-
Innlegg
44 743 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Kjøleskapsgraut er enkelt og du kan putte oppi kva du vil for å smakssetje.
-
Så forskjellen er at med BE kan du bruke ein større henger (med høgare tillatt totalvekt) til å trekke maksvekt for bilen, men uansett aldri meir enn 1200/1600 kg. I praksis blir det gjerne mindre last pga. tyngre henger, men du kan trekke fleire typer hengere. Kjem ein borti bilar med høgare hengarvekt er det sjølvsagt endå meir ein kan trekke med BE.
-
Ved feil på eit produkt så sjekker du brukarrettleiinga. Det er noko feil med vassinntaket til maskina.
- 1 svar
-
- 2
-
-
Er det noko poeng i å ta BE-lappen med dei fleste elbilane eller er B96 nok? Pdd. har eg ein Enyaq 80x og Model Y. Enyaq: 2746 tillatt totalvekt, 1200 maksvekt henger m/brems, 3946 maks vogntogvekt. Model Y: 2518 tillatt totalvekt, 1600 maksvekt henger m/brems, 4018 maks vogntogvekt. Om eg trekker tillatt totalvekt frå 4250 så får eg 1504 på Enyaq og 1732 på Model Y. Begge er over maksvekt for tilhenger. Forstår eg det riktig at eg då uansett ikkje kan trekke meir enn 1200 og 1600 kg med BE enn B96? -------------------------------------------------------------------------------- På Enyaq-en går det opp med tillatt totalvekt, maks tilhengervekt og maks vogntogvekt (2746+1200 = 3946), men på MY blir det (2518+1600 = 4118), mens det står maks vogntogvekt på 4018 iht. SVV. Er det ein trykkfeil på MY? Det står likt i vognkortet.
-
Hollow Knight: Silksong kommer 4. september
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Frå svært lite nytt på seks år til trailer og lansering ila. eit par veker! Sjeldan eg kjøper spel til fullpris, men Team Cherry demonstrerte med Hollow Knight at spelet var verdt kvar krone. -
Vi fikk endelig prøve «Hollow Knight: Silksong»
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Hollow Knight var ei fabelaktig oppleving, og Silksong har fansen venta på i årevis. Eg hadde HK på ynskjelista på Steam for nokre år sidan og kjøpte det utan å vite noko meir enn at det hadde fått mykje positiv omtale. Det var ei fantastisk reise og eit spel som er heilt i toppen av den kategorien. Det blir garantert kjøp her, men gameplayvideoer og trailere trur eg eg droppar og heller opplev alt når det er ute. -
Ja, det var manusforfattarane eg tenkte på. Dei har ein del større hendingar frå Tolkien å basere historia på, men sjølve handlinga og dialogen er svak.
- 28 svar
-
- 1
-
-
Garanterer Hollow Knight: Silksong-lansering i 2025
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Silksong i 2025? Fabelaktig. Lansering på vinterhalvåret er ein ekstra bonus. Det er spesielt moro med spel når det er kaldt og surt ute. -
Heimelaga lasagne. Tilbehør: spinat, lokal salat, fersk basilikum og litt 12-års balsamicoeddik over det grøne. 👌🏻
-
Den er ikkje så godt skjult med sjefsøgla Musk i bransjen.
-
NFT-er var populært ein kort periode (eit års tid?), mens dei første Pokémon-kortene feirer 30-årsdag til neste år, så det er langt frå det same som NFT. Ikkje er det berre snakk om Pokémon-kort heller. Det finnes mange ulike typar kort å samle på. Magic The Gathering, fotball, baseball, tobakk mm. Dei eldste der er over hundre år gamle. Er trur fysiske kort alltid vil ha eit overtak på digitale eigeformer.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Då er spørsmålet om ein får kjøpt solbriller til bilen, samt om dei bør vere prgressive eller ei.
-
Kva andre måtar kan dei rekne på enn mengde tilgjengeleg straum på batteripakken?
-
TMY har litt meir totalvolum på bagasje. Bagasjerommet på Enyaq er utforma litt annleis og enkelte ting er enklare å få inn enn i TMY, men TMY tar totalen pga. brønnen bak og frunk. Elroq er i praksis ein 17 cm kortare Enyaq. Bilane er veldig lik og seteradene står likt, så forskjellen er at Elroq har mindre bagasjerom. I volum har Enyaq 585 liter, mot 470 på Elroq. Elroq kan du bestille med den minste batteripakken (50), mens Enyaq får du kun med 60 eller 85. Skal du ha Elroq med firehjulstrekk i dag må du kjøpe RS-modellen sidan dei ikkje har lagt ut 85x for salg endå. RS er den dyraste varianten. Eg er veldig nøgd med Enyaq, så om du ikkje har behov for bagsjeromsplassen er nok Elroq eit kjempefin bil. Eg har sjølv tenkt litt på den, men som med så mange andre bilar på marknaden må du kjøpe den største batteripakken for å få firehjulstrekk, og eg har strengt tatt ikkje behov for så lang rekkevidde. Innan eit års tid kunne eg tenke meg å skifte ut TMY med ein anna bil, men veit ikkje heilt kva det skal bli.
-
Kjøp på tilbod. Det er jamnleg 30-50% rabatt. Me har to Svane-senger (180 Zefir og 140 Z-‘eit eller anna’) og veldig nøgd. Den eine senga er 15 år og framleis heilt fin og god å ligge i. Ingenting å klage på om Svane her. Sist kjøpte me 210x210 Wonderland etter ein lang prøverunde, mykje pga. at dei har komfortgaranti. Etter å ha vore innom fleire butikkar var det Wonderland dei tilsette anbefalte mest. Eg veit sjølvsagt ikkje om det var baktankar med det, men tok sjansen. Om du ikkje er nøgd med kor fast madrassa er så kan du skifte Wonderland-madrass innan dei første 100 dagane. Me kjøpte Medium, brukte den eit par månader og bytta til Fast. To år seinare er eg framleis veldig nøgd med kjøpet.
-
Ha oppsparte midlar i globale indeksfond utan valutasikring. Det meste av aksjane er i andre land og ei svekka krone vil gje endå meir avkastning. Det er ein fin måte å spre risiko på. Eigedom, inntekt og utgifter er alle knytt opp mot den norske økonomien, men sparemidlar kan ein halde utanfor landegrensene. Mange har sjølvsagt mykje verdiar i eigedom, men ein stad må du bu, og om bustadprisane skulle gå ned så går gjerne det meste ned samtidig, så den praktiske effekten av at ein har mista verdiar er ikkje nødvendigvis så stor.
-
At det kan bli vanskeleg gjennom startpage kan eg forstå, men då eg søkte etter “gjerdrum” med forumet sin søkemotor så var den tråden det første resultatet som dukka opp.
-
Utanlandske eller valutasikra fond har henta seg inn igjen etter Trump-duppen, men norske globale fond har framleis ikkje nådd forrige topp frå februar pga. kronekursen. Uansett er strategien alltid den same. Kjøp kvar månad og la det stå. All time high er ikkje noko spesiell hending, det skjer heile tida i ein marknad i vekst, med unntak av periodar etter ein nedtur. For at det skal gå oppover jamnt og trutt så må det nødvendigvis heile tida nå ein ny toppnotering.
-
Kan me avslutte diskusjonen om bananer, Snickers og kokain her? Tråden handlar om sunne brød. Vil du diskutere folkehelse og bananer så opprett gjerne ein ny tråd om det.
-
Uansett legitimitet er det håplaust å bruke ein 1 time og 45 minutt lang Youtube-video som kjelde. Skriv i det minste eit ordrett sitat av kva som vart sagt i videoen eller henvis til nøyaktig tidspunkt. Når YT-videoer blir brukt som kjelder er det ofte ei feiltolking involvert på veien eller så er kjelda på bærtur.
- 283 svar
-
- 3
-
-
Eg har inkludert stivelse heile tida. Om me legg saman stivelse og sukker så er det ca. 25% som blir sukker. 1 banan = 120 gram 120 * 0.25 = 30 gram sukker per banan Cola: Flaske: 500 * 0.106 = 53 gram Boks: 330 * 0.106 = 35 gram I begge tilfeller er det meir sukker i brusen enn ei banan.
- 283 svar
-
- 2
-
-
Ser du ikkje sjølv kva som står der? Det sitatet påstår at 17-20 gram er meir enn 35 gram. 🤦🏻♂️
- 283 svar
-
- 1
-
-
Per 100 gram! Er det konseptet vanskeleg å forstå? Mange matvarer har meir sukker enn 10 g/100 g, men då må du skrive det, og ikkje samanlikne ein stykk banan med 500 mL brus. 500 mL er 500 g, som er meir enn 4 ganger større mengde enn 120 g. Ein 330 mL boks brus med ca. 10 g/100 g sukker har ca. like mykje sukker som ei heil banan om du tar med stivelsen i reknestykket. Ei 500 mL flaske har meir enn ei banan uansett korleis du ser på det. Kan du legge vekk AI i denne diskusjonen og forhalde deg til fakta? Det sitatet frå AI GP er direkte feil. 500 mL Cola med 10.6 g/100 g har 53 gram sukker. Om banana har 12-25 g så er det 3-4 ganger meir sukker i ein halvliter Cola enn ei banan. ”Rapporterer Instagram”. Hah! For ein måte å diskutere…
- 283 svar
-
- 1
-