-
Innlegg
44 967 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte teleselskap? (Telenor)
Zeph svarte i et emne i Privatøkonomi
Ser den. Eg ville takka ja til 699,- og tatt ein ny runde om 12 mnd. Så vidt meg bekjent er det ein god pris for kun internett over fiber. Mange har betre pris, men då er det gjerne burettslag eller tilsvarandre avtaler. For enkeltkunder er du nok i nedre del av prisområdet. Andre nasjonale alternativ er breidband over mobil, men trur ikkje det er stort å spare der og du får ei dårlegare linje. Her er prisane eg får hos Altibox og NGT: Altibox: 1000 Mbps opp/ned - (1369,-) 750 Mbps opp/ned - (1119,-) 500 Mbps opp/ned - (1069,-) 250 Mbps opp/ned - (969,-) 150 Mbps opp/ned - (869,-) NGT: 1000 Mbps opp/ned - (1029,-) 500 Mbps opp/ned - (929,-) 250 Mbps opp/ned - (819,-) 150 Mbps opp/ned - (769,-) 50 Mbps opp/ned - (719,-) Dette er veil. prisar, så kan ein ofte få rabatt første 12 mnd. -
Avleggs har eg ikkje inntrykk av at det er, men 100k er kanskje litt i overkant. Ei månadsløn eller to kan vere greit, men alt er avhengig av den økonomiske situasjonen. Kor mykje du har til overs kvar månad, ev. kan prioritere til andre ting, kor trygg jobben er osv. Bufferen kan du ha ståande på høgrentekonto med rente opp mot 5%. Er du risikovillig kan den òg stå i rentefond eller noko sånt.
-
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte teleselskap? (Telenor)
Zeph svarte i et emne i Privatøkonomi
Det var ikkje vondt. Sjølv med 3000-4000 i oppstart er du ikkje dyrare enn mykje av fiber i landet, og på andre året blir forskjellen større om ein tenker at utstyret blir nedbetalt. Prisen må ha gått ned sidan sist eg sjekka, for så lågt var det ikkje før. Låg opplastingshastigheit og litt dårlegare ping for dei som er opptatt av sånt, men for mange er det sikkert problemfritt. Litt stor antenne som ikke akkurat er eit smykke å ha på veggen. Kvifor treng du roaming til ein bustad? -
Eg forstår ikkje heilt poenget med å plassere 4000,- på sparekonto med 2/4% rente når du betaler 5% i rente på lånet. Buffer er fint å ha det, men kan du ikkje ha ein fast buffer på så mange tusen som du meiner er fornuftig og heller betale ned på lånet med dei 4000? Kva meiner du med at du har lik nedbetalingstid, men betaler mindre? Om du betalte 8000 i månaden på eit 500k lån så tilsvarer det ei nedbetalingstid på 6 år. Om du no betaler 4000 i månaden så må du ha lengre nedbetalingstid. Du kan ikkje betale ned to like lån med ulike terminbeløp på lik tid. 15 år er det i følgje ein kalkulator med 4000 i terminbeløp. Det vil sjølvsagt bli kortare om du samler opp 4000 i månaden og putter inn av og til, men om du har 500k i lån og betaler 4000 i månaden så er ca. 2000 renter og 2000 avdrag. Er det fem år fastrente på eit 15 års lån du har? Kva har banken sagt om å betale ekstra på lånet? Det kan bli berekna over- eller underkurs om du betaler ned lånet tidlegare enn avtalt. Om fastrentelån går i din eller banken sin favør veit du ikkje før lånet er nedbetalt eller avtalen gått ut, men når beløpet ikkje er større enn 500k så er det ikkje snakk om alt for store summer. Du kan prøve deg fram her: https://laanekalkulator.no/ I din situasjon ville nok ikkje eg valgt fastrentelån, men det kan vere mange grunner til å gå for fastrentelån. Den viktigaste er om du ligg nær maksgrensa av kva du er i stand til å betale på eit lån. Fastrente er dyrare, men du er beskytta i perioden avtalen går over mot at renta skulle gå vesentleg opp.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte teleselskap? (Telenor)
Zeph svarte i et emne i Privatøkonomi
Eventuelt ha det i 12 månader og true med at du seier det opp om du ikkje får ein betre pris etterpå? Om du ikkje har fiberalternativ så er det vel noko 5G-opplegg eller Starlink du ev. må over på, men eg tvilar på det blir noko billegare enn 699. -
Eg ville skaffa eit finansieringsbevis. Når du har midlar i fleire bankar og i tillegg vurderer å låne deler av summen blir det ryddigast å ha finansieringa i orden. Kanskje ikkje like stort poeng om det er eit objekt som har vore på marknaden ei stund, då vil vel megler og bank bli einige, men om det er fleire interessenter og du ikkje har finansieringa klar så kan det potensielt skape litt kluss. Spesielt midlar i fond og aksar er volatile og kan gå ned i verdi på kort sikt.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Det er eit samanlikningsgrunnlag for bilar som går gjennom den same testen. Poenget er ikkje å gje eit tal som er riktig i alle situasjoner, for det eksisterer ikkje. I ein norsk sommar kan du fint oppnå WLTP-rekkevidda og vel så det, men det vil aldri skje når det er kaldt midtvinters. Testen er utført i 25 grader. Om dei hadde gjort testen under vinterforhold ville talet vore langt under det du kan oppnå på sommaren. Problemet i ditt (og mange andres) tilfelle er nok at du kjøpte bil utan å forstå kva WLTP-talet er og kva rekkevidde du faktisk vil oppnå under varierande forhold i Norge. Ingen seier at WLTP er noko du vil oppnå uansett forhold.
-
Sånn går det når ein stoler blindt på AI og sikkert formulerte spørsmålet feil. 🙃 Eg måtte korrigere reknestykket til Gemini fleire ganger før den kom fram til 775k. Eg burde vel presisert at 700k i dagens pris var inkludert moms.
-
Fem tips til interaktiv påskekrim
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Deadly Premonition har både krim og mysterier. Ikkje for alle kanskje, men eit magisk spel på mange måtar. -
Kunne godt tenke meg denne, men blir nok for dyrt. Ikkje at eg hadde plan om å kjøpe ny-ny bil med det første uansett. Hjelper ikkje at momsgrensa er på vei nedover heller. Ein Enyaq 85x kjem opp rundt 700k om du tar med pakker som mange vil ha. Peaq 90x blir kanskje over 800k, potensielt endå meir avhengig av momspolitikken. Ein Enyaq til 700k vil koste 875k om det blir 25% moms frå første krone. Då kan det bli vanskeleg å få solgt bil i ein marknad der Tesla står sterkt og det ramler inn med nye modeller frå Kina. Då er spørsmålet om produsentane kan og vil skru ned prisane. Har du ikkje behov for 4x4 og over 460 km rekkevidde så kan 60-modellen starte 150k under 90x. Litt leit å sjå at Skoda òg har hoppa på inntrukket-håndtak-kjøret. Rekkevidda du vinn er neglisjerbar, så det er kun for å henge med resten av marknaden.
-
Elon Musk lover noe «kulere enn en minibuss»
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Like kul som ein Cybertruck? Eg hadde gløymd ut namnet "Cybertruck" og måtte søke det opp. Så kul og populær vart den. -
Eg er ikkje så oppteken av å behalde originalemballasjen, men det er ingen demping inni der. Konsollen er sikra med to pappformer i kvar ende, men om du slepp den ned så får konsollen seg ein støyt som kan føre til akutt feil eller byrjande feil som etter mange år med bruk og varme utvikler seg til ein større feil. At konsollen blir sendt frå fabrikken på den måten er noko anna. Der blir dei sannsynlegvis stabla på paller og kjørt rundt med truck eller kraner. Dårleg emballering er noko eg òg har lagt merke til dei siste åra. Ofte er det ei pappøskje som alt får plass i utan noko ekstra fyll eller demping. Då manglar du ikkje berre demping, men produktet får ein endå høgare deaksellerasjon ved eit fall sidan den flytter på seg inni der. Ja, det er samlebåndelektronikk, men det er like fullt dyrt, ikkje laga for å bli kasta på og skal vare i mange år.
- 41 svar
-
- 1
-
-
At ein film må kutte mykje frå ei bok er sjølvsagt. Med 2 til 2,5 timer per bok (dobbelt for siste boka) må dei komprimere og fjerne mykje. Første sesong vil ha åtte episoder på ca. ein time per episode, kanskje inkludert oppsummering, så dei vil ha 3-4 ganger meir tilgjengeleg skjermtid for å fortelje historien frå den boka. Fleire av dei seinare bøkene er dobbelt så lange som den første, og vel så det, så det blir interessant å sjå om dei kjører fast 8 timer per sesong eller varierer etter som bøkene blir lengre. Kjeldematerialet er det same og plottet vil sjølvsagt vere likt, så det blir mykje repetisjon, men med meir tid kan dei òg få plass til mykje meir stoff frå bøkene. I tillegg er det nye generasjonar som veks til, og aldri har sett filmane før, som då kan sjå serien i staden for og oppleve det heile for første gang (om dei ikkje har lese bøkene først). Det er lenge sidan eg såg filmane, men det eg satt igjen med var at det gjekk veldig fort og enkelte plot var vanskeleg å halde tråden i. Då hadde eg allereie lese bøkene.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Eg ser ikkje "reality", men det du beskriv er tilfelle i heile bransjen. Film og TV blir dumma ned og alt forklart opptil fleire ganger for å kompensere for at dei som ser på ikkje følger med, men må innom telefonen jamnt og trutt. Det var veldig merkbart i dei seinare sesongane av Stranger Things. https://www.reddit.com/r/digitalminimalism/comments/1pyqvd3/tv_movies_are_being_dumbed_down/ https://www.yahoo.com/entertainment/movies/articles/matt-damon-says-netflix-wants-144502696.html
- 5 svar
-
- 1
-
-
Fleire har opplevd at avtaler meint å vare nokre år fortset å gå, så ingen grunn til å gjere noko før du får beskjed om at avtalen vil endre seg, men eg ville fulgt med på fakturaene. Du kan oppleve at avtalen blir endra utan varsel. Om du skulle trenge ny avtale, så er denne nyttig: https://www.forbrukerradet.no/strompris/
-
Støyisolering av eksisterende vinduer
Zeph svarte på SqueakyAlphabet7302 sitt emne i Hus, hage og oppussing
Det kanksje enklaste og minst inngripande tiltaket er nok å kjøpe tunge, tjukke gardiner, ev. gardiner som er laga for å dempe støy. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Zeph svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Blir interessant å sjå kva dei gjer med stønaden til neste år. https://www.nrk.no/vestland/milliardsprekk-for-noregspris_-_-kan-koste-det-dobbelte-av-budsjett-1.17814773 -
Apple lover å fikse irriterende iPhone-tastatur
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Kanskje det vil hjelpe. Eg meiner å hugse at det vart langt fleire feiltrykk då eg gjekk over frå Samsung til Apple. I starten kanskje litt pga. ulik plassering, men det har vedvart i mange år. -
Anmeldelse: Shadow Tactics: Blades of the Shogun
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Heisann, ti år etter det kom ut faktisk. Moro å sjå noko frå ein ganske nisje-sjanger. Eg har mange gode minner frå Desperados i barndomen og har vel spelt alt som er verdt å spele frå Mimimi Games. Dei siste spela er veldig tru mot opphavet, men med nye evner og quality of life-forbetringar. Spesielt spoleknappen var veldig mykje brukt. Å spele denne type spel på konsoll har eg aldri prøvd. Det er vel litt enklare enn RTS på konsoll, men vil tru det gjer seg best med mus og tastatur. Du kan ta det sakte og planlegge nøye for å unngå behov for raske manøvrer, men det dukker stadig opp situasjonar der du vil flytte markøren raskt og presist. For dei som likar sjangeren kan eg anbefale alle siste tre spela til Mimimi: Blades of The Shogun, Desperados 3 og Shadow Gambit: The Cursed Crew. Sistnemnde er fantasy med pirater, magi og mykje moro. Det fungerer litt annleis enn dei andre spela, du har bla. skipet som hub mellom oppdrag. Eg vart så fenga at det til slutt gjekk med 110 timar og alt av oppdrag, utfordringar og achievements fullført. Det er kanskje mitt einaste Platinum-spel på Steam. Mimimi la diverre inn årene i 2023, og med det stoppa ein stor del av sjangeren. Commandos: Origins kom ut i 2025, ein forløpar til den originale Commandos-serien, som for øvrig var starten på heile sjangeren med Commandos: Behind Enemy Lines, lansert i 1998. Eg har spelt noko Commandos òg, men ikkje like mykje som Desperados. Det nye spelet står på ynskjelista, når eg ein dag får tid. Alle spela i Desperados-serien er spelbare i dag. Helldorado er kanskje det svakaste, der dei byrja eksperimenter med FPS blanda inn. Blades of the Shogun er Desperados i Japan-drakt og veldig moro. -
Eg blir stadig meir overbevist om at me eksisterer i The Matrix, for det dei driv på med høyrest ut som plottet til ein TV-serie. Dei seier at dei treng ikkje NATO, truer med å ta eit NATO-territorie med makt, bomber Iran og klager på at NATO ikkje vil hjelpe når det blir trøbbel i Hormuz, som det sjølvsagt måtte bli. Kan nokon vaksne overta snart og få ut gjengen med for store sko?
- 10 869 svar
-
- 14
-
-
-
På kort sikt er det ganske høg risiko med indeksfond. Drt er statistisk sett lågt sannsyn for eit krakk, men du bør ha ein sparehorisont på minst fem år med indeksfond. Personleg ville eg heller hatt indeksfond enn å drive med utleige. Mest fordi eg ikkje har lyst å drive med utleige, men òg fordi det ikkje nødvendigvis er så mykje meir å hente der. Det er risiko med begge alternativene. Ein fordel med indeksfond er at du flytter risikoen ut av Norge og sprer den over ein stor marknad.
-
Firefly kommer tilbake som animert serie
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Nokon som har sett Firefly for første gang i nyare tid? Er det verdt å sjå i dag om du ikkje har sett det før? -
Har kjøpt ein del av småpakkane med ternet bacon. 2x150 gram er ei fin mengde og praktisk. Gilde sine alternativ har hatt minst dobbelt så mykje i ein pakke.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Varmekabler på bad - slites komponenter av kun sporadisk bruk?
Zeph svarte på eplekasse sitt emne i Hus, hage og oppussing
Då avgjev dei sannsynlegvis ein effekt i området 430-540 W (120-150 W/m). I følgje AI vil du kanskje bruke straum for mellom 500 og 1500 kroner i året om dei står på heile året. Det er spesielt alder på huset og kor mykje varme frå kablane som forsvinn ut i konstruksjonen som påverker prisen. I eit nyare, godt isolert hus kan det koste ned mot 500 kroner, mens i eldre hus kan det bli 2-3 ganger dyrare. Dette er med ein komforttemperatur som mange har på badet på 25-27 grader i golvet. Skrur du ned varmen så vil òg forbruket gå ned. Eg ville ikkje skrudd dei heilt av, det er positivt for eit våtrom å ha litt oppvarming, og om du har temperaturen skrudd ned vil den bruke mindre straum. Med termostaten på 20-23 grader og i drift heile året vil du kanskje få prisen ned i 400-800 kroner. Å trykke ein brytar på og av her og der vil ikkje slite spesielt mykje. Å skru ned temperaturen så den aldri slår på varmen er ein måte å omgå det. Einaste risikoen for sjølve termostaten er at du slit ut hjulet i staden for.
