleg på undersøkingar tidlegare. Det kan ha vore enkelttilfelle eg har fått med meg, og i tilbakemeldingsbransjen finn du alltid alt frå stryk til toppscore. https://www.aftenposten.no/digital/i/rP0W8w/disse-tv-og-bredbaandsleverandoerene-har-de-mest-og-minst-fornoeyde-kundene Huset me skal overta har pdd. Altibox, som då er det enklaste å overta, men eg skal sjekke med både NGT og Altibox for å sjå kva prisar dei kan gje.
  12. Når batteriet er lada opp er det ikkje nødvendig at det står på lading, men er traktoren sjeldan i bruk så er det ikkje dumt å lade litt av og til. Du finn ut om batteriet fungerer når du har brukt traktoren ein periode. Batteriet kan fungerer fint sjølv etter å ha vore heilt utlada. Det verste er om det står utlada over lengre tid.
  13. 30 GB er for lite. Eg har jobbtelefon med 100 GB, men sjølv det er lite om det blir strøymd 2-3 timar kvar dag. ICE (399/mnd) skrur ned frå 200 Mbit/s til 3 Mbit/s etter du har brukt 100 GB. Du kan få 100 GB til for 299,-, men då er du oppe i 700/mnd. Altibox skal ha 869,- for 150 Mbps. NGT skal ha 699,- for 50 Mbps og 749,- for 100 Mbps. Ein kan nok få eit oppstartstilbod hos Altibox med litt rabatt, og så ev. true med å skifte til NGT om prisen går opp igjen.
  14. Nokon som har testa Starlink eller sett andre alternativ for å få internett som er billegar nok enn 900/mnd for fiber til at det er verdt å prøve?
  15. Amazon har fungert veldig bra for min del. Det er stort sett ryddig og du ser sluttsummen før du kjøper.
  16. Zeph

    Prolaps

    Har eit eller anna i korsryggen etter styrketrening. Bøkene til Stuart McGill har vore veldig nyttige. Kan anbefalast til alle med ryggsmerter. Back Mechanic er ein god start. Kort oppsummert er å identifisere kva som fører til smerte og unngå dei rørslene. Det er mykje meir og nyttig informasjon i bøkene. Eg var til noko fysio, men det som gjorde ein forskjell var å endre måten eg bevega meg på.
  17. Veit ikkje om eg vil ha eit Bluepointifisert Bloodborne om det får same behandlinga som Demon’s Souls.
  18. Zeph

    Elbil-tråden

    Opp med straumprisen då altså. Det blir nok populært. 😄
  19. Zeph

    Elbil-tråden

    Det er fordi produsentane har prioritert dei større bilane. Det skjer mykje i segmentet for små bilar om dagen, men då er det sjølvsagt lite utval på bruktmarknaden akkurat no. Om grensa blir senka til 300k så kan det gje ein ekstra boost til marknaden for mindre bilar til rundt 300k. Båda pga. prisforskjellen mot dei over 300k og at det stadig kjem fleire mindre bilar ein kan kjøpe.
  20. Zeph

    Elbil-tråden

    Så lenge det er 90-95% elbilar som blir solgt av nye bilar så vil det løyse seg sjølv over tid. Mange drivstoffbilar har mange år igjen på veien, så det vil sjølvsagt ta tid før elbilane tar over den statistikken. Spørsmålet er kva som skjer når momsfritaket blir senka og på sikt fjerna heilt, som mykje tyder på at me vil få ein indikasjon på no om momsfritaket blir senka til 300 000. Då vil alle bilar bli dyrare, men eg trur det blir elbildominans på statistikken likevel. Delvis fordi det blir færre drivstoffbilar på marknaden, delvis fordi elbilar framleis er billegare i drift enn drivstoffbilar, og mykje fordi mange synest det er betre bilar å kjøre. Eit interessant tema er lading. Blir det bygd ut nok ladeanlegg og er infrastrukturen klar for 3-4 ganger fleire elbilar enn i dag? Det blir nok kamp om bilane dei klarar å levere fram til nyttår om grensa blir senka til 300k. Eg synest dei heller burde senka den med 100k i slengen. Eg har lyst å skifte ut min 23-mod TMY, i utgangspunktet til ein brukt i tilsvarande prisklasse, men det blir litt meir å tenke på om desse endringane kjem. Spesielt om momsfritaket går frå 300k til 0 i 2027.
  21. Ein kunne jo håpa på at om han fullførte serien så skreiv han det om litt ift. serien etter å ha sett reaksjonane på sesong 8. Ikkje nødvendigvis dei store konklusjonane, men veien fram. Eit problem med dei siste sesongane er at ting går veldig fort og karakterutviklinga manglar eit betre grunnlag. Det er lettare å fylle ut om sånt i ei bok enn på skjermen.
  22. Som mange har sagt så tok nok Game of Thrones (serien) livet av resten av bøkene. Med heile historien i grove trekk allereie vist på skjermen så forsvann nok mykje av motivasjonen for å skrive vidare. Det hjalp kanskje ikkje at den siste sesongen fekk ein del pepper handlinga. Eg bestemte meg for mange år sidan at eg skulle vurdere å lese ASOIAF om Martin fullførte serien.
  23. Etter 80 timar så langt så leverer Silksong akkurat det eg håpa. Det nærmar seg slutten på mi gjennomspeling, men basert på historien til Hollow Knight er det absolutt lov å håpe på opptil fleire utvidingar til Silksong. Karakterane, musikken, gameplayet, humoren, tragediane, områdene, spelet leverer så det syng for min del (no pun intended). Team Cherry har klart det igjen, og til ein pris på 220,- kroner er det ekstremt mykje valuta for pengane. For dei som er glad i platformspel, gjerne dei som vil ha noko utfordrande, kan eg varmt anbefale Wings of Vi og Roah frå danske Grynsoft (kanskje mest kjent for I Wanna Be The Boshy). Pga. at det er spel laga for å vere utfordrande og krever mange forsøk så er det ei mindre gruppe det appellerer til, men for oss er det gull. Spela er nokre hakk vanskelegare enn Hollow Knight. Grynsoft har eit nytt spel under utvikling.
  24. Det første spelet var veldig bra. Moro med alle referansane til Spirited Away og eit artig konsept. Det andre spelet var óg moro, men eg synest ikkje det var like bra som det første. Basert på omtalene på nettstader og Steam av Little Nightmares III så langt så forsvinn det ut av ynskjelista mi på Steam. Kanskje eg plukker det opp ein dag på tilbod, men mykje tyder på at spelet har blitt dårlegare og dyrare.
×
×
  • Opprett ny...